Denne hausten har vore intens og travel, på den gode måten! Planen var å fokusere på å gjere ferdig «Kodemysteriet», den tredje og siste boka om Anna og Kaspar. Denne tredje boka blei litt av eit «hjartebarn» for meg (sjølv om eg nok opplever det med alle bøker eg arbeider med), for her har eg dukka ned i gamle, uløyste mysterier, kodar og hemmelege, støvete skrifter og bøker – noko eg alltid har vore intenst oppteken av. Kanskje det er den gamle draumen om eit eige antikvariat som har slått til gjennom denne boka.
Men så kom idéen om juleboka. Historia om dei gamle julekorta var der, ho måtte berre arbeidast med, bli gnidd og gnukka på, få nokre omgangar med redigering, språkvask og korrektur. Og illustrasjonar, sjølvsagt. Dermed blei det plutseleg to bøker ut samme haust. Travelt, men kjekt og spennande. Tarjei, illustratøren og eg, har som vanleg samarbeidd effektivt og inspirert kvarandre i prosessane fram mot dei ferdige bøkene. «Tippoldefar Jakobs julekort» er rykande fersk, men allereie no tikkar gode tilbakemeldingar inn frå dei som har kjøpt boka og har «tjuvstarta» lesinga. Mange har nok tenkt å starte lesinga 1.desember og bruke boka som høgtlesingsbok, eit kapittel kvar dag fram mot jul.
I kjølvatnet av lanseringane har det skjedd mykje kjekt og spennande: forfattarturnéar, avisoppslag, bokbad, invitasjon til litteraturfestival, opplesing og bokformidling på ulike arrangement. Og endå fleire spennande saker ventar utover neste år – og sjølvsagt nye bokplaner. Første bok ut er romanen «Zapping» av Audbjørg Gjerde Lippert. Ei bok vi verkeleg kan glede oss til! Deretter er det «Birger’s Odyssey» sin tur til å reise ut i verda i engelsk språkdrakt (oversett av Lise Rønnestad), slik «The Iceberg Family» allereie har gjort. Sjølv er eg no langt inne i mitt nye bokprosjekt. Alt dette blir det meir om seinare. Det er sanneleg berre å halde på hatten og stå på!
Det er utruleg kjekt å treffe dei som les bøkene, og få tilbakemeldingar om kva dei synest om det dei har lest. Under finn de eit lite knippe av kommentarar om dei ulike bøkene som er gitt ut på forlaget. Kommentarane er henta frå meldingar, kommentarar på Facebook- og Instagraminnlegg.
I mange år har eg reist på turnéar med Den kulturelle skulesekken med workshops der elevane og eg har «skrudd saman» historier etter mange forskjellige innfallsvinklar. Det blir mykje latter og energisk aktivitet på slike workshops – og ikkje minst meistringsglede over å oppleve kor fine historier ein kan lage saman. Slike turnédagar er temmeleg intense, både for elevane og meg, men håpet mitt er at elevane har blitt inspirert til å lese, til å skrive, til å lage stadig nye historier.
Eg veit at vi alle treng historiene, vi treng å øve oss på at tankane våre kan formulerast, bli ei stemme i felleskapet. Elevane treng dette skapar-rommet der dei kan bruke sitt eige uttrykk. Eg trur også at elevane utviklar sin eigen kritiske sans og vurderingsevne av å arbeide kreativt med å skape historier. Ikkje minst er dette viktig fordi ein høyrer at barn og unge får stadig mindre lese-«kondisjon». Skjermformidling kan aldri erstatte boka og korleis hjernen må arbeide for å tilegne seg det som står skrive i boka:
* fantasien og forestillingsevnen blir stimulert
* ein utvidar språk og ordforråd
* ein utviklar nye tankestrukturar og omgrep til å forstå verda med
* evnen til å setje seg i andres stad blir styrka, ein utviklar empati
* ein lærer om seg sjølv gjennom dei en les om
* en lærer å sjå at ei sak kan ha fleire sider
* ein utvidar kunnskapsnivået
* ein får gode opplevingar, draumar, kraft, inspirasjon, og håp
Sagt om bøkene på Olla Forlag:
BIRGERS ODYSSÉ
«Spennande lesing, med retning både bakover i historia, og inn i framtida. Respekt for jorda, naturen og fantasien gjennomsyrer boka i tekst og bilder.»
«Dette var en spennende reise i ord og bilder! Anbefaler både små og store å bli med på Birgers odyssé!»
«En bok hvor fakta og fantasi smelter sammen til en fin fortelling. Historien treffer nok målgruppen, men sammen med illustrasjonene som gir fantasien fritt spillerom, appellerer den også til “barn” alle aldre.»
«Original, allsidig, variert og spennende bok. Åpne og spennende illustrasjoner som setter fantasien i sving.»
«De ekstraordinære illustrasjonene til Tarjei Rypdal Eide setter fantasien i gang hos store og små. Kombinert med en spennende historie er dette en bok som kan leses om igjen og om igjen, samtidig som man stadig oppdager nye detaljer.»
KOMMER FØR LUNSJ:
«Dette er ei bok alle skulle ha lese. Eg lærte mykje nytt, fekk tankar eg aldri før hadde tenkt. Anbefalar boka til alle. Vil lese ho opp igjen sjølv.»
«Har endeleg fått lese ut boka di, Audbjørg. Eg tykkjer du skriv veldig godt og beundrar din måte å uttrykke deg på i eit så vanskeleg tema! Kjempebra».
«Et viktig tema som berører mange. Handler om erfaringer som kan hjelpe mange når livet plutselig blir snudd opp ned ved tap av den en er glad i.»
« Dette er en av de djupeste, fineste og ærligste bøkene jeg har lest om sorg, Audbjørg.»
«Tror alle som har opplevd en eller annen form for sorg, vil kjenne seg igjen.»
«Takk for at du skreiv boka, den vil bety mye for mange, være til god hjelp.»
KODEMYSTERIET:
«Trilogien om Anna og Kaspar er både spanande, lettleste og kunnskapsrike bøker med ein god driv som gjer det vanskeleg å legge dei vekk! Eg er ikkje sjølv i målgruppa, men måtte lese alle tre før eg gav dei til ei på 10. Ho likte dei óg 😁Terningkast 6 👍»
«Dette er ei god bok som eg anbefalar folk å kjøpe. Spennande, lærerik og godt skriven.»
«Når høsten kommer sigende, og det blir mer innetid sammen med ungene. Da må jeg bare anbefale disse 3 bøkene av Olla Rypdal. Både guttene og jeg koser oss når vi leser om Anna. Akkurat passe spennende og lærerikt . De er å få kjøpt i nettbutikken til Olla.no og på Bok og Papir i Brattvågen 😊»
«Tuuuuusen takk Olla, måtte lese den før den sendes videre.. utrolig spennende.. virkelig storfornøyd 👍»
DET GAMLE SLOTTET:
«…..Kunsttjuveriet på slottet er det første av fleire mysterier Anna og den nye venninna hennar kjem borti, og, uredde som dei er, etterforskar dei gjerne litt på eiga hand. Parallelt med dette får vi glimt frå historia til dei som budde i og rundt slottet under den franske revolusjonen. Og på underfundig vis vert dei to historiene fletta saman: Skjebnen til Béatrice Grimaldi og den mystiske papirlappen som skjuler seg i murveggen hos Namira. Dette er nok ein gong drivande god krim frå Olla Rypdal. Målgruppa er ungdom, som i tillegg til ei spennande historie, også får eit viktig innblikk i fransk historie. Slottet Grimaldi finns faktisk, men familiemedlemmene i boka er fri fantasi.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek)
« “Amulettmysteriet” var spennende, men “Det gamle slottet” enda mer spennende! Passer for alle folk I alle aldre. Gleder meg til neste bok i serien!»
«Kjempespennende og god å lese! Har lyst å bli venn med Anna og Kaspar.»
AMULETTMYSTERIET:
«Deter svært gledeleg å kunne presentere ei drivande god barne-/ungdomsbok skriven av ein lokal forfattar. Amulettmysteriet inneheld både ei god krimhistorie, godt språk (nynorsk) og lærdom. …..
….Olla Rypdal er opphavleg frå Vestnes, men no busett i Brattvåg. Dette er hennar første bok, utgitt på eige forlag. Framsideillustrasjonen er ved Tarjei Rypdal Eide. Vi håpar på meir, spennande litteratur frå denne fronten.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folebibliotek)
«Min sønn på 10 år er en lesehest. Og det betyr at han- i følge han selv- har lest det meste av det som er kult…Han liker best spenningsbøker. Boken din er i følge han “DET BESTE HAN HAR LEST EVER !” Og det store spørsmålet er: Kommer det en oppfølger?? “Mamma, du må si til Olla at hun MÅ skrive flere bøker!! 🙂“»
«Anbefales! Veldig spennende! Min 10 åring er helfrelst!»
«Din bog er super spændende og en rigtig god fortælling selv om jeg er 64 år, tak for det.»
UTANDØRS I NORDVEST:
«For ei PRAKTBOK! Denne er verkeleg noko å samle på, eit vakkert overflødigheitshorn av ei bok! Hjarteleg til lukke med utgivinga!»
«Nydelige, stemningsfulle bilder – tekster som supplerer og gir interessante innfallsvinkler. Ren nytelse!»
«Boken skapte umiddelbar gjenkjennelse av steder jeg er glad i. Bildene, tekstene og folkene man blir introdusert for, gjør at man også vil oppleve steder man ikke kjenner fra før».
«Boka har greid å fange selve essensen av Vestlandet gjennom interessante og reflekterte portrett av mennesker, natur og vær».
ISFJELLFAMILIEN / THE ICEBERG FAMILY
«Har lest boka di, Audbjørg. Den kan du være stolt av.»
«Kristina, snart 10 år, fekk “Isfjellfamilien” til jul og forkynte med strålande augo at boka var kjempebra!»
«Tusen takk for en fantastisk flott bok Audbjørg Gjerde Lippert. Denne liker jeg og barna mine veldig godt! Omslaget og bildene i boka er bare helt nydelige! Anbefales!»
«Tusen takk for nydelig og levende bok, Audbjørg, og så nydelige illustrasjoner som viser frem teksten.»