Publisert på

Velkommen haustsesong!

Som kjent har ein indieforfattar mange funksjonar. Å skrive boka, altså sjølve historia, er ein ting, deretter skal boka gjennomgå kvasse redaktørauge, nye rundar med rettingar og omskrivingar, språket skal vaskast, det skal lesast korrektur, framside og omslag skal på plass, boka skal brekkast om og trykkast, registrering på Bokbasen må til, bestillingar skal handterast, bøker sendast ut og markedsførast — og rekneskap skal førast. Heldigvis har eg dyktige fagfolk som hjelper meg med mykje av dette, men likevel er det igjen mange oppgåver.

Sidan eg starta opp dette vesle forlaget, Olla Forlag, i oktober 2017 har det til no blitt 11 bøker. Audbjørg Gjerde Lippert har skrive tre, eg har skrive sju — i tillegg har vi skrive ei saman.

Mange av dei er også lydbøker og e-bøker, to har blitt omsett til engelsk.

Det har vore spennande, lærerikt, interessant og kjekt, men også krevjande, med ei særdeles bratt læringskurve. 

Med boka i handa, fersk frå trykkeriet, har kjensla alltid vore god.

Problemet oppstår når ein av funksjonane i dette vesle maskineriet går i stå. No har dessverre marknadsføringskonsulenten (altså eg), sagt opp!

Korleis skal det no gå med pressemeldingar, bokarrangement, omtalar, annonser — for ikkje å snakke om alle e-postane? Ikkje veit eg.

Det vil dermed nærast bli eit under om nokon får vite om den nye boka som kjem i haust. Det kan vel hende det dukkar opp eit og anna tilfeldig innlegg her og der på Instagram og Facebook, men elles får det berre skure og gå. 

All ære til alle indieforfattarar der ute som meisterleg står på for å markedsføre boka si.  Men herifrå er det altså nærast stopp ei tid. Så får eg sjå om eg kan overtale konsulenten til å ta eit tak innimellom. 

Men for all del, du er hjarteleg velkommen til å  kjøpe både den nye boka og dei andre som er på lager, om du er så heldig å få vite om dei!

Til informasjon: tittelen på den nye boka blir «Nattvogna», og planen er at boka skal komme ut i oktober.

Sommaren har vore fin og hektisk, ikkje minst på grunn av vårt nye familiemedlem, Grand Danois-kvalpen Kofi. Vesle Kofi veks og trivst, snart er han større enn storebror Kaspar, som er Dalmatinar.

Denne veka startar turnéseongen! Først ut er «Tor med hammaren». Forteljarmuskelen er oppvarma, likeså stemme og skrott. Eg gler meg!

Deretter startar «Animert spenning» saman med Mette Mjelve. Eg veit ikkje kor mange år vi har vore ute på tur med animasjon og moro, men vi «held koken» og storkosar oss!

Tredje turné dette skuleåret er «Laboratorium for finurlege forteljingar». Vil du vite meir om desse kan du sjå under fana «produksjonar/verkstader» på www.olla.no.

Til jul dukkar igjen forestillinga «Tippoldefar Jakobs julekort» opp! Denne gongen har den blåkledde forteljaren fått opp farta og kasta krykkene!

Bokskrivinga er forresten på ingen måte slutt, sjølv om marknadskonsulenten har sagt opp! Det kan vel hende ho kjem seg ut frå bobla si om eg snakkar nokre alvorsord med henne.

Ønskjer dykk alle ein god og innhaldsrik haustsesong!