Publisert på

Skriveboost!

Det er sanneleg på høg tid å dele nokre ord på www.olla.no. Heimesida mi ser ut til å lide av total mangel på omsorg frå innehavaren. Med unntak av den daglege opplesingsserien i desember, fram mot jul, har eg ikkje ytra ei einaste setning på godt over eit år.

Det er fleire grunnar til det. Eg har generelt vore lei av å ytre meg i både sosiale media og elles – det kjentest som tom skvaldring, meiningslaus svada og bortkasta tid. Truleg ingen som er interessert, eller i det heile tatt les det eg skriv, har eg tenkt. Samtidig har eg styra med mitt: skriving, turnéliv – og anna liv.  Det blei rett nok litt tørke på skrivefronten, også. 2023 blei dermed det første året etter at Olla Forlag starta i 2017 at det ikkje kom ut ei ny bok. Det stemmer likevel ikkje heilt, for «Felix og operasjon U» blei grovskriven nok til å bli jule-opplesing på heimesida. Den historia var eit første-utkast «der og då» og blei tatt bort så snart jula kom. Men å ta dette litt dristige grepet fekk igjen fart på skrivelysta mi. 

Det forsømte blir tatt igjen i 2024 med heile tre bokproduksjonar, om alt går etter planen!

«Felix og operasjon U» hadde lenge vore i støypeskeia, men då vår vesle, store grand danoiskvalp Kofi blei alvorleg sjuk og døydde, kjende eg at han måtte få plass i ei bok. Slik blei han Zack i boka om Felix og dei mystiske hendingane under Oslos gater.

Derifrå var det som om ein propp lausna. Eg måtte leggje vekk «Felix og operasjon U» fordi det dukka opp eit nytt, spennande oppdrag. Melanomforeninga ønska ei barnebok som skulle forebygge føflekkreft / melanom, og omhandle korleis ein kan vere «solsikker» – og forebygge solskader. Dette høyrdest i utgangspunktet mest ut som ei sakprosabok i mine øyre. Innhaldet måtte nødvendigvis vere noko pedagogisk og instrumentelt, tenkte eg, og dermed vanskelegare å få til som ei levande, spennande forteljing. Men etter mykje tenking og drodling, blei det til historia om Jonas  og Judith på påskefjellet. Ei legende om årstidene ligg under hendingane. Dermed blei det slik det ofte er i bøkene mine: handling på fleire plan. Det har vore ein spennande prosess i nært samarbeid med Melanomforeninga, og ikkje minst illustratør Hege Terese Fjæra (Olle Bolle Design) som tidlegare hadde laga dei to maskotane til Melanomforeninga: Jonas og Judith. No har Jonas og Judith blitt endå meir personifisert i denne full-illustrerte barneboka. Heges leikande, frodige figurar fungerer kjempefint og hentar fram både handling og undertekst på herleg vis. Det har vore skikkeleg stas å samarbeide med Hege. Snart er boka ferdig!

Sidan det framleis var mykje arbeid igjen på boka om «Felix og operasjon U», måtte eg gløyme ho bort, på eit eller anna vis. Det nye oppdraget måtte prioriterast. Dermed sende eg manuset inn til eit par forlag, nok som gjorde at eg på sett og vis «parkerte» boka mentalt. Eg hadde ikkje venta å få respons, men det var sjølvsagt ei positiv overrasking då eit av dei store forlaga melde si interesse. Nyleg fekk eg også den gledelege meldinga frå NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattere) at eg var tildelt stipend for å arbeide med denne boka. Dermed kan eg no kaste meg over arbeidet med boka igjen, og etterkvart vurdere om eg gir ho ut sjølv på mitt eige forlag, eller om eg denne gongen prøver samarbeidet med forlaget som melde si interesse. Det får tida vise.

Som om ikkje all denne positive flyten var meir enn nok, fekk eg sanneleg prosjektmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune også! Denne tildelinga var til bokprosjektet «Fjellet der ein kviskrar». Denne boka har lenge ruga i pannebrasken. Afrika har alltid hatt ei stor plass i hjartet – musikken, forteljingane, kunsten, folka og kulturane har alltid interessert meg. Noko som også førte til at eg budde i republikken Kongo i to år.

Boka skal handle om arkeologiske utgravingar i Sør-Afrika. Her vil interessene til ur-befolkninga bli sett opp mot storkapital, makt og prestisje. Eg ønskjer å vise korleis historiske verdiar, mytologi og reelle arkeologiske funn kan vere med på å endre vår felles historie – at dette kan vere målet, sjølve «skatten» vi skal fram til.

I Sør-Afrika har arkeologar dei siste ti-åra vore med på å endre synet på vårt felles opphav, og sett søkelys på korleis vi kan kjenne igjen moderne menneskeleg åtferd utifrå eit taust, men likevel talande arkeologisk materiale.

Kunnskapen om kor vi kjem frå, og når det moderne mennesket oppsto, endrar seg frå år til år, og gjer feltet aktuelt og engasjerande for mange.

Samtidig er sørlege Afrika også ein arena for ulike aktørars kamp om naturressursar, med stadig aukande konfliktnivå mellom myndigheiter og landeigarar, urbefolkning og krypskyttarar.

Fokuset rettast mot korleis tause gjenstandar og spor frå fortida kan vere med på å gje liv til mytologiske forteljingar og skape ein link mellom menneska frå dei tidlegaste tidene og oss menneske i dag, på tvers av etnisitet og nasjonalitet. I forteljinga ønskjer eg å ta den klassiske kombinasjonen av mysterium og arkeologi eit skritt vidare ved å skifte fokuset frå «skattejakta», til å vise korleis relevante faglege problemstillingar knytt til opphavet vårt kan vere spennande også for barn og unge.

I prosessen med denne boka samarbeider eg med sonen min, Nikolai. Han er arkeolog og har vore med på arkeologiske utgravingsprosjekt i Sør-Afrika. Eg har sjølv reist i Sør-Afrika, men med hans bakgrunn og fagkunnskap, vil eg kunne sikre at det eg skriv om også er fagleg forankra. Særdeles hyggeleg å samarbeide med sonen min!

Det er herleg å vere i flyt-sona med skrivinga igjen!