Publisert på

Prokrastinering eller planlagt omprioritering?

«Dette er berre den perfekte skrivedagen!» sa eg til meg sjølv. Klokka var 5 om morgonen, første kaffikopp ferdig oppdrukken. Fram med Maccen og notatane. 

Den siste tida har det vore litt travelt med turnéverksemd og andre ting som har dukka opp – livet, som vi seier. Deretter ein aktiv, glad påskeferie med huset fullt av små og store påskegjester. Dermed har dei pågåande skriveprosjekta berre blitt overflatebehandla. Men i dag altså, då skulle det skje. Litt langt inne sat det likevel, for etter ein time var prokrastineringa eit faktum: det var ein stor, tett propp i det mentale systemet mitt. Synleggjort med streifing på alle sosiale medier som finst, alle aviser, innom Netflix for å sjå kva som kunne bli belønninga etter det som skulle vere dagens arbeid. «Eg startar ikkje på ein film altså, litt sjølvdisiplin har deg då», mumla eg, før eg fann meg sjølv igjen, langt inne i ein dårleg krimfilm.

Det var då eg kom på boka til Hilde Østby: «Kreativitet». Ho skriv ein heil del om korleis hjernen fungerer, og om korleis kreativiteten kan blomstre. Eit viktig punkt eg har plukka ut er dette: hjernen treng å kvile, sleppe fri frå disiplin og struktur for å kunne vere kreativ. Gjer noko anna!

For å hamle opp med «styggen på ryggen», ho som alltid fortel meg kor udugeleg eg er, og kor dårleg arbeidsmoralen min er, har eg eit knep: eg skriv ein plan! På første linja skreiv eg : surre.

For det var akkurat det hjernen min trong i dag, å surre. Sidan det sto på planen, kan ingen seie noko anna enn at det var nøye gjennomtenkt og ein del av dagens viktige gjeremål.

Slik blei denne fantastiske surredagen min:

Først tur med Kaspar. Dette gjer eg sjølvsagt kvar dag, ein hund må mosjonere. Eg også. Kaspar er ein eldre herre og skral til beins, så turane våre no om dagen er ikkje så lange, heller ikkje er farta stor. Kaspar snuste i grøftene og eg såg på ørna og måsane som krangla. Fin tur.

Vel heime sette eg meg ned ved tastaturet for å finne ut om turen var nok surring. Det var det ikkje, for kvar gong eg løfta blikket, såg eg rett på bokhylla. Bokhylla dekkjer ein heil vegg, og er stappfull. Bøkene såg ut til å trenge støvtørking. Eller kva med eit nytt system? Etter ein halvtime låg det bøker strødd utover heile stua. Eg angra, men syntest i grunnen det var litt kjekt, også. Nokre bøker til kassering, andre kunne donerast til andre lesarar, andre måtte heilt klart få ny plass. På øyret hadde eg Spotify med «langkøyring»-spelelista. Det er den lista som er mest energifylt, som krev cruise control i køyrande tilstand (om ei vil unngå fartsbot), men som kan føre til ei dugande arbeidslyst, gjerne av det fysiske slaget. Eg måtte ha øyrepluggar, for Kaspar liker ikkje Rage Against The Machine. I alle fall ikkje på det volumet eg fann mest passande for dette høvet.

Men kva skjedde? Plutseleg smaug sjølvaste Mikis Theodorakis’ Zorba’s Dance seg mjukt inn i øyregangane. Hugsa eg enno trinna? Det gjorde eg! Snart fauk eg, bøkene og støvet rundt saman i stadig aukande tempo. Kaspar gløtta på hovudet, men snudde ryggen til scenariet og snorka vidare.

Eg merka etter ei stund at sola gjennom vindauget forstyrra danseestetikken. Solstrålane lyste opp det virvlande støvet og  hundehåret på ein ulekker måte. Tanken på å hente støvsugaren streifa meg ikkje. Det gjekk faktisk ikkje an å vere inne i slikt vêr! «Kom igjen, Kaspar, vi har hagearbeid som ventar!» Kaspar brydde seg ikkje. Men eg fauk ut med den store greinsaksa. Det er noko av det kjekkaste eg veit, dette, å klippe ned for fote alt det som har tatt laust i hagen, og som desperat prøver  å leve sitt eige liv. Heilt til eg og saksa kjem. Kvisthaugen vaks, lukta av jord og tørrgras kila i nasen.

Åja, desse bøkene, ja. Nok kvisting, ny økt i bokhylla. Og der fann eg ein av dei gjevaste skattane. Den eldgamle, tyske, illustrerte utgåva av Jules Verne’s «Zwanzigtausend Meilen Unter’m Meer» Dei gotiske bokstavane er som kunstverk i seg sjølv. Eg var tapt for denne verda ei stund. 

Heilt til svolten meldte seg. Eit par knekkebrød i farta. Men det hadde då vore godt med vaflar? Denne gongen blei Kaspar med ut for å steike vaflane på verandaen. Berre i håp om å kunne stele ein bit, sjølvsagt. Sidan han var så hyggeleg selskap, fekk han smake.

Så fekk eg auge på ein mosegrodd trestubbe i hagen. Perfekt location for ein liten animasjonsfilm. Filmen handla om ein vaknande edderkopp.

Ein heil surredag gjorde godt. Til rekkja av tilfeldige innfall kom slikt som planting av dragefrø, lapping av ei bukse, fotografering av Kaspar, osb. Undervegs rusla hjernen min sine eigne vegar. Innimellom merka eg at tankane streifa  eit og anna som handla om bokmanuset. Dermed blei det etterkvart påtrengande viktig å setje seg ned og forme orda. Fleire sider  blei lagt til manuset, den mentale proppen var ute, for denne gongen. 

Nokre bøker ligg framleis strødd på golvet, men eg har eit håp om å komme i mål med bokhylla også.

Tusen takk til Hilde Østby og alle andre som fortel oss at det er fullstendig legitimt å surre. Det kan ikkje lenger kallast prokrastinering – ei irrasjonell  og ufornuftig form for utsetjing, men derimot ei planlagt utsetjing og omprioritering. Du kastar ikkje bort eit einaste minutt, faktisk. Berre prøv!