Publisert på

30 formidlingsår!

Vi er no i siste halvdel av skuleåret 22/23. I desse dagar skal skulane bestille neste skuleårs verkstader og opplevingar for elevane, skuleåret 23/24. Dette bli den siste runden innanfor DKS for min del. DKS er ei fantastisk ordning for skulane, møta med kunst og kultur uvurderleg i danninga til skuleelevane. Eg har vore så heldig å ha hatt fleire produksjonar på turné gjennom denne ordninga i mange, mange år — både eigne forestillingar/workshops, og saman med andre utøvarar innafor andre kunstfag.

For tretti år sidan flytta eg heim til Møre og Romsdal etter 20 år i Oslo — og eit par i Kongo.Det har eg aldri angra på, for jobben eg då starta i som teaterlærar ved Vestnes kulturskule opna dørene til meiningsfull formidling for barn og unge på vidt gap.

Dette var ein prosjektperiode der den tradisjonelle musikkskulen skulle utvidast til å innehalde fleire kunstuttrykk. Vi jobba i team, der teater, musikk, visuell kunst og dans samspela om å fargelegge tilværet for innbyggjarane i kommunen. Snart hadde vi faste besøksdagar i alle skular og barnehagar, institusjonar og i det lokale og regionale kulturlivet for øvrig. Vi samarbeidde tett med lærarar om opplegga i skulen, der vi kunne arbeide saman om nær sagt kva som helst, frå konstruksjonar av store geometriske figurar som kunne bli bustader  for til då ukjent liv, Shakespeares «En midtsommernattsdrøm» ute i skogen med sjølvkonstruerte musikkinstrument og teatersportstunt, dramatisering av lokale segn og hendingar —  til store forestillingar der alle fagdisiplinar var med.

Takka vere den framsynte rektoren vår, Elsa Rypdal, arbeidde vi snart etter mottoet «ein skal tåle å få raude øyre» — meint slik at kunstfaga sin grunnleggjande idé blei fokusert på: leik, eksperimentering, prøving, feiling og kreativitet — og at ein ikkje alltid skulle ha fasiten klar på førehand. 

Denne tida lærte meg noko av det viktigaste eg seinare alltid har prøv å arbeide etter: lytt, gi rom, ver ærleg og gje tillit til dei unge, leikande menneska du møter gjennom kunstfaglig arbeid.

Sidan då har eg vore innom fleire institusjonar, som t.d.skular og barnehagar, Jugendteateret i Ålesund, Kulturskolerådet sentralt i Trondheim, administrasjonen i DKS Møre og Romsdal, o.s.b. Men heile tida har eg hatt rom til å arbeide med formidling. I fleire periodar, og også dei siste 10-12 åra har eg vore freelancer på fulltid. Dagane har vore fylt med historier, eg har samarbeid med mange fantastiske kunstnarar, det har vore forestillingar og workshops, turnéar og kurs, entusiasme og glede. Og nesten alt dette har handla om gleda over å vere ein drope i det havet av inntrykk barn og unge har rundt seg, vere eit lite steg på vegen til å uttrykke seg, vere med på å opne rom ein kanskje ikkje trudde fantest. 

Eg blir rørt og glad når eg møter ein ungdom som med skinande auge kan fortelje at han hugsar då vi i barnehagen laga skyggeteater om Mussorgskis «Bilder frå ei utstilling», og når ei godt vaksen dame enno kan hugse då fyrstinne KiHoNai herja i gymsalen.

Dette siste året er det dei tre produksjonane «Tor med hammaren», «Laboratorium for finurlige forteljingar»  (i Ålesund), og «Animert spenning» som skal ut på vegen. Dei to første reiser eg med åleine, den sistnemde er saman med Mette Mjelve. Eg gler meg til eit siste heidundrande turnéår!

Etter det ventar andre prosjekt, historier, bokskriving, leik og utforskingar — og pensjonisttilværet.

Men eg håper at ein og annan framleis vil hugse ein blå drage dundrande gjennom gymsalen, ein gammal kvalfangar på leiting etter skatten, ein flygande hatt på animert reise over skjermen…Bilda er dei tre produksjonane som kan bestillast no. Under fana Produksjonar/verkstader står det meir om fleire produksjonar.