Publisert på

30 formidlingsår!

Vi er no i siste halvdel av skuleåret 22/23. I desse dagar skal skulane bestille neste skuleårs verkstader og opplevingar for elevane, skuleåret 23/24. Dette bli den siste runden innanfor DKS for min del. DKS er ei fantastisk ordning for skulane, møta med kunst og kultur uvurderleg i danninga til skuleelevane. Eg har vore så heldig å ha hatt fleire produksjonar på turné gjennom denne ordninga i mange, mange år — både eigne forestillingar/workshops, og saman med andre utøvarar innafor andre kunstfag.

For tretti år sidan flytta eg heim til Møre og Romsdal etter 20 år i Oslo — og eit par i Kongo.Det har eg aldri angra på, for jobben eg då starta i som teaterlærar ved Vestnes kulturskule opna dørene til meiningsfull formidling for barn og unge på vidt gap.

Dette var ein prosjektperiode der den tradisjonelle musikkskulen skulle utvidast til å innehalde fleire kunstuttrykk. Vi jobba i team, der teater, musikk, visuell kunst og dans samspela om å fargelegge tilværet for innbyggjarane i kommunen. Snart hadde vi faste besøksdagar i alle skular og barnehagar, institusjonar og i det lokale og regionale kulturlivet for øvrig. Vi samarbeidde tett med lærarar om opplegga i skulen, der vi kunne arbeide saman om nær sagt kva som helst, frå konstruksjonar av store geometriske figurar som kunne bli bustader  for til då ukjent liv, Shakespeares «En midtsommernattsdrøm» ute i skogen med sjølvkonstruerte musikkinstrument og teatersportstunt, dramatisering av lokale segn og hendingar —  til store forestillingar der alle fagdisiplinar var med.

Takka vere den framsynte rektoren vår, Elsa Rypdal, arbeidde vi snart etter mottoet «ein skal tåle å få raude øyre» — meint slik at kunstfaga sin grunnleggjande idé blei fokusert på: leik, eksperimentering, prøving, feiling og kreativitet — og at ein ikkje alltid skulle ha fasiten klar på førehand. 

Denne tida lærte meg noko av det viktigaste eg seinare alltid har prøv å arbeide etter: lytt, gi rom, ver ærleg og gje tillit til dei unge, leikande menneska du møter gjennom kunstfaglig arbeid.

Sidan då har eg vore innom fleire institusjonar, som t.d.skular og barnehagar, Jugendteateret i Ålesund, Kulturskolerådet sentralt i Trondheim, administrasjonen i DKS Møre og Romsdal, o.s.b. Men heile tida har eg hatt rom til å arbeide med formidling. I fleire periodar, og også dei siste 10-12 åra har eg vore freelancer på fulltid. Dagane har vore fylt med historier, eg har samarbeid med mange fantastiske kunstnarar, det har vore forestillingar og workshops, turnéar og kurs, entusiasme og glede. Og nesten alt dette har handla om gleda over å vere ein drope i det havet av inntrykk barn og unge har rundt seg, vere eit lite steg på vegen til å uttrykke seg, vere med på å opne rom ein kanskje ikkje trudde fantest. 

Eg blir rørt og glad når eg møter ein ungdom som med skinande auge kan fortelje at han hugsar då vi i barnehagen laga skyggeteater om Mussorgskis «Bilder frå ei utstilling», og når ei godt vaksen dame enno kan hugse då fyrstinne KiHoNai herja i gymsalen.

Dette siste året er det dei tre produksjonane «Tor med hammaren», «Laboratorium for finurlige forteljingar»  (i Ålesund), og «Animert spenning» som skal ut på vegen. Dei to første reiser eg med åleine, den sistnemde er saman med Mette Mjelve. Eg gler meg til eit siste heidundrande turnéår!

Etter det ventar andre prosjekt, historier, bokskriving, leik og utforskingar — og pensjonisttilværet.

Men eg håper at ein og annan framleis vil hugse ein blå drage dundrande gjennom gymsalen, ein gammal kvalfangar på leiting etter skatten, ein flygande hatt på animert reise over skjermen…Bilda er dei tre produksjonane som kan bestillast no. Under fana Produksjonar/verkstader står det meir om fleire produksjonar.

Publisert på

Hugs å leike!

Det nye året er i gang! Kaldt og fint vintervêr, litt meir dagslys for kvar dag. Hundane er glade og galne, og då er det uråd å ikkje la seg rive med. Leik er livsviktig og ei evig kjelde til glede og kreativitet!

Denne første veka handlar om førebuingar til turnéane som blir sparka i gang veka etter. I dag har eg kost meg med å gå gjennom den gamle kofferten med alle boksane skal opnast av ivrige elevar. Kvar boks fylt med det som skal bli til spennande historier. Eg humrar og ler for meg sjølv der eg leikar og pønskar ut nye spor og gåter, ledetrådar som skal føre oss inn i det ukjende. «Laboratorium for finurlege forteljingar» er i rute — eg gler meg!

Det som har vore tungt dette året er det som har med marknadsføring av bøkene å gjere. Eg har rett og slett kjent eit stort ubehag ved å stikke fram hovudet og vifte med bøkene i tenkjelege og utenkjelege samanhengar. Ingen bøker sendt ut  i håp om omtale, ingen arrangement med boksal som tema. Denne modusen er verre å komme ut av, for eg har ei kjensle av at uansett kva eg gjer eller finn på, vil bøkene vere usynlege og drukne i det store bokhavet. 

I Noreg har vi no 1600 forlag. Berre i 2022 kom det 189 nye. Det er fantastisk at vi har slikt eit bokmangfald i Noreg, at så mange skriv! Berre så synd at dei fleste bøkene på dei små forlaga er usynlege og ukjende. Bokhandlane treng å drive «butikk» og sel bøker frå kjende forfattarar frå dei store, etablerte forlaga. Det er no ein gong slik vi er skrudd saman, vi veit kva vi får når vi vel det kjende, og vegrar oss for å våge oss på nye, ukjende lesevegar.

Eg blir nok i «bobla» mi ei stund til, så får eg sjå om eg vågar å stikke meg fram igjen når neste bok kjem ut.

Men tusen takk til biblioteka våre! Dei er den største faktoren for mangfald når det gjeld  bøker – og sanneleg veit bibliotekarane kva som rører seg, også. Til og med til denne vesle mikroen Olla Forlag tikkar det inn bestillingar rett som det er. Det er gledeleg, for då veit eg at bøkene blir lest av nokon, trass i min manglande innsats.

Uansett dårlege marknadsføringstiltak er skrivemoduset  som alltid påkopla — det kjem nokre ord, setningar, sider og kapittel kvar dag. Som vanleg liker eg best å sjonglere mellom fleire prosjekt. Research i Sør-Afrikanske utgravingsfelt og studier av San-folkets spennande mytologi, vekslar med funderingar om ei fiolinkasse som innheld noko heilt anna enn ein fiolin — og utforsking av kloakknettet under ein kjend, stor by. Eg leikar meg altså her også.

I det store og heile er det mykje kjekt som ventar — berre eg passar på å leike!