Publisert på

Neste veke kjem «Kodemysteriet»! Her er ein liten «smakebit»!

Neste veke ventar eg dei første ferdigtrykte eksemplara av «Kodemysteriet»!  De som har allereie har tinga boka vil då snart ha boka i handa. Under får de ein liten smakebit frå det første kapittelet:

 

Kapittel 1.VARGHOLMEN

Firenze, måndag 12. april 1497

I det mørke smuget stod ein mann i skjul inntil eit tre. Lyset frå ei lykt kom sakte nærare. Han kunne enno ikkje sjå kven som bar lykta, for den vide hetta på kappa den mørkkledde hadde på seg, kasta skugge over andletet. Mannen såg seg vaktsamt rundt. Hjartet hans banka fort. Han visste at oppdraget han no skulle få, måtte utførast i største løynd. Han måtte vere sikker på kven som var ven – eller fiende. Han tok eit steg fram frå skjulestaden sin.  «Dette dokumentet må leverast så fort som råd», kviskra den mørkkledde, som no stod rett framfor han. Ei smal hand rekte fram ei lita bok. Boka var kledd i brunt kalveskinn, utan tekst av noko slag på den mjuke permen. «Ho skal leverast til Aldo Manuzio personleg. Trykkpressa hans er i Venezia, og du må reise allereie i natt. Aldo Manuzio veit at du kjem, og han veit kva han skal gjere med dokumentet. Sørg for at det ikkje kjem i hendene på Savonaròla, eller nokon av hans menn. Du må vakte det med ditt liv.»

Eduardo, mannen  som no var hyra som kurér for dette viktige dokumentet, bukka, gøymde boka på innsida av kappa si og tok imot den vesle skinnpungen med myntane den kappekledde ga han. Andletet var framleis skjult, stemma var kviskrande, men då lyden av raske fotsteg blei borte, og skuggen forsvann i mørkret, rakk han likevel å oppfatte at personen var ei kvinne.

Vargholmen, måndag 1. oktober 2018

«Dette hadde eg ikkje sett for meg! For eit kråkeslott av eit hus, Anna!» sa Siri, mens ho vrei og vende på mobilen sin for å ta eit bra bilde av huset.

«Kråkeslott er ordet!» lo Anna, og løfta opp slåa på den vindskeive porten. Det høyrdest ein skrikande lyd då ho dytta han opp. Porten hang på den eine hengsla. Den andre var knekt av rust. Jamringa kom frå den eine hengsla som åleine måtte bere den tunge porten.

«Det ser ut som eit spøkelseshus!» kom det frå Erik, som gjekk litt bak dei to jentene på grusgangen fram mot huset. Dei stoppa utanfor det store, gamle huset, med kvite, malingsslitne skodder ved vindauga, og ei diger, kvitmåla inngangsdør, fire trappetrinn opp frå bakken. Sjølve huset var også kvitt, men malinga hadde flassa av fleire stader på veggflatene. Det høge, smale huset med karnapp stikkande opp og ut både her og der, såg nesten ut som om det svaia svakt i vinden. Rundt huset var det eit villniss av ein hage. Hagen hadde ikkje blitt stelt på årevis – dei gamle epletrea, ripsbuskene og rosene fekk leve sitt eige liv og vekse som dei ville. No hadde alle blada frå trea blåse bort, og dei nakne greinene klamra seg til kvarandre som om dei fraus. Det som ein gong hadde vore eit kvitt stakittgjerde rundt hagen, mangla både stolpar og bord og gliste som ein roten tanngard mot dei.

Korleis det går med Eduardo og det hemmelege dokumentet, kva Anna og venene finn i det gamle huset, korleis dei kjem i kontakt med Rex og Sid i New York  – og kva som hender på Vargholmen og i New York – det får du vite om du les resten av boka!