Publisert på

Bokstabel på vandring

I den siste tida har stabelen eg ber med meg blitt tyngre og tyngre. Stabelen er ein skikkeleg røssleg bokstabel. Eg har alltid hatt fleire leseprosjekt gåande på same tid – eg skiftar lett lesefokus alt etter humør, høve, tid – og etter kor vaken eg er. Nokre bøker krev fullt fokus og eit vakent sinn – mens andre kan lesast som rein underhaldning utan å krevje for mykje av trøytte auge som knapt klarer følgje linja til endes.

I stabelen ligg det bøker eg har lese før, men som må plukkast opp igjen av og til, kanskje for å «konsolidere stillinga» – eller fordi det på side 347 står eit veldig glupt utsegn eg gjerne vil minnast på. Andre bøker i stabelen er der for inspirasjon til eigne skriveprosjekt, eller fordi nokon har sagt noko bra om akkurat den boka, eller fordi coveret var så spennande, eller fordi den siste boka eg las av forfattaren var så god, eller fordi eg vil skrive betre sjølv gjennom å lære av andre – eller fordi eg må kvile hovudet frå eigen idéspinning med noko som er så spennande at eigne tankar blir dytta bort ei stund.

Stabelen veks og veks, der eg dreg han med meg frå bordet ved sofaen, til arbeidsbordet, til godstolen, til kofferten når eg skal reise, til nattbordet, til bilen (det kan hende eg må vente på ei ferje) – er det opphaldsvêr blir stabelen også med ut i hagen. Kindelen min blir også jamt  og trutt fylt opp. Innhaldet her ville føye til mange kilo i bokhaugen om det var i papirformat.

Stabelen veks seg ekstra stor når eg sjølv har hovudet fullt av idéar eg treng å gjere research på, men også når eg har det så travelt med alle slags prosjekt at eg ikkje har tid til å lese, og altså berre skaffar nye bøker i staden for å lese meg gjennom dei eg har. Då vandrar stabelen i dagevis utan at ei einaste bok blir opna.

Målet er at det skal vere ein viss balanse mellom omfanget i det eg les – og det eg skriv. Eg meiner slett ikkje at eigen produksjon nokon gong skal kunne vere i nærleiken av slike  fysiske dimensjonar i omfang, som bokstabelen eg drassar rundt på – meir som omfang i tid, slik at eg sjølv kan få klemt ut ei og anna lita bokflis i ny og ne.

Om eg skal vere riktig ærleg med meg sjølv, kan det hende at bokstabelen veks, og eigenproduserte ord på papiret tidvis spinn på same sida, på grunn av manglande fokus – med altfor mange andre ballar i lufta.

Men: alt til si tid -no er det snart påske, og med den både lesetid og skrivetid. Mange gjeremål og oppdrag går saman med meg inn for landing. Om då ikkje bokhaugen dei neste to vekene aukar endå meir, skal eg ta ein god «jafs» nedi bokstabelen min – og jammen har eg som mål at mi komande «bokflis» også snart skal gå inn for landing.