Publisert på

Ro ned i førjulsjaget – ta imot magien frå forteljingane – vi treng dei!

På seinsommaren hadde eg den optimale julestemninga, i ein intens innspurt for å gjere ferdig boka «Tippoldefar Jakobs julekort». Ein er i ei eiga boble i slike prosessar, fokuset er fullt og heilt på historia ein er midt oppi. Sjølv om vêret var godt og varmt – om summande, kraslande kryp i den grøne graset, blått, bølgjande hav og skvaldrande småfuglar slost om merksemda mi, var eg i julemodus. Illustratør Tarjei og eg jobba for fullt med å få alle bitar på plass. Då boka var ferdig og det reint tekniske, som t.d. ombrekking og trykking sto igjen, var i grunnen eg ferdig med jula for i år, på full fart inn i nye prosjekt.

Heldigvis tok eg feil der, for «Tippoldefar Jakobs julekort» ville tydelegvis leve sitt eige liv – og no i førjulstida har både eg og tippoldefar fått svinga oss så det monnar!

Både dei store og dei små lokalavisene har skrive om boka, eg har vore på NRK radio og fortalt om boka, det har vore signeringsrundar og opplesing. Bokhandlarar frå fjern og nær har meldt si interesse, og boka har blitt borte frå kassene fortare enn Print On Demand-ordninga har klart å forsyne meg med nye eksemplar. Det er gledeleg for ein indieforfattar, som elles lett blir usynleg mellom alle dei store bokaktørane.

Sidan eg fortel historier på fleire vis, er eg så heldig at eg av og til får vere med å lage teaterforestillingar saman med unge aktørar. Då måtte sjølvsagt årets juleforestilling hente nokre idéar frå Sivert og Jennys juleeventyr med dei gamle julekorta. Attpåtil blir det den siste veka før jul ein turné til skular, bibliotek og barnehagar for å formidle frå boka. Det er verkeleg ikkje noko å seie på julestemninga!

Eg har nokre få eksemplar igjen, så om nokon ønskjer seg boka før jul er det best å vere snar, for no rekk eg ikkje å tinge trykking av fleire i tide til jul.

Om du ikkje allereie har skaffa alle julegåvene, kan du ta ein titt på dei andre bøkene frå Olla Forlag – her er noko som kan passe dei fleste, og eg skal gjere mitt beste for å levere dei i tide.

På bildet ser de åtte av dei ni bøkene som har komme på Olla Forlag sidan oppstarten hausten 2017. Den niande boka er ikkje med på bildet: Audbjørg Gjerde Lipperts engelske versjon av «Isfjellfamilien»  «The Iceberg family». De finn boka på t.d. på Amazon, eller ved å ta kontakt med Olla Forlag.

Gode, dyktige personar å samarbeide med er gull verd når ein skal realisere draumar – eg er glad og stolt over å ha Tarjei og Audbjørg med på laget.

Til våren kan vi gle oss til romanen «Zapping» av Audbjørg Gjerde Lippert, og engelskversjonen av «Birgers odyssé», omsett av Lise Rønnestad.

Eg ønskjer dykk alle ei fin, stemningsfull førjulstid! Dei gode stundene skaper du sjølv, åleine eller saman med andre – og ei god forteljing høver alltid. Dei magiske stundene der forteljinga tar oss med til ein annan stad, ei anna tid, andre folk og vesen sine tankar og opplevingar kan kanskje også fortelje oss noko om oss sjølve i denne store, travle verda vi surrar rundt i.

Helsing Olla