Publisert på

Bokhausten!

Bokhausten på Olla Forlag!

Igjen dristar ør-vesle Olla Forlag seg ut på det store bokhavet, i hauststormane – vel vitande om at sjansen for å drukne er overhengande!

No er heldigvis ikkje målet mitt å vinne noko konkurranse mot dei riktig store, etablerte forlaga – det ville nok bli ei særs dårleg plassering, marknadsføringsbudsjettet tatt i betraktning. Ei heller håpet om millioninntekt! Men eg vågar likevel denne påstanden: eg veit dei er der ute, dei som likar bøkene som kjem frå dei små forlaga, også. Dei må berre vite omn dei!

Eg er så glad og takksam for alle gode tilbakemeldingar, alle bøker de har kjøpt, alle gode ønske. For framleis er det ei stor glede å formidle dei gode historiene. Vissa om at bøkene blir lesne og likt er litt av ei drivkraft!

Derfor håper eg på hjelp til spreie ordet denne gongen, også. Om du likte boka du las, fortel det gjerne til andre! Det er den beste marknadsføring ein kan få!

Denne hausten kjem «Kodemysteriet» – den tredje og siste boka i serien om Anna og Kaspar. Lesarane av dei to første bøkene har blitt eit år eldre, det har Anna og venene hennar også. Boka er skriven særleg for dei i aldersgruppa 10-13 år, men etter tilbakemeldingane eg har fått frå testlesarar, er ho spennande for alle, også vaksne. Lanseringsdatoen kjem så snart lokalet er klart!

I tillegg er den neste boka under arbeid: «Tippoldefar Jakobs julekort». Dette er ei bok som høver godt å bli lesen kvar kveld i adventstida, inndelt i 24 kapittel – som ein adventskalender, fram mot jul. Ei bok som høver godt for høgtlesing, barn og vaksne saman. Det er eit retteleg gammaldags eventyr, nostalgisk og koseleg – og bittelitt skummelt innimellom. Lanseringsdatoen for denne boka er ikkje heilt klar endå, men ho kjem sjølvsagt i tide til å bli lesen frå 1.desember.

Som tidlegare nemnt er «Birger’s Odyssey» også snart ute i engelsk versjon, slik allereie «The Iceberg Family» av Audbjørg Gjerde Lippert er å finne t.d. på Amazon.

Lydbokproduksjonen av Anna og Kasparserien er også i gang! Første boka kjem i løpet av hausten.

Det er også planer om eit bokarrangement i oktober, arrangert av oss som tidlegare har samarbeidd om formidling av våre nynorske bildebøker! Dette kjem vi tilbake til – berre å gle seg!

Til våren kan vi gle oss til Audbjørg Gjerde Lipperts roman: «Zapping».

God bokhaust til alle!