Publisert på

Mens vi ventar på «Tippoldefar Jakobs julekort»

Kvelden og morgonen er mørkare no. Slik er det kvar haust på vår vesle flekk av kloden. Fram mot den aller mørkeste tida gler eg meg likevel over alt denne vakre årstida byr på. Vekene i desember, den aller mørkeste tida fram mot jul har alltid vore ei magisk tid for meg. Ute er det uvêr og kulde, inne lys og varme, gode stunder med lukta frå julebakst, røykelse  – og fine forteljingar. Dette året er eg ekstra spent – sidan Tarjei og eg skal dele juleforteljinga vår og bilda som høyrer til med dei som vil lese, høyre og sjå.

Her er ein bitteliten «smakebit»:

Dei luktar bålet på lang avstand. Foreldra har gjort klart til julemannbaking! På bordet inne i hytta blir deigen kjevla ut med ei tomflaske dei fann i skapet. Dei flottaste figurar blir skorne ut frå deigen: hestar, grisar, fuglar, nissar og troll. Det blir mykje latter og moro. Figurane endrar seg når dei eser ut på steikeplata over bålet. Men dei smakar fantastisk! Barna gløymer heilt å fortelje om hesten.

Dei to barna sit ved kjøkkenbordet og et nysteikte julemenn og drikk saft. Saman ser dei på julekorta dei har henta oppe på hemsen. Dei vaksne er ute og høgg ved og stablar han i vedskjulet. «Sjå på dette!» seier Sivert.  «Dette må vere veldig gammalt!» Dei studerer bildet. Det er utan fargar, i svart og kvitt. Motivet på bildet er av ei jente som står ved sida av ein snømann.

«Kva kan vere meininga med dette tru?» lurer Sivert på.

«Men det er då lett! Kom!» roper Jenny. Dei tar på seg vottar og huer og stryk på dør. «Kva er det dei skal no?» seier Siverts mor og ser etter barna, der dei blir borte i snøhaugane.