Publisert på

Haustgleder

Endeleg – no er hausten her! Den første hauststormen bankar på ruta. Båten fekk ei ekstra fortøying i går, det som måtte vere laust kring huset er tatt inn, eller sikra. Fjorden går kvit, trea, med ei aning av gule fargetonar på blada som enn så lenge knip seg fast i greinene ligg skinnflate i vinden.

Hundane nektar å gå ut. Kaspar måtte eg delvis bære ut i går kveld for at blæra skulle bli tømt for natta. I dag gjekk dei ikkje ut før eg tok på meg støvlar og regnklede og drog dei etter meg ut i hagen. Dei veit ikkje endå at vi skal på tur om ei lita stund. Då kjem dei til å gøyme seg på rommet sitt og lest vere usynlege. Men her er ingen nåde. Vi er nordvestlendingar. Vi kler på oss (ja, hundane skal få på seg dekken også!) og går ut. Vi treng ikkje sette kilometerrekorden i dag, men ut skal vi.

Etterpå skal vi tørke oss opp framfor peisen, det blir garantert ein ekstra godbit på dei to, som heilt sikkert, trass i stormen har hatt ein bra tur.

Hausten har ord på seg for å vere sjølve boktida. Eg meiner sjølvsagt bøker må lesast heile året, men ja, eg forstår kvifor hausten innbyr særleg til boklesing. Det må vere noko med denne særnorske kosen: hufsever ute, men inne er det peisfyring, stearinlys, pledd, ullsokkar – og bok.

Slik har vi det, Frikk, Kaspar og eg også. Då kryp dei to store, elskelege prikkedyra inn i armkroken til ei boklesande matmor, vel vitande om at turen er over, dei treng ikkje gøyme seg for stormen no.

Som eg har skrive før har eg alltid ein «vandrande» bokstabel med meg rundt omkring, i fall lesehøvet skulle by seg. No skal eg ta ein grådig jafs nedi bunken. Øvst ligg «Søsterklokkene» av Lars Mytting. Eg gler meg! Er denne boka like god som «Svøm med den som drukner» er det heilt greitt med høge forventningar. Men sidan eg alltid les fleire bøker samtidig ligg det fleire i stabelen: Heidi Bjørnes sine bøker om Blondehuset trur eg er midt i blinken for dei lune haustkveldane. Eg er godt i gang med den første – og gler meg til kvar side eg skal snu i boka. Ei diger bok om norske postkort ligg også der. Sidan eg i eige bokprosjekt har dukka ned i gamle julekort eg fann i ei kasse, har eg fatta interesse for desse tidsbilda ein finn i dei gamle postkorta. Nutta Haraldsen har gjort ein formidabel jobb med å samle stoff til boka «Norske postkort». Og sanneleg har eg ikkje funne ei bok om runer også: «I begynnelsen var runer» av Terje Spurkland. Dette er fordi eg er hekta på skriftspråk og kodeskrift. Sjølv om mi eiga «Kodemysteriet» er vel ute i verda kan eg ikkje heilt sleppe taket på temaet. Runene, og korleis dei vart brukt er «mat for mons» i så måte. Skriftspråkets historie er sanneleg ei spennande reise.

Den gode haust-tida skal også brukast til mi eiga skriving. No når «Kodemysteriet» er lansert og «Tippoldefar Jakobs julekort» er rett rundt hjørnet – er eg klar for nye prosjekt. Eit tema eg har leika med i hovudet lenge er ei historie henta ut frå «Urbex»-tematikk. «Urban exploration», urban utforsking, er utforsking og fotografering av menneskeskapte ting som blir forlatt. Eller like gjerne «rural exploration», forlatte bygningar i meir grisgrendte strøk. Dette skal eg bruke god tid på, leike meg med og utforske. Så får vi sjå kva det kan ende opp i.

I mellomtida: nyt hausten – og gjer det gjerne med ei bok frå Olla Forlag!

SONY DSC