Publisert på

Julekalender: 1.desember

Velkommen til første dagen i julekalenderen! Kvar dag kjem det ein liten omtale av ei av bøkene i bokhylla mi – gode bokopplevingar eg gjerne vil dele.

Ein konkurranse høyrer med – sjå nedst i innlegget!

 

Den første boka ut i denne bok-kalenderen er ei barnebok – sjølv om både forfattaren og eg meiner at boka (og også dei andre bøkene av forfattaren) høver godt for alle aldrar.

«Jim Knapp og Lukas Lokomotivfører»er skriven av den tyske forfattaren Michael Ende(1929 – 1995).

Dette er debutboka til forfattaren (1960) – den første av ei rekke bøker som gjer Michael Ende til ein av dei største eventyrforteljarane i vår tid. Han har fått ei rekke prisar for både denne boka og dei andre bøkene sine, to av dei mest kjente er «Momo, eller kampen om tiden» og «Den uendelige historie». (Begge desse to er filmatiserte).

Frå baksideteksten til «Jim Knapp og Lukas lokomotivfører»:

«På den bitte lille øya Lummerland bor fire innbyggere og et lokomotiv. En dag kommer det en pakke til øya, og i den finner de vesle Jim Knapp. Alt hadde vært vel og bra om ikke Lummerland var et så ualminnelig lite land – og derfor blir det for trangt for fem innbyggere. Jim og Lukas bestemmer seg for å legge ut på en reise over havet – og nå skjer det spennende og merkelige ting…»

Ein sommar for mange år sidan var denne boka opplesingsserie i Barnetimen for dei minste på NRK radio. No avdøde skodespelar Lars Andreas Larssen las. Kombinasjonen av ein genial forfattar med ei altoppslukande historie, formidla av ein dyktig skodespelar, kan skildrast med eitt ord: magisk. Eg gjekk ikkje glipp av ein einaste episode den sommaren – heller ikkje dei rundt meg, som var meir i målgruppa for Barnetimen for dei minste enn eg! J

Boka ser ut til å vere utgått frå forlaget – men takk og pris: vi har biblioteket!

Michel Ende var teaterutdanna og arbeidde både som regissør, filmkritikar og tekstforfattar. Begge foreldra hans var kunstnarar, innanfor den surrealistiske sjangeren, av naziregimet stempla som «degenerert kunst». Denne oppveksten, og  opplevingar under naziregimet prega forfattaren og forfattarskapet hans. Han nytta alle høve til å kritisere alt nazismen sto for. I bøkene hans fins mange spark mot nazismens indoktrinering.

Forfattaren var sjølv ikkje komfortabel med å bli omtalt som barnebokforfattar, han meinte at han skreiv for alle. Bøkene omhandlar kompliserte og alvorlege tema, men skrive på ein forståeleg og likefram måte. Det er mange lag i bøkene hans, ein kan gjere stadig nye oppdagingar i tekstene når ein les bøkene om igjen.

For dei som vil vite meir om Michael Ende og bøkene hans fins det på www.sølvberget.no ein artikkel av Yngve Bergesen Anda (6.april 2017): «Michael Ende og Den uendelige historien. Da den humanistiske surrealismen møtte hockeysveisen».

 

Konkurranse!

 Som lova, her kjem første «boklege spørsmål» i denne daglege kalenderen fram mot jul:

 Kva heiter den norske barnebokforfattaren som fekk Brageprisen i 2017?

 

 

Publisert på

Desember er på veg – og JULEKALENDEREN!

For meg har denne tida fram mot jul alltid hatt noko magisk ved seg.

Då eg var barn, var førebuingane til høgtida særdeles viktig.

Søstera mi og eg måtte ta del i alt arbeid: baking av alle slags kakesortar, sølvtøypuss, støvtørking,  vasking, rulling og stryking av juledukar, skrubbing av veggar, tak og vindauge, matlaging  i stor stil: fårerull, sylteflesk og julemat. Eg hugsar endå såre, støle tomlar etter å ha trykt sandkakedeigen ut i mengder med sandkakeformer. Som så ofte er det luktene som sparkar minnet i gong: lukta av nybona golv og nybaka kveitekaker med smør og sirup, den skarpe lukta av hjortekakksaltet som reiv i nasen, og lukta av nyhogd grantre.

Men dei aller beste minna: samværet, historiene, sangen, musikken…

Som vaksen blei juleførebuingane svært neddempa. Eg er til dømes slett ikkje glad i å bake, så julekakene (som uansett aldri blei oppetne) blei kraftig nedprioritert. Likeeins vasking og skrubbing.

Sidan teaterundervisning har vore mitt daglege arbeid i mange av desse åra, handla jula ofte om store forestillingar like før jul, og dermed lange arbeidsdagar med instruksjon og prøver. Det har alltid vore meiningsfullt å vere med på desse prosjekta: på scenegolvet aular det av spente, glade ungar – ivrige og entusiastiske for å formidle den gode historia med sang, dans, musikk. Alltid den gode opplevinga av å sjå dei utfordre seg sjølve, strekkje seg – oppleve den gode kjensla av samarbeid og fellesskap. Den optimale julestemninga for alle som deltar – og for publikum som opplever. Historiene på scena har alltid med den gode bodskapen: å bry seg om kvarandre, hjelpe kvarandre, og løyse problema i felleskap. Og alltid er det slik: det er orda, sangen, musikken, bilda og dansen som rører ved kjenslene, som gir oss dei gode opplevingane.

Det er nettopp dette siste som er julemagien for meg: dei mange uttrykka som rører kjensler og gjer at eg kjenner fellesskapen, samværet, den gode stemninga  –  det som kallast julestress er dermed eit ukjend fenomen i mi juleverd.

Mykje levande lys (i slikt lys ser ein ikkje så godt om det ligg litt støv rundt omkring), og dei små, enkle tradisjonane. Det blir heller ikkje noko renn i butikkane etter dyre julegåver, huset bugnar ikkje av glitter, stas og julepynt. Gåver blir det, likevel – og i huset er det akkurat så koseleg som vi sjølve gjer det til.  «Less is more» er mitt mantra – det fungerer strålande for meg, vel vitande om at andre likar det på anna vis.

Men julekalenderen vil eg ha med!  Kalenderen, der ein kvar dag spent opnar ei luke, med forventninga om at ein er endå eit steg nærare jula –  ein av dei få tinga som verkeleg høyrer med i denne «less is more»-jula mi. Kalenderen har variert i utsjånad og innhald frå år til år – og er sjeldan full av ting eller snop. Like gjerne er den fylt med påfunn, ablegøyer, gode idéar, gåter og historier. Eller som i år: om gode historier i form av bokopplevingar, og eit juleeventyr – på nett.

www.olla.no vil eg kvar dag i desember legge ut ein to-delt kalender:

Dagens luke vil vere eit vinterfoto frå boka utandørs i nordvest.Teksten vil handle om opplevinga av den gode boka, subjektive opplevingar eg gjerne vil dele. Boka som har dette vesle ekstra, i alle fall for meg då eg las ho – dette som rører tankane og kjenslene. Eg vil prøve å seie kvifor eg har likt akkurat den boka, likevel utan dei store analysene. Bøkene eg finn fram vil vere for barn, ungdom eller vaksne – gamle som nye, norske like gjerne som frå andre land.

Ein liten konkurranse må til: kvar dag dukkar det opp eit spørsmål om litteratur. Det kan svarast som kommentar på www.olla.no, eller også på Olla Forlag sine sider på Facebook og Instagram, for den som ønskjer det. Eg samlar opp dei som har svart rett på ei liste, og trekkjer kvar dag ein vinnar. Dagens vinnar får ein bitteliten premie. 24.desember blir alle som har svart rett på spørsmåla i konkurransen med i trekninga om ei sjølvvalgt bok frå Olla Forlag.

 

Olla Forlag slår også til med eit juletilbod:

Amulettmysteriet kostar i desember: kr 180,-

Det gamle slottet: kr 200,-

Kjøper ein begge, blir prisen til saman kr 350,-

 

 

Den andre delen av julekalenderen vil vere ei julehistorie for barn. Vi blir med Sivert og Jenny på eit spennande eventyr då dei skal feire jula på ei lita hytte på fjellet. Kan hende det kan bli ei god, lita høgtlesingsstund for både store og små saman?

 

Vel møtt om nokre dagar!

 

 

 

 

 

Publisert på

Bilde til salgs

Bildet «Birgers hval» av Tarjei Rypdal Eide er til salgs i eit begrensa opplag. Bildet er frå bildeboka Birgers odyssé av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide.

Pris kr 3500,-

Størrelsen er 80 x 120 cm.

Ønskjer du å kjøpe bildet er det berre å ta kontakt!

 

Publisert på

Det er tida for julemesser

Med tanke på at bøker må vere julegåver av beste sort, stiller eg opp på julemesser, med bøker sirleg oppstilt, på rekke og rad.

I dag ville eg prøve å gjere litt meir ut av standen, og rigga til ei lita utstilling saman med bøkene.

Tarjei, som har laga illustrasjonane til boka Birgers odyssé, har forstørra opp bildet «Birgers hval» til 80 cm x 120 cm.  (Bildet er til salgs for kr 3500,-)

Den mektige kvalen ruva godt over bordet med bøker, nokre skvatt til av synet, andre kunne fortelje meg mangt og mykje om kvalar og livet i havet.

I tillegg stilte eg ut nokre av rekvisittane eg viser når eg formidlar historia om Birgers odyssé scenisk: tippoldefar Oles gamle, slitte skinnjakke, brev han sendte heim til familien då han var på kvalfangst i Sørishavet, brillene hans, pipa, kvaltenner, smykke og knivskaft han laga av kvaltenner, bilde av båten han arbeidde på…

Slike gamle ting har eg ofte med når eg reiser på turné med Kultursekken for å arbeide med tekst og historieskaping saman med elevane. Desse gamle gjenstandane, lada med «levd liv» verkar som ein katalysator på fantasien: elevane undrar seg, assosierer, tenkjer seg inn i livet til personar som ikkje lenger fins blant oss – og får inspirasjon til  oppbygging av plot, skildringar av personar og hendingar.

Akkurat slik fungerte denne vesle utstillinga i dag også. Folk studerte gjenstandane, henta fram sine eigne minne, fortalte historier, både sjølopplevde, og historier dei ble fortalt som barn –  frå besteforeldra og oldeforeldra si tid.

Det blei mange fine samtaler og historier gjennom dagen – ein ekstra bonus i tillegg til boksalget!

 

 

 

Publisert på

Nynorsk krim for barn / ungdom!

Dei to bøkene som til no er utgitt i denne serien er nynorsk krim for barn /ungdom! Noko det ikkje fins så mykje av. Bøkene rettar seg særleg mot aldersgruppa 9-13 år, men kan godt lesast både nedover og oppover i alder – jamvel vaksne.

I begge bøkene er det bihistorier – i den første boka går bihistoria føre seg på same tid som hendingane rundt Anna, men på ein helt annan stad i verda.

I den andre boka er bihstoria på samme stad, men går føre seg fleire hundre år før hendingane Anna er midt oppi. I begge bøkene blir historene til slutt knytt saman.

Forside til ‘Amulettmysteriet’ – design: Tarjei Rypdal Eide

 

«Amulettmysteriet»er første boka om Anna og hunden hennar, Kaspar. Kaspar er ein bullterrier, som kjent er det ein hunderase med mange særtrekk, slik også Kaspar har. Anna er ei litt stille, sjenert jente. Ho hadde aldri trudd påførehand at ho skulle dumpe borti eit slikt spennande mysterium som ho gjorde denne sommaren:

Anna er saman med mor og far på båttur. Dei har kome til Ørnøya – ei lita, roleg øy. Så roleg at Anna tenkjer det må vere den aller kjedelegaste staden i heile verda å feriere på.Saman med Kaspar Bullterrier går Anna på tur, det er det einaste dei kan finne på.

Men så hender det underlege ting på øya.

Kven er det som gøymer seg ved det gamle fraflytta fyret? Og kven er det som bryt seg inn i huset til Esther, den nye venen til Anna, og kvifor?

På pensjonatet Havgløtt bur det gjestar som tydelegvis har noko å skjule.

Samtidig får vi vite at det skjer mystiske ting i byen Brazzaville i Republikken Kongo. Kan det som skjer der ha noko med det som hender på Ørnøya å gjere?

Når Siri og Erik også kjem til øya blir det fart på sakene, og snart er Anna og dei to venene hennar midt oppi eit spennande mysterium der ein gammal amulett spelar ein viktig rolle.

 

 

«Det gamle slottet»

«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet.

Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…»

Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm!

Er det brannalarm? Tjuverialarm?

Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. »

 

Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar.

Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko – og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium.

Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen. Bastien får eit oppdrag.

Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i – ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet.

Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.

 

Sagt om bøkene av lesarar:

«Deter svært gledeleg å kunne presentere ei drivande god barne-/ungdomsbok skriven av ein lokal forfattar. Amulettmysteriet inneheld både ei god krimhistorie, godt språk (nynorsk) og lærdom. …..

….Olla Rypdal er opphavleg frå Vestnes, men no busett i Brattvåg. Dette er hennar første bok, utgitt på eige forlag. Framsideillustrasjonen er ved Tarjei Rypdal Eide. Vi håpar på meir, spennande litteratur frå denne fronten.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folebibliotek)

 «Min sønn på 10 år er en lesehest. Og det betyr at han- i følge han selv- har lest det meste av det som er kult…Han liker best spenningsbøker. Boken din er i følge han “DET BESTE HAN HAR LEST EVER !” Og det store spørsmålet er: Kommer det en oppfølger?? “Mamma, du må si til Olla at hun MÅ skrive flere bøker!! 🙂 “

 «Anbefales! Veldig spennende! Min 10 åring er helfrelst!»

«Din bog er super spændende og en rigtig god fortælling selv om jeg er 64 år, tak for det.»

 

«…..Kunsttjuveriet på slottet er det første av fleire mysterier Anna og den nye venninna hennar kjem borti, og, uredde som dei er, etterforskar dei gjerne litt på eiga hand. Parallelt med dette får vi glimt frå historia til dei som budde i og rundt slottet under den franske revolusjonen. Og på underfundig vis vert dei to historiene fletta saman: Skjebnen til Béatrice Grimaldi og den mystiske papirlappen som skjuler seg i murveggen hos Namira. Dette er nok ein gong drivande god krim frå Olla Rypdal. Målgruppa er ungdom, som i tillegg til ei spennande historie, også får eit viktig innblikk i fransk historie. Slottet Grimaldi finns faktisk, men familiemedlemmene i boka er fri fantasi.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek)

 “Amulettmysteriet” var spennende, men “Det gamle slottet” enda mer spennende! Passer for alle folk I alle aldre. Gleder meg til neste bok I serien!»

«Kjempespennende og god å lese! Har lyst å bli venn med Anna og Kaspar.»

 

 Under er det eit lite leseutdrag frå «Amulettmysteriet». I eit tidlegare innlegg finn de leseutdrag frå «Det gamle slottet».

 

KAPITTEL 14

 

                                                                                  FANGA!

 

Anna, Siri og Erik ventar ei stund, men ingenting hender – amerikanaren har tydelegvis gått tilbake til rommet sitt, og dei to svartkledde er også borte. Dei tre tobeinte og den firbeinte  kjem fram frå gøymestaden og går tilbake mot båthamna. Kaspar er godt fornøgd med å sleppe å vere i ro lenger, og hoppar og sprett ved sida av Anna.

I hamna er foreldra til Siri og Erik klare til å dra til byen. Dei har berre venta på Siri og Erik så dei skulle få pakke med seg det dei treng for ei natt. Det er gjort i ein fart, og Siri og Erik lempar kvar sin liten ryggsekk over rekka på båten. Mens dei startar motoren og løyser fortøyningane, formanar dei Siri og Erik om å vere greie – og ha det kjekt. Veslebror Lars står med flytevesten sin på dekk og vinkar, mens mora held han godt fast. Snart er dei på veg ut av hamna.

Foreldra til Anna vil gå ein tur og spør om det er noko spesielt dei skal kjøpe på butikken til dei tre venene som skal vere i båten om kvelden. Dei blir einige om at pizza, som dei berre treng å varme opp, må vere bra.

Når foreldra til Anna også er borte, går Anna inn i båten og hentar kikkerten.

«Vi må passe på kva som skjer. Kanskje den sinte mannen igjen har tenkt seg bort til huset no når Esther er borte!» seier Anna. Dei blir einige om å halde «kikkertvakt» kvar sin gong, slik at dei andre kan gjere andre ting.

«Spele kort eller yatzy for eksempel?» spør Siri. Erik tek første kikkertvakta, mens Anna og Siri finn fram kortstokken og nokre spel frå eit skap i styrhuset. Kaspar legg seg rett ut på ein varm solflekk på dekk.

Det er godt og varmt – sola skin – og Anna tenker at dette heilt sikkert er mykje betre enn å vere i Syden. No har ho til og med nokon å vere saman med – og spennande ting skjer akkurat her dei er! Venene har blitt einige om at dei i alle fall ikkje skal seie noko om alt dette merkelege til foreldra no, for då får dei heilt sikkert ikkje lov til å vere aleine i båten, utan vaksne, denne kvelden.

«Berre det ikkje blir farleg»! seier Anna. Ho kjenner seg litt engsteleg, sjølv om det er aller mest spennande.

«Klart det ikkje er farleg», seier Siri. «Vi skal då ikkje gjere noko – berre følgje med på kva som skjer!»

Men tida går utan at det hender noko. Dei spelar og held kikkertvakt på skift. Annas foreldre kjem tilbake til båten med pizza og anna godt barna skal få kose seg med til kvelden. Både mor og far er i godt humør og gler seg til kvelden på Havgløtt. Mor tek på seg ein fin, blåblomstra kjole, og far finn fram ei lyseblå sommarskjorte.

«Kom straks til Havgløtt om det er noko!» seier mor.

«Men kva i all verda skulle det vere?» spør Anna.

Mor og far ler litt.

«Vi veit du ikkje er så lita lenger, Anna – og no har du dessutan nokon saman med deg, så det går nok bra!» smiler far.

«Og du kan ringe, sjølvsagt!» seier mor. «Eg har med telefonen min!»

Anna skundar seg å kople telefonen sin til ladaren.

Mens Siri har kikkertvakt og Erik tek Kaspar ein liten luftetur på land, varmar Anna pizza. Dei et og kosar seg, men gløymer ikkje å skifte på å halde utkik.

 

«No skjer det noko!» roper Erik, som akkurat no har kikkerten. «Han er på veg mot huset til Esther!»

«Kom igjen», seier Siri, «vi må følgje etter og sjå om han har tenkt å gjere noko!»

Anna får på Kaspar bandet i ein fart, og dei skundar seg ut på brygga og bortover stien etter mannen. Dei kan ikkje sjå han lenger, men dei reknar med at han skal til Esther sitt hus. Det er berre éin veg å gå, og den fører dit. Eller også til fyret.

Då dei kjem bort til Esthers hus, blir dei litt rådville. Dei ser framleis ikkje noko til mannen. Men Erik er heilt sikker på at det var amerikanaren han såg i kikkerten, og at han var på veg hit. Dei snakkar litt fram og tilbake og finn ut at dei skal dele seg i to lag. Anna og Kaspar skal gå til fyret, og Siri og Erik skal vente ved huset. Dei trur ikkje han har gått til fyret, men dei vil sjå etter, berre for å vere sikre.

Anna og Kaspar går nedover stien. Anna angrar seg allereie, ho er ikkje sikker på om dette er så lurt. Ho skulle ha snakka med mor og far om dette likevel, tenker ho. Men ho rekk ikkje tenke meir, for no har Kaspar fått snusen i noko. Han trekkjer i bandet og dreg alt han klarer, og før Anna får tatt eit endå betre grep om bandet, har han slite seg og spring av garde, med snuten godt plassert mot bakken! Anna kan ikkje rope, for tenk om den sinte mannen er der og høyrer henne! Men ho spring det fortaste ho klarer etter Kaspar. Kaspar hastar i veg rett bort til fyret – og inn gjennom døra! Anna spring så ho kjenner metallsmak i munnen, og hjarteslaga kjennest som dei fyller heile kroppen. Ho kjem bort til døra, opnar henne – og ser inn. Det er mørkare der inne enn ute, så Anna må vente litt til auga har vent seg til det dunkle lyset, og til ho får pusten igjen. Ho ser ingen ting, berre trappa som går oppover i fyret. Ho går forsiktig mot henne, og to steg opp i trappa høyrer ho ein lyd: det er Kaspar som klynkar! No er det ingen ting som stoppar Anna. Kaspar må ha hjelp! Ho høyrer ikkje kvar lyden kjem fra, og blir ståande rådvill ei lita stund. Men så spring ho opp trappene til ho kjem til avsatsen der det første rommet er. Døra inn til rommet står open – ho held pusten og går forsiktig inn.

Med eit brak slår døra igjen bak henne. Ho høyrer eit knepp i låsen i det nøkkelen blir vridd rundt på utsida av døra. Det dunkar inni henne – Anna tenkjer at hjartet slår så hardt at det må kunne høyrast gjennom veggene. Det er mørkt, ho kan knapt skimte det som er i rommet. Anna spring mot døra, riv og slit i handtaket, men døra rikkar seg ikkje!

«Slepp meg ut! Lås opp!» roper ho. Ikkje ein lyd trengjer inn gjennom den stengde døra. Skoddane for vindauget er også stengde. Vindauget er høgt oppe på den glatte veggen, og ho når ikkje opp utan å stå på noko. Om ho hadde fått opp vindauga, visste ho at ho ikkje kunne ha klatra ut. Rommet er for høgt oppe på veggen, midt på fyret, halvvegs opp vindeltrappa mot toppen.

Anna er redd, så redd at det suser i øyra. Ho set seg ned, prøver å puste roleg, prøver å tenke.

«Eg må ut, eg må finne Kaspar!» Anna held pusten igjen – ho har høyrt ein svak lyd, og der høyrer ho lyden igjen – det høyrest ut som eit hundebjeff…

Samtidig står Siri og Erik utanfor huset til Esther. Dei ser framleis ikkje noko til mannen og veit ikkje kva dei skal gjere. Men dei finn ut at dei skal gøyme seg bak buskene i hagen, like innanfor porten. Dei ventar ei stund, men dei blir snart urolege. Kvifor tek det så lang tid før Anna og Kaspar kjem tilbake? Og kvar er mannen? Dei blir kviskrande einige om at dei vil gå til fyret og sjå etter Anna og Kaspar. Dei skal akkurat til å krype fram frå gøymestaden då dei høyrer ein svak lyd, som om ei dør knirkar. Dei ser mot huset.

«Sjå», kviskrar Erik, «det er lys der inne!» Dei stirer mot huset,  og no kan begge sjå ein svak lysstråle som flyttar seg rundt. Det har blitt såpass skymt ute at det nok er temmeleg mørkt inne, så den som er der, må ha lys for å sjå.

«Han torer sikkert ikkje slå på taklyset, for då ville alle kunne sjå at det er nokon der», kviskrar Siri.

«Men korleis har han komme seg inn?» undrar Erik. «Han kan då ikkje ha gått forbi oss!”»

«Ååå, at vi ikkje har tenkt på det», utbryt Siri, «ein kan komme inn i hagen også frå baksida av huset – det kan hende han har gått inn gjennom eit vindauge eller ein kjellarinngang på baksida! Vi skulle ha sjekka alle dører og vindauge før vi gøymde oss!»

No kryp dei forsiktig fram frå buskene og listar seg så stilt dei kan, rundt hushjørnet. Dei hukar seg ned og kryp stilt forbi vindauga på stua. På baksida snik dei seg forbi trappa ned til kjellaren. Dei ser at kjellarlemmen står open, men døra nedanfor trappa inn til sjølve kjellaren er stengd. Så ser dei det: eitt av vindauga står ope! Det må ha blitt brote opp! Dei listar seg bort og kikar forsiktig inn.

Plutseleg kjenner begge eit kraftig grep om armen sin, og før dei rekk å rope, blir dei skubba hardt ned i kjellartrappa! Med eit brak blir kjellarlemmen slått igjen, og dei høyrer noko tungt bli dratt og plassert oppå han. Siri reiser seg, kjenner at ho er like heil, men litt øm i armen etter det harde grepet.

”Har du vondt nokon stad?” spør ho Erik.

Erik er også på beina, men er ok, seier han. Det er heilt mørkt der nede i kjellarholet. Dei famlar seg opp trappetrinna og prøver å dytte opp lemmen, men det er uråd. Dei roper alt dei kan, men ingen svarer.

 

KAPITTEL 15

 

                                                         PHILIPPÉ FÅR EIN GOD IDÉ

 

Samtidig i Brazzaville:

 Philippé får auge på den sveitte skjorteryggen til Prince litt framme i folkemylderet. Han skundar seg etter, må innimellom dytte folk unna for å halde tritt med dei raske stega til Prince. Av og til får Philippé sinte rop etter seg når han har komme borti nokon. Men han snur seg ikkje, spring berre vidare, han må ikkje miste Prince av syne. 

 

No har dei komme inn i ein del av byen som Philippé ikkje kjenner. Tronge, støvete jordgater, lave murhus, butikkar, salsboder, og høg musikk fra barane dei kjem forbi. Philippé prøver å finne kjennemerke langs vegen – eit hus han kan kjenne igjen, ei spesiell gate, eit gjerde. Han er litt redd, men han kan ikkje gje seg no! Dei kjem forbi ein stor marknadsplass, full med boder av alle slag. Inn i stadig nye gater. Prince rundar eit hushjørne – og når Philippé spring rundt det same hjørnet, kan han ikkje sjå Prince nokon stad. Det tyder på at Prince må ha gått inn i dette huset, tenker Philippé. Han går over på den andre sida av gata for å sjå huset betre. Det ser ut som det er ein lagerbygning av eit eller anna slag. Bygningen ser falleferdig ut. Den store døra er stengd. Nokre vindauge langs husveggen er dekte til med fillete teppe på innsida. Men ut frå eitt av vindauga siv det ut litt lys fra ein sprekk. Philippé ser seg rundt. Denne gata ser heilt forlatt ut. Det ser ikkje ut som nokon av desse falleferdige bygningane er hus som nokon bur i, og han ser heller ingen folk i nærleiken. No går Philippé bort til vindauget det sivar lys ut frå. Det er høgt oppe på veggen, så han ser seg rundt etter noko å stå på. Heile tida gløttar han mot inngangsdøra i fall Prince plutseleg skulle komme ut. Men ingen kjem, og alt er stille. Det ligg nokre mursteinar i ein haug ved døra, men ikkje mange nok til å bruke dei som trapp. Litt lenger borti gata ser han ein gammal sykkel. Han går fort bort til han, trillar han med seg bort til vindauget og stiller han opp mot veggen under det. Han håper inderleg ikkje den som eig sykkelen, plutseleg dukkar opp. Sykkelen er vaklevoren, dekka punkterte, men han gjer nytten. Philippé klatrar forsiktig opp på han og når akkurat opp til sprekken lyset kjem ut frå. Han myser inn i det opplyste rommet. Der ser han onkel Maurice! Det var vel det han visste – han hadde hatt heilt rett når han trudde at Prince ville føre han til staden der onkelen var fanga! Onkel Maurice sit på ein stol, og både hendene og føtene er bundne fast med tau så det er uråd for han å komme seg laus. I taket heng det ei lyspære, på veggen midt imot vinduget er det ein skiten vask og ei dør som er open ut mot ein mørk gang. No ser han Prince også. Han travar rundt i rommet, viftar med hendene og roper – utan at Philippé kan høyre kva han roper. Onkel Maurice ristar på hovudet, gong på gong.

Philippé har sett nok – no må noko gjerast! Lynraskt hoppar han ned frå sykkelen, trillar han tilbake dit han fann han, og legg på sprang tilbake den vegen han og Prince hadde gått. Philippé har ein plan! No er han glad han hugsar så godt, han veit akkurat kvar han skal springe, han kjenner igjen husa og retninga, og snart er han på den store marknaden. Han veit at på slike marknader går det alltid politi rundt for å passe på og hindre at nokon stel frå bodene. Hjartet dunkar hardt i brystet på Philippé. Han lit ikkje på at politiet vil høyre på han, eller langt mindre tru på han, så han har ein annan plan enn å gå rett bort til politiet og snakke med dei. Fort spring han bort til ein av bodene der dei sel klokker. 

«Kom og kjøp flotte gullklokker!» ropar seljarane. Alle veit at det ikkje er ekte gullklokker, men dei roper det likevel. Philippé passar på at seljarane får auge på han, og så strekkjer han handa fram og rappar til seg ei av klokkene og spring. No blir det styr! Seljarane roper og skrik. Ein av dei spring etter Philippé – og snart dukkar det opp to politimenn i uniformer som begge legg på sprang etter Philippé. Det er akkurat dette Philippé har håpt på. Han er rask til beins, ein av dei raskaste gutane på skolen, så han passar på å springe såpass sakte at forfølgjarane halar innpå. Han spring same vegen tilbake til lagerbygningen. No er han ved døra. Sjøvsagt er ho låst, men Philippé grip fort ein murstein frå haugen han hadde sett sist han stod ved døra. Han slår med all si kraft mot døra og låsen og greier å slå låsen sund. Døra opnar seg på vidt gap, Philippé spring inn, med seljar og politi i hælane på seg. Han spring gjennom den mørke gangen og rett inn i rommet der onkel Maurice sit bunden, og Prince står forskrekka og stirer på han. Politiet er der i same sekund og får heilt andre ting å tenkje på enn ei klokke! Dei skjøner straks kven dette er. Prince er tydelegvis ettersøkt overalt. Politiet grip tak i han og set på han handjarn. Den eine politimannen kallar opp næraste politistasjon på radioen han har med seg, mens den andre frir onkel Maurice frå taua, og Philippé kan endeleg gje onkelen sin ein god klem.

 

 

 

 

 

Publisert på

Om bøker og julegåver

Jula nærmar seg. Vi har allereie no merka at jaget etter julegåvene er i gang. Konsumet vårt når rekordhøgde kvart år før jul. Det er ikkje lett å halde hovudet kaldt og hjartet varmt i denne tida. Vi vil gjerne glede våre næraste med ei gåve dei vil bry seg om – ikkje noko som blir kasta etter ei kort stund. Men kva med forbruket? Kva med miljøet?

Det kan verke som ei motseiing til dette å marknadsføre eigne produkt. Likevel gjer eg det, i visse om at innhaldet i bøkene fører med seg noko mottakaren vil ha glede og nytte av – ja, kan hende boka kan vere ein skatt for livet – slik eg sjølv har opplevd det med bøker, heilt frå barndommen fram til no. Bøker kan flytte grenser i den enkelte lesars sinn.

 

Den som får ei bok får mange tilleggsgåver:

* fantasien og forestillingsevnen blir stimulert

 * ein utvidar språk og ordforråd

 * ein utviklar nye tankestrukturar og omgrep til å forstå verda med

 * evnen til å setje seg i andres stad blir styrka, ein utviklar empati

 * ein lærer om seg sjølv gjennom dei en les om

 * en lærer å sjå at ei sak kan ha fleire sider

 * ein utvidar kunnskapsnivået

 * ein får gode opplevingar, draumar, kraft, inspirasjon, og håp

 

I dagane framover vil eg slå eit slag for bøkene på Olla Forlag som er for barn og ungdom. Første bok ut er bildeboka Birgers odyssé, skriven av Olla Rypdal og illustrert av Tarjei Rypdal Eide.

Dette er ei bok å fordjupe seg i, med fleire lag:

Illustrasjonane utfordar og gir rom for fantasien, evnen til å dikte vidare og skape eigne bilder. På samme tid som bilda utfyller og supplerer teksten, opnar bilda for eit eige tankeunivers.

Gjennom Birger får vi tre historier i ei: historia om Birger, alt han lurer på og interesserar seg for, historia vi opplever gjennom Birgers fantasi.

Den andre historia er skildringa av nær fortid gjennom tippoldefar Oles liv som kvalfangar i Antarktis.

Den tredje historia handlar om menneska og jordkloden i eit større perspektiv: glede over, og respekt for naturen. Vi er med på Birgers tankar, boka gir ikkje svara, men opnar for at lesaren kan tenke sjølv.

Alle desse tre dimensjonane smeltar saman i ei konkret spenningshistorie om Birgers store reise og opplevingane hans.

Dette er ei bok det kan lesast høgt frå, ei bok ein kan undre seg over, gjerne barn og vaksne saman – ei bok som opnar for fantasien. Den passar for alle som likar ei god historie, og treff særleg aldersgruppa 5-9 år.

Sagt om Birgers odyssé:

«Spennande lesing, med retning både bakover i historia, og inn i framtida. Respekt for jorda, naturen og fantasien gjennomsyrer boka i tekst og bilder.»

 «Ei bok å fordjupe seg i. Rører ved mange interessante tema. Kan lesast om og om igjen.»

« Dette var en spennende reise i ord og bilder! Anbefaler både små og store å bli med på Birgers odyssé!»

 «En bok hvor fakta og fantasi smelter sammen til en fin fortelling. Historien treffer nok målgruppen, men sammen med illustrasjonene som gir fantasien fritt spillerom, appellerer den også til “barn”  alle aldre.»

 

 

Boka kan kjøpast her på www.olla.no, Boldbooks.no, dei fleste andre nettbokhandlarar – og på to lokale bokhandlarar: Notabene Vestnes og Bok & Papir Brattvåg.

 


 

 

Publisert på

Å skrive bøker er ein draum for mange av oss. Det er også mange vegar fram mot realisering av den draumen. Min veg blei å starte eige forlag. Intensjonen er å ha full kontroll over produksjon av eigne bøker, sjølvsagt ta støyten om det skulle gå riktig gale – men også ha gleda over å gjennomføre prosjekt – og nå ut til lesarar.

Heldigvis fins det både hjelp og støtte der ute: både dei nære samarbeidspartnarane, men også nettplattforma Boldbooks.no, som tilbyr kvalitetssikra forfattartenester, og forumet for indieforfattarar, der ein kan stille dei underlegaste spørsmål, men likevel få svar av dei som er med, og som gladeleg deler erfaringar og gir tips og råd. Det kjennes bra å vere med i ein slik flokk, som stadig ser ut til å bli større. Ein slik samla gjeng med indieforfattarar bør vere eit alternativ til, og ei utfordring for den etablerte forlagsbransjen. Det er kjekt å vere med på endringar! Det skjer mykje i den litterære «underskogen».

Dette første året har vore spennande. Det har handla om mykje arbeid,  omfattande forsking i ukjend terreng, og ei bratt læringskurve. Etter eitt år er seks bøker gitt ut på forlaget. To er mine eigne, to er i samarbeid med andre (Audbjørg Gjerde Lippert og Tarjei Rypdal Eide) – og to har Audbjørg Gjerde Lippert skrive.

Alle desse bøkene er sjølvsagt ikkje skrivne dette året. Å skrive bøker handlar om krevjande prosessar og lange tidsperspektiv. Men bøkene, som var i ulike fasar framdriftsmessig, har alle blitt fullført dette året.

Korleis framtida blir, er ikkje godt å vite. Håpet er at det skal vere råd å gi ut også dei andre bokprosjekta som ligg der og lengtar etter å komme ut i verda.

For at det skal gå, må bøker  bli kjøpt – kanskje den største utfordringa når ein er liten, og manglar økonomiske musklar til marknadsføring. (Det er grenser for kor mange bøker vener og familie kan kjøpe!) Det er eit stort poeng å gjere bøkene kjent – og formidle respons frå dei som har lese bøkene!

Her er et lite knippe av kommentarar som har tikka inn til oss, både i avisomtaler,  på mail, i Facebook- og Instagrammeldingar, osb – etterkvart som folk har lese bøkene. Vi er audmjuke og takknemlege, og gler oss over kvart eit ord. Vi håper endå fleire blir nysgjerrige på bøkene, og vil lese dei!

 

AMULETTMYSTERIET:

«Deter svært gledeleg å kunne presentere ei drivande god barne-/ungdomsbok skriven av ein lokal forfattar. Amulettmysteriet inneheld både ei god krimhistorie, godt språk (nynorsk) og lærdom. …..

….Olla Rypdal er opphavleg frå Vestnes, men no busett i Brattvåg. Dette er hennar første bok, utgitt på eige forlag. Framsideillustrasjonen er ved Tarjei Rypdal Eide. Vi håpar på meir, spennande litteratur frå denne fronten.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folebibliotek)

 «Min sønn på 10 år er en lesehest. Og det betyr at han- i følge han selv- har lest det meste av det som er kult…Han liker best spenningsbøker. Boken din er i følge han “DET BESTE HAN HAR LEST EVER !” Og det store spørsmålet er: Kommer det en oppfølger?? “Mamma, du må si til Olla at hun MÅ skrive flere bøker!! 🙂 “»

 «Anbefales! Veldig spennende! Min 10 åring er helfrelst!»

 «Din bog er super spændende og en rigtig god fortælling selv om jeg er 64 år, tak for det.»

 

 ISFJELLFAMILIEN:

 Har lest boka di, Audbjørg. Den kan du være stolt av.

Kristina, snart 10 år, fekk “Isfjellfamilien” til jul og forkynte med strålande augo at boka var kjempebra!

Tusen takk for en fantastisk flott bok Audbjørg Gjerde Lippert. Denne liker jeg og barna mine veldig godt😍 Omslaget og bildene i boka er bare helt nydelige😍 Anbefales!

 Tusen takk for nydelig og levende bok, Audbjørg, og så nydelige illustrasjoner som viser frem teksten.

 Dette er nok bare begynnelsen. Få den flotte boka ut til folket!

 

 BIRGERS ODYSSÉ

 Spennande lesing, med retning både bakover i historia, og inn i framtida. Respekt for jorda, naturen og fantasien gjennomsyrer boka i tekst og bilder.

Dette var en spennende reise i ord og bilder! Anbefaler både små og store å bli med på Birgers odyssé!

En bok hvor fakta og fantasi smelter sammen til en fin fortelling. Historien treffer nok målgruppen, men sammen med illustrasjonene som gir fantasien fritt spillerom, appellerer den også til “barn”  alle aldre.

Original, allsidig, variert og spennende bok. Åpne og spennende illustrasjoner som setter fantasien i sving.

De ekstraordinære illustrasjonene til Tarjei Rypdal Eide setter fantasien i gang hos store og små. Kombinert med en spennende historie er dette en bok som kan leses om igjen og om igjen, samtidig som man stadig oppdager nye detaljer.

 

DET GAMLE SLOTTET:

 «…..Kunsttjuveriet på slottet er det første av fleire mysterier Anna og den nye venninna hennar kjem borti, og, uredde som dei er, etterforskar dei gjerne litt på eiga hand. Parallelt med dette får vi glimt frå historia til dei som budde i og rundt slottet under den franske revolusjonen. Og på underfundig vis vert dei to historiene fletta saman: Skjebnen til Béatrice Grimaldi og den mystiske papirlappen som skjuler seg i murveggen hos Namira. Dette er nok ein gong drivande god krim frå Olla Rypdal. Målgruppa er ungdom, som i tillegg til ei spennande historie, også får eit viktig innblikk i fransk historie. Slottet Grimaldi finns faktisk, men familiemedlemmene i boka er fri fantasi.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek)

 “Amulettmysteriet” var spennende, men “Det gamle slottet” enda mer spennende! Passer for alle folk I alle aldre. Gleder meg til neste bok I serien!

Kjempespennende og god å lese! Har lyst å bli venn med Anna og Kaspar.

 

 KOMMER FØR LUNSJ:

 Dette er ei bok alle skulle ha lese. Eg lærte mykje nytt, fekk tankar eg aldri før hadde tenkt. Anbefalar boka til alle. Vil lese ho opp igjen sjølv.

 Har endeleg fått lese ut boka di, Audbjørg. Eg tykkjer du skriv veldig godt og beundrar din måte å uttrykke deg på i eit så vanskeleg tema! Kjempebra.

 Et viktig tema som berører mange. Handler om erfaringer som kan hjelpe mange når livet plutselig blir snudd opp ned ved tap av den en er glad i.

 Dette er en av de djupeste, fineste og ærligste bøkene jeg har lest om sorg, Audbjørg.

Tror alle som har opplevd en eller annen form for sorg, vil kjenne seg igjen.

Sorgen har ulike uttrykk, men det er mye som er felles.

Takk for at du skreiv boka, den vil bety mye for mange, være til god hjelp.

Kanskje noen vil få trøst i at så “rar” er sorgen faktisk,

det er faktisk ikke bare jeg som har slike “rare” opplevelser, tanker og følelser….»

 

 UTANDØRS I NORDVEST:

 For ei PRAKTBOK!  Denne er verkeleg noko å samle på, eit vakkert overflødigheitshorn av ei bok! Hjarteleg til lukke med utgivinga!

 Nydelige, stemningsfulle bilder – tekster som supplerer og gir interessante innfallsvinkler. Ren nytelse!

Boken skapte umiddelbar gjenkjennelse av steder jeg er glad i. Bildene, tekstene og folkene man blir introdusert for, gjør at man også vil oppleve steder man ikke kjenner fra før.

Boka har greid å fange selve essensen av Vestlandet gjennom interessante og reflekterte portrett av mennesker, natur og vær.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert på

For ei helg dette har vore!

For ei helg dette har vore!

 

Gjennom bok, teater, formidling og diskusjon over to intense dagar, kjenner eg ei stor glede og takksemd over å kunne vere med på dette: fokus på forteljinga, delt frå hjarte til hjarte mellom formidlarar og deltakarar.

Tusen takk til alle de som kom og var saman med oss på desse arrangementa!

Fredag var det lansering av boka utandørs i nordvest. Det var ei god oppleving å få vise fram boka vår, dele litt frå prosessen med boka med eit interessert publikum – og ikkje minst med den gode stemninga gitarist og komponist Trond Salthammer var med på å lage med gitartonane sine.

Eg er rørt og glad over alle dei goda orda vi fekk om boka vår. Håpet er at de som les boka vil kjenne like stor glede over ho som vi som har arbeidd med boka i bortimot to år.

Tusen takk også til de som var med på formidlinga av Birgers odyssé og bokkaféen!

Marit Ellen Lund Salthammer framførte eit av Helga Misund sine dikt, tonesatt av Marit Ellen, Audbjørg Gjerde Lippert las frå boka si Kommer før lunsj, Vigdis Ødegård frå Vestnes folkebibliotek fortalte om det nye biblioteket som skal byggast. Vigdis var også med i eit diskusjonspanel saman med Elsa Rypdal og Falk Daniel Låmar Øveraas. Tema for diskusjonen var ”Treng vi framleis boka?” Spennande å høyre alle dei reflekterte tankane paneldeltakarane hadde rundt bok og formidling, og korleis dei såg på bokas framtid. Slike diskusjonar rundt tema freistar til gjentaking!

Vi merkar allereie stor etterspurnad etter boka utandørs i nordvest – og mange spør kor den er å få tak i. Den kan kjøpast på www.olla.no, i tillegg på dei fleste andre nettbokhandlarar – og på boldbooks.no.

Den kan også kjøpast på Notabene, Vestnes og på Bok & Papir i Brattvåg.

I tillegg vil Olla Forlag vere å finne på fleire messer framover:

Vatne, 3/11

Tomrefjord, 10/11

Brattvåg, 17/11

Finnøy Havstuer, 2/12

 

Bilda under er tatt av Liv Anne Øveraas, Olla Rypdal og Elsa Rypdal

 

Publisert på

Spennande samarbeid!

Det er endring i bokbransjen. Nokre få store aktørar står for den største prosenten av bøker som kjem ut på bokmarknaden kvart år. Men innimellom dette veks det fram en flora av indieforfattarar og indieforlag. Slike små aktørar er sjølvsagt ikkje like synlege i mediebildet og i butikkane som dei store aktørane. Dei økonomiske musklane til småforlaga kan ikkje måle seg med marknadsføringsapparatet dei store forlaga kan vere ein del av.

Men bøkene kan vere like gode i kvalitet, like hjarteleg fortalt til lesaren.

No har tre små aktørar slått seg saman om å presentere / formidle kvar vår bok på ein felles arena / evenement. Målet er å ha det klart i februar 2019. Når og kor det blir, kjem vi tilbake til.

Lin-Marita Sandvik, Elin Helland Johansen  og Olla Rypdal med forlaga Sandvikbok, Knasteriet og Olla har tatt utgangspunkt i det vi har felles: vi har alle gitt ut bildebok på nynorsk.

No lagar vi ein felles presentasjon / formidling av bøkene våre.

Første forfattar-/forlagstreff var i går – vi gler oss til vidare samarbeid og ønskjer også andre indieforfattarar velkomne til å bli med på laget!

 

Publisert på

Om barndom, bøker og leseglede

Lesekoden var knekt! Eg var særdeles stolt då eg same året fekk dei to aller første, heilt eigne bøkene i julegåve!

Det var nok morfaren min som hadde plukka dei ut, etter å ha snakka med dei som hadde greie på litteratur som høvde seg for barn – og leita dei fram i bokhandelen. Det var også morfar som hadde æra for at eg hadde lært å lese – vi hadde mykje tid saman, morfar og eg, og mesteparten av den tida handla om å fortelje historier – og altså å knekke lesekoden.

Som eg gledde meg til å sjølv kunne lese slike fantastiske historier som morfar kunne!

Den eine boka var Alf Prøysens Kjerringa som ble så lita som ei teskje. Med fare for å fornærme nokon på det grovaste: heile boka vart ei pest og plage. Lita skrift, merkeleg språk (i alle fall for ein liten romsdaling) – og dørgande kjedeleg.

Eg sleit meg gjennom. Endå hadde eg litt pågangsmot igjen til den neste boka: Kari, heitte ho. Forfattaren har eg visst gløymd kva heitte. Her var skrifta større – så alt starta bra. Men så blei det verre. Slik eg hugsar det, var dette eit stykke kvardagsrealisme, sikkert både oppbyggande og lærerikt – men altså: dørgande kjedeleg, den også.

Eg angra bittert heile lesekodeprosjektet. Kva var vitsen i å lære seg å lese når dette var det ein måtte slite seg igjennom? Var det slik livet som lesar skulle bli?

Morfar vart nok temmeleg skuffa over mismotet mitt, men ikkje så skuffa som eg. Heldigvis skjøna han kva det handla om. Han visste vel kva slags historier eg likte, det var han sjølv som hadde fortalt dei:  friske detaljar frå indianarlivet på prærien, opplevingar frå kvalfangarlivet, bjørnejegarane på Halåsen – og også dei store klassikarane: Odyssevs, Ibsens Terje Vigen, og all verdas mytologi. Han skulle vite betre enn å komme med kvardagsrealisme og teskjekjerringar.

Morfar tok tak i problemet. Han skaffa meg H.Rider Haggards Kong Salomon-minone!

Etterkvart som den unge lesaren vart meir og meir oppslukt, køyrde han på med meir spenningsstoff i ”lesekverna”: Coopers Veghittaren,  Kaptein Grants barn av Jules Verne – og alt han elles kunne finne av same forfattaren: Reisen til jordens indre, En verdensomseiling under havet, Den hemmelighetsfulle øya. Om det var noko eg ikkje forsto, var morfar der og forklarte.

Lesegleda var berga!

Som ein forstår er dette særdeles mange år sidan – litteraturtilfanget i dag kan ikkje samanliknast med det som fantes då. Tru heller ikkje at Kong Salomon-minone er ei bok eg vil anbefale. Ho var utgitt i 1949 og må lesast med historiske briller, utifrå den tida ho var skriven i. Menneskesynet som gjennomsyrer ho må sjåast i lys av kolonialismens ideal. Men boka gjorde susen for meg, spennande som ho var. Eg var særs nøgd med morfars innsats. Det hende det var så skummelt at eg knapt turte bla om i boka.

I ettertid har eg sjølvsagt lært å sette pris på både Prøysen og Teskjekjerringa – alt til si tid!

Oppfordringa mi er å gjere ein innsats for barns leseglede. Det kostar så lite å setje seg inn i kva som fins av litteratur – og som fengar nettopp det barnet du vil glede. Ikkje gå i den fella at du berre ”gulpar” opp med det du sjølv las som barn, eller dei same seriane som ruslar og går, generasjon etter generasjon. Sjå på alt som fins, gjer eigne vurderingar og plukk på øvste hylle! Barn fortener den innsatsen. Heldige barn som kan dukke ned  i bøkenes skattekiste!

 

 

 

 

Publisert på

Haust, bøker & vaflar – ein uslåeleg kombinasjon!

 

Velkommen til bokdag på Myra Kulturbygg, Vestnes, laurdag 27. oktober!

 Arrangør: Olla Forlag i samarbeid med Vestnes kulturskule og Vestnes folkebibliotek

 

Kl. 12.00  Scenisk formidling av bildeboka «Birgers odyssé»av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide

Formidlar: Olla Rypdal

 

Passar for barn frå alderen 4 år og oppover – og alle som liker ei

god historie!

Gratis inngang

 

 

Kl.15.00  Bokkafé

Sal av nysteikte vaflar, saft og kaffi (vipps og kontant)

 

                    Program:

* Dikt av Helma Misund, musikken komponert og framført av Marit Ellen Lund

Salthammer

* Audbjørg Gjerde Lippert les utdrag frå boka si: «Kommer før lunsj».

* Diskusjonspanel: Vigdis Ødegård, Falk Daniel Låmar Øveraas og Elsa Rypdal

utvekslar synspunkt: «Treng vi framleis boka?» etter ei kort innleiing

av Olla Rypdal.

* Bok-quiz!

 

Biblioteket viser ei utstilling med titlar av forfattarar med tilknyting til

Vestnes.

Sal av bøker frå Olla Forlag

 

 

 

 

Publisert på

Boklansering: «utandørs i nordvest»

Velkommen til lansering av «utandørs i nordvest» av Olla Rypdal og Audbjørg Gjerde Lippert!

I samarbeid med Vestnes folkebibliotek

Stad: Myra kulturbygg

Tid: fredag 26. oktober kl.18.00

Denne kvelden har vi sett fram til lenge! Etter ein lang prosess med turar, hyggelege møte, mengder av foto gjennom eit heilt år – redigering og skriving eit halvt år til, er vi i mål og kan endeleg presentere utandørs inordvest!

Smakebitar frå boka, både for auge, øyre og gane

Musikalsk innslag ved Trond Salthammer

Boksal og signering

 

 

 

 

Publisert på

Siste steget mot lansering!

I dag «reiser» dei ferdige pdf-filene til trykkeriet! Vår dyktige ombrekkar Tarjei Rypdal Eide har gjort dei siste finjusteringane, Audbjørg og Olla har finkjemma sidene ein siste gong for eventuelle skrivefeil, ord og vendinger med muleg endringspotensiale.

Det er alltid nervepirrande å sende frå seg arbeidet sitt – no er det nemleg ingen veg tilbake – når filene er i trykken er det berre å vente….

Dette prosjektet med utandørs i nordvest har vore som eit eventyr heile vegen. Fantastiske turar, spennande møte, god mat, mykje latter og gode opplevingar  – som no altså endar opp i boks form.

Som vi gler oss til å vise fram det endelege, ferdige resultatet 26.oktober!

 

Publisert på

Ny bok – og om lette, angst, skrekk og glede!

Når eg endeleg har boka i handa, fersk frå trykken, kjennes det umiddelbart som ei stor lette – og bra å vere i mål. Det er godt å bla det konkrete resultatet etter timar, dagar, veker, månader – ja, år med arbeid.

Men så melder angsten seg. Tenk om eg har bomma totalt? Tenk om ingen liker det eg har skrive? Tenk om det berre er å hive heile opplaget på bålet? Kanskje eg har rota meg heilt bort denne gongen?

Då gjer det så inderleg godt i den urolege sjela når nokon faktisk har lese boka – likte det dei las – og fortel det vidare! I dagens avis (Vestnesavisa) sto det omtale av Det gamle slottet, skriven av Vigdis Ødegård – og dermed kjenner eg håpet om at fleire vil kunne glede seg over boka! Kan hende ho til og med finn vegen under nokre juletre i år!

Og Anna og Kaspar – ja dei er allereie godt i gang med å løyse neste mysterium….

 

 

Publisert på

ARAKNE!

Vi gler oss til å fortelje om desse mangfaldige, myteomspunne skapningane: saftige, mystiske, råe, groteske, vakre og vare historier – noko for ein kvar.
Utstillinga til Gjertrud Hals på Romsdalsmuséet blir ein magisk arena!
Edderkoppen under er også laga av Gjertrud Hals.

Laurdag 22.september har vi i forteljarfelleskapet «Fire furier fortel» premiere på denne forestillinga. Den går føre seg i Gjertrud Hals’ utstilling på Krona, Romsdalsmuseet. Som vi gler oss!

 

Publisert på

«Indie»-forfattar eller bok på etablert forlag? Ville idéar kan forankrast i gjennomførlege prosjekt!

Boldbooks.no er ei webplattform som tilbyr kvalitetstenester til forfattarar som vil gje ut bok utan å gå innom eit etablert forlag. Nyleg gjennomførte dei ei undersøking blant forfattarar som nyttar tenester frå Boldbooks. Eit av spørsmåla var: «Hvorfor er du interessert i å gi ut bok selv?»

Kanskje det første ein tenkjer om ein slik motivasjon, er at ein har fått avslag frå dei etablerte, større forlaga – og derfor må gje ut boka sjølv?

Undersøkinga viser interessante resultat: for 65% av dei spurde, er det å få behalde retten til  eige verk hovudgrunn til å gje ut bok sjølv.

Mange har sikkert fått med seg at kjende forfattarar har prøvd å kjøpe tilbake retten til bøkene sine frå forlaget dei  har tilhøyrt, då dei braut ut og ville starte eige forlag – utan å lykkast.

52% av forfattarane meiner det å ha betre kontroll på prosessen er hovudgrunn til å gje ut sjølv, vidare er andre grunnar at det er ein lærerik prosess, potensielt meir profitabelt, raskare, osb.  Det å ha fått avslag frå etablert forlag kjem langt ned på lista.

Det ligg i tida å gå «indie». Dei etablerte forlaga satsar sjølvsagt stort på bestselgjande forfattarar. Sjølv om det dei tener inn på desse også blir brukt til å lansere nye, ukjende forfattarar, blir desse lett usynlege i den store massen. Det er også mange ledd i prosessen som skal ha forteneste, berre ca 12-15% går til forfattaren. Forlagsbransjen er i endring, det er fleire måtar boka kan nå ut til lesarane på enn via den tradisjonelle måten gjennom dei store forlaga.

For eigen del var dette å gje ut bok no omsider øvst på «to do»-lista mi. Historier har eg alltid fortalt, mest  innanfor teateret. Nokre historier høver best å bli fortalt munnleg, andre vist som teater eller film, som dans, bilde, musikk – og andre: som bok. Eg finn det naturleg å leite opp det mediet som høver best til den historia du vil dele med andre.

Om ein er indieforfattar må ein uansett kjøpe seg dei tenestene som trengs for å ivareta kvaliteten på boka si. Her er Boldbooks ein nyttig tenesteleverandør. I tillegg er eg så heldig at eg har  gode samarbeidspartnarar.

Det er svært tilfredsstillande å ha kontroll på alle ledd i prosessen fram mot ferdig bok. Og svært arbeidskrevjande. Mykje skal lærast, men det er spennande!

Ikkje minst det å marknadsføre bøkene sine – eit eige fag i seg sjølv, der eg endå har uendeleg mykje å lære!

For meg handlar det også om balansegangen mellom å gå for dei ville idéane, men forsøksvis forankre dei i gjennomførlege prosjekt!

Publisert på

Boklansering!

Så var dei to nye bøkene i hus: «Kommer før lunsj» av Audbjørg Gjerde Lippert, og «Det gamle slottet» av Olla Rypdal, bok nr 2 i serien om Anna og Kaspar.

Denne gongen prøver vi oss på eit arrangement på Facebook som lansering av bøkene. Tirsdag 11.september, mellom kl. 20.00 og 22.00 vil Audbjørg og eg vere på plass og svare på spørsmål. Det blir ein liten konkurranse – med «giveaway»: vinnaren kan velge ei av de to bøkene vi lanserer. Dette har vi ikkje prøvd før, så det blir spennande!

Vi har også eigen lanseringspris på desse to bøkene fram til midnatt denne dagen.

Gå inn på arrangementet Boklansering Olla Forlag, på Facebook på dette tidspunktet og bli med oss på lanseringa!

Bøkene kan kjøpast her på www.olla.no, Notabene Vestnes og Bok & Papir i Brattvågen. Ellers på dei fleste nettbokhandlane og på www.boldbooks.no

De finn oss også på fleire messer her i distriktet: Skodje 15/9, Vatne 3/11, Tomrefjord 10/11 og Finnøy Havstuer 2/12.

Publisert på

Eit lite tekstutdrag frå første kapittelet av «Det gamle slottet». Boka er no i trykken!

 

1. KAPITTEL

 

NAMIRA

 

Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys. Ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggene i det gamle slottet. Plystring frå ein kjend song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…»

Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm!
Er det brannalarm? Tjuverialarm?
Anna må finne mor og far. Ho strammar bandet til Kaspar, men der er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar.

 

 

Dagen før dette hender, møter vi Anna og Kaspar i ei trong, bratt gate dekt med brustein.

No gjorde han det igjen!
«Kaspar! Kom hit» roper Anna. For eit elendig tidspunkt å stikke av på, tenker Anna, og spring etter Kaspar, uroleg for kva han finn på.

Kaspar er hunden til Anna. Ein hund med særpreg, som far seier. Han er ein bullterrier, snill – og eigenrådig. Lydig er han berre når han sjølv vil.

Akkurat no vil han tydelegvis slett ikkje vere lydig. Han har nemleg kjent ei god lukt, skjøner Anna, for ho kjenner lukta sjølv også. Det luktar verkeleg godt.

Anna er saman med foreldra sine på haustferie i Frankrike. Dei er i ein liten borgby som ligg på ei høgde ved Middelhavet. Alle husa i den vesle byen høyrer til borga. Anna og foreldra hennar har leigd eit lite hus og skal vere her heile haustferieveka. Anna har gledd seg lenge. Det er ikkje ofte familien er i utlandet. Som oftast er dei på båttur på Nordvestlandet, der dei bur. Ein utanlandstur er det litt meir sus over, synest Anna.

Rett nok er ikkje alle båtferiar kjedelege. Denne sommaren hadde Anna hamna midt oppi eit mysterium om ein gammal afrikansk amulett. Ho og venene Siri og Eirik hadde fått det meste av æra for at mysteriet vart løyst. Anna hadde ikkje ein gong vore nøydd til å fortelje noko då ho kom tilbake til skulen etter ferien. Alle hadde lese om ho i avisene. Det kjentest litt godt, sjølv om all denne merksemda kunne bli i meste laget av og til. Ho som til vanleg var stille og sjenert, hadde sett at ho kunne vere modig og snarrådig, kanskje modigare enn mange andre til og med. Ting hadde endra seg etter det som hadde hendt. Anna var ikkje så mykje aleine lenger. Ho trekte seg ikkje alltid unna når nokon ville ha ho med, slik ho hadde gjort før.

No er dei altså på den turen dei har planlagt så lenge. Far og Anna har hatt mor til fransklærar eit år, så Anna kan ein heil del fransk. Mor snakkar fransk som ein innfødd, noko som ikkje er så rart, sidan ho budde mange år i Frankrike då ho var ung. Eigentleg er ho dansk og snakkar ei underleg blanding av dansk og vestnorsk.

Dei har reist med fly til Nice. Derifrå har dei køyrt buss fram til den vesle, koselege byen. Dei har berre så vidt vore inne i huset og sett frå seg bagasjen før dei går på oppdagingsferd i området.

Kaspar er alltid med når Anna og foreldra skal på tur. Denne gongen måtte han reise i eit eige bur som vart plassert i lasterommet på flyet. Men det plaga ikkje Kaspar, såg det ut til.
Byen er så liten at her er lett å finne fram. Mor og far har sett seg på ein fortauskafé, mens Anna og Kaspar ruslar ein tur på eiga hand.

Anna synest det er spennande å kikke inn i tronge gater og smug. I den gamle borgmuren er det koselege dører inn til dei små husa. Vindauga, dei små verandaene og husveggene er pynta med blomster. Her og der veks det granateple, mango og sitronar på trea i bakgardane og oppetter borgmurane. Det er så stilt, for her er det ingen butikkar og lite bilar. Det er visst utanfor turistsesongen også. Anna har berre sett to typiske turistar med kamera med blikket søkande rundt etter fine fotoobjekt . Ein katt slumrar oppi ei blomsterpotte, men luskar vekk då Anna og Kaspar nærmar seg.

Heilt øvst i borgbyen ligg slottet, eit gammalt slott frå den tida borga var bygd, for om lag 700 år sidan. Anna gler seg til å sjå det på innsida. Ho har aldri vore inne i eit ekte slott før.

Kaspar og Anna har gått ned ei smal, bratt trapp som er ein del av den tronge gata. Anna kan høyre klimpring frå ein gitar. Den som spelar, øver seg visst, leitar etter tonane før grepa omsider er på plass. No kan Anna høyre kva song det er: «Mon coq est mort, mon coq est mort…» Den songen kjenner Anna godt, for dei song om den daude hanen, «Min hane er død, min hane er død!» på skulen, på mange språk, i kanon, då Anna var yngre.

Akkurat her er det altså Kaspar finn på å slite seg laus frå Anna. Han har allereie funne ut kor den gode lukta kjem frå, «matvrak» som han er, og smett inn ei dør som står på gløtt. Brått stilnar tonane frå «Mon coq est mort».

Anna er i villreie. «Eg kan då ikkje berre gå rett inn i husa til folk eg ikkje kjenner», tenker ho. Men sidan det er akkurat det Kaspar har gjort, veit ho at han må hentast.

Anna bankar forsiktig på døra som står på gløtt, og opnar henne sakte…

Publisert på

Velkommen til bokhaust!

«Bokhausten» heiter det, denne tida på året då alle dei store forlaga kappast om å lansere nye, spennande titlar. Om ein er liten, slik som Olla Forlag, er det likevel freistande å kaste seg utpå i lag med dei andre. Ein kan kanskje ikkje rope like høgt, og synes like godt i mediebildet som dei store. Men boka ligg hjartet like nært om ein er liten!

Det blir derfor ein «frisk» haust for dette vesle forlaget også!

I byrjinga av september kjem det to bøker: Audbjørg Gjerde Lipperts Kommer før lunsj,og Olla Rypdals Det gamle slottet (bok nr to i serien om Anna og Kaspar).

De finn meir om desse bøkene i tidlegare innlegg her på sida.

I tillegg til å kjøpe bøkene portofritt her på www.olla.no, kan bøkene kjøpast på Notabene Vestnes og Bok og Papir i Brattvågen. Dessutan på dei fleste nettbokhandlane og på boldbooks.no

Fredag 26.oktober lanserer vi i samarbeid med Vestnes folkebibliotek  boka utandørs i nordvest!  Det vil gå føre seg ute i hagen på Vestnes gamle Prestegard om ettermiddagen/tidleg kveld. Her blir det mat, vakker musikk og boksignering. Det blir laga eit eige arrangement på dette på Facebook, så følg med!

Meir om denne boka finn de i tidlegare innlegg her på www.olla.no, og på Facebooksida: utandørs i nordvest

Laurdag 27.oktober blir det bokdag på Myra Kulturbygg!

Kl 12.00 blir det ei formidling / framsyning frå boka Birgers odyssé. Boka er i utgangspunktet retta mot aldersgruppa 5-9 år, men passar for alle som likar ei god historie! Gratis inngang.

Kl 15.00 denne laurdagen blir det bokkafé, også på Myra Kulturbygg – i samarbeid med Vestnes folkebibliotek, Vestnes frivilligsentral og Vestnes kulturskule.

Kafédelen vil handle om vaflar (spesielt gode vaflar, kan eg love) og kaffe – bokdelen vil ha mykje spennande innhald: framføring av dikt/musikk, lesing av bokutdrag, refleksjonar rundt tekst og litteratur, innleiing og diskusjonspanel rundt temaet «er boka framleis viktig»?

Det er etterkvart mange forfattarar som har tilknytning til Vestnes kommune. Titlar frå desse forfattarane blir stilt ut på bokkaféen.

Dette blir det også laga Facebookarrangement om, og ellers annonsert i kulturkalender osb.

 

Velkommen til bokhaust med Olla Forlag!

 

Publisert på

Utdrag frå Audbjørg Gjerde Lippert si bok: «Kommer før lunsj»

Første veka i september kjem boka «Kommer før lunsj» i papirutgåve på Olla Forlag. Her kan de lese et lite utdrag frå boka:

Det var mange vaner som var endret de siste månedene.

Inga søkte ned mot sjøen noen kvelder senere. Dagen hadde vært usedvanlig lummer. Selv himmelen hadde svettet og sendt væten sin som svakt duskregn nedover dem uten at det på noen måte var av- kjølende. Solen stakk gjennom de mørke skyene som hopet seg opp utover ettermiddagen og kvelden. Hun ventet bare på at det skulle brake løs med et skikkelig tordenvær.

Det var søndag, og hun hadde ikke hatt noen spesielle planer for dagen, og hadde derfor stullet rundt hjemme. Så hadde hun fått en innskytelse. Skap og skuffer skulle ryddes, – de med papirer og min- ner. Til å begynne med flyttet hun bare litt på det, sorterte, tenkte at dette skulle hun ta igjen, gå skikkelig gjennom det, se på det i fred og ro. Men så hadde det kommet som en innskytelse over henne at nå var tiden inne til å begynne å kaste, få bort unødvendig fyllstoff. Hun kikket på julekort og bursdagshilsener, noen til Erlend, noen til henne, noen til dem begge. Så satte hun en tom pappeske midt på gulvet. Kjappere og kjappere ble bevegelsene hennes. Snart bare løftet hun innholdet ut av en skuff, bladde raskt gjennom det og lot det gå i pappesken. «Sorry, Erlend, jeg må rydde bort livet ditt fra skuffene også.» Et stikk gikk gjennom brystet mens hun jobbet. Det var verst å kaste hans ting, kjente hun. Likevel fortsatte hun usenti- mentalt. Det måtte gjøres, hun måtte få oversikt over hva som var der, hva som skulle fjernes og hva som skulle gjemmes. Jo mindre hun tok vare på, jo enklere ble det. Det var permer fra studietiden. Kvitteringer. Brosjyrer. Hun så på vakre kort, gode ønsker og hilse- ner fra familie og venner. Hun husket situasjonene, og nå bare ryddet hun det bort med hard hånd. Hva skulle hun med det? Kunne gamle kort og hilsener gi noen lykke?

Inga var våt av svette. Hadde holdt det gående i flere timer. Kjente at det tok på innvendig også. En prosess dette ja, en del av sorgpro- sessen ville helt sikkert fagfolk si når de snakket så tørt og vitende om dette, selv om de stadig måtte revurdere teoriene sine om hva sorg var.«Jeg går og tar meg et bad i sjøen». Hun kikket på den mørke himmelen, kjente på duskregnet. Men hun skulle jo bli våt uansett, og temperaturen var det i hvert fall ikke noe å utsette på. Hun slengte en joggebukse og en skjorte over badedrakten og gikk nedover mot fjorden med et stort håndkle rundt skuldrene.

Hun kastet seg uti med det samme, svømte utover i det lune vannet i den lumre, lyse kvelden som etter hvert hadde fått skyer med hull i, slik at solstrålene stakk ut gjennom dem. Hun så dem treffe sjøen lenger ute. Kanskje hun skulle svømme ut dit og kjenne solen skinne på seg, hun også, bli opplyst fra oven. Erlend måtte vel være i andre enden av disse strålene? Barnslige tanker selvsagt, men hun likte å se det slik. Hun ble dradd mot lyset der ute, la seg på rygg og svømte mens hun kikket opp. Måtte vel snart være der nå? Men ennå lå lyset langt ute, kunne hun se.

Det lune vannet lå mjukt og godt rundt kroppen hennes, kjærtegnet den med gyngende bevegelser som kom og gikk. Hun lukket øyne- ne, kjente seg sliten etter fjerningen av levd liv, deres liv, som nå var blitt søppel, og som nå lå og ventet ute i garasjen til neste papirinn- samling. Da skulle det males i biter sammen med andres avfall, for deretter å omskapes til noe bærekraftig som de sa. Duskregnet hadde opphørt. Kvelden var stille, stille og uendelig lun og vakker nå med solstrålene som brøt mer og mer gjennom og lyste opp vannet. Ja, hun var der nå, kjente hun, strålene varmet henne i ansiktet og på skuldre og bryst mens hun lå og fløt på ryggen. Hun orket ikke åpne øynene, kjente bare på hvor uendelig godt det var å ligge der og bli bysset i freden som omgav henne.

Så var det som om hun klarnet opp, kom til bevissthet. Hun snudde seg over på brystet og kikket inn mot land. Det hadde dradd seg langt unna, fjernet seg fra henne. Hun hadde tenkt å legge seg over på ryggen igjen, flyte i det gode vannet som omsluttet henne. Men så var det ikke fullt så lunket lenger. Kroppen var heller ikke fullt så mjuk. Hun måtte se til å komme seg til lands. Hun kikket innover på nytt. Hus og trær var blitt små. De angikk henne liksom ikke.

Hva skulle hun der? Hva skulle hun i huset sitt? Hadde hun ikke fjernet Erlend enda mer i dag? Var det i det hele tatt noe igjen å dra inn mot? Inn til et tomt hus med tomme rom, en tom, stor seng, til et hus der ingen ventet eller savnet henne? Kanskje hun like godt kunne ligge her og flyte?

Apatisk la hun seg på ryggen igjen, tok noen tak nå og da, men mest hvilte hun i vannskorpen. Huden begynte å nuppe seg. Hun kulset. Det var ikke særlig behagelig å ligge her lenger, kjente hun og tenkte på hva som var under seg, på bunnen, på tang og tare, lange siv, krabber og skjell, fisk, og kanskje urer av stein. Hva visste hun? Eller var det ren sandbunn, et mjukt leie hun kunne krype ned i, hvile mot?

Inga ble uklar i tankene, døsig, visste ikke helt hvor hun var lenger, kjente bare en uro komme over seg fra ukjent sted. Hun begynte å svelge vann. Det var salt, ga ingen lindring for tørsten hun følte.

Publisert på

Tilfeldig?

 

TILFELDIG?

Slik kan det verke!

Ein vinterdag i 2017 blei eit bord dekt av eit tjukt lag rein, kvit nysnø, – ein ypparleg damaskduk for ein skatemiddag i fjøra!

Audbjørg sette bildet inn på Facebook, og det blei lagt merke til av Olla.

Etter eit møte på hotell Seilet i Molde nokre dagar seinare kom eit samarbeid i stand, og bokprosjektet

UTANDØRS I NORDVEST

var eit faktum!

12 stader har vi besøkt i løpet av eit år, 4 på Nordmøre, 4 på Sunnmøre og 4 i Romsdal.

No er boka på rundt 170 sider i ombrekkingsfasen og nærmar seg ferdig produkt.

utandørs i nordvest kjem ut på Olla Forlag i slutten av oktober, og vi gler oss

 

Publisert på

Ny bok!

Denne hausten kjem Audbjørg Gjerde Lippert si bok «Kommer før lunsj» i papirutgåve på Olla Forlag.

Forfatteren skriv på baksida av boka:

«Kommer før lunsj» skrev Erlend til arbeidsgiveren sin en morgen. Det ble siste melding fra hans mobiltelefon.

Inga og Erlend er et ektepar i førtiårene. De lever intenst både når det gjelder jobb og fritid. Men en dag endres den travle hverdagen. Borte er det faste og trygge. Omgitt av indre og ytre kaos blir Inga tvunget til å finne en ny vei alene. Vi følger henne i tiden etter omveltningen og får innblikk i hvordan hun prøver å takle den nye fasen i livet sitt.

 

Publisert på

Er boka i ferd med å dø?

Avisoppslag i dag seier at salget av skjønnlitterære bøker har gått ned med 10% første halvdel av 2018.

Er det eit signal om at boklesing er på veg ut? Er vi prega  av vår flyktige tid der sosiale media og kjappe videosnuttar er det viktgaste? Treng vi ikkje bøker lenger? Orkar vi ikkje lese oss gjennom ei heil bok?

Eg trur ikkje boka er på veg ut. Men eg trur vi treng å verne om verdien i det å lese.

Møtet med bokverda er eit mentalt skattkammer! Lista på kor nyttig og viktig det er for eit barn å kunne lese er lang – både det å kunne lese generelt, og det å lese bøker spesielt.  Eit barn som blir lest høgt for som liten, vil sjølv lese bøker som vaksen. Verdien det inneber å vere i bokas imaginære verd er knapt målbar. Gode bøker har ein kunstnarisk nerve, ei estetisk kraft som rører ved kjensler og sansar. Det er nettopp opplevinga, denne fasinasjonskrafta som gir næring til barns eigne bilde, eigne fantasiar, evnen til å sjå utover sine eigne grenser – det er her skattkammeret ligg.

Ord rører ved lesaren, ord gir opplevingar – det er i den opplevinga vi kan lære om oss sjølve, lære om andre menneske, lære om korleis vi kan sette oss inn i andre menneske sine utfordringar. Den verdien er uerstatteleg.

Honnør til biblioteka som sikrar at alle har tilgang på bøker! Biblioteka arbeider systematisk og målretta for å styrke boka sin plass blant barn, unge og vaksne.

Vi treng også mangfaldet i litteraturtilfanget, utover marknadskreftene og store forlags dyrking av bestselgjande bøker.