Publisert på

Fin omtale!

Det kjennes godt når ein får gode omtalar for arbeidet sitt! Det er eg sikker på alle kan kjenne seg igjen i. Når ei heilt ny bok skal ut i verda etter arbeid i år, månader, veker, dagar og timar vil ein alltid vere spent på kva andre syns om produktet. Det kan vere vanskeleg å gje slepp på boka – når er ho eigentleg ferdig? Er det meir å rette? Er det meir å endre? Skulle ho ha vore kortare? Lengre? Men til slutt må ein setje punktum.

«Klokkemakar Alfreds mysterium» kom ut ei stund før jul. Mange har kjøpt og lest boka – og no har også bokbloggarar lest og omtalt boka. Gode omtalar varmar, og kan kanskje også gjere fleire nysgjerrige på kva denne boka handlar om?

Heile omtalane frå to bokbloggarar kan de lese her:

www.miniblogg.no/henningbokhylle

www.bokblogger.com

Dette er ikkje ei heseblesande spenningsbok, men ei bok ein kan fordjupe seg litt meir i. Like fullt ei  historie med dramatikk, mysterium, handlekraftige barn og vennskap. Tarjei Rypdal Eides illustrasjonar høver perfekt til historia.

Den opphavelege sanne historia om to verdifulle klokker frå revolusjonstida i Frankrike blir fletta saman med dei fiktive historiene om klokkene si reise gjennom tida, og korleis hovudpersonane i boka prøver å finne ut av klokkemysteriet.

Kanskje dette er boka for høgtlesing framover?

Boka får du kjøpt på www.olla.no,  på Notabene Vestnes, og alle nettbokhandlarar.

Her er eit lite utdrag:

«…..Det grå vêret gjorde at det allereie hadde begynt å mørkne då tante Leas grøne Citroën svinga inn på tunet til Alfred. Det var mørkt i vindauga. Det kom ikkje røyk frå pipa heller. «Så rart», sa tante Lea, «han fyrer då alltid i omnen?» Ho skulle til å banke på døra då dei såg at døra faktisk var open.

«Vent her!» sa ho til Tobias og Rosie og opna forsiktig døra. Det var mørkt i den vesle gangen. Det såg mørkt ut i heile huset. Dei to søskenbarna ville slett ikkje vente, så dei gjekk inn rett bak tanta for å sjå etter Alfred. Alle tre brukte telefonane sine som lommelykter, og lyste rundt seg i det vesle kjøkkenet. Det kom eit utrop frå tante Lea då lyset frå telefonane viste kva som hadde hendt på kjøkkenet: alt som kunne ha vore i skap og skuffer låg strødd utover golvet, koppar og kar låg knuste i haugar, stolar og bord var velta. Etter kvart fann dei lysbrytarane. Dei skunda seg inn i stua. Alle klokkene var borte! Veggar, bord og hyller var tomme! Ikkje ei einaste klokke var å sjå. Berre nokre små tannhjul og verktøyet til Alfred låg på arbeidsbordet hans. Dei tre blei stadig meir engstelege der dei sprang frå rom til rom, såg korleis alt var rota til, mens dei ropte på Alfred.

«Kva kan ha hendt, og kor er Alfred?» Rosie kjende tårene i auga. «Vi må ringe politiet!» sa tante Lea og fikla febrilsk med telefonen…..»