Publisert på

Forhåndssalg: «Klokkemakar Alfreds mysterium»

Snart skal filene til «Klokkemakar Alfreds mysterium» sendast inn til trykking. Denne gongen blir trykkinga på eit norsk trykkeri, og ikkje via PrintOnDemand, som eg elles har nytta ved fleire høve.

Forhåndssalget startar allereie no, slik at eg kan få ein peikepinn om kor stort opplag eg skal trykke. Om du kjøper / bestiller allereie no spanderer forlaget portoen! Alle som vil gjere dette får tilbakemelding om registrering, og sjølvsagt helsing og signering frå både forfattar og illustratør inni boka, når ho er ferdig trykt. Forhåndsskjøp blir sendt ut først, så snart boka kjem frå trykkeriet, før sjølve lanseringsdatoen som blir i oktober.

 

Boka kan kjøpast ved å setje direkte inn på konto 6580.33.94223 (gjerne via butikkfana på www.olla.no),

eller via vipps: 127189 Olla Forlag. Prisen for boka er kr 298,-.

Om du berre vil bestille sender du meg ei melding her, på Facebook, Instagram: Olla Forlag –  eller tlf: 91519878

 

Tusen takk!

 

Her får de vite litt meir om boka, og også lese eit lite utdrag frå det første kapittelet. Her blir Tobias og Rosie kjende med Alfred, klokkemakaren – og vi får høyre om ein mystisk pakke som kjem til klokkemakar Abraham Louis Breguet, 13. mars, 1794.

 

Om handlinga:

 

Søskenbarna Tobias og Rosie er på vinterferie hos tanta si. Ein dag oppdagar dei eit gammalt, falleferdig hus i skogen. Den gamle mannen som bur i huset heiter Alfred og er klokkemakar. Han har huset fullt av gamle klokker, kvar med si historie. Ein dag fortel han barna om eit fleire hundre år gammalt uløyst mysterium som er knytt til to heilt spesielle klokker. Samtidig viser det seg at nokon held utkik med Alfreds hus. Ein mystisk, kvit varebil står gøymt i skogen. Plutseleg er Alfred sporlaust borte…

 

Boka rettar seg mot aldersgruppa 6-12 år, men høver godt som høgtlesingsbok og for alle generasjonar som set pris på ei god historie.

 

Frå forordet i boka:

 

«Vi kan berre følgje klokkene som blei sende til reparasjon. Med klokker som med menneske: dei lykkelege har inga historie.»

C.Breguet

 

I familien har vi mange gamle klokker. Fleire av dei har min grandonkel Alfred laga eller reparert. Då eg leita bakover i tida etter historiene til klokkene, kom eg over historia om klokkemakaren Abraham Louis Breguet, som var fødd i 1747. Dei to klokkene denne boka handlar om, blei laga av han. Under den franske revolusjonen forsvann klokkene og har sidan aldri blitt funne igjen. Det var mange dramatiske hendingar i Frankrike på denne tida, og dei to klokkene har i denne boka fått bli med på nokre av desse hendingane. Personane har levd, hendingane er verkelege, men reisa til klokkene er det eg som har fletta inn i historia. Gamle onkel Alfred har også verkeleg levd, men ikkje alle dei andre i denne boka. At dei to klokkene kom inn i denne familien si historie, og korleis det skjedde, er også rein fantasi.

 

 Kapittel 1: Huset i skogen

 «De klarer dykk åleine til eg kjem att, ikkje sant?» Tante Lea fauk rundt i stua på leiting etter bilnøklane sine. Den brune hestehalen svinga frå side til side ettersom ho vimsa rundt overalt på leiteaksjonen sin.

«Vakta mi er ferdig klokka tre, og i kveld kan vi lage taco!» Ho smilte, snakka på inn- og utpust, treiv nøklane som ho endeleg fann under ei sofapute, strauk ut døra og starta bilen, ein eldgamal, grøn Citroën. Denne gongen starta han på første forsøk.

Det var som om ein tornado hadde fare gjennom huset. No som tante Lea hadde køyrt, var stormen stilna, og berre lyden frå skeiene i tallerkenane med frukostblanding og mjølk kunne høyrest.

Tobias kika fram frå den lyse luggen og såg på Rosie, kusina si. Ho smilte, og det var bra, for elles kunne det skumle ansiktet hennar skremt vitet av modigare karar enn han.

«Flott! Då har vi dagen for oss sjølve og kan finne på kva det skal vere!» sa Rosie. Dei svartfarga hårtustane hennar stod ut frå hovudet i alle retningar. Ho hadde ikkje fiksa frisyren enno, sidan det var tidleg på morgonen. Men ansiktet var kvitt, svartmålinga kring auga var på plass og edderkoppen på kinnet hennar var også like svart og blank som då Tobias og Rosie hadde møttest på togstasjonen dagen før, på veg til tante Lea på vinterferie. Det var slik med Rosie, ein visste aldri korleis ho ville sjå ut. Året før hadde håret hennar vore blått. Dette året skulle visst alt vere svart. Eigentleg hadde Rosie like lyst hår som Tobias, så vidt han kunne hugse.

«No er det ingen som vågar å seie at eg er søt som ei rose!» hadde ho sagt og forsikra han om at edderkoppen berre var sprittusj. Ho hadde ikkje fått lov av foreldra å tatovere ein edderkopp på kinnet. Rosie likte ikkje å bli samanlikna med ei rose, og syntest foreldra hadde gitt ho eit elendig namn, om mora var aldri så engelsk. Tobias likte best å gøyme seg bak luggen. Han fekk liksom meir fred til å tenke då kjende han. Det var som om luggen var ei dør, og tankane kunne godgjere seg der inne ei stund før dei kom ut. Rosies tankar derimot skulle ut med ein gong, helst før dei var tenkt ferdige.

Foreldra til Rosie og Tobias hadde ikkje vinterferie. Sjølv om desse to søskenbarna var mykje saman og hadde det kjekt i lag, syntest dei det var kjedeleg å vere «dei einaste» som var igjen i byen. Alle venene deira hadde reist ein eller annan stad, så då forslaget om å dra til tante Lea på Nordvestlandet dukka opp, pakka dei koffertane sine i ein fart.

Tante Lea, som var verdas snillaste tante, berre litt vimsete og stressa, likte godt å få besøk av Tobias og Rosie. Ho hadde eigentleg fri denne veka, men då dei var i beit for vikarar på eldresenteret der ho arbeidde, hadde ho sagt ja til nokre ekstravakter.

«Heilt problemfritt!» hadde Tobias sagt! «Vi klarer oss sjølve!» Og det var sant. Dei hadde vore hos tante Lea så mange gonger at dei var godt kjende i området.

 

«Skal vi sjå kor denne vegen fører?» Rosie peika innover ein liten skogsveg. Dei hadde subba seg gjennom snøsørpa langs hovudvegen eit stykke då dei oppdaga ein veg som førte inn i eit skogholt. Snøen som hadde kome om natta, var allereie i ferd med å tine, noko som var heilt vanleg om vinteren her ute ved havet på Nordvestlandet. Store, tunge snøklattar klaska ned på dei frå greinene på trea som stod tett langs den smale vegen. Sjølve vegen var full av hol og søledammar. Det såg ikkje ut som ein veg nokon vanlegvis køyrde bil på. Det var heilt annleis her enn heime i byen. Der hadde dei trafikk, lydar, bygater, bygningar og folk rundt seg overalt. Her var det stilt, roleg, nesten sakte, tenkte Tobias.

«Trur du tida går saktare her enn heime?» spurde han Rosie. Rosie såg rart på han.

«Tida er vel den same? Berre at det kjennest ut som ho går fortare når det hender noko!»

«Det er eit hus der borte!» sa Tobias. Litt lenger framme på vegen opna skogen seg til eit lite gardstun. Eit gammalt, grått tømmerhus stod på eine sida av tunet, og ein minst like gammal låve på den andre sida. Huset såg ut som det kunne ramle saman kva tid som helst. I andre etasje var eit av vindauga knust. I det same snubla Tobias. Han stupte rett ut i lufta og landa med heile seg på vegen med eit plask. Rosie såg forskrekka på han, for blodet rann frå eit sår i hovudet. Han hadde tydelegvis treft ein stein. Tobias sjølv låg heilt roleg for å kjenne etter kor det gjorde vondt, og kom til at såret i panna var einaste problemet. Det svei skikkeleg.

«Få sjå!» sa Rosie, og løfta hårluggen til Tobias. «Uff, det ser ikkje bra ut! Vi må få reinsa såret og sett på bandasje. Kanskje til og med sy!»

«Bur det nokon her, tru?» sa Rosie. Dei stod midt på tunet og såg seg rundt.

«Kanskje vi kan banke på og høyre om dei har plaster», kom det frå Tobias.

Dei banka på døra fleire gonger, men ingen kom og opna.

«Vi går heim igjen, tante Lea har heilt sikkert noko vi kan ordne dette såret med,» sa Tobias. Det rann ikkje blod lenger, så kuttet i panna var sikkert ikkje så djupt.

Då opna døra seg sakte. I dørsprekken såg dei eit par mysande auge som stirde på dei gjennom tjukke brilleglas. Auga blei brått vidopne då dei vende seg mot Rosie, og det var kanskje ikkje så rart, slik ho såg ut.

Tobias skunda seg å spørje om dei kunne få hjelp til å reinse såret i panna hans. Han løfta på luggen og viste fram såret. Døra gjekk heilt opp. Bak brilleglasa såg eit par grå, skarpe auge på Tobias. Resten av den gamle mannen var også grå. Ein grå hårkrans rundt ein blank skalle, ei grå strikkejakke rundt ein lut rygg. Han var ikkje så høg, Tobias trong ikkje løfte hovudet  for å sjå inn i dei venlege auga framfor seg. Den gråkledde mannen fekk brått fart på seg. «Kom inn, kom inn!» sa han og viste dei vegen inn til eit kjøkken med lyseblå skap langs veggane. Småblomstra gardiner hang ved vindauga, og midt på golvet låg ei slitt, gammal fillerye. Frå ei skuffe drog han fram eit førstehjelpsskrin. Hendene hans rista og skalv, men han fekk reinsa såret og sett på eit plaster.

«Du treng nok ikkje sy, dette går bra», sa den gamle mannen. Stemma skalv, slik som hendene hans, og knirka, nesten som om ei dør som sjeldan blei opna, tenkte Tobias. Ansiktet var vennleg og smilande, fylt med strek og rynke på kryss og tvers. Rundt auga sat rynkene så tett som edderkoppspinn. Han rekte fram ei skjelvande hand mot Tobias.

«Eg heiter Alfred», sa han. Tobias og Rosie tok han i handa etter tur og fortalde kven dei var. Alfred såg litt ekstra på Rosie.

«Du passar godt til namnet ditt», sa han. «Alle skikkelege roser har tornar.» Han smilte til Rosie. Ho måtte tenke seg litt om, og kom til at ho likte dette med tornane.

«Bur du her åleine?» spurde Rosie.

«Ja, eg gjer nok det», svara Alfred, «men det går fint, eg liker å vere for meg sjølv. Dessutan er eg nede på eldresenteret i bygda nokre dagar i veka, så eg møter då folk av og til.»

Tobias hadde opna munnen for å seie noko, men orda blei ståande fast då det i det same braut ut eit øyredøyvande spetakkel. Det ljoma og klang, ringde og runga. Tobias var sikker på at vindauga og veggane vibrerte. Det var som å stå rett under ei kyrkjeklokke i tårnet når klokkaren drog i klokkesnorene. Tobias og Rosie såg forskrekka på kvarandre. Men Alfred smilte.

«Kom», sa han, «de skal få sjå.» Då han opna den knirkande døra inn til stua, blei Tobias og Rosie ståande og gape. Noko slikt hadde dei aldri sett før! Alle veggane var fulle av klokker, store og små om kvarandre, med pendlar som gjekk fram og tilbake, dører som opna seg, figurar som dukka fram frå klokkedørene. Nokre klokker stod på golvet, så store at dei rakk nesten til taket. Andre klokker stod og låg på hyller og bord. Alle var i ferd med å slå kvar sine tolv slag.

 

London, 18. mars 1794

 Abraham Louis Breguet opna forsiktig det mørkeraude seglet på den vesle pakken han hadde i handa. Pakken var akkurat blitt levert, men før han rakk å spørje den unge mannen som var sendebod, kven pakken var frå, var han borte. Innanfor det første laget med papir låg eit brev. Det var skrive med jamn, sirleg handskrift. Datoen øvst på brevet var 13. mars 1794. Då Breguet såg underskrifta, skalv handa hans…