Publisert på

30 formidlingsår!

Vi er no i siste halvdel av skuleåret 22/23. I desse dagar skal skulane bestille neste skuleårs verkstader og opplevingar for elevane, skuleåret 23/24. Dette bli den siste runden innanfor DKS for min del. DKS er ei fantastisk ordning for skulane, møta med kunst og kultur uvurderleg i danninga til skuleelevane. Eg har vore så heldig å ha hatt fleire produksjonar på turné gjennom denne ordninga i mange, mange år — både eigne forestillingar/workshops, og saman med andre utøvarar innafor andre kunstfag.

For tretti år sidan flytta eg heim til Møre og Romsdal etter 20 år i Oslo — og eit par i Kongo.Det har eg aldri angra på, for jobben eg då starta i som teaterlærar ved Vestnes kulturskule opna dørene til meiningsfull formidling for barn og unge på vidt gap.

Dette var ein prosjektperiode der den tradisjonelle musikkskulen skulle utvidast til å innehalde fleire kunstuttrykk. Vi jobba i team, der teater, musikk, visuell kunst og dans samspela om å fargelegge tilværet for innbyggjarane i kommunen. Snart hadde vi faste besøksdagar i alle skular og barnehagar, institusjonar og i det lokale og regionale kulturlivet for øvrig. Vi samarbeidde tett med lærarar om opplegga i skulen, der vi kunne arbeide saman om nær sagt kva som helst, frå konstruksjonar av store geometriske figurar som kunne bli bustader  for til då ukjent liv, Shakespeares «En midtsommernattsdrøm» ute i skogen med sjølvkonstruerte musikkinstrument og teatersportstunt, dramatisering av lokale segn og hendingar —  til store forestillingar der alle fagdisiplinar var med.

Takka vere den framsynte rektoren vår, Elsa Rypdal, arbeidde vi snart etter mottoet «ein skal tåle å få raude øyre» — meint slik at kunstfaga sin grunnleggjande idé blei fokusert på: leik, eksperimentering, prøving, feiling og kreativitet — og at ein ikkje alltid skulle ha fasiten klar på førehand. 

Denne tida lærte meg noko av det viktigaste eg seinare alltid har prøv å arbeide etter: lytt, gi rom, ver ærleg og gje tillit til dei unge, leikande menneska du møter gjennom kunstfaglig arbeid.

Sidan då har eg vore innom fleire institusjonar, som t.d.skular og barnehagar, Jugendteateret i Ålesund, Kulturskolerådet sentralt i Trondheim, administrasjonen i DKS Møre og Romsdal, o.s.b. Men heile tida har eg hatt rom til å arbeide med formidling. I fleire periodar, og også dei siste 10-12 åra har eg vore freelancer på fulltid. Dagane har vore fylt med historier, eg har samarbeid med mange fantastiske kunstnarar, det har vore forestillingar og workshops, turnéar og kurs, entusiasme og glede. Og nesten alt dette har handla om gleda over å vere ein drope i det havet av inntrykk barn og unge har rundt seg, vere eit lite steg på vegen til å uttrykke seg, vere med på å opne rom ein kanskje ikkje trudde fantest. 

Eg blir rørt og glad når eg møter ein ungdom som med skinande auge kan fortelje at han hugsar då vi i barnehagen laga skyggeteater om Mussorgskis «Bilder frå ei utstilling», og når ei godt vaksen dame enno kan hugse då fyrstinne KiHoNai herja i gymsalen.

Dette siste året er det dei tre produksjonane «Tor med hammaren», «Laboratorium for finurlige forteljingar»  (i Ålesund), og «Animert spenning» som skal ut på vegen. Dei to første reiser eg med åleine, den sistnemde er saman med Mette Mjelve. Eg gler meg til eit siste heidundrande turnéår!

Etter det ventar andre prosjekt, historier, bokskriving, leik og utforskingar — og pensjonisttilværet.

Men eg håper at ein og annan framleis vil hugse ein blå drage dundrande gjennom gymsalen, ein gammal kvalfangar på leiting etter skatten, ein flygande hatt på animert reise over skjermen…Bilda er dei tre produksjonane som kan bestillast no. Under fana Produksjonar/verkstader står det meir om fleire produksjonar.

Publisert på

Hugs å leike!

Det nye året er i gang! Kaldt og fint vintervêr, litt meir dagslys for kvar dag. Hundane er glade og galne, og då er det uråd å ikkje la seg rive med. Leik er livsviktig og ei evig kjelde til glede og kreativitet!

Denne første veka handlar om førebuingar til turnéane som blir sparka i gang veka etter. I dag har eg kost meg med å gå gjennom den gamle kofferten med alle boksane skal opnast av ivrige elevar. Kvar boks fylt med det som skal bli til spennande historier. Eg humrar og ler for meg sjølv der eg leikar og pønskar ut nye spor og gåter, ledetrådar som skal føre oss inn i det ukjende. «Laboratorium for finurlege forteljingar» er i rute — eg gler meg!

Det som har vore tungt dette året er det som har med marknadsføring av bøkene å gjere. Eg har rett og slett kjent eit stort ubehag ved å stikke fram hovudet og vifte med bøkene i tenkjelege og utenkjelege samanhengar. Ingen bøker sendt ut  i håp om omtale, ingen arrangement med boksal som tema. Denne modusen er verre å komme ut av, for eg har ei kjensle av at uansett kva eg gjer eller finn på, vil bøkene vere usynlege og drukne i det store bokhavet. 

I Noreg har vi no 1600 forlag. Berre i 2022 kom det 189 nye. Det er fantastisk at vi har slikt eit bokmangfald i Noreg, at så mange skriv! Berre så synd at dei fleste bøkene på dei små forlaga er usynlege og ukjende. Bokhandlane treng å drive «butikk» og sel bøker frå kjende forfattarar frå dei store, etablerte forlaga. Det er no ein gong slik vi er skrudd saman, vi veit kva vi får når vi vel det kjende, og vegrar oss for å våge oss på nye, ukjende lesevegar.

Eg blir nok i «bobla» mi ei stund til, så får eg sjå om eg vågar å stikke meg fram igjen når neste bok kjem ut.

Men tusen takk til biblioteka våre! Dei er den største faktoren for mangfald når det gjeld  bøker – og sanneleg veit bibliotekarane kva som rører seg, også. Til og med til denne vesle mikroen Olla Forlag tikkar det inn bestillingar rett som det er. Det er gledeleg, for då veit eg at bøkene blir lest av nokon, trass i min manglande innsats.

Uansett dårlege marknadsføringstiltak er skrivemoduset  som alltid påkopla — det kjem nokre ord, setningar, sider og kapittel kvar dag. Som vanleg liker eg best å sjonglere mellom fleire prosjekt. Research i Sør-Afrikanske utgravingsfelt og studier av San-folkets spennande mytologi, vekslar med funderingar om ei fiolinkasse som innheld noko heilt anna enn ein fiolin — og utforsking av kloakknettet under ein kjend, stor by. Eg leikar meg altså her også.

I det store og heile er det mykje kjekt som ventar — berre eg passar på å leike!

Publisert på

Velkommen, 2023!

Eg vil ta imot det nye året så godt og håpefullt eg berre kan, slik eg gjer for kvart nye år som kjem.

Kva dette nye året vil føre med seg veit eg heldigvis ikkje, men eg vil prøve å halde hovudet kaldt og klartenkjande, hjartet varmt og  djuptfølande.

Eg håper eg også dette året skal få skape nye historier, både åleine og saman med barna eg møter ute i skulane. Ein skal lytte til historiene barna skaper, for dei seier mykje om kva tankar dei har om seg sjølve i heilskapen, og om framtida. Vi kan ha noko å lære der, nokon kvar av oss.

Bilda er frå prosjektet «Utanforverda». DKS-verkstaden Tarjei Rypdal Eide og eg gjennomførte for nokre år sidan, handla om å skape historier med ord og kunstinstallasjonar — og om korleis dei ulike kunstuttrykka kunne inspirere kvarandre. 

Fantasy-sjangeren ga elevane rom for å setje ord og bilde på tankar om miljø og framtid.

Dei fleste historiene enda godt, trass i krevjande utfordringar — slik håper eg vi opplever 2023 også.

Riktig godt nyttår!

Publisert på

The Iceberg Family

I dag handlar det om Audbjørg Gjerde Lipperts bok «The Iceberg Family», med illustrasjonar av Tarjei Rypdal Eide. Den norske versjonen av denne boka er utseld, men den er på lager i engelsk versjon.

4.desember er det denne boka som har redusert pris: kr 200,-

Audbjørg seier om boka:

I got the idea to this children’s story “The Iceberg Family” after adventurous voyages to Antarctica and Greenland/Svalbard/Iceland with the Explorer ship “Fram”.

I was thrilled by the icebergs, and by the nature that surrounds them. For me the icebergs are  life and identity. They are creatures with thoughts and souls that live their lives in wild and beautiful, but vulnerable nature. The beauty of these areas with their mountains, snow and ice surpasses everything.

The icebergs tell their story themselves. We meet The Ice King and The Ice Queen who live together with their family in this clean, beautiful ice world. There they have their pleasures and sorrows. Now and then they hear scary news and rumours about what is going on in the world outside, among other things about whales that get their stomachs filled with plastic. One day a boat arrives in their kingdom. What will that do to the vulnerable nature there?

It has been claimed, however, that only the one who has experienced the Arctic, knows to take care of it. Nevertheless, these areas are vulnerable and can easily be polluted and damaged.

These are – as I see it – important questions that very well may be discussed with the children. I have tried not to dramatize the problem, just in careful ways asked some questions about how we relate to the wild and beautiful, but vulnerable nature. My hope is that this story will trigger further thoughts in the children’s mind.

Audbjørg Gjerde Lippert

BLURB:

The Iceberg Family live in The Ice Fjord far, far to the north. The fjord is clean and beautiful like the clearest glass. Here the iceberg children Ice Laug, Ice Finn and Ice Bjorg play all day long. Sometimes seals and whales come to see them, and now and then a hungry polar bear may show up. One day, however, something very special happens. A boat full of people in blue jackets comes into their fjord and begins to circle around them. The icebergs, both the small and the big ones, get frightened. What will happen to their family now? Can they live there safely as they have done up to now? Or will warm currents in the sea make them melt? Will plastic and garbage fill the stomachs of the whales and lead to their death? They have heard some rumours…

In this book Lippert has chosen to use some traits from the fairy tale, but without sticking completely to that genre. The mixture of genres is chosen to give the book a modern expression. At the same time the association with well-known fairy tale traits can be a motivator to make the children think their own thoughts. That is the author’s intention.

Illustrasjonane til denne boka blei til gjennom eksperimentering med papir, lys, spegelflater og ulike materialer. Tarjei fortalde ein gong at sjølve isfjella blei til ved at han krølla saman papir som skulle kastast fordi han ikkje syns det fungerte. Plutseleg fekk han idéen om å bruke desse papirkrøllane saman med ulike lyskjelder, glas og speglar. Resultatet blei magisk! Under ser du nokre av dei stemningsfulle illustrasjonane.

Publisert på

Gamle slott og gaffatape

Kva kan gaffatape ha med boka «Det gamle slottet» å gjere? Ingen ting, i utgangspunktet. Men likevel er gaffatape noko av det første eg tenkjer på når denne boka dukkar opp.

Eg er ikkje sikker på kva ei dameveske bør innehalde. Men mi veske inneheld alltid gaffatape. Erfaring har vist meg at dette produktet er heilt påkrevd. Det kan brukast i kva som helst slags naudsituasjon.

Då denne boka skulle trykkast, bestemte eg meg for å bruke eit trykkeri i Oslo. I staden for å få bøkene sendt hit til Nordvestlandet, ville eg ta turen og hente dei sjølv på trykkeriet. Så kunne eg samtidig besøke dotter mi og familien hennar.

Eg er glad i å køyre bil, noko som høyrer med når ein gjennom året legg bak seg mil etter mil på turnéar. 

Men denne dagen starta litt dårleg — eg måtte på eit møte før eg kunne køyre mot Oslo, og kom dermed seint i gang med turen. Som det utprega A-menneske eg er, blei eg trøytt, og måtte stoppe rett som det var for å ta ein blund. Eg kan sovne kor det skal vere, og når augeloka blir tunge, må eg stoppe, elles sovnar eg køyrande.

Dermed kom eg til Oslo midt i argaste rushtida, fekk tidsnaud for å rekke trykkeriet før stengetid, og blei ganske stressa. I ei rundkøyring like ved målet gjekk det gale. Eg kræsja. Framleis er eg usikker på kven sin feil det var, men med bankande hjarte, dinglande framskjerm, lause ledningar og anna bil-innmat av det for meg meir udefinerte slaget slepande etter bilen, fekk eg køyrt ut til sida rett etter rundkøyringa. Både eg og sjåføren i den andre involverte bilen fylte ut våre skadeskjema og skildest som, om ikkje akkurat perlevener, så i alle fall med eit anstendig språk og noko som kunne likne smil.

Eg rakk såvidt å hente bokkassene med «Det gamle slottet» før trykkeriet stengde, hespe fram gaffataperullen for å feste det som hang og slang gatelangs etter bilen, og kom meg fram til huset der dåttera mi, svigersonen og barnebarnet mitt budde.

Bilen skulle sjølvsagt ha vore på verkstad. Men det var i mitt hovud umuleg, for boklanseringa var allereie neste ettermiddag. Den kvelden gjekk det dermed med ein heil del timar på å tape fast skjerm og alt dette andre som hang og slang etter kollisjonen, alt med min fortreffelege gaffatape. Svigersonen min gjorde ein særdeles grundig jobb, tapen sat godt heile vegen heim gjennom Gudbrandsdalen og Romsdalen, tungt lasta med bøker. 

Eg køyrer ALDRI nokon stad utan gaffatape!

For å feire gaffatapens fortreffelege bruksområder, kan du i dag kjøpe «Det gamle slottet» for kr 100,-

Publisert på

God førjulstid!

Fram mot jul kjem det små innlegg på www.olla.no — som ein slags julekalender, om du vil – om ikkje kvar dag, så rett som det er.

Innlegga vil handle om bøker, hendingar, opplesing, bakgrunnshistorier og «behind the scene»-historier frå dei fem åra Olla Forlag har eksistert. Kvar gong vil ei bok ha ein særleg god julegåvevenleg pris, akkurat denne eine dagen. (Frå før er allereie dei fleste bøkene sett ned i pris)

Den første boka ut i denne vesle adventskalenderen til Olla Forlag er «Tippoldefar Jakobs julekort». Det høver godt, sidan dette er ei bok med 24 kapittel, eitt for kvar dag, frå 1.desember fram til jul, stemningsfullt illustrert av Tarjei Rypdal Eide.

Akkurat i dag er det også årets første forestilling med «Tippoldefar Jakobs julekort» i Hageverkstedet kulturscene.

Denne boka, og forestillinga blei til etter inspirasjon frå gamle julekort. Julekorta viser veg til ei spennande, gåtefull verd — Sivert og Jenny får vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om. Det får du også, om du les boka, eller kjem og ser forestilinga. Velkomen skal du vere!

Forestillingane er 1., 12. og 14. desember kl 17.00 på Hageverkstedet kulturscene, og

4.desember kl 15.30 på Tresfjord museum.

Denne dagen, 1. desember, kan du kjøpe boka til nedsett pris, kr 250.00.

Boka fins også som lydbok som kan kjøpast på nettbokhandlane.

Publisert på

«Nattvogna» rett rundt hjørnet!

Kvart år, omlag på denne tida har det kome ei ny bok frå den vesle mikroen, Olla Forlag. Det har også dukka opp nye bøker elles i året, for på dei fem åra som har gått sidan oppstarten, har Audbjørg Gjerde Lippert og eg, saman med illustratør Tarjei Rypdal Eide, gitt ut til saman 11 bøker. Mange av dei er også lydbøker og e-bøker, to av dei er omsett til engelsk. 

Dette året er ikkje noko unntak. No er den tolvte boka straks klar: «Nattvogna»!

Det har tatt lenger tid enn eg hadde tenkt å skrive denne boka, av mange grunnar. Ein skulle kanskje tru at nokre beinbrot og fotoperasjonar skulle vere midt i blinken, for då sat eg der med beinet i vêret uansett, men slik fungerte det ikkje. Eg er nok heilt avhengig av turane med hundane mine for å fart på tankane, og komme i rette skrivemodus. Då eg var på føtene igjen, gjekk tida til å ta igjen avlyste turnéar og andre jobbar. Då det igjen var tid å ta av, ville eg proppe altfor mykje inn i denne boka, som for å ta igjen tida eg hadde «rota bort».

Dermed blei det mange omskrivingar, mange rundar for å bli kvitt folk i persongalleriet og unødvendige krumspring. Til og med tittelen har endra seg nokre gonger.

Men så fall alt på plass — «Nattvogna» er klar for avgang!  

Denne gongen blir det ikkje noko bokarrangement rundt boka, heller ikkje sal på messer og andre arrangement. (Marknadsføringskonsulenten er visst framleis fråkopla). Så om du ønskjer denne boka må du nok ta kontakt med meg! Du finn lett både meg og boka på www.olla.no, på tlf., e-post, Facebook og Instagram!

Boka kan no tingast på førehand, om du ønskjer ho, noko som ville vere til stor hjelp for meg for å bestemme kor mange bøker som skal trykkast.

Som vanleg når ein skriv for barn og unge (10-13 år), vender eg meg ikkje direkte til målgruppa, men til dei som står dei nær: foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, omsorgspersonar — alle som meiner og trur at det er bra for ungane å lese, og attpåtil på nynorsk.

Her er teksten som står på baksida av boka:

«I denne femte boka om Anna, Kaspar og venene deira, er dei i Oslo. Det er haustferie, det regnar, alt tyder på at det blir ei temmeleg kjedeleg veke.

Men alt endrar seg då det plutseleg ringer på døra, og Max ber dei om hjelp.

Arietta, som eig Nattvogna, er sporlaust forsvunnen. 

Den spektakulære Nattvogna og Ariettas automatar blir sentrum for hendingane,

når venene snart er i gang med ei intens jakt i Oslos gater og i Østmarka, på leiting etter Arietta.

Dei kjem på sporet av ein godt gøymd løyndom, men det viser seg at det er fleire som leitar…»

Tekstutdrag: 

«Den grøne stasjonsvogna flytta seg sakte framover skogsvegen. Vegen var smal og ujamn, lange røter snodde seg mellom steinar og grastuer. Små og store hol var fylte med haustregn. Billyktene lyste opp trestammane, eit og anna blad dala ned frå trea og landa i det raude, brune og gule lauvteppet langs vegen. Bulkane på skjermane viste at Opelen hadde vore borti eitt og anna gjennom ei lang levetid. Campingvogna bilen drog på, slingra frå den eine sida til den andre. Ho var avrunda i kantane, gulkvit, med ei oransje stripe som gjekk langsetter vogna under dei små vindauga, berre broten av slitasje her og der. 

Der skogsvegen enda ved eit lite, mørkt tjern, stoppa bilen. Om det hadde vore nokon i nærleiken, ville dei snart ha høyrt dunking og knirking, hamring og banking, hakkande mekanikk som etter kvart fann rytmen, tannhjul som hekta perfekt i kvarandre, lydar som ikkje høyrde til i skogen. Berre eit og anna nattvake piggsvin luska seg i skjul. Regnet hadde stoppa, skyene trekte seg vekk, månen spegla seg i vatnet. Om månen hadde hatt tankar, ville han snart ha undra seg over alle lysa som no, det eine etter det andre, breidde seg utover det blanke vatnet og snart lyste opp heile stranda og skogkanten – og dei nye lydane som kom: mjuke tonar frå eit piano. Men Arietta, som sende desse vare tonane ut i natta, var ein annan stad i tankane sine.»

Boka har også eit etterord:

I denne femte boka om Anna, Kaspar og venene deira handlar det mellom anna om automatar.

I dag har vi automatar rundt oss overalt. Ein automat er eit apparat eller ei innordning som er programmert til å utføre ei enkelt, eller ein serie mekanisk drivne rørsler eller arbeidsoperasjonar (ref. Store norske leksikon).

Opp gjennom tida har automaten vore under stor utvikling, men stikkordet har alltid vore mekanikk. Mekanikk er den delen av fysikken som handlar om rørsle og likevekt. Gjennom historia har dei mekaniske rørslene handla om alt frå vatn, luft og damp, via elektronikk til dagens datateknologi.

Vi kjenner sikkert alle til ei mekanisk leike vi har hatt eller sett, ei leike som kan trekkjast opp med ei fjør: ei speledåse med ei ballerina som snurrar rundt, ein trommeslagar som slår på tromme, ei mus som kan gå.

Ein automat kan vere ei slik leike, men han kan også vere eit avansert kunstverk for vaksne.

Då eg var ei lita jente, gledde eg meg kvart år til då eg i førjulstida fekk vere med dei vaksne over fjorden til byen. I eit butikkvindauge sat ein nisse og åt graut. Nissen nikka, heva armen og førte ei skei frå grautbollen til munnen, gong på gong. Eg blei aldri lei av å sjå på denne nissen. Fascinasjonen for mekaniske leiker og seinare kunstverka eg har blitt kjent med, har eg hatt med meg heile livet. 

Vi kjenner til automatar heilt tilbake til oldtida, i Kina, Hellas og Egypt. Menneska har alltid interessert seg for og uttrykt seg gjennom kunst, og det var naturleg at ein frå å etterlikne menneske, dyr og natur gjennom todimensjonale og tredimensjonale uttrykk, etter kvart ville utforske og etterlikne rørsler.

I middelalderen blei automaten utvikla vidare. I 1206 publiserte Al-Jazari boka «Book of Knowledge of Ingenious Mechanical Devices». Her skriv han detaljert om ein båt, driven av vasskraft, med eit orkester om bord. To trommeslagarar, ein fløytist og ein harpespelar spela melodiar for å underhalde gjester i fine selskap. Figurane kunne spele fleire melodiar og røre seg med naturlege rørsler.


Under renessansen, frå omlag det 15. hundreåret, blei det ein vidare vekst for automaten, mykje takka vere den franske matematikaren og filosofen René Descartes, som skreiv om at ein dyrekropp ikkje var noko anna enn ei kompleks maskin.

Eit av dei mest berømte eksempla på ein automat frå denne tida er ei mekanisk løve laga av Leonardo da Vinci. Løva, laga til ære for Ludvig den 12., var livaktig, kunne vifte med halen, opne munnen, gå og stå på bakbeina.

Gjennom 1600, 1700 og 1800-talet finst det mange eksempel på automatar, den eine meir storslått enn den andre. Mellom andre laga franskmannen Jacques de Vaucanson ei and som kunne ete, fordøye «maten» og flakse med vengjene. Vengjene hadde faktisk over fire hundre bevegelege delar. 

Den sveitsiske urmakaren, Henri Maillardet (1745-1830), laga ein automat som kunne teikne fire forskjellige teikningar og skrive tre forskjellige dikt. 

I denne boka handlar det om ein annan automat vi veit Henri Maillardet har laga: «Die Äthiopische Raube». (Men historia om tippoldebarnet hans og alt som hender elles i denne boka, er det nok eg som har funne på).

Rundt ca. 1900 og framover blei det ein gyllen tidsalder for automaten. Om du søkjer på internett, vil du finne mange fantastiske figurar og innretningar. 

I vår tid er det fleire kjende kunstnarar som har laga, og framleis lagar, spektakulære automatar, t.d. Peter Markey, Paul Spooner, Ron Fuller og Frank Nelson.

Har du lyst til å prøve å lage din eigen automat, finst det mange videoar der du kan få ei innføring, t.d. på YouTube.

Publisert på

Velkommen haustsesong!

Som kjent har ein indieforfattar mange funksjonar. Å skrive boka, altså sjølve historia, er ein ting, deretter skal boka gjennomgå kvasse redaktørauge, nye rundar med rettingar og omskrivingar, språket skal vaskast, det skal lesast korrektur, framside og omslag skal på plass, boka skal brekkast om og trykkast, registrering på Bokbasen må til, bestillingar skal handterast, bøker sendast ut og markedsførast — og rekneskap skal førast. Heldigvis har eg dyktige fagfolk som hjelper meg med mykje av dette, men likevel er det igjen mange oppgåver.

Sidan eg starta opp dette vesle forlaget, Olla Forlag, i oktober 2017 har det til no blitt 11 bøker. Audbjørg Gjerde Lippert har skrive tre, eg har skrive sju — i tillegg har vi skrive ei saman.

Mange av dei er også lydbøker og e-bøker, to har blitt omsett til engelsk.

Det har vore spennande, lærerikt, interessant og kjekt, men også krevjande, med ei særdeles bratt læringskurve. 

Med boka i handa, fersk frå trykkeriet, har kjensla alltid vore god.

Problemet oppstår når ein av funksjonane i dette vesle maskineriet går i stå. No har dessverre marknadsføringskonsulenten (altså eg), sagt opp!

Korleis skal det no gå med pressemeldingar, bokarrangement, omtalar, annonser — for ikkje å snakke om alle e-postane? Ikkje veit eg.

Det vil dermed nærast bli eit under om nokon får vite om den nye boka som kjem i haust. Det kan vel hende det dukkar opp eit og anna tilfeldig innlegg her og der på Instagram og Facebook, men elles får det berre skure og gå. 

All ære til alle indieforfattarar der ute som meisterleg står på for å markedsføre boka si.  Men herifrå er det altså nærast stopp ei tid. Så får eg sjå om eg kan overtale konsulenten til å ta eit tak innimellom. 

Men for all del, du er hjarteleg velkommen til å  kjøpe både den nye boka og dei andre som er på lager, om du er så heldig å få vite om dei!

Til informasjon: tittelen på den nye boka blir «Nattvogna», og planen er at boka skal komme ut i oktober.

Sommaren har vore fin og hektisk, ikkje minst på grunn av vårt nye familiemedlem, Grand Danois-kvalpen Kofi. Vesle Kofi veks og trivst, snart er han større enn storebror Kaspar, som er Dalmatinar.

Denne veka startar turnéseongen! Først ut er «Tor med hammaren». Forteljarmuskelen er oppvarma, likeså stemme og skrott. Eg gler meg!

Deretter startar «Animert spenning» saman med Mette Mjelve. Eg veit ikkje kor mange år vi har vore ute på tur med animasjon og moro, men vi «held koken» og storkosar oss!

Tredje turné dette skuleåret er «Laboratorium for finurlege forteljingar». Vil du vite meir om desse kan du sjå under fana «produksjonar/verkstader» på www.olla.no.

Til jul dukkar igjen forestillinga «Tippoldefar Jakobs julekort» opp! Denne gongen har den blåkledde forteljaren fått opp farta og kasta krykkene!

Bokskrivinga er forresten på ingen måte slutt, sjølv om marknadskonsulenten har sagt opp! Det kan vel hende ho kjem seg ut frå bobla si om eg snakkar nokre alvorsord med henne.

Ønskjer dykk alle ein god og innhaldsrik haustsesong!

Publisert på

Kofi!

Hels på vesle (enn så lenge) Kofi! Vårt nye familiemedlem, Grand Danois-kvalpen Kofi frå oppdrettaren Nordic Giant Great Danes, er endeleg heime.

Namnet Kofi er vest-afrikansk, og tyder «fødd på fredag». Det var ein fredag han var meint å komme ut i verda, men sidan han var litt sein i rekkja av søsken, bikka det nok laurdag. Kofi heiter han, uansett. Namnet er også ein homage til andre som har bore det namnet, t.d. Kofi Annan, med sitt rolege, venlege vesen, og den ghanesiske forfattaren Kofi Awoonor. Sistnemde omkom i eit attentat mot eit kjøpesenter i Nairobi i 2013, same kveld han skulle opptre på ein litteraturfestival. Poesien hans handlar mykje om frigjering frå kolonialisering og afrikansk sjøvstende. Sidan eg har arbeidd for namibiske flyktningar og budd i Republikken Kongo, er ein del av hjartet mitt for alltid knytt til det sør-vestlege Afrika.

Vesle Kofi, som snart blir temmeleg stor, vil passe godt til namnet sitt, vil eg tru. Enn så lenge er han mest opptatt av å bølle med tolmodige storebror Kaspar.

Slik første dagen i ny heim ser ut, ser Kofi ut til å okkupere matmors tid i såpass stor grad at skrivinga må setjast litt på pause. Det passar i grunnen godt, sidan «Automatmysteriet» no er hos redaktør, og eg uansett ventar på tilbakemeldingane før eg dukkar ned i manuset igjen.

Det blir garantert mykje kvalpe-spam på sosiale media frå mi side framover — det er sjølvsagt lov å scrolle forbi når ein får nok!

Som nokre av dykk veit, har eg fleire sider og kontoar, både på Facebook og Instagram, alt etter kva eg vil formidle. (Eg skal prøve å ikkje fylle alle sidene med kvalpebilde heile tida) Her er ei lita oversikt:

På  Instagramkontoen 

olla_kaspar_og_kofi  

handlar det berre om hundane! Her blir det mykje hundeliv! Av og til delt til den private Facebooksida mi: 

Olla Rypdal

Både på Instagram og Facebook har eg forfattar-/skrive-/jobbsider.

Instagram: 

olla_rypdal_forfatter

Facebook: 

Olla Forlag

Andre Facebooksider som handlar om verksemd og produksjonar av ulike slag, for dei som måtte vere interessert:

Olla teaterverksted

Tippoldefar Jakobs julekort— ei førjulsforestilling

Fire furier fortel

utandørs i nordvest

Og sjølvsagt heimesida mi, med info om bøker, boksalg, arrangement og tilbod: www.olla.no

De er hjarteleg velkomne til å slå følgje — både på verksemd og hundeliv!

Ein fortsatt god sommar til alle, med eller utan kvalp!

Publisert på

«Mysteriet ved Hangman’s Hill» som lydbok!

Lydfila kan kjøpast i nettbokhandlarar, t.d. Norli, Ark, ebok.no:

Her link til ebok.no: https://ebok.no/lydbok/mysteriet-ved-hangmans-hill_olla-rypdal-2/

Boka er skriven av, og blir lest av Olla Rypdal. 

Om boka:

På loftet i det gamle huset på Vargholmen finn Anna, Erik og Siri nokre gamle, gulna brev, skrivebøker og ein rusten nøkkel innpakka i ei engelsk avisside frå 1907.

Det dei har funne blir viktige spor i utforskinga av eit lenge gøymt og gløymt mysterium, då dei seinare reiser på vinterferie til England. 

Det skal vise seg at gamle, uløyste mysterium også kan føre nye med seg.

Kva kan dei uforklarlege, mystiske opplevingane deira på eit dystert, gammalt gods ha med både det gamle og det nye mysteriet å gjere? 

Snart er dei midt oppi hendingar som både er i overkant spennande —  og farlege.

Spora fører dei til stupet ved Hangman’s Hill…

I den fjerde boka om Anna & co, Mysteriet ved Hangman’s Hill, kom eg over ei gammal legende eg likte så godt at måtte bruke ho på eit eller anna vis. Denne legenda, saman med brev, gamle fotoalbum og dagbøker frå mine eigne slektningar som i si tid reiste ut for å søke lykka, eller for å overleve, blei kopla saman til denne historia som fører oss til forrevne, bratte klipper i England, til tragiske hendingar som ligg gøymt og gløymt i historia, og som no dukkar opp igjen når Anna og venene er på vinterferie i England.

Boka har fått gode omtalar. Her er nokre av dei:

Om de scrollar nedover på www.olla.no finn de meir om boka, om bakgrunnen — og også leseutdrag.

Sommartilbod : 

«Mysteriet ved Hangman’s Hill» kostar no kr 199,- 

«Klokkemakar Alfreds mysterium» kostar no kr 219,- 

Tilbodet gjeld om du kjøper direkte frå www.olla.no, enten Vipps eller direkte på forlagets konto

(Sjå under fana «butikk»)

Publisert på

God sommar!

Det er så godt å kunne senke skuldrane, vel vitande om at etter sommaren ligg oppdrag og ventar som perler på ei snor! Eg har allereie nesten gløymt korleis det var med uvissa då koronaen herja som verst, og alt måtte avlysast. Då var det mest som ein måtte halde pusten. 

For meg er det tre produksjonar som skal på vegen gjennom DKS Møre og Romsdal og DKS Ålesund neste skuleår: «Tor med hammaren», «Animert spenning» saman med Mette Mjelve og «Laboratorium for finurlege forteljingar». Eg gler meg til å «sparke frå» på energifylte, innhaldsrike dagar.

Turnéane er lagt i akkurat passelege bolkar, slik at eg har bra med tid mellom bolkane til bokskriving.

Boka med arbeidstittel «Nattvogna» reknar eg med kjem ut i haust ein gong. Når alle prosessane er i gang, og bokproduksjonen lever sitt eige liv, kan eg kaste meg over historia som ligg og vaker i hovudet og vil ut. Det blir den sjette boka om Anna, Kaspar og venene deira. I den aller første boka, «Amulettmysteriet», gjekk historia delvis føre seg i Congo i Afrika. Dit skal vi også i denne siste boka. Her ventar mysterium og djupdykk i arkeologien!

Men først ventar sommardagane, feriegjestene, båtturane, fjellturane, samankomstane og hundemoroa. Både aktive og rolege dagar, ute i all slags sommarvêr. Om vi er heldige, får vi kanskje litt sol og varme, også. Innimellom skal eg kose meg med bøkene som ligg i stablar og ventar på å bli lesne!

Takk til alle dykk som følgjer med på på kvardagsprosessane med å skape ei verksemd med bokskriving og formidling på Facebook, Instagram og www.olla.no! 

Takk til dykk som også kjøper og les bøker frå dette vesle forlaget — det gjer at det er muleg å halde fram med skrivinga litt til.

Eg ønskjer alle ein riktig god sommar!

Publisert på

«Kommer før lunsj» som lydbok!

«Kommer før lunsj» av Audbjørg Gjerde Lippert kan no kjøpast som nedlastbar lydfil i nettbokhandlarar, t.d. Norli og Ark.

Elsa Rypdal er innlesar.

Om boka:

«Kommer før lunsj» skrev Erlend til arbeidsgiveren sin en morgen. Det ble siste melding fra hans mobiltelefon. Inga og Erlend er et ektepar i førtiårene. De lever intenst både når det gjelder jobb og fritid. Men en dag endres den travle hverdagen. Borte er det faste og trygge. Omgitt av indre og ytre kaos blir Inga tvunget til å finne en ny vei alene. Vi følger henne i tiden etter omveltningen og får innblikk i hvordan hun prøver å takle den nye fasen i livet sitt. En bok om sjokk, sorg og livet som må leves videre.

Her kan de lese omtalar av boka, og også eit leseutdrag.

Publisert på

Boklufting!

I dag har eg endeleg løyst eit irriterande problem med opplasting av bilde på heimesida. Det må feirast med eit innlegg med ein einaste gong! Sidan eg sjølv for det meste er utandørs i denne fine forsommarstida, fekk bøkene på Olla forlag ein aldri så liten fotoshoot-seanse i hagen. Her er nokre av bilda.

Under butikkfana her på sida står det litt om alle bøkene, meir i mange blogginnlegg om de scrollar nedover sida.

Neste bok, med arbeidstittel «Nattvogna» er under arbeid, kjem mest truleg ut i løpet av hausten ein gong.

I mellomtida kan vi gle oss over at Audbjørg Gjerde Lipperts bok «Kommer før lunsj» blir lagt ut som lydbok i starten av juni.

Lydbøker er også innlest av «Amulettmysteriet», «Det gamle slottet», «Kodemysteriet» og «Tippoldefar Jakobs julekort».

Desse er også å få kjøpt som e-bøker, der du vanlegvis kjøper e-bøkene dine.

Ønskjer du boka i papirformat er det enklast (og rimelegast) å kjøpe ho direkte frå www.olla.no. Gå til butikkfana, så ser du korleis boka enkelt kan kjøpast. Eg er også såpass tilgjengeleg at det berre er å sende meg ei melding, om du vil!

Ønskjer deg ein strålande dag, og hugs: bøker smakar kanskje ekstra godt ute, til dømes konsumert frå ei hengekøye! 

Publisert på

Treng vi eigentleg boka?

Det går føre seg ein interessant og viktig diskusjon for tida: skal vi framleis skrive bøker for barn og ungdom, sjølv om stadig færre les? Skal vi tilpasse oss det digitale språket og heller bruke andre medier enn boka til å fortelje historia vår?

Eg trur vi må gjere begge dele. Ei historie kan forteljast på mange måtar, det eine uttrykket kan vere like godt som det andre. 

Kvart uttrykk har likevel si eiga kunstnariske plattform, for mykje tilpassing kan også føre til at den genuine forteljinga smuldrar vekk. Dette valet er opp til den enkelte kunstnar å vurdere når  forteljinga skal formidlast.

Men skal forteljinga i form av ord og bok framleis vinne fram og vere ein del av formidlinga, trur eg vi må vi gjere ein ekstra innsats.

Blir du med på ein dugnad? 

Eg tenkjer på ein skikkeleg dugnad med ord og språk,  —  fortald, lesen og skriven. Blir du med på å tenne leirbålet og dele orda som blir skattekista dei neste generasjonane hentar sine minne frå  — og som får dei til å halde fram med å fortelje, lese og skrive. Då kan det bli som i eventyret om kverna på havsens botn som aldri stoppar…

Vi ser ut til å trenge ein slik dugnad. Det blir arbeidd for meir lesing på mange plan heldigvis. Bibliotek, foreiningar og organisasjonar med heile samfunnet som arena.

Men denne dugnaden eg inviterer til, handlar om deg og meg.

Barn les færre bøker enn nokon gong. Fleire enn før kan ikkje makte å lese ei heil bok. Lesekondisjonen går tilbake år for år. Den kjappe, fragmenterte informasjonen som strøymer over oss, er som karbohydrat for hjernen, ein kjapp stimuli. Evna til å konsentrere seg utan flimrande bilde å feste merksemda på blir svekka.

Hadde du sjølv ein omsorgsperson som las for deg då du var barn? Ein som kunne å fortelje? Hugsar du kanskje enno desse forteljingane? Hugsar du den første boka du las? Eller den som gjorde mest inntrykk? Hugsar du gleda over å meistre lesinga? Og etter kvart omforme det lesetekniske til store opplevingar?

Ei historie kan forteljast på mange måtar

Vi opplever forteljingar rundt oss dagleg gjennom bilde, film, musikk, dans, teater, kunst, spel — og ord. Det eine uttrykket er ikkje meir verd enn det andre. Ei forteljing kan også gjerast rikare gjennom andre uttrykk enn sjølve orda. Vi menneske treng mangfaldig stimulans gjennom sansane våre, noko som igjen får oss til å tenkje, føle, ønskje, drøyme og skape. Slikt vi treng for å vere menneske. 

Eg har alltid meint, og meiner framleis, at dei ulike uttrykka kan gjere kvarandre sterkare og rikare. Opplevinga av ei forteljing gjennom eit anna uttrykk enn det opphavlege kan kjennast som ny og forfriskande.

Men for mykje tilpassing kan også føre til at den genuine forteljinga smuldrar vekk. Dette er opp til den enkelte kunstnar å vurdere når forteljinga skal formidlast.

Barn og unge bruker andre medier enn papirboka når dei vil underhaldast, eller oppleve forteljingar. Vi lever faktisk i ei  teknologisk verd, noko det er meiningslaust å snu ryggen til. På alle kantar er vi omkransa av kjappe forteljingar gjennom mediekanalar, film, spel, tv og sosiale media. Mange er storslagne, vakre, poetiske, spennande og gode forteljingar, både i form og innhald. Andre er berre ei glansfull innpakning rundt manglande innhald. Sjølv det er greitt, vi treng det også, som ein del av mangfaldet.

Men mengda med kjapp, teknologisk formidling kan lett fortrengje orda, dei nakne orda utan staffasje som berre gjer krav på å bli høyrde eller lesne av mottakaren.

Det er ein meir krevjande prosess å omsette bokstav- og ordsymbol til sanseleg oppleving og bevisst tanke enn kjappe filmsnuttar, fylt med driv og action. Derfor vel vi det enklaste. 

Eg skal ikkje her gå inn på kva konsekvensar dette kan ha for utdanningsnivå og evna til å fullføre studium — det er eit eige kapittel. Kor viktig det er for det einskilde individ å kunne tileigne seg skrivne ord for å delta i demokratiet skal også få ligge. Eller kor viktig språk er for identiteten.

Det er også ein diskusjon om forfattarar skal tilpasse seg det fragmenterte språket i den teknologiske tidsalderen for å få folk til å lese. Her er det ulike meiningar. Enkelte forfattarar har meldt at dei ikkje ser noka hensikt i å skrive for barn og ungdom lenger. Dei har uansett slutta å lese. Dei kan ha rett, i alle fall viser alle undersøkingar at det blir lese stadig mindre.

Vi veit også som vaksne kor avhengige vi er av teknologisk formidling, kor nært knytte vi er til mobiltelefon og iPad og det innhaldet vi kjapt kan tileigne oss, men kanskje like kjapt gløyme. 

Det er meiningslaust å bannlyse teknologien, eller få skuldkjensle berre ungane våre rører iPaden. Men vi kan ha ei reflekterande haldning og bevisstgjere oss sjølve på korleis vi bruker dei ulike mediene og kva vi meiner er ein bra balansegang for oss sjølve og barna.

Eg meiner vi kan ha to tankar i hovudet på ein gong: det som handlar om teknisk lese- og skrivekompetanse, det instrumentelle, er ei sak — sjølve forteljinga ei anna. Forteljingane, dei som er med på å gjere oss til den vi er, som får oss til å setje oss i andre sin stad, utviklar empati, opnar for mangfald — desse forteljingane kan gjerne opplevast også gjennom andre medier enn boka.

Derfor jatakk til både papir og teknologi.

Teknologien opnar for mange nye, spennande måtar å formidle forteljingar på, som forfattar leikar eg meg meir enn gjerne med forteljingane mine på slike måtar også. Eg vil likevel ta vare på boka og forteljinga i form av ord.  

Men skal vi ta vare på sjølve orda og språket i forteljinga krev det ein ekstra innsats. 

Ei utfordring

Om vi meiner det har ein verdi, må vi forvalte, gi plass — og bruke orda og språket. 

Utfordringa er til meg og deg, vi som er vaksne omsorgspersonar: la oss legge vekk mobiltelefonen litt. La oss finne fram orda — anten frå ei bok, eller frå hovudet, kanskje frå våre eigne minne. Bruke tida som må til for å hjelpe poden med å halde motet oppe når lesekoden skal knekkast. Orientere oss om det som finst av forteljingar og bøker — plukke frå det rike mangfaldet som alltid har vore der, og det nye som kjem. Vere med på å gi barn opplevingar dei kan hugse heile livet, slik vi kanskje sjølve gjer med spesielle forteljingar og bøker.

Sjølv hugsar eg enno godt forteljingane morfaren min fortalde meg for seksti år sidan, opplevingane eg hadde med bøkene som blei lesne for meg, og som eg sjølv las om landskap, bilde, hendingar, monster og heltar som har vore med meg heile livet.

Bodskapen min er: ha tru på formidlinga di, del anten dine eigne forteljingar eller andre sine. Del dei med barna, ta deg tid, ha mot til å trosse trongen til dei enklaste løysingane ei stund. Bruk dine eigne ord, eller andre sine, men bruk ord! Fortel om det du sjølv har opplevd, eller lag skrøner, om du vil, men fortel! Om du ikkje føler for å fortelje dine eigne historier, kan du plukke på øvste hylle av alt det som er skrive før og no. Fortel eller les når de går på tur, når de køyrer bil, ved bordet — eller ved bålet. Det finst alltid eit godt høve om du kjenner etter. Då gjer du både deg sjølv og barna ei stor teneste. 

Vel møtt rundt leirbålet!

Publisert på

Kulturarven – ei kjelde til stadig nye mysterium

Gamle gjenstandar og fråflytta hus generelt, og gamle bøker spesielt har alltid hatt ei eiga tiltrekkingskraft på meg. Det er som om dette gamle har si eiga sjel, ein eigen estetikk. Å kjenne lukta, røre ved dei slitte flatene, lese dei vakre gotiske skriftteikna  – det skjerpar sansane, og fantasien får rom. Desse bøkene og gjenstandande kan også vere ein bindeled til dei eldgamle forteljingane frå dei tidlegaste tider: mytestoffet, legendene, segna.

Ofte har eg brukt desse gamle skattane i formidlingsarbeidet saman med barn og unge. Historier blir skapt – ei perlekjede av rørande, spennande, merkelege, finurlege, triste og glade historier.

Mine eigne historier og bøker har også utgangspunkt frå denne skattekista. Bøker, fotoalbum, brev, dokument, eller bruksgjenstandar skapt med kjærlege hender. Eg blir nysgjerrig når eg ser, kjenner og luktar desse —  personar, hendingar, gøymde gåter kjem til liv.

I alle bøkene mine der ei spenningshistorie er berande element, er inspirasjon og idé henta frå slike gamle kjelder.

Nokre gonger er det ein spesiell gjenstand som rører ved «fantasimuskelen», andre gonger kan eg komme over ei spennande historie, ei legende, ei myte – meir eller mindre tilfeldig.

Då Tarjei Rypdal Eide og eg gjekk i gang med vårt første samarbeidsprosjekt Birger’s odyssé, var det tankar og idéar rundt fabeldyr som var utgangspunktet. Men under dette arbeidet hadde sonen min pappaperm, og var heime ein tur med vesleguten sin. Han er arkeolog, og sjølvsagt godt forankra i historiske verdiar. Han gjekk i gang med å arkivere mengder av brev familien har tatt vare på. Mellom anna brev frå oldefar hans,  Ole Halås sine reiser i Sydishavet som maskinist på ei kvalfangstskute. Ole, som altså var min morfar, er han eg har snakka om før: fiolinist, diktar, teiknar, tre-og beinskjærar – og ikkje minst: forteljar. Det blei mange seine kveldar med spennande lesing, og eg fann fort ut at dette kunne brukast i historia om Birger. 

Etterkvart som historia tok form blei ho som ein «hommage» til morfar Ole og det han hadde overført til meg av skattar: opplevingane hans, legendene, mytene. Slik fekk også den greske myta om Odyssevs plass i boka. Denne over tre tusen år gamle forteljinga som morfar fortalde meg då eg eg var lita, og som sidan har vore spikra fast i minnet. Sitat frå breva hans blei brukt direkte, morfars eigne utskjeringsarbeid i kvaltenner – ei forankring i det verkelege, konkrete i samspel med den meir fantastiske historia som Birger i boka opplevde — eller skapte i sin fantasi.

Eg hadde ikkje ein bevisst tanke då om at alle bøkene mine skulle ha ei forankring i noko som batt saman fortida med notida — men slik har det blitt. Sikkert fordi desse sirklane i historia er viktig for meg sjølv, noko som hjelper meg til å sjå heilskap i tilværet, sjå at vi, trass i vår eigenopplevde, unike ståstad,  er små bitar i verdas mangfald av historier. 

Amulettmysteriet var det ei legende frå den tida eg budde i Kongo som blei utgangspunktet for historia. Ei lita maske, ein amulett stor nok til å ligge i handflata, fekk plass i denne legenda, ei forteljing som hadde gått frå den eine til den andre gjennom generasjonane heilt frå den tida det blei henta slavar frå dette landet.

Saman med eit nytt mysterium om diamantsmugling, knytt til Kongo, blei dette første møtet med Anna, Kaspar, Siri og Erik.

Det gamle slottet, også om Anna og Kaspar, hentar inspirasjonen frå den vesle franske middelalderlandsbyen ved Middelhavet: Haut de Cagnes. Researchen her handla om Grimaldifamilien som under den franske revolusjonen eigde og budde i slottet, staseleg plassert øvst i denne borgbyen, med utsyn over by, land og hav. Den franske revolusjonen inneheld mengder av dramatisk stoff, nesten umuleg å ikkje bli berørt av, umuleg å ikkje dikte vidare på. Då eg besøkte denne borgbyen og var på ei kunstutstilling i slottet, blei eg merksam på eit gammalt maleri av eit flygande esel. Dette maleriet handla om ei gammal legende – og måtte få plass i historia. Slik blei eit nytt mysterium også her kopla på historiske hendingar frå revolusjonstida.

SONY DSC

Kodemysteriet handlar om ein av mine store favorittar, eit uløyst mysterium som mange forfattarar har brynt seg på opp gjennom tidene: Voynich-manuskriptet. Dette gamle dokumentet er det ingen som veit kva handlar om, ingen har knekt dei merkelege kodane som skal til for å forstå denne boka. Men i denne Anna & Kaspar-boka er det nøkkelen som blir funnen, nøkkelen til å løyse koden. Dette mysteriet blir kopla på året 1497 i Italia, og trykkpressa til Aldo Manuzio. Fleire kjende historiske personar og hendingar dukkar opp, mens Anna & co i notid samarbeider med venene sine i New York.

Slike plot-puslespel triggar fantasien min — det ser det ut til at andre også liker, sidan boka sel godt. 

Kanskje det må komme ein oppfølgjar som fortel kva nøkkelen er god for – kva Voynich-manuskriptet eigentleg handlar om?

Tippoldefar Jakobs julekort er eit juleeventyr, eit kapittel for kvar dag i desember fram til jul. Opp gjennom åra har eg laga mange teaterforestillingar med og for barn ved juletider. Denne historia har plukka element frå fleire av desse forestillingane, men hovedelementet er ein bunke med gamle julekort i familiens eige. Kvart kort eit lite kunstverk i seg sjølv, mange av dei godt over hundre år gamle. Desse korta blei førande for historia, nydeleg bearbeidd av illustratør Tarjei Rypdal Eide, sett inn i eit art deco-tema gjennom heile boka. Eit kort, ein illustrasjon for kvart kapittel. Også i denne boka er gamle segner og legender bakteppe, det blå folket, dei underjordiske som kunne vise seg i blåtimen.

Boka kom ut i 2019, men får ekstra fokus i år, då boka har gått til scena. Gjennom seks forestillingar dei tre første helgene i advent, får vi bli med på den spesielle jula Sivert og Jenny opplevde.

Klokkemakar Alfreds mysterium, illustrert av Tarjei Rypdal Eide, er også fylt med møtet mellom fortid og nåtid, kjærleik til historie, til folk som verkeleg har levd, til venskap og til forteljinga. Også her er det verkelege hendingar frå historia, konkrete minne og gjenstandar som har vore til inspirasjon: grandonkel Alfreds gamle hus, interessa hans (og mi) for klokker og klokkene som fins i familiens eige, kvar med si eiga historie, brev og dokument frå tidlege tider i mi eiga slekt. 

Eg blei også fullstendig opphengt i den spennande historia om den franske dronninga Marie Antoinettes to forsvunne klokker, som eg tilfeldigvis kom over då eg dreiv research på klokkemakarkunsten gjennom tidene. Dermed  måtte historia om desse to klokkene bli sjølve mysteriet boka handla om.

Den fjerde boka om Anna & co, Mysteriet ved Hangman’s Hill, følgjer same tradisjon som dei andre bøkene: ei gammal legende eg kom over var så spennande at eg berre måtte bruke ho på eit eller anna vis. Denne legenda, saman med brev, gamle fotoalbum og dagbøker frå mine eigne slektningar som i si tid reiste ut for å søke lykka, eller for å overleve, blei kopla saman til denne historia som fører oss til forrevne, bratte klipper i England, til tragiske hendingar som ligg gøymt og gløymt i historia, og som no dukkar opp igjen når Anna og venene er på vinterferie i England.

Det er altså ikkje tvil om kva som er inspirasjonskjelder i historiene mine — dei to neste bøkene lover det same: den eine går føre seg stort sett i Oslo, med forgreiningar til hendingar på 80-talet, og ein mystisk gjenstand. Den andre fører oss til Sør-Afrika og arkeologiske utgravingar. Eg koser meg med arbeidet, og gler meg til å dele også desse historiene – når dei blir ferdige.

Publisert på

Julemessa «glapp» – men her er alternativet!

Hausten er den beste årstida, synest eg. Fargane, den klare, skarpe lufta, dei nordvestlandske stormane… Kaspar-hunden og eg ute i all slags vêr – inn og fyre på peisen, lese skrive – og kjenne på komande julestemning…Men sidan eg brakk foten både grundig og vel for litt sidan, blir ikkje denne hausten heilt slik eg hadde tenkt.

Ein av konsekvensane er at eg ikkje kan stille opp på dei koselege julemessene som er rett rundt hjørnet. Det er alltid så fint med den lune julestemninga, å kunne slå av ein bokprat med kjende og ukjende – og til og med få avsetning på nokre bøker. 

Dette året får julemessa mi gå føre seg heimafrå!

Eg bruker å setje ned prisen på nokre av bøkene på slike messer – «julegåvevenlege prisar», som det heiter. No blir det «julegåvevenlege prisar» frå heimesida mi!

På www.olla.no finn du prisar, omtaler, terningkast, bakgrunnstoff og leseutdrag på alle bøkene, om du skrollar deg litt nedover – både Audbjørg Gjerde Lippert sine bøker, og mine.

Å kjøpe bok frå oss er enkelt: registrer namn og adresse på www.olla.no, om du vil, eller bruk Vipps: 127189, eller send meg ei melding på anna vis: sms 91519878, messenger, Facebook, Instagram…

Bøkene frå Olla forlag finn du ikkje i bokhandlane – med unntak av ein: Notabene Vestnes. Vi er veldig glade for å vere representert i vår lokale bokhandel. 

Bøkene kan sjølvsagt tingast gjennom andre bokhandlar, men sidan kostnaden er stor for eit lite forlag, grunna rabattordning og porto, sender eg berre ut til bokhandlane om nokon ber om det. Då gjer eg det så gjerne. 

Derfor må du kontakte meg direkte for å skaffe bøker frå Olla Forlag.

Sidan eg no likevel sit her med foten min i vêret, får du dette året eit ekstra tilbod: eg kan pakke inn bok-julegåva di for deg! Gjerne skrive ei helsing i boka, med til/frå-lapp, om du ønskjer – utan ekstra kostnad for deg. Kanskje det kan vere til hjelp for nokon som sit i tids-klemma og har meir enn nok med å få døgnet til å gå opp med alle gjeremål.

Eg har alltid kjent det slik at sjølve innpakkinga er ein del av gåva: fint papir, band, dekorering – slik at akkurat den eine gåva blir spesiell, allereie før ho har blitt pakka ut. Slik kan ein med ei bokgåve få fleire lag med oppleving for mottakaren.

Kjøper  du fleire bøker, lagar eg gjerne ein gåveboks, vakker både på innsida og utapå.

Med ønske om ei koseleg, hjartevarm førjulstid frå Olla.

Publisert på

Ein femkløver til deg som hatar nynorsk!

For nokre år sidan fann dotter mi ein femkløver. Han blei liggjande i press under ei tung krukke her heime. «For ei lykke!» tenkte vi alle.

Femkløveren blei gløymd, heilt til eg her ein dag skulle flytte på den tunge krukka. Dottera mi og eg hadde ein liten samtale rundt denne gløymde femkløveren og kva lykke han kan ha ført med seg. For mens ein firkløver gir lykke utan atterhald, er det noko meir komplisert med ein femkløver. Her må finnaren, eller eigaren – eg har nemleg no fått eigarstatusen til dette vidunderet – i følge folketrua komme med ei motyting for at lykkekrafta skal slå til. Ein må kvitte seg med ein fordom eller to, så skal hell og lykke blomstre!

«Audå», tenkte eg då eg fekk vite dette, eg som nettopp hadde tre ferske, vonde brot i foten, avlyste turnéar i hopetal og mykje moro sett på vent i ubestemt tid framover. Ikkje topp lykketreff der, kanskje. 

Dermed var det berre å gå i seg sjølv. Kunne eg ha nokre uoppgjorte fordommar, tru? Eit og anna som hindra hell og lykke?

Eg kom til at eg slett ikkje er fri for denslags, eg heller. No har eg tatt nokre rundar med meg sjølv, mjukna litt i kantane kanskje, der nokre av fordommane var ekstra bastante, og eg trur også eg har blitt kvitt nokre. Dermed er eg klar for all lykka femkløveren no vil drysse nedover meg.

I det same kom eg på at eg vil gje ei femkløvergåve til fleire! Om vi tenker etter: å kvitte seg med fordommar kan føre mykje positivt med seg, også om ein ser bort frå det som har med magi og gammal folketru å gjere. 

Du som les dette skal nok få den mentale femkløvereren frå meg uansett kva fordom du vil kvitte deg med – men den største, blankaste, gjevaste femkløveren skal du få , du som hatar nynorsk, og likevel tar ein runde med deg sjølv om kvifor du gjer det. Kven veit, kanskje du endrar meining?

Her er all lykka du skal få med meg, eller femkløveren, om du vil, om du vil gje nynorsken ein sjanse:

  • Du får oppleve utruleg mange fine, spennande, morosame, finurlege, triste, glade, fantastiske historier – historier du elles ville ha gått glipp av, sidan du aldri kjem til å få akkurat desse servert på bokmål. 
  • Du utvidar ordforrådet ditt, kanskje du til og med finn ut at det norske språket har riktig gode erstatningar for engelske ord også!
  • Du opnar opp for å forstå kva folk rundt omkring i heile det langstrakte landet vårt seier. Nynorsken hentar frå langt fleire dialekter  enn du kanskje var klar over. Kommunikasjon er stikkordet!
  • Du utvidar hjernekapasiteten!
  • Om du er vaksen og les eller kjøper ei god nynorskbok til eit barn: du gir same gåvene som i punkta over til dei. Vinn-vinn!
  • Dessutan er det slik at barn på skulen MÅ lese nynorsk. Kvifor ikkje sørge for at dei får lese gode, nynorske bøker som gir dei gode opplevingar? Dropp dine eigne dårlege erfaringar frå då du var liten – la barna sjølve få gjere seg opp ei meining.

Lykke til med femkløverlykka – og takk for at du tar ein nynorsk tankerunde! 

God, humoristisk, smilande helg!

Publisert på

Dei gode omtalane held fram!

Omtalen under kjem frå nynorskbok.no, skriven av Anne Marta Vinsrygg Vadstein. Det kjennes bra når ei slik anbefaling kjem frå boktipsa frå Nynorsksenteret! Tusen takk!

«Som tittelen tyder på, er dette ei spennande forteljing med røter i England. Vi får møte Anna og vennene Siri og Erik, som hjelper til med opprydding i det gamle feriehuset på Vargholmen. Der finn dei eit uskarpt, gammalt svart-kvittfotografi av eit landskap, eit stup ved ei klippe. Bak på biletet står det Hangmanʼs Hill, og dei vert nysgjerrige på å finne ut meir om staden og bakgrunnen for biletet. Saman med fotografiet finn dei også gamle brev, adresserte til ei Martha, underteikna Betsy. Breva er sende frå Combe Martin i 1906, og dei skjønar raskt at det handlar om eit gammalt, uløyst mysterium. Dei tre går i gang med å grave i historia og får verkeleg fart i sakene då foreldra til Anna går med på å reise til England på vinterferie, og Siri og Erik får bli med.

Mysteriet ved Hangmanʼs Hill vekslar mellom 2018 og 1906 på ein måte som eignar seg godt for unge lesarar. Forfattaren dveler ikkje for lenge ved kvar scene, noko som gjev god driv i forteljinga. Forteljinga er fantasifull og dramatisk, men ikkje for altfor skummel for målgruppa. Dette, saman med eit daglegdags språk og litt større bokstavar enn mange romanar har, gjer at det er relativt enkelt å kome inn i handlinga og bli der.

Boka eignar seg godt for 9–12-åringar, og elles alle som likar å drøyme seg vekk til forblåsne klipper og spennande mysterium.Dette innlegget vart lagt inn  av Anne Marta Vinsrygg Vadstein i 9–12barnebøkerspenningsbøker

Publisert på

Flott omtale av «Mysteriet ved Hangman’s Hill» Karakter 5+

Det er så hyggeleg med gode omtaler! Her skriv «Bok til poden» Norsklærerens anbefalinger om «Mysteriet ved Hangman’s Hill» – og gir terningkast 5+

Norsklærerens anbefalinger, Ann Hilde Bolstad:

Mysteriet ved Hangmans Hill av Olla Rypdal.

Jeg har aldri vært fan av krim og mysterier i bokform, det er bare ikke min sjanger. Men etter å ha lest “Mysteriet ved Hangmans Hill”, må jeg nok revurdere hele greia. For denne boka er jeg glad for at jeg leste!

Historien starter med Martha, og hennes siste timer på et gods i England på tidlig 1900-tallet. Vi får vite at hun planlegger å reise hjem til Norge i full fart, uten engang å fortelle det til sin beste venninne. Det er noe som har skjedd… Hva som har skjedd, prøver Anna, Siri og Erik å finne ut – i nåtid, over hundre år etter. Det starter med at de finner brev etter Martha + et halvt bokmanus i et skrin. Forfatteren tar oss med til godset Martha jobbet på, i vinterferien til Anna, Siri og Erik. Og da blir det spennende. Det viser seg at flere hemmeligheter er vevd inn i dette ene mysteriet, både i nåtid og fortid.

Boka er skrevet på nynorsk. Og det er bra! For når bokmålsbarn uansett må lese nynorsk på skolen, er det gull at det finnes bøker av ypperste kvalitet, på begge målformene. Jeg synes boka er intelligent skrevet. Den passer som “lese selv – bok” for 9- 12 åringer. Men den passer også utmerket som høytlesningsbok. For den er ikke barnslig. Tvert imot tror jeg mange foreldre vil ha like lite lyst til å legge den fra seg som ungene har 😊

Boka er strippet for dilldall og langtekkelige skildringer. Likevel begynte jeg å drømme meg bort til gamle engelske gods, slott og den slags. Mulig det blir en vinterferie til Hangmans Hill om ikke så alt for lenge … Boka er rykende fersk. Den kom ut i august (2021) på Olla forlag. Anbefales!Karakter: 5+

Publisert på

Tippoldefar Jakob til scena!

Det er skikkeleg stas når det skjer: boka skal til scena! 

Saman med dei kreative, dyktige samarbeisvenene mine Elsa Rypdal, Mette Mjelve og Gunnar Rafteseth har idéen blitt arbeidd med ei stund. Vi har hatt improvisasjonsverkstader, drøfta kostymer og musikk, øvd og tilrettelagt. Forestillinga tar form, og vi gler oss!

Vi har til og med fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune til dette prosjektet  – ein ekstra boost og inspirasjon. Tusen takk!

Boka har blitt godt mottatt, med gode omtalar og terningkast 5. Les gjerne meir om boka i tidlegare innlegg på www.olla.no

Forestillinga er tru mot boka og følgjer hendingane kronologisk. Formidlinga er enkel og forteljarbasert med musikalske innslag, lydkulisser, enkelte tetatersekvensar – der vi også eit par gonger hentar opp barn frå salen til å vere med litt i handlinga. Dei stemningsfulle illustrasjonane frå boka av Tarjei Rypdal Eide følgjer historia.

Sjølve historia handlar om Sivert og Jenny. Dette er baksideteksten på boka:

Sivert og Jenny er søskenbarn. Dette året skal dei feire jul saman med foreldra sine på den vesle familiehytta på fjellet.

Ved bålet om kvelden fortel dei vaksne historier frå gamle dagar, om den tida då folk trudde det fantes både tussar og troll. Dei fortel også om Jakob, tippoldefaren til Sivert og Jenny, som hadde bygd hytta for lenge, lenge sidan.

Den første kvelden, då dei to barna har lagt seg på hemsen, leikar dei seg med å lage rare skuggar på veggen med lommelykter og hendene sine. Det er då dei oppdagar eit skjult skap i veggen. Dei klarer å opne skapet, og ser at det ligg noko der inne.

«Sjå på dette!» utbryt Jenny og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere gamle, gulna julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt desse her?»

Dei blar i korta, nokre er over hundre år gamle, det kan dei sjå på poststempelet. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys. 

«Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kvelden, skimtar dei ei rask rørsle rett utanfor vindauget. Dei kikar ut begge to, men ingen ting er å sjå. 

«Eg syntest så tydeleg eg såg nokon der ute», seier Jenny.

«Eg òg», svarer Sivert. «Men korleis kunne nokon vere utanfor vindauget? Det er då langt ned til bakken?» Det kan ikkje Jenny svare på.

Etter kvart sovnar dei. Det dei ikkje veit, er at dei snart skal vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om!

Kvar dag fram mot jul blir vi med Sivert og Jenny på eit spennande eventyr der dei gamle julekorta spelar ei viktig rolle. Eit eventyr fylt med nostalgi og god julestemning.

Forestillingane skal gå føre seg på Hageverkstedet kulturscene, Hagnesvegen 78, Vestnes. 

Denne gamle verkstaden er gjort om til ei intim, lita scene – full av raritetar og krimskrams – eit eventyr i seg sjølv. Det er berre plass til 50 personar i salen, derfor har vi lagt opp til heile 6 forestillingar, laurdag og søndag dei tre første helgene i advent. Alle forestillingane startar kl 16.00.

Billettprisen er kr 150,-. Søk opp «Tippoldefar Jakobs julekort» på Tikkio.com  og kjøp billettar på den forestillinga som høver. Det er seks arrangement med kvart sitt tidspunkt.

Forestillinga har si eiga Facebookside:

https://www.facebook.com/Tippoldefar-Jakobs-julekort-ei-førjulsforestilling-148253034057254/

Her legg vi ut bilde, filmsnuttar og  info i tida fram mot forestillingane. Følg oss gjerne!

Publisert på

Gode omtaler av «Mysteriet ved Hangman’s Hill»!

Når ein er ferdig med ei bok og skal sende ho ut i verda, trur eg mange forfattarar kjenner det på same vis: ein er sjølvsagt letta for å vere ferdig, men så er det dette med om nokon vil lese boka, om dei vil like ho, og ikkje minst, kjøpe ho?

Eg for min del er slett ikkje jublande glad når boka er ferdig – heller tom. Eg vil snarast råd i gang med den neste historia eg vil fortelje.

Men så kjem tilbakemeldingane – og humøret stig. 

Til no har tre bokbloggarar skrive om «Hangman’s Hill:

Henning Bokhylle: 

https://miniblogg.no/henningbokhylle/129226/olla-rypdal-mysteriet-ved-hangman-s-hill.html

Utdrag frå omtalen:

«… 

Mysteriet ved Hangman’s Hill er bok nr. fire i serien om Anna og vennene hennes, samt hunden Kasper. Dette er ei bok for beregnet for barn i alderen 9-12, men kan nok fint leses av både yngre og eldre barn også. Boka er fin for de som vil ha mysterium og spenning.

Anna har, som kjent fra tidligere bøker, en tendens til å havne opp i mysterier. Det er ikke noe unntak denne gangen heller. Sammen med vennene Siri og Eirik finner hun et gammelt skrin på loftet. Når de undersøker det, ser de at det inneholder gamle brev og bilder som har tilhørt en gammel slektning av Anna. De skjønner at noe har skjedd, og dette mysteriet vil de løse!

Anna overtaler foreldrene til å dra på ferie til det stedet i England som det står om i brevene de fant. Når de er kommet til England og begynner å nøste i mysteriet, dukker det opp flere spennende ting, og etter hvert fører jakten på svar dem i fare.  Nye mysterier dukker opp. Har de noen sammenheng? Det blir en mer farlig og spennende jakt enn de hadde sett for seg, og de havner i flere farlige situasjoner.

Nok en gang har forfatteren skrevet ei bra bok. Hendelsene foregår i 1907 0g 2018, og hun er flink til å binde fortid og nåtid i sammen. Boka er skrevet på nynorsk, i et språk som passer fint til aldersgruppen den er beregnet på. Jeg har lest alle bøkene i serien, og likt dem jevnt over bra. Det er kjekt å følge utviklingen til Anna og vennene hennes, de har blitt modigere og modigere for hver bok.

Er du på jakt etter bøker med spenning i til barn, er derfor disse bøkene å anbefale! Olla Rypdal skriver gode bøker som fortjener flere lesere, og er helt på høyde med langt mer kjente forfattere.  Du får alt en spenningsbok for barn skal inneholde, samt et mysterium å løse.

Boka passer til alle, selv om den er spennende, så er den ikke for brutal.

Ei bok jeg anbefaler sterkt videre til alle leseglade barn.»

Omtale frå Hverdagsnett.no:

https://hverdagsnett.no/index.php/boktips/krimboker/1564-mysteriet-ved-hangman-s-hill

Her er eit utdrag:

«…Anna er på loftet og leter i gamle ting, sammen med vennene Siri og Erik. Der kommer de over et skrin som inneholder gamle bilder og brev. Det viser seg at skrinet har tilhørt en slektning av Anna, Martha. Da de leser brevet aner de at noe har skjedd, og det vil de finne ut av. Anna overtaler foreldrene om å dra på ferie til England hvor Martha bodde en kort periode. Der dukker det opp enda et mysterium.

Dette er en spennende ungdomsroman som veldig lett å lese. Den passer også for voksne som liker å lese lette historier uten ekle detaljer.

Boka er satt med stor teksttype, og den er skrevet på lettfattelig nynorsk.

Boka er den fjerde i rekken, men historiene er avsluttende, så det går fint å lese alle sammen uavhengig av hverandre.

…»

Omtale frå Bokblogger.com:

Her er eit utdrag: 

«…

Rypdal drar leseren rett inn i handlinga, då det er umiddelbar spenning og mystikk i boka. Eg likar måten ho brukar gamle og arvede ting i boka. Forfedre som har skrevet ned sin livshistorie i skrivebøker skal få vekket sin historie, over 100 år etter av nokre 12-åringer. Ein spennende tanke, der fortid og nåtid møtes i hendene til nokre barn. 

Rypdal nyttar enkle, men gode personskildringer. Ein finn ikkje lange utbroderende detaljer, men nyttar heller eit språk som barn kan forstå og assosiere ting med. Dette skaper eit godt bilete av personer, også for barna. Romanen er skrevet om barn, for barn, og her har forfattar gjort ein god jobb med å vinkle språket ned på barnenivå.

Dette er ein roman med mystikk, litt action (uten at det blir for skummelt), spenning og ein god dose detektivarbeid. Her trengs det eit godt samarbeid mellom barna, kloke hovuder og litt mot og stå-på-vilje for å løyse saken. Syns også det er artig å lese om dynamikken mellom Anna og hunden Kaspar. Kaspar fylgjer barna nesten over alt, og er eit friskt innslag i romanen.

Eg liker progresjonen hovedkarakterene har i bøkene. Dei lærer, vert modigere og modigere, og skaffar seg erfaring frå tidlegare saker dei har løyst. Anna er litt forsiktig og lovlydig av seg, men blir stadig dratt ut av sin trygge komfortsone av sine to vener. 

Mysteriet vert meir og meir spennande og interessant, og barna kjem opp i fleire farlege situasjonar. Likevel er det tid til latter og moro. Eg synes det er befriende å lese ei slik bok, utan at det er dei store overdrivelsene eller dei voldsomme actionscenene. Rypdal har tonet det ned, men likevel klart å beholde eit godt og spennende driv i forteljinga, utan at borna kjem til å miste nattesøvnen av boka. 

Olla Rypdal viser nok ein gong sin eminente forteljarstemme for born med «Mysteriet ved Hangman’s Hill». Sjekk ut bøkene hennes om Anna og venene hennar. Dei fortjener ein stor leserskare, og denne boka kan eg lett anbefale vidare.»

Publisert på

«Mysteriet ved Hangman’s Hill» er rett rundt hjørnet!

Boka blir trykt i ei PrintOnDemand-ordning, så det ville vere til god hjelp om dei som er interessert i å kjøpe boka kan gje meg eit hint på førehand! Då slepp eg trykke opp for mange bøker, og du får boka så snart ho er her!

Mysteriet ved Hangman’s Hill er den fjerde boka i serien om Anna og venene hennar. Bullterrieren Kaspar, som rett som det er kjem ut for trøbbel, men også reddar mange situasjonar, er med denne gongen også. Hovudpersonane er i 12-årsalderen, boka er retta mot barn på mellomtrinnet i skulen — men kanskje også for andre som liker ei god historie utan groteske valdsdetaljar ein ofte finn i krim for vaksne.

Eg hadde tenkt det skulle bli med dei tre første bøkene om Anna & co, men så viser det seg at denne gjengen nærast «kuppar» historiene eg skriv for tida, så det blir visst nokre til. 

Bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre. Tida er reell, på den måten at hovudpersonane har blitt eldre gjennom bøkene, utfordringane meir krevjande, og gjengen modigare.

Framsida har fått seg ein «makeover», men det er framleis Tarjei Rypdal Eide som står for design og utforming.

Då eg starta bokskrivingsprosessane var valet av nynorsk målform ei prinsippsak. Nynorsk er underrepresentert innanfor roman- og spenningsboksjangeren for barn og unge, både i norsk og omsett litteratur. Det er naturleg for meg å skrive nynorsk,  hjartespråket mitt, på same måte som eg veit at det er viktig for mange barn og unge å få bekrefta og verdsett målforma si gjennom bøker dei les. Mangfald er viktig for kulturell identitet og det å høyre til, også når det gjeld språk.

Eg ønskjer ofte å knyte band mellom tidlegare tider og notida i historiene mine, slik er det denne gongen også. Eg har tatt vare på mangt og mykje frå slektningar langt bakover i tida, og rett som det er finn eg noko fantasien kan spinne rundt. Denne gongen var det gamle brev, dagbøker og ein nøkkel som blei inspirasjonskjeldene. Då eg samtidig kom over ei legende om ei hending ved klippene Hangman’s Hill i ein engelsk kystby, tok plottet form.

Baksideteksten på boka:

På loftet i det gamle huset på Vargholmen finn Anna, Erik og Siri nokre gamle, gulna brev, skrivebøker og ein rusten nøkkel innpakka i ei engelsk avisside frå 1907.

Det dei har funne blir viktige spor i utforskinga av eit lenge gøymt og gløymt mysterium, då dei seinare reiser på vinterferie til England. 

Det skal vise seg at gamle, uløyste mysterium også kan føre nye med seg.

Kva kan dei uforklarlege, mystiske opplevingane deira på eit dystert, gammalt gods ha med både det gamle og det nye mysteriet å gjere? 

Snart er dei midt oppi hendingar som både er i overkant spennande —  og farlege.

Spora fører dei til stupet ved Hangman’s Hill…

Tekstutdrag frå kapittel 8:

Mysteriet ved Hangman’s Hill — tekstutdrag frå kapittel 8:Combe Martin, tysdag 19. februar 2019

Dei tre venene hutra litt der dei stod bak ein stor rhododendronbusk. Kaspar trippa utolmodig. Han snusa i vêret, han rekna nok med at Lizzie var i nærleiken.

For litt sidan hadde Annas foreldre sett dei av ved porten før dei køyrde vidare.

«De er heilt sikre på at dette er greitt? De klarer dykk utan oss?»

«Kva med Chris?» sa Anna. Ho strauk Kaspar over ryggen så han skulle halde seg i ro. «Skal vi fortelje han om dette?»

«Nei, det er for risikabelt», meinte Erik. «Han vil sjølvsagt ikkje gjere noko som Jennifer og Steven ikkje ville like.»

«Vi får improvisere!» sa Siri.

Dei dukka lenger ned bak busken mens Landroveren køyrde forbi og ut gjennom porten.

«Kysten er klar!» sa Erik.

«Skal vi ta nøklane frå skapet i gartnarhuset?» spurde Siri.

«Er du galen, vi kan då ikkje berre gå inn og rote rundt der inne – det ville vere skikkeleg frekt!» sa Anna forskrekka.

Erik smilte. «Er det ikkje frekt å snike seg inn på eit framandt loft også?»

«Men det  eg berre!» sa Anna. «Kom, vi ser på baksida!» 

På den andre sida av huset var det ein stor frukthage og mange forskjellige buskar og tre. Epletrea såg gamle ut, der dei med dei krokete, bare greinene stod sprikande opp mot huset. Midt på husveggen gjekk det ei trapp opp til ein veranda. Anna gjekk opp trappa og tok forsiktig i dørhandtaket på den store, kvite døra. Døra var ikkje låst! 

Ho ga tommel opp til Siri og Erik som stod spent nedanfor verandatrappa. 

«Ok, vi går og ser om Chris er i stallen», sa Erik. «Eg kjem opp på loftet rett etterpå!» Dei forsvann rundt hjørnet på huset i retning stallen. Kaspar var allereie forsvunnen på leiting etter Lizzie.

Forsiktig gløtta Anna inn gjennom døropninga. Døra førte rett inn i ei av dei store stuene med gamle møblar dei hadde vore inne i før. Anna kjende seg igjen frå då Jim hadde vist dei rundt, men ho hadde ikkje lagt merke til verandadøra då. Ho høyrde ikkje ein einaste lyd, ingen lys var tent, og dei tunge, grå skyene på himmelen slapp ikkje stort av dagslyset inn gjennom vindauga. Det var som om heile rommet var dekt av eit grått skuggeteppe. Då ho lista seg forsiktig gjennom rommet, kjendest det som dei gamle forfedrane i Cavehillslekta følgde henne med auga frå dei store portretta på veggane. 

Anna kjende eit stikk av dårleg samvit. Det var ikkje så fint gjort å lure Chris på denne måten, han som var så grei mot dei. Men ho måtte finne ut om noko som hadde høyrt Martha til, var på loftet.

Det knirka vanvittig i trappa. I etasjen over var alle dørene lukka. Ei mykje smalare, brattare trapp førte vidare opp til loftsetasjen. Der trappa enda, var det ei brun dør. Ein stor nøkkel stod i låsen, men då ho tok i døra, kjende ho at ho var ulåst. Ein skarp, skrikande lyd frå rustne hengsler tyda på at denne døra ikkje blei så ofte brukt. Anna kjende at hjartet slo hardt. Lukta av støv og elde reiv i nasen. Ho vrei på ein lysbrytar ho fann rett innanfor døra. Det kalde lyset frå to nakne lyspærer hengjande ned frå taket skar i auga. Loftet var ikkje innreidd, langs veggar og tak såg ein rett inn på stolpane og bærebjelkane. På golvet var det lagt ut plankar. Loftet strekte seg over heile huslengda, med små vindauge utbygd i taket. Takhøgda var lav innmed veggane, men midt i loftsrommet kunne ho stå godt oppreist. Edderkoppspinn og støv låg som eit lok over alt som sto stabla i haugar. 

Anna tende lommelykta på mobilen sin, men sukka oppgitt då ho lyste innover i rommet. Det var så mykje!

Vindauga var omkransa av spindelvev. Ein diger edderkopp kravla seg fort i dekning då lufttrykket frå Annas kjappe rørsler fekk spinnet til å vibrere. Men Anna brydde seg ikkje om ein edderkopp, om han var aldri så stor og glinsande.

Ho børsta vekk støvet med handa. Opna kiste etter kiste. 

Ho såg bak mot døra. Kor blei det av Erik? Han skulle då komme og hjelpe henne med å leite? Kanskje han hadde blitt med på ridetur likevel? Kanskje han ikkje skjønte at Siri og Chris helst ville ri åleine, berre dei to?

Då ho løfta vekk to kasser ho allereie hadde sett oppi, såg ho eit skrin med to bokstavar på loket. M.S. stod det. «Martha Svinøy», kviskra Anna. Ho trekte pusten og tok tak i loket. 

Loket rikka seg ikkje. Skrinet var låst. Men i Annas bukselomme låg den gamle, rustne nøkkelen ho hadde funne innpakka i avispapir i huset på Vargholmen. Ho var så spent at ho skalv på handa då ho prøvde nøkkelen i låsen. Han passa! Ho vrei han rundt, det høyrdest ein knepp, og ho kunne opne loket!

Ein kraftig dunk mot det næraste vindauget avbraut henne. Ei kråke flaksa fortumla vekk, og tunge regnskyer klumpa seg tettare saman utanfor, det hadde begynt å blåse. Greinene på trea borti skogholtet låg flate av dei kraftige vindrossene. 

Anna tok seg inn att og løfta forsiktig opp det som låg øvst i kista, ei skrivebok. Annas hjarte banka fort og hardt.

Skriveboka ho heldt i handa, var kledd i gråpapir, og utanpå stod det skrive med den sirlege handskrifta ho kjende så godt: «Reisen til Artham, nr. 8,  januar 1906.»

Eit kraftig dunk i ryggen fekk Anna til å miste fotfestet. Ho prøvde å ta seg for med hendene, men rakk det ikkje før ho trefte den lave takbjelken rett framfor seg med hovudet først. Så blei alt mørkt.

Publisert på

God sommar!

GOD SOMMAR!

Med vaksine og opning av samfunnet igjen, kjenner eg meg glad og oppstemt. Avtalene for hausten er i boks, planane og idéane poppar opp, eg gler meg til alt det spennande som skal skje! Endeleg skal vi møtast til kulturarrangement, oppleve og ha det kjekt i lag!

Anna- og Kasparboka «Mysteriet ved Hangman’s Hill» er i rute og kjem etter sommarferien ein gong. I rute er også «Nattvogna», som er neste bok ut, truleg neste vår. 

Turnéane med Den Kulturelle Skolesekken er lagt:  «Animert spenning», «Tor med hammaren» og «Laboratorium for finurlege forteljingar» skal få svinga seg godt!

I adventstida skal det skje noko spennande: «Tippoldefar Jakobs julekort» blir forestilling! Det er meint å bli ein årleg tradisjon i førjulstida, og det på verdas koselegaste scene: «Hageverkstedet kulturscene».

Men aller først gler eg meg til å fylle sommaren med leik og moro med barnebarn, turar til fjells og til havs, gode samtalar, god mat, god drikke – og kven veit, kanskje vi til og med får nokre soldagar innimellom! Vêret er elles underordna, for det kan vi ikkje gjere noko med, men uansett er det godt å vere ute.

Sommartid er skrivetid også, sjølvsagt. Eg er så heldig at eg kan skrive kor som helst og når som helst. Men eg veit også at den tida eg ikkje gjer det skapte grann, surrar rundt, lar tankar komme og gå, er i «flyt»-sona — denne tilstanden er den aller beste modusen for å få idéar og vere kreativ! Derfor har eg aldri dårleg samvit for å stire ut i lufta, tenke på alt og ingenting og drøyme meg vekk innimellom. Ein må tole å ha litt rot i hovudet. 

Det skal bli mykje surretid i sommar, har eg tenkt! Berre prøv – det gjer godt!

Kaspar og eg har «styla» bilen  – så vi er klare for kva eventyr som helst! 

Riktig god sommar!

Publisert på

Rapport frå sofa med foten i vêret!

Rapport frå sofa med foten i vêret!

Eg var sjølvsagt fullstendig klar over at ein operasjon i eine foten ville bli ei utfordring. Å sitje «stuck» med beinet høgt, mens verda snurrar rundt utan at eg heng på er ikkje å spøke med, kjenner eg. 

Tre tær har visst fått grundig oppreising, sjølv om det kjennest ut som foten har vore gjennom ei kjøttkvern. Med hovudet mitt forstår eg at tålmod må til, sjølv om resten av meg hyler etter aktivitet.

No var likevel tidspunktet der, då Covid 19  allereie har gjort sitt for å tynne ut i oppdrag og arrangement. 

Når ein har hundar, attpåtil av det livlige slaget,  passar det aldri med fotoperasjon, men likevel ikkje det aller verste tidspunktet akkurat no, då Kaspar er åleine hund for tida. Mannen i huset blei nyleg pensjonist, og kan derfor ta seg av det Kaspar treng av tur og lufting denne perioden (den einaste som plagast av det er ei sur matmor som ikkje får vere med). 

Til neste år må nemleg foten vere tipptopp, for då er det håp om at eit nytt familiemedlem med fire bein kjem heim til oss. Fram til det er også kalenderen i ferd med å fyllest opp  med oppdrag, og nye bøker kan få sine lanseringsarrangement – hipp hurra!

Utfordringa no ligg i å halde ut. Vårluktene fyller hovudet, sola skin så grønskjeret dirrar, fuglane lagar meir lyd enn før, også. Merkeleg kor nært og på same tid fjernt slikt kan vere.

Eg veit at eg er av dei heldige som har tatt avgjerda om operasjon sjølv, og som dessutan har utsikter til å bli bra snart. Eg veit at båten ligg klar til at vi skal kaste loss, eg veit at fjellet ikkje går sin veg, men ventar på meg.

Det gjeld altså berre å gjere det beste ut av situasjonen. Eg kan lytte, skrive og lese! Mengder av webinar, podkastar, kurs og nettdialogar har strøymd ut av maccen min denne tida. Så utruleg mykje flott og spennande dyktige folk deler! 

Skrive har eg også gjort. Eit utkast på den eine boka er hos redaktør, og eg må berre stålsetje meg, så eg ikkje skriv endå ein versjon før eg har lytta til kva redaktøren har å seie. Ramma på den neste boka er også klar. Og sanneleg har ikkje den neste boka etter det også begynt å bryte seg fram.

Men det beste av alt: eg har lest. Eg har alltid lest mykje, men siste åra har evna til å sitje i ro med boka over tid, skranta. Eg har kompensert med lydbøker, for då kan eg faktisk gjere noko anna samtidig. Men no, når foten hyler om fullstendig ro, ja då har eg lest! Bok etter bok i bokstabelen min har gått unna, ført meg ut på reiser der eg har kjent ramsalt sjøsprut, hårreisande gys frå det ytre rom, og vore på kjende og ukjende kontinent – inn i den tilstanden berre ei bok kan føre deg: der orda til forfattaren gjer deg til medskapar med bilda din eigen fantasi kan lage. Og det har skjedd frå min eigen sofa, med beste Kaspar snorkande i armkroken.

Eg les ulike sjangrar, men sidan eg sjølv skriv for barn og unge er det her fokuset mitt har vore no. Dette er bokopplevingar som alle aldrar vil ha glede av. Som ein som pjaskar og skriv sjølv, har ein sanneleg noko å strekkje seg etter!

Det er ingen ting som kan erstatte boka. Statistikkane rasar nedover for boklesinga blant ungdom. Det kan gå mot eit samfunnsproblem, i tillegg til kva det tyder for den einskilde. Tiltak må til på alle plan – men dette kan vi alle gjere (ein treng ikkje ein gong operere foten, faktisk): les, opplev, bli glad, og kanskje litt klokare – og sørg for å ta med barna på reisa!

Publisert på

Bekymringar

Bekymringsminister, det er det eg hadde vore, om eg sat i ei regjering. Trass i alt eg veit om kor lite produktivt det er å bekymre seg, kor stort eit energisluk det er, kor meiningslaust og depressivt det kan vere – likevel sluttar eg ikkje med denne aktiviteten. Eg lovar, er du disponert for bekymring blir det ikkje betre med åra!

Bekymringane mine handlar om alt mellom mikro- og makronivå, mellom himmel og jord, og vel så det. Frå det heilt nære til det overordna storpolitiske: Tankane fyller godt opp i hovudet, enten det handlar om bekymringa for om eg skulle ramle i fart og knuse tenner og briller (noko som faktisk hender, innimellom), eller bekymring for om vi medvetslause menneskevesen skal dyrke fram fleire ravande galne politikarar eller brenne opp regnskogen.

Det har vakse fram ei stor, ny bekymring. Ho har murra i bakgrunnen lenge, men no bryt ho seg stadig fram. Denne bekymringa handlar om ORD. Ord i vid forstand, kva ord gjer med oss og kva vi gjer med ord –  og vil vi i framtida eigentleg vere i stand til å tileigne oss og bruke det skrivne ordet i det heile tatt?

Interessa for orda i forteljingane blei planta i meg gjennom barndomsopplevingar. Morfar Ole var ein meister i fortelje, han hadde både den intuitive og den tillærde kunnskapen om kva som var godt stoff for eit barn. Han hjelpte meg også tålmodig til å knekke lesekoden. Orda skapte bilde i fantasien min, historiene blei levande, og aldri gløymt. Den same kjensla av forventning har blitt med gjennom heile livet: tilstanden, den verda som orda fører meg inn i, og kva nye tankar det kan føre til.

Ute på formidlingsoppdrag ser eg det same skjer med dei unge tilhøyrarane mine som eg sjølv opplevde som barn. Eg ser dei blanke auga, dei gapande munnane, raude kinn – uttrykk som viser at hjerneaktiviteten er i gang, bilde blir skapt om til eigne historier i kvart enkelt hovud. Framleis er det slik, men likevel er noko endra. Konsentrasjonen og fokuset er mindre, tida barna klarer å vere i situasjonen er kortare.

Undersøkingar støtter denne kjensla. Lese- og skriveferdigheitene blant barn og unge går tilbake. Det gjer også konsentrasjonen og evna til å halde ut og å gjennomføre.

Min påstand er at dei fragmenterte, visuelle inntrykka som blir pumpa på mottaksapparatet vårt ikkje gir rom for bildeskaping, ettertanke, fordjupning og fokus i same grad som ord ein tileignar seg gjennom lytting og lesing. Kjappe, lettfordøyelege videosnuttar, stories og snappar krev ikkje noko av oss, utfordrar oss ikkje, men fungerer som sukker for hjernen. Det gjeld oss vaksne – og ikkje minst barn og unge. Eg er ikkje motstandar av teknologien, av sosiale media, kjapp, lettfordøyeleg informasjon, mediekonsum – eg  nyttar sjølv dette i stor grad, men eg er bekymra for at vi gløymer å halde fast ved det grunnleggjande:  å oppleve, forstå og kommunisere ved å bruke det høyrde, lesne og skrivne ordet. Det ser verkeleg ut til at denne oppgåva krev ein ekstra innsats no. Vi må lære oss å handtere begge former for kommunikasjon, kvar til sin bruk, hjernen vår har kapasitet til det.

Det er ein bøyg å lære seg å lese reint teknisk når ein er barn. Det er også utfordrande å omsetje bokstavsymbola til meining. Lærarane arbeider dagleg med dette, takk og lov. Institusjonar som biblioteka våre, og  Foreningen!Les følgjer opp, politikarar frå SV fremjar forslag om ein ny nasjonal leselyststrategi – det blir jobba jamt og trutt med å spreie kunnskap om dette på alle samfunnsnivå.

Men det er ikkje nok om ikkje kvar einaste ein av oss tar ansvar for å hjelpe til, at vi øver og trener på lesing og skriving saman med barna, les høgt for dei, finn spennande historier, fortel! Vi må faktisk sjølve vere aktive modellar for at gleda over ord, lesne eller skrivne, skal få innpass og feste seg hos barna våre. Det er kanskje lettare å ty til iPaden, men ikkje gløym boka! Det som går føre seg i hjernen når ein les kan ikkje bli erstatta av noko anna.

Ord er med på å skape oss til den vi er. Forstår vi, og kan bruke ord har vi ein reiskap for å  uttrykke meiningane våre, oppfatte og forstå kva andre meiner, avsløre maktbruk og demagogi, vere kritiske, delta i eit demokratisk samfunn. Takka vere oppfinninga av boktrykkarkunsten, media, internettformidling og all anna distribusjon av tekst er ord tilgjengeleg for alle, men då må vi kunne bruke dei for det dei er verdt.

Tilbake til bekymringsinnleiinga. For at ikkje tilværet mitt skal bli til ei hengemyr av ørkjeslaus bekymring, har eg skjønt at handling må til. Eg har erfart at sjølv ørsmå handlingar kan få meg ut av myra ei stund og gje meg kjensla av å ta del i noko, om skjerven min er aldri så liten.

Når eg fortel og skriv bøker ønskjer eg å føre lyttarane og lesarane inn i ei anna verd, ein ny stad, møte nye menneske, nye hendingar – gje næring til fantasien, empatien, kunnskapen, evna til å setje seg i andre sin stad, evna til å drøyme, håpe, handle.

Det er «hårete» mål, dette. Eg meiner dei er viktige.

Mine ord er sjølvsagt mest som eit sandkorn i ørkenen å rekne. Men eg kjem til å halde fram med mine ørsmå bidrag, trur eg, fortelje, skrive og formidle historiene i bøkene, og håpe at dei kanskje kan vere den gode opplevinga for ein og annan –  vere eit lite, stillferdig bidrag i ei større rørsle for å verne og forvalte orda, lesinga og språket.

 

 

Publisert på

Februartilbod!

Eit par månader har eg no vore heilt ute av skrivemodus. Slik er det når andre ting tar fokus. For oss handla det om at Frikk, den eldste dalmatinaren vår blei alvorleg sjuk. Vi klarte ikkje å få han frisk igjen, så han måtte få sleppe – og vi har ein hund mindre i flokken. Vi har Kaspar, heldigvis, men både han og vi sørgjer over Frikk. Slik er det, ikkje alt går som ein skulle ønskje.

Eg har likevel oppfatta at dagane har blitt lenger, heile to timar, faktisk! Turane ute saman med Kaspar i dette utrulege vinterunderet med lys og snø gjer godt, no kjenner eg igjen at det kriblar i skrivemuskelen.

Eg har elles ikkje hatt mykje å klage over med koronatilstandane samanlikna med mange andre, eg har til og med fått reise på turné, men gler meg vilt til vi igjen kan møtast, reise kor vi vil, igjen lage kulturarrangement – og igjen kunne få oppdrag ute blant folk i fri dressur!

Dermed fell eg igjen inn i planene: skriving, skriving, skriving. Så får vi sjå kva som først kjem ut i verda av «Det som er gøymt» og «Nattvogna».

I mellomtida er det lydbok og e-bok av «Kodemysteriet» på gang, og e-bok av «Det gamle slottet».

Det er også hyggeleg å registrere at fleire kjem med fine omtalar av «Klokkemakar Alfreds mysterium», sist på www.nynorskbok.no boktips frå Nynorsksenteret!

I høve februar og lysare dagar slår vi til med tilbod på bøker frå Olla Forlag! Tilboda gjeld berre om du kjøper direkte frå www.olla.no, eller tar kontakt med meg på anna vis. Bøkene det gjeld er no prisa med tilbodsprisane under fana «butikk» i menyen:

«Kodemysteriet» kr 150,-

«Det gamle slottet» kr 120,- Kjøper du begge desse bøkene er prisen tils.: 250,-

«Birgers odysse» kr 120,-

«utandørs i nordvest» kr 150,-

«Zapping» kr 250,-

«Kommer før lunsj kr 250,-

Publisert på

«Det gamle slottet» no som nedlastbar lydbok!

No ligg den andre boka i serien om Anna og Kaspar «Det gamle slottet» på Bokbasen, og dermed tilgjengeleg som nedlastbar lydbok på alle nettbokhandlane. Det er Elsa Rypdal som les denne boka også, slik som «Amulettmysteriet».

Ein kan lese meir om boka i tidlegare innlegg på www.olla.no

Her er baksideteksten på boka:

Anna er på haustferie i Frankrike. Saman med hunden sin Kaspar, mor og far, bur ho i eit lite hus i ein borgby ved Middelhavet.

I byen ligg eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko – og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit mysterium.

Samtidig blir Anna kjent med Namira og broren hennar Kasim som bur i eit gammalt murhus i borgbyen. Far deira pussar opp, og inni ein nedriven murvegg finn dei eit fleire hundre år gammalt dokument. Dette mystiske dokumentet fører dei på leiting etter ein gammal løyndom.

I boka følgjer vi også dokumentet bakover i tida, til den franske revolusjonen, der vi treff Bastien, og får vite kvifor dokumentet er gøymt i murveggen.

Anna, Kaspar og venene deira bestemmer seg for å finne ut av begge mysteria, men det skal vise seg at det kan bli både farleg og utfordrande.

Min film 14 Min film 14

 

Publisert på

Tidlegare utgitte romanar av Audbjørg Gjerde Lippert kan kjøpast via www.olla.no

Audbjørg Gjerde Lippert har skrive fem romanar, to av dei er gitt ut på Olla Forlag: «Kommer før lunsj» og «Zapping». To andre romanar, «Tomme stolar talar» og «Fra benken i Saigon til katedralen i Santiago» er gitt ut på andre forlag, men eksemplar frå restopplaget kan no kjøpast via www.olla.no, i tillegg til frå forfattaren sjølv.

Pris for kvar av romanane: kr 150,-

Litt om romanane:

«Tomme stolar talar»

Ein dag i adventstida får Liv eit oppdrag som snur opp ned på kvardagen. Tre døde slektningar kjem tilbake og ber henne skrive om livet deira på slutten av andre verdskrig. Møte med dei døde både skremmer og har dragning på henne. Dramatikk på liv og død saman med svik og offervilje blir etter kvart avdekt.

Liv lever i spenningsfeltet mellom sin eigen travle kvardag og livet i karnappet der dei døde fyller dei tomme stolane. Etter kvart viklar dei to historiene seg saman, og fortida får følgjer for livet i notida.

Tomme stolar talar er ei bok om det å stå i ein samanheng samtidig som ein vil bestemme over eigne liv.

Ein spennande og svært velskriven roman heilt utanom det vanlege.

 

«Fra benken i Saigon til katedralen i Santiago»

Pilegrimsvandring til Santiago de Compostela er den ytre rammen i denne romanen. Synne Solvik vandrer langs Caminoen uten at hun helt vet hvorfor. Er hun turist eller pilegrim? Eller er det noe hun rømmer fra? Under et måltid på den vakre paradoren i León kommer hun i kontakt med andre pilegrimer, blant andre presten Pietro Bellini fra Assisi og legen Emma Béarn fra Lourdes. Ved bordet sitter også den tidligere Vietnam-soldaten Thomas Jackson og poeten James Field som legger ut på vandring for å se hva de andre søker. Ved målet i Santiago møter vi dessuten den unge Maria, som er adoptert fra Saigon, og Pål, Synnes ektemann. Synet av Maria ved inngangen til katedralen vekker noe i Thomas og trekker ham bakover i tid til noe som hendte mange år tidligere.

Dette er på mange måter en kontemplativ roman. Hva vil det si å være pilegrim for moderne mennesker? Hvorfor legger mennesker ut på vandring? Av nysgjerrighet? Eller er det en ny form for turisme? Og, ikke minst, gjør vandringen noe med oss?

 

Publisert på

Fin omtale!

Det kjennes godt når ein får gode omtalar for arbeidet sitt! Det er eg sikker på alle kan kjenne seg igjen i. Når ei heilt ny bok skal ut i verda etter arbeid i år, månader, veker, dagar og timar vil ein alltid vere spent på kva andre syns om produktet. Det kan vere vanskeleg å gje slepp på boka – når er ho eigentleg ferdig? Er det meir å rette? Er det meir å endre? Skulle ho ha vore kortare? Lengre? Men til slutt må ein setje punktum.

«Klokkemakar Alfreds mysterium» kom ut ei stund før jul. Mange har kjøpt og lest boka – og no har også bokbloggarar lest og omtalt boka. Gode omtalar varmar, og kan kanskje også gjere fleire nysgjerrige på kva denne boka handlar om?

Heile omtalane frå to bokbloggarar kan de lese her:

www.miniblogg.no/henningbokhylle

www.bokblogger.com

Dette er ikkje ei heseblesande spenningsbok, men ei bok ein kan fordjupe seg litt meir i. Like fullt ei  historie med dramatikk, mysterium, handlekraftige barn og vennskap. Tarjei Rypdal Eides illustrasjonar høver perfekt til historia.

Den opphavelege sanne historia om to verdifulle klokker frå revolusjonstida i Frankrike blir fletta saman med dei fiktive historiene om klokkene si reise gjennom tida, og korleis hovudpersonane i boka prøver å finne ut av klokkemysteriet.

Kanskje dette er boka for høgtlesing framover?

Boka får du kjøpt på www.olla.no,  på Notabene Vestnes, og alle nettbokhandlarar.

Her er eit lite utdrag:

«…..Det grå vêret gjorde at det allereie hadde begynt å mørkne då tante Leas grøne Citroën svinga inn på tunet til Alfred. Det var mørkt i vindauga. Det kom ikkje røyk frå pipa heller. «Så rart», sa tante Lea, «han fyrer då alltid i omnen?» Ho skulle til å banke på døra då dei såg at døra faktisk var open.

«Vent her!» sa ho til Tobias og Rosie og opna forsiktig døra. Det var mørkt i den vesle gangen. Det såg mørkt ut i heile huset. Dei to søskenbarna ville slett ikkje vente, så dei gjekk inn rett bak tanta for å sjå etter Alfred. Alle tre brukte telefonane sine som lommelykter, og lyste rundt seg i det vesle kjøkkenet. Det kom eit utrop frå tante Lea då lyset frå telefonane viste kva som hadde hendt på kjøkkenet: alt som kunne ha vore i skap og skuffer låg strødd utover golvet, koppar og kar låg knuste i haugar, stolar og bord var velta. Etter kvart fann dei lysbrytarane. Dei skunda seg inn i stua. Alle klokkene var borte! Veggar, bord og hyller var tomme! Ikkje ei einaste klokke var å sjå. Berre nokre små tannhjul og verktøyet til Alfred låg på arbeidsbordet hans. Dei tre blei stadig meir engstelege der dei sprang frå rom til rom, såg korleis alt var rota til, mens dei ropte på Alfred.

«Kva kan ha hendt, og kor er Alfred?» Rosie kjende tårene i auga. «Vi må ringe politiet!» sa tante Lea og fikla febrilsk med telefonen…..»

 

 

 

Publisert på

TAKK FOR NO, JUL! VEL MØTT 2021!

Eg liker vendepunkta, årstidene som følgjer etter kvarandre, feiringane. Det er ei eiga glede over førebuingane og forventningane til det neste som skal skje. Eg gler meg over å pynte til jul, sjølv om eg høyrer til dei som meiner «less is more». Like godt liker eg å hive julepynten ut når jula er over. No er endå eit vendepunkt på gang – eit nytt år – eg er klar!

Kvart einaste år er eg full av forventning, nye mål og nye planar, også dette året – eller kanskje særleg dette året.

Sakte, men sikkert trur eg tilværet fell på plass, kanskje med ein del endringar, men med det grunnleggjande: at folk kan møtast, vere i lag slik ein måtte ønskje, utan angsten for konsekvensar, sjukdom og død.

For det nye arbeidsåret har eg håp og forventning om dette: å igjen kunne møte folk, handhelse, klemme, ønskje unge og gamle, små og store velkommen, igjen arrangere møteplassar for opplevingane og dei gode historiene.

Eg har hatt god tid til å arbeide i det stille denne tida som har vore. Den nyaste boka «Klokkemakar Alfreds mysterium» kom som planlagt i haust. Men allereie då samfunnet stengde ned, og alle ventande arrangement og turnéar blei avlyst, var eg godt i gang med romanen «Det som er gøymt». Om det var leit at alt blei avlyst, var det likevel nok å fylle tida med til dette prosjektet. «Research» er ei fantastisk «boble» å vere i – og å skrive for ei vaksen målgruppe er spennande og utfordrande på andre måtar enn å skrive for barn. Første redaktørrunde er gjort – no er vegen vidare med dette prosjektet staka ut.

Sidan eg alltid har likt å veksle mellom fleire prosjekt, har også planlegging av formidlingsopplegg for dei andre bøkene fått fokus. No gler eg meg til å kunne vise dei fram – når arenaene og møteplassane igjen kan opnast. Her er det planer for både «Klokkemakar Alfreds mysterium» og «Kodemysteriet».

Så er det desse historiene som trengjer seg fram og krev å bli skapt, fortalt og formidla. Heldigvis treng ikkje alle det, nokre av dei får berre vere idéar og flagrande tankar. Men «Nattvogna» er det ikkje råd å bli kvitt. No durar ho fram, Nattvogna, og ser ut til å bli den neste boka for aldersgruppa 9-12 år.

Eg arbeider med prosjekta mine kvar dag – noko mindre når eg er på turné, for å vere omreisande i formidling krev å vere 100% påkopla, og løyver mindre energi til andre ting.

Ei av desse bøkene kjem ut i år, om begge skulle finne vegen ut dette året får tida vise.

Om ein arbeider aldri så målretta og har lista opp gjeremåla punkt for punkt, er likevel ei av dei aller største forventningane for det nye året at det vil dukke opp nye idéar,  nye arenaer og nye konstellasjonar mellom folk eg kjenner –  eller ikkje kjenner endå. Det er ofte når ein trakkar litt utanfor stien det spennande, endå uoppdaga kan hende  – det gjeld berre å vere der når det skjer og gripe høvet!

Slik trur eg på, og ønskjer dykk alle, eit godt, nytt, kreativt år!