Publisert på

God sommar!

Det er så godt å kunne senke skuldrane, vel vitande om at etter sommaren ligg oppdrag og ventar som perler på ei snor! Eg har allereie nesten gløymt korleis det var med uvissa då koronaen herja som verst, og alt måtte avlysast. Då var det mest som ein måtte halde pusten. 

For meg er det tre produksjonar som skal på vegen gjennom DKS Møre og Romsdal og DKS Ålesund neste skuleår: «Tor med hammaren», «Animert spenning» saman med Mette Mjelve og «Laboratorium for finurlege forteljingar». Eg gler meg til å «sparke frå» på energifylte, innhaldsrike dagar.

Turnéane er lagt i akkurat passelege bolkar, slik at eg har bra med tid mellom bolkane til bokskriving.

Boka med arbeidstittel «Nattvogna» reknar eg med kjem ut i haust ein gong. Når alle prosessane er i gang, og bokproduksjonen lever sitt eige liv, kan eg kaste meg over historia som ligg og vaker i hovudet og vil ut. Det blir den sjette boka om Anna, Kaspar og venene deira. I den aller første boka, «Amulettmysteriet», gjekk historia delvis føre seg i Congo i Afrika. Dit skal vi også i denne siste boka. Her ventar mysterium og djupdykk i arkeologien!

Men først ventar sommardagane, feriegjestene, båtturane, fjellturane, samankomstane og hundemoroa. Både aktive og rolege dagar, ute i all slags sommarvêr. Om vi er heldige, får vi kanskje litt sol og varme, også. Innimellom skal eg kose meg med bøkene som ligg i stablar og ventar på å bli lesne!

Takk til alle dykk som følgjer med på på kvardagsprosessane med å skape ei verksemd med bokskriving og formidling på Facebook, Instagram og www.olla.no! 

Takk til dykk som også kjøper og les bøker frå dette vesle forlaget — det gjer at det er muleg å halde fram med skrivinga litt til.

Eg ønskjer alle ein riktig god sommar!