Publisert på

«Nattvogna» rett rundt hjørnet!

Kvart år, omlag på denne tida har det kome ei ny bok frå den vesle mikroen, Olla Forlag. Det har også dukka opp nye bøker elles i året, for på dei fem åra som har gått sidan oppstarten, har Audbjørg Gjerde Lippert og eg, saman med illustratør Tarjei Rypdal Eide, gitt ut til saman 11 bøker. Mange av dei er også lydbøker og e-bøker, to av dei er omsett til engelsk. 

Dette året er ikkje noko unntak. No er den tolvte boka straks klar: «Nattvogna»!

Det har tatt lenger tid enn eg hadde tenkt å skrive denne boka, av mange grunnar. Ein skulle kanskje tru at nokre beinbrot og fotoperasjonar skulle vere midt i blinken, for då sat eg der med beinet i vêret uansett, men slik fungerte det ikkje. Eg er nok heilt avhengig av turane med hundane mine for å fart på tankane, og komme i rette skrivemodus. Då eg var på føtene igjen, gjekk tida til å ta igjen avlyste turnéar og andre jobbar. Då det igjen var tid å ta av, ville eg proppe altfor mykje inn i denne boka, som for å ta igjen tida eg hadde «rota bort».

Dermed blei det mange omskrivingar, mange rundar for å bli kvitt folk i persongalleriet og unødvendige krumspring. Til og med tittelen har endra seg nokre gonger.

Men så fall alt på plass — «Nattvogna» er klar for avgang!  

Denne gongen blir det ikkje noko bokarrangement rundt boka, heller ikkje sal på messer og andre arrangement. (Marknadsføringskonsulenten er visst framleis fråkopla). Så om du ønskjer denne boka må du nok ta kontakt med meg! Du finn lett både meg og boka på www.olla.no, på tlf., e-post, Facebook og Instagram!

Boka kan no tingast på førehand, om du ønskjer ho, noko som ville vere til stor hjelp for meg for å bestemme kor mange bøker som skal trykkast.

Som vanleg når ein skriv for barn og unge (10-13 år), vender eg meg ikkje direkte til målgruppa, men til dei som står dei nær: foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, omsorgspersonar — alle som meiner og trur at det er bra for ungane å lese, og attpåtil på nynorsk.

Her er teksten som står på baksida av boka:

«I denne femte boka om Anna, Kaspar og venene deira, er dei i Oslo. Det er haustferie, det regnar, alt tyder på at det blir ei temmeleg kjedeleg veke.

Men alt endrar seg då det plutseleg ringer på døra, og Max ber dei om hjelp.

Arietta, som eig Nattvogna, er sporlaust forsvunnen. 

Den spektakulære Nattvogna og Ariettas automatar blir sentrum for hendingane,

når venene snart er i gang med ei intens jakt i Oslos gater og i Østmarka, på leiting etter Arietta.

Dei kjem på sporet av ein godt gøymd løyndom, men det viser seg at det er fleire som leitar…»

Tekstutdrag: 

«Den grøne stasjonsvogna flytta seg sakte framover skogsvegen. Vegen var smal og ujamn, lange røter snodde seg mellom steinar og grastuer. Små og store hol var fylte med haustregn. Billyktene lyste opp trestammane, eit og anna blad dala ned frå trea og landa i det raude, brune og gule lauvteppet langs vegen. Bulkane på skjermane viste at Opelen hadde vore borti eitt og anna gjennom ei lang levetid. Campingvogna bilen drog på, slingra frå den eine sida til den andre. Ho var avrunda i kantane, gulkvit, med ei oransje stripe som gjekk langsetter vogna under dei små vindauga, berre broten av slitasje her og der. 

Der skogsvegen enda ved eit lite, mørkt tjern, stoppa bilen. Om det hadde vore nokon i nærleiken, ville dei snart ha høyrt dunking og knirking, hamring og banking, hakkande mekanikk som etter kvart fann rytmen, tannhjul som hekta perfekt i kvarandre, lydar som ikkje høyrde til i skogen. Berre eit og anna nattvake piggsvin luska seg i skjul. Regnet hadde stoppa, skyene trekte seg vekk, månen spegla seg i vatnet. Om månen hadde hatt tankar, ville han snart ha undra seg over alle lysa som no, det eine etter det andre, breidde seg utover det blanke vatnet og snart lyste opp heile stranda og skogkanten – og dei nye lydane som kom: mjuke tonar frå eit piano. Men Arietta, som sende desse vare tonane ut i natta, var ein annan stad i tankane sine.»

Boka har også eit etterord:

I denne femte boka om Anna, Kaspar og venene deira handlar det mellom anna om automatar.

I dag har vi automatar rundt oss overalt. Ein automat er eit apparat eller ei innordning som er programmert til å utføre ei enkelt, eller ein serie mekanisk drivne rørsler eller arbeidsoperasjonar (ref. Store norske leksikon).

Opp gjennom tida har automaten vore under stor utvikling, men stikkordet har alltid vore mekanikk. Mekanikk er den delen av fysikken som handlar om rørsle og likevekt. Gjennom historia har dei mekaniske rørslene handla om alt frå vatn, luft og damp, via elektronikk til dagens datateknologi.

Vi kjenner sikkert alle til ei mekanisk leike vi har hatt eller sett, ei leike som kan trekkjast opp med ei fjør: ei speledåse med ei ballerina som snurrar rundt, ein trommeslagar som slår på tromme, ei mus som kan gå.

Ein automat kan vere ei slik leike, men han kan også vere eit avansert kunstverk for vaksne.

Då eg var ei lita jente, gledde eg meg kvart år til då eg i førjulstida fekk vere med dei vaksne over fjorden til byen. I eit butikkvindauge sat ein nisse og åt graut. Nissen nikka, heva armen og førte ei skei frå grautbollen til munnen, gong på gong. Eg blei aldri lei av å sjå på denne nissen. Fascinasjonen for mekaniske leiker og seinare kunstverka eg har blitt kjent med, har eg hatt med meg heile livet. 

Vi kjenner til automatar heilt tilbake til oldtida, i Kina, Hellas og Egypt. Menneska har alltid interessert seg for og uttrykt seg gjennom kunst, og det var naturleg at ein frå å etterlikne menneske, dyr og natur gjennom todimensjonale og tredimensjonale uttrykk, etter kvart ville utforske og etterlikne rørsler.

I middelalderen blei automaten utvikla vidare. I 1206 publiserte Al-Jazari boka «Book of Knowledge of Ingenious Mechanical Devices». Her skriv han detaljert om ein båt, driven av vasskraft, med eit orkester om bord. To trommeslagarar, ein fløytist og ein harpespelar spela melodiar for å underhalde gjester i fine selskap. Figurane kunne spele fleire melodiar og røre seg med naturlege rørsler.


Under renessansen, frå omlag det 15. hundreåret, blei det ein vidare vekst for automaten, mykje takka vere den franske matematikaren og filosofen René Descartes, som skreiv om at ein dyrekropp ikkje var noko anna enn ei kompleks maskin.

Eit av dei mest berømte eksempla på ein automat frå denne tida er ei mekanisk løve laga av Leonardo da Vinci. Løva, laga til ære for Ludvig den 12., var livaktig, kunne vifte med halen, opne munnen, gå og stå på bakbeina.

Gjennom 1600, 1700 og 1800-talet finst det mange eksempel på automatar, den eine meir storslått enn den andre. Mellom andre laga franskmannen Jacques de Vaucanson ei and som kunne ete, fordøye «maten» og flakse med vengjene. Vengjene hadde faktisk over fire hundre bevegelege delar. 

Den sveitsiske urmakaren, Henri Maillardet (1745-1830), laga ein automat som kunne teikne fire forskjellige teikningar og skrive tre forskjellige dikt. 

I denne boka handlar det om ein annan automat vi veit Henri Maillardet har laga: «Die Äthiopische Raube». (Men historia om tippoldebarnet hans og alt som hender elles i denne boka, er det nok eg som har funne på).

Rundt ca. 1900 og framover blei det ein gyllen tidsalder for automaten. Om du søkjer på internett, vil du finne mange fantastiske figurar og innretningar. 

I vår tid er det fleire kjende kunstnarar som har laga, og framleis lagar, spektakulære automatar, t.d. Peter Markey, Paul Spooner, Ron Fuller og Frank Nelson.

Har du lyst til å prøve å lage din eigen automat, finst det mange videoar der du kan få ei innføring, t.d. på YouTube.