Publisert på

Gamle slott og gaffatape

Kva kan gaffatape ha med boka «Det gamle slottet» å gjere? Ingen ting, i utgangspunktet. Men likevel er gaffatape noko av det første eg tenkjer på når denne boka dukkar opp.

Eg er ikkje sikker på kva ei dameveske bør innehalde. Men mi veske inneheld alltid gaffatape. Erfaring har vist meg at dette produktet er heilt påkrevd. Det kan brukast i kva som helst slags naudsituasjon.

Då denne boka skulle trykkast, bestemte eg meg for å bruke eit trykkeri i Oslo. I staden for å få bøkene sendt hit til Nordvestlandet, ville eg ta turen og hente dei sjølv på trykkeriet. Så kunne eg samtidig besøke dotter mi og familien hennar.

Eg er glad i å køyre bil, noko som høyrer med når ein gjennom året legg bak seg mil etter mil på turnéar. 

Men denne dagen starta litt dårleg — eg måtte på eit møte før eg kunne køyre mot Oslo, og kom dermed seint i gang med turen. Som det utprega A-menneske eg er, blei eg trøytt, og måtte stoppe rett som det var for å ta ein blund. Eg kan sovne kor det skal vere, og når augeloka blir tunge, må eg stoppe, elles sovnar eg køyrande.

Dermed kom eg til Oslo midt i argaste rushtida, fekk tidsnaud for å rekke trykkeriet før stengetid, og blei ganske stressa. I ei rundkøyring like ved målet gjekk det gale. Eg kræsja. Framleis er eg usikker på kven sin feil det var, men med bankande hjarte, dinglande framskjerm, lause ledningar og anna bil-innmat av det for meg meir udefinerte slaget slepande etter bilen, fekk eg køyrt ut til sida rett etter rundkøyringa. Både eg og sjåføren i den andre involverte bilen fylte ut våre skadeskjema og skildest som, om ikkje akkurat perlevener, så i alle fall med eit anstendig språk og noko som kunne likne smil.

Eg rakk såvidt å hente bokkassene med «Det gamle slottet» før trykkeriet stengde, hespe fram gaffataperullen for å feste det som hang og slang gatelangs etter bilen, og kom meg fram til huset der dåttera mi, svigersonen og barnebarnet mitt budde.

Bilen skulle sjølvsagt ha vore på verkstad. Men det var i mitt hovud umuleg, for boklanseringa var allereie neste ettermiddag. Den kvelden gjekk det dermed med ein heil del timar på å tape fast skjerm og alt dette andre som hang og slang etter kollisjonen, alt med min fortreffelege gaffatape. Svigersonen min gjorde ein særdeles grundig jobb, tapen sat godt heile vegen heim gjennom Gudbrandsdalen og Romsdalen, tungt lasta med bøker. 

Eg køyrer ALDRI nokon stad utan gaffatape!

For å feire gaffatapens fortreffelege bruksområder, kan du i dag kjøpe «Det gamle slottet» for kr 100,-