Å skrive bøker er ein draum for mange av oss. Det er også mange vegar fram mot realisering av den draumen. Min veg blei å starte eige forlag. Intensjonen er å ha full kontroll over produksjon av eigne bøker, sjølvsagt ta støyten om det skulle gå riktig gale – men også ha gleda over å gjennomføre prosjekt – og nå ut til lesarar.
Heldigvis fins det både hjelp og støtte der ute: både dei nære samarbeidspartnarane, men også nettplattforma Boldbooks.no, som tilbyr kvalitetssikra forfattartenester, og forumet for indieforfattarar, der ein kan stille dei underlegaste spørsmål, men likevel få svar av dei som er med, og som gladeleg deler erfaringar og gir tips og råd. Det kjennes bra å vere med i ein slik flokk, som stadig ser ut til å bli større. Ein slik samla gjeng med indieforfattarar bør vere eit alternativ til, og ei utfordring for den etablerte forlagsbransjen. Det er kjekt å vere med på endringar! Det skjer mykje i den litterære «underskogen».
Dette første året har vore spennande. Det har handla om mykje arbeid, omfattande forsking i ukjend terreng, og ei bratt læringskurve. Etter eitt år er seks bøker gitt ut på forlaget. To er mine eigne, to er i samarbeid med andre (Audbjørg Gjerde Lippert og Tarjei Rypdal Eide) – og to har Audbjørg Gjerde Lippert skrive.
Alle desse bøkene er sjølvsagt ikkje skrivne dette året. Å skrive bøker handlar om krevjande prosessar og lange tidsperspektiv. Men bøkene, som var i ulike fasar framdriftsmessig, har alle blitt fullført dette året.
Korleis framtida blir, er ikkje godt å vite. Håpet er at det skal vere råd å gi ut også dei andre bokprosjekta som ligg der og lengtar etter å komme ut i verda.
For at det skal gå, må bøker bli kjøpt – kanskje den største utfordringa når ein er liten, og manglar økonomiske musklar til marknadsføring. (Det er grenser for kor mange bøker vener og familie kan kjøpe!) Det er eit stort poeng å gjere bøkene kjent – og formidle respons frå dei som har lese bøkene!
Her er et lite knippe av kommentarar som har tikka inn til oss, både i avisomtaler, på mail, i Facebook- og Instagrammeldingar, osb – etterkvart som folk har lese bøkene. Vi er audmjuke og takknemlege, og gler oss over kvart eit ord. Vi håper endå fleire blir nysgjerrige på bøkene, og vil lese dei!
AMULETTMYSTERIET:
«Deter svært gledeleg å kunne presentere ei drivande god barne-/ungdomsbok skriven av ein lokal forfattar. Amulettmysteriet inneheld både ei god krimhistorie, godt språk (nynorsk) og lærdom. …..
….Olla Rypdal er opphavleg frå Vestnes, men no busett i Brattvåg. Dette er hennar første bok, utgitt på eige forlag. Framsideillustrasjonen er ved Tarjei Rypdal Eide. Vi håpar på meir, spennande litteratur frå denne fronten.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folebibliotek)
«Min sønn på 10 år er en lesehest. Og det betyr at han- i følge han selv- har lest det meste av det som er kult…Han liker best spenningsbøker. Boken din er i følge han “DET BESTE HAN HAR LEST EVER !” Og det store spørsmålet er: Kommer det en oppfølger?? “Mamma, du må si til Olla at hun MÅ skrive flere bøker!! 🙂 “»
«Anbefales! Veldig spennende! Min 10 åring er helfrelst!»
«Din bog er super spændende og en rigtig god fortælling selv om jeg er 64 år, tak for det.»
ISFJELLFAMILIEN:
Har lest boka di, Audbjørg. Den kan du være stolt av.
Kristina, snart 10 år, fekk “Isfjellfamilien” til jul og forkynte med strålande augo at boka var kjempebra!
Tusen takk for en fantastisk flott bok Audbjørg Gjerde Lippert. Denne liker jeg og barna mine veldig godt? Omslaget og bildene i boka er bare helt nydelige? Anbefales!
Tusen takk for nydelig og levende bok, Audbjørg, og så nydelige illustrasjoner som viser frem teksten.
Dette er nok bare begynnelsen. Få den flotte boka ut til folket!
BIRGERS ODYSSÉ
Spennande lesing, med retning både bakover i historia, og inn i framtida. Respekt for jorda, naturen og fantasien gjennomsyrer boka i tekst og bilder.
Dette var en spennende reise i ord og bilder! Anbefaler både små og store å bli med på Birgers odyssé!
En bok hvor fakta og fantasi smelter sammen til en fin fortelling. Historien treffer nok målgruppen, men sammen med illustrasjonene som gir fantasien fritt spillerom, appellerer den også til “barn” alle aldre.
Original, allsidig, variert og spennende bok. Åpne og spennende illustrasjoner som setter fantasien i sving.
De ekstraordinære illustrasjonene til Tarjei Rypdal Eide setter fantasien i gang hos store og små. Kombinert med en spennende historie er dette en bok som kan leses om igjen og om igjen, samtidig som man stadig oppdager nye detaljer.
DET GAMLE SLOTTET:
«…..Kunsttjuveriet på slottet er det første av fleire mysterier Anna og den nye venninna hennar kjem borti, og, uredde som dei er, etterforskar dei gjerne litt på eiga hand. Parallelt med dette får vi glimt frå historia til dei som budde i og rundt slottet under den franske revolusjonen. Og på underfundig vis vert dei to historiene fletta saman: Skjebnen til Béatrice Grimaldi og den mystiske papirlappen som skjuler seg i murveggen hos Namira. Dette er nok ein gong drivande god krim frå Olla Rypdal. Målgruppa er ungdom, som i tillegg til ei spennande historie, også får eit viktig innblikk i fransk historie. Slottet Grimaldi finns faktisk, men familiemedlemmene i boka er fri fantasi.» (Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek)
“Amulettmysteriet” var spennende, men “Det gamle slottet” enda mer spennende! Passer for alle folk I alle aldre. Gleder meg til neste bok I serien!
Kjempespennende og god å lese! Har lyst å bli venn med Anna og Kaspar.
KOMMER FØR LUNSJ:
Dette er ei bok alle skulle ha lese. Eg lærte mykje nytt, fekk tankar eg aldri før hadde tenkt. Anbefalar boka til alle. Vil lese ho opp igjen sjølv.
Har endeleg fått lese ut boka di, Audbjørg. Eg tykkjer du skriv veldig godt og beundrar din måte å uttrykke deg på i eit så vanskeleg tema! Kjempebra.
Et viktig tema som berører mange. Handler om erfaringer som kan hjelpe mange når livet plutselig blir snudd opp ned ved tap av den en er glad i.
Dette er en av de djupeste, fineste og ærligste bøkene jeg har lest om sorg, Audbjørg.
Tror alle som har opplevd en eller annen form for sorg, vil kjenne seg igjen.
Sorgen har ulike uttrykk, men det er mye som er felles.
Takk for at du skreiv boka, den vil bety mye for mange, være til god hjelp.
Kanskje noen vil få trøst i at så “rar” er sorgen faktisk,
det er faktisk ikke bare jeg som har slike “rare” opplevelser, tanker og følelser….»
UTANDØRS I NORDVEST:
For ei PRAKTBOK! Denne er verkeleg noko å samle på, eit vakkert overflødigheitshorn av ei bok! Hjarteleg til lukke med utgivinga!
Nydelige, stemningsfulle bilder – tekster som supplerer og gir interessante innfallsvinkler. Ren nytelse!
Boken skapte umiddelbar gjenkjennelse av steder jeg er glad i. Bildene, tekstene og folkene man blir introdusert for, gjør at man også vil oppleve steder man ikke kjenner fra før.
Boka har greid å fange selve essensen av Vestlandet gjennom interessante og reflekterte portrett av mennesker, natur og vær.