Publisert på

Det er tida for julemesser

Med tanke på at bøker må vere julegåver av beste sort, stiller eg opp på julemesser, med bøker sirleg oppstilt, på rekke og rad.

I dag ville eg prøve å gjere litt meir ut av standen, og rigga til ei lita utstilling saman med bøkene.

Tarjei, som har laga illustrasjonane til boka Birgers odyssé, har forstørra opp bildet «Birgers hval» til 80 cm x 120 cm.  (Bildet er til salgs for kr 3500,-)

Den mektige kvalen ruva godt over bordet med bøker, nokre skvatt til av synet, andre kunne fortelje meg mangt og mykje om kvalar og livet i havet.

I tillegg stilte eg ut nokre av rekvisittane eg viser når eg formidlar historia om Birgers odyssé scenisk: tippoldefar Oles gamle, slitte skinnjakke, brev han sendte heim til familien då han var på kvalfangst i Sørishavet, brillene hans, pipa, kvaltenner, smykke og knivskaft han laga av kvaltenner, bilde av båten han arbeidde på…

Slike gamle ting har eg ofte med når eg reiser på turné med Kultursekken for å arbeide med tekst og historieskaping saman med elevane. Desse gamle gjenstandane, lada med «levd liv» verkar som ein katalysator på fantasien: elevane undrar seg, assosierer, tenkjer seg inn i livet til personar som ikkje lenger fins blant oss – og får inspirasjon til  oppbygging av plot, skildringar av personar og hendingar.

Akkurat slik fungerte denne vesle utstillinga i dag også. Folk studerte gjenstandane, henta fram sine eigne minne, fortalte historier, både sjølopplevde, og historier dei ble fortalt som barn –  frå besteforeldra og oldeforeldra si tid.

Det blei mange fine samtaler og historier gjennom dagen – ein ekstra bonus i tillegg til boksalget!