Publisert på

«Indie»-forfattar eller bok på etablert forlag? Ville idéar kan forankrast i gjennomførlege prosjekt!

Boldbooks.no er ei webplattform som tilbyr kvalitetstenester til forfattarar som vil gje ut bok utan å gå innom eit etablert forlag. Nyleg gjennomførte dei ei undersøking blant forfattarar som nyttar tenester frå Boldbooks. Eit av spørsmåla var: «Hvorfor er du interessert i å gi ut bok selv?»

Kanskje det første ein tenkjer om ein slik motivasjon, er at ein har fått avslag frå dei etablerte, større forlaga – og derfor må gje ut boka sjølv?

Undersøkinga viser interessante resultat: for 65% av dei spurde, er det å få behalde retten til  eige verk hovudgrunn til å gje ut bok sjølv.

Mange har sikkert fått med seg at kjende forfattarar har prøvd å kjøpe tilbake retten til bøkene sine frå forlaget dei  har tilhøyrt, då dei braut ut og ville starte eige forlag – utan å lykkast.

52% av forfattarane meiner det å ha betre kontroll på prosessen er hovudgrunn til å gje ut sjølv, vidare er andre grunnar at det er ein lærerik prosess, potensielt meir profitabelt, raskare, osb.  Det å ha fått avslag frå etablert forlag kjem langt ned på lista.

Det ligg i tida å gå «indie». Dei etablerte forlaga satsar sjølvsagt stort på bestselgjande forfattarar. Sjølv om det dei tener inn på desse også blir brukt til å lansere nye, ukjende forfattarar, blir desse lett usynlege i den store massen. Det er også mange ledd i prosessen som skal ha forteneste, berre ca 12-15% går til forfattaren. Forlagsbransjen er i endring, det er fleire måtar boka kan nå ut til lesarane på enn via den tradisjonelle måten gjennom dei store forlaga.

For eigen del var dette å gje ut bok no omsider øvst på «to do»-lista mi. Historier har eg alltid fortalt, mest  innanfor teateret. Nokre historier høver best å bli fortalt munnleg, andre vist som teater eller film, som dans, bilde, musikk – og andre: som bok. Eg finn det naturleg å leite opp det mediet som høver best til den historia du vil dele med andre.

Om ein er indieforfattar må ein uansett kjøpe seg dei tenestene som trengs for å ivareta kvaliteten på boka si. Her er Boldbooks ein nyttig tenesteleverandør. I tillegg er eg så heldig at eg har  gode samarbeidspartnarar.

Det er svært tilfredsstillande å ha kontroll på alle ledd i prosessen fram mot ferdig bok. Og svært arbeidskrevjande. Mykje skal lærast, men det er spennande!

Ikkje minst det å marknadsføre bøkene sine – eit eige fag i seg sjølv, der eg endå har uendeleg mykje å lære!

For meg handlar det også om balansegangen mellom å gå for dei ville idéane, men forsøksvis forankre dei i gjennomførlege prosjekt!