Publisert på

Desember er på veg – og JULEKALENDEREN!

For meg har denne tida fram mot jul alltid hatt noko magisk ved seg.

Då eg var barn, var førebuingane til høgtida særdeles viktig.

Søstera mi og eg måtte ta del i alt arbeid: baking av alle slags kakesortar, sølvtøypuss, støvtørking,  vasking, rulling og stryking av juledukar, skrubbing av veggar, tak og vindauge, matlaging  i stor stil: fårerull, sylteflesk og julemat. Eg hugsar endå såre, støle tomlar etter å ha trykt sandkakedeigen ut i mengder med sandkakeformer. Som så ofte er det luktene som sparkar minnet i gong: lukta av nybona golv og nybaka kveitekaker med smør og sirup, den skarpe lukta av hjortekakksaltet som reiv i nasen, og lukta av nyhogd grantre.

Men dei aller beste minna: samværet, historiene, sangen, musikken…

Som vaksen blei juleførebuingane svært neddempa. Eg er til dømes slett ikkje glad i å bake, så julekakene (som uansett aldri blei oppetne) blei kraftig nedprioritert. Likeeins vasking og skrubbing.

Sidan teaterundervisning har vore mitt daglege arbeid i mange av desse åra, handla jula ofte om store forestillingar like før jul, og dermed lange arbeidsdagar med instruksjon og prøver. Det har alltid vore meiningsfullt å vere med på desse prosjekta: på scenegolvet aular det av spente, glade ungar – ivrige og entusiastiske for å formidle den gode historia med sang, dans, musikk. Alltid den gode opplevinga av å sjå dei utfordre seg sjølve, strekkje seg – oppleve den gode kjensla av samarbeid og fellesskap. Den optimale julestemninga for alle som deltar – og for publikum som opplever. Historiene på scena har alltid med den gode bodskapen: å bry seg om kvarandre, hjelpe kvarandre, og løyse problema i felleskap. Og alltid er det slik: det er orda, sangen, musikken, bilda og dansen som rører ved kjenslene, som gir oss dei gode opplevingane.

Det er nettopp dette siste som er julemagien for meg: dei mange uttrykka som rører kjensler og gjer at eg kjenner fellesskapen, samværet, den gode stemninga  –  det som kallast julestress er dermed eit ukjend fenomen i mi juleverd.

Mykje levande lys (i slikt lys ser ein ikkje så godt om det ligg litt støv rundt omkring), og dei små, enkle tradisjonane. Det blir heller ikkje noko renn i butikkane etter dyre julegåver, huset bugnar ikkje av glitter, stas og julepynt. Gåver blir det, likevel – og i huset er det akkurat så koseleg som vi sjølve gjer det til.  «Less is more» er mitt mantra – det fungerer strålande for meg, vel vitande om at andre likar det på anna vis.

Men julekalenderen vil eg ha med!  Kalenderen, der ein kvar dag spent opnar ei luke, med forventninga om at ein er endå eit steg nærare jula –  ein av dei få tinga som verkeleg høyrer med i denne «less is more»-jula mi. Kalenderen har variert i utsjånad og innhald frå år til år – og er sjeldan full av ting eller snop. Like gjerne er den fylt med påfunn, ablegøyer, gode idéar, gåter og historier. Eller som i år: om gode historier i form av bokopplevingar, og eit juleeventyr – på nett.

www.olla.no vil eg kvar dag i desember legge ut ein to-delt kalender:

Dagens luke vil vere eit vinterfoto frå boka utandørs i nordvest.Teksten vil handle om opplevinga av den gode boka, subjektive opplevingar eg gjerne vil dele. Boka som har dette vesle ekstra, i alle fall for meg då eg las ho – dette som rører tankane og kjenslene. Eg vil prøve å seie kvifor eg har likt akkurat den boka, likevel utan dei store analysene. Bøkene eg finn fram vil vere for barn, ungdom eller vaksne – gamle som nye, norske like gjerne som frå andre land.

Ein liten konkurranse må til: kvar dag dukkar det opp eit spørsmål om litteratur. Det kan svarast som kommentar på www.olla.no, eller også på Olla Forlag sine sider på Facebook og Instagram, for den som ønskjer det. Eg samlar opp dei som har svart rett på ei liste, og trekkjer kvar dag ein vinnar. Dagens vinnar får ein bitteliten premie. 24.desember blir alle som har svart rett på spørsmåla i konkurransen med i trekninga om ei sjølvvalgt bok frå Olla Forlag.

 

Olla Forlag slår også til med eit juletilbod:

Amulettmysteriet kostar i desember: kr 180,-

Det gamle slottet: kr 200,-

Kjøper ein begge, blir prisen til saman kr 350,-

 

 

Den andre delen av julekalenderen vil vere ei julehistorie for barn. Vi blir med Sivert og Jenny på eit spennande eventyr då dei skal feire jula på ei lita hytte på fjellet. Kan hende det kan bli ei god, lita høgtlesingsstund for både store og små saman?

 

Vel møtt om nokre dagar!