Eg vil ta imot det nye året så godt og håpefullt eg berre kan, slik eg gjer for kvart nye år som kjem.
Kva dette nye året vil føre med seg veit eg heldigvis ikkje, men eg vil prøve å halde hovudet kaldt og klartenkjande, hjartet varmt og djuptfølande.
Eg håper eg også dette året skal få skape nye historier, både åleine og saman med barna eg møter ute i skulane. Ein skal lytte til historiene barna skaper, for dei seier mykje om kva tankar dei har om seg sjølve i heilskapen, og om framtida. Vi kan ha noko å lære der, nokon kvar av oss.
Bilda er frå prosjektet «Utanforverda». DKS-verkstaden Tarjei Rypdal Eide og eg gjennomførte for nokre år sidan, handla om å skape historier med ord og kunstinstallasjonar — og om korleis dei ulike kunstuttrykka kunne inspirere kvarandre.
Fantasy-sjangeren ga elevane rom for å setje ord og bilde på tankar om miljø og framtid.
Dei fleste historiene enda godt, trass i krevjande utfordringar — slik håper eg vi opplever 2023 også.
I dag handlar det om Audbjørg Gjerde Lipperts bok «The Iceberg Family», med illustrasjonar av Tarjei Rypdal Eide. Den norske versjonen av denne boka er utseld, men den er på lager i engelsk versjon.
4.desember er det denne boka som har redusert pris: kr 200,-
Audbjørg seier om boka:
I got the idea to this children’s story “The Iceberg Family” after adventurous voyages to Antarctica and Greenland/Svalbard/Iceland with the Explorer ship “Fram”.
I was thrilled by the icebergs, and by the nature that surrounds them. For me the icebergs are life and identity. They are creatures with thoughts and souls that live their lives in wild and beautiful, but vulnerable nature. The beauty of these areas with their mountains, snow and ice surpasses everything.
The icebergs tell their story themselves. We meet The Ice King and The Ice Queen who live together with their family in this clean, beautiful ice world. There they have their pleasures and sorrows. Now and then they hear scary news and rumours about what is going on in the world outside, among other things about whales that get their stomachs filled with plastic. One day a boat arrives in their kingdom. What will that do to the vulnerable nature there?
It has been claimed, however, that only the one who has experienced the Arctic, knows to take care of it. Nevertheless, these areas are vulnerable and can easily be polluted and damaged.
These are – as I see it – important questions that very well may be discussed with the children. I have tried not to dramatize the problem, just in careful ways asked some questions about how we relate to the wild and beautiful, but vulnerable nature. My hope is that this story will trigger further thoughts in the children’s mind.
Audbjørg Gjerde Lippert
BLURB:
The Iceberg Family live in The Ice Fjord far, far to the north. The fjord is clean and beautiful like the clearest glass. Here the iceberg children Ice Laug, Ice Finn and Ice Bjorg play all day long. Sometimes seals and whales come to see them, and now and then a hungry polar bear may show up. One day, however, something very special happens. A boat full of people in blue jackets comes into their fjord and begins to circle around them. The icebergs, both the small and the big ones, get frightened. What will happen to their family now? Can they live there safely as they have done up to now? Or will warm currents in the sea make them melt? Will plastic and garbage fill the stomachs of the whales and lead to their death? They have heard some rumours…
In this book Lippert has chosen to use some traits from the fairy tale, but without sticking completely to that genre. The mixture of genres is chosen to give the book a modern expression. At the same time the association with well-known fairy tale traits can be a motivator to make the children think their own thoughts. That is the author’s intention.
Illustrasjonane til denne boka blei til gjennom eksperimentering med papir, lys, spegelflater og ulike materialer. Tarjei fortalde ein gong at sjølve isfjella blei til ved at han krølla saman papir som skulle kastast fordi han ikkje syns det fungerte. Plutseleg fekk han idéen om å bruke desse papirkrøllane saman med ulike lyskjelder, glas og speglar. Resultatet blei magisk! Under ser du nokre av dei stemningsfulle illustrasjonane.
Kva kan gaffatape ha med boka «Det gamle slottet» å gjere? Ingen ting, i utgangspunktet. Men likevel er gaffatape noko av det første eg tenkjer på når denne boka dukkar opp.
Eg er ikkje sikker på kva ei dameveske bør innehalde. Men mi veske inneheld alltid gaffatape. Erfaring har vist meg at dette produktet er heilt påkrevd. Det kan brukast i kva som helst slags naudsituasjon.
Då denne boka skulle trykkast, bestemte eg meg for å bruke eit trykkeri i Oslo. I staden for å få bøkene sendt hit til Nordvestlandet, ville eg ta turen og hente dei sjølv på trykkeriet. Så kunne eg samtidig besøke dotter mi og familien hennar.
Eg er glad i å køyre bil, noko som høyrer med når ein gjennom året legg bak seg mil etter mil på turnéar.
Men denne dagen starta litt dårleg — eg måtte på eit møte før eg kunne køyre mot Oslo, og kom dermed seint i gang med turen. Som det utprega A-menneske eg er, blei eg trøytt, og måtte stoppe rett som det var for å ta ein blund. Eg kan sovne kor det skal vere, og når augeloka blir tunge, må eg stoppe, elles sovnar eg køyrande.
Dermed kom eg til Oslo midt i argaste rushtida, fekk tidsnaud for å rekke trykkeriet før stengetid, og blei ganske stressa. I ei rundkøyring like ved målet gjekk det gale. Eg kræsja. Framleis er eg usikker på kven sin feil det var, men med bankande hjarte, dinglande framskjerm, lause ledningar og anna bil-innmat av det for meg meir udefinerte slaget slepande etter bilen, fekk eg køyrt ut til sida rett etter rundkøyringa. Både eg og sjåføren i den andre involverte bilen fylte ut våre skadeskjema og skildest som, om ikkje akkurat perlevener, så i alle fall med eit anstendig språk og noko som kunne likne smil.
Eg rakk såvidt å hente bokkassene med «Det gamle slottet» før trykkeriet stengde, hespe fram gaffataperullen for å feste det som hang og slang gatelangs etter bilen, og kom meg fram til huset der dåttera mi, svigersonen og barnebarnet mitt budde.
Bilen skulle sjølvsagt ha vore på verkstad. Men det var i mitt hovud umuleg, for boklanseringa var allereie neste ettermiddag. Den kvelden gjekk det dermed med ein heil del timar på å tape fast skjerm og alt dette andre som hang og slang etter kollisjonen, alt med min fortreffelege gaffatape. Svigersonen min gjorde ein særdeles grundig jobb, tapen sat godt heile vegen heim gjennom Gudbrandsdalen og Romsdalen, tungt lasta med bøker.
Eg køyrer ALDRI nokon stad utan gaffatape!
For å feire gaffatapens fortreffelege bruksområder, kan du i dag kjøpe «Det gamle slottet» for kr 100,-
Fram mot jul kjem det små innlegg på www.olla.no — som ein slags julekalender, om du vil – om ikkje kvar dag, så rett som det er.
Innlegga vil handle om bøker, hendingar, opplesing, bakgrunnshistorier og «behind the scene»-historier frå dei fem åra Olla Forlag har eksistert. Kvar gong vil ei bok ha ein særleg god julegåvevenleg pris, akkurat denne eine dagen. (Frå før er allereie dei fleste bøkene sett ned i pris)
Den første boka ut i denne vesle adventskalenderen til Olla Forlag er «Tippoldefar Jakobs julekort». Det høver godt, sidan dette er ei bok med 24 kapittel, eitt for kvar dag, frå 1.desember fram til jul, stemningsfullt illustrert av Tarjei Rypdal Eide.
Akkurat i dag er det også årets første forestilling med «Tippoldefar Jakobs julekort» i Hageverkstedet kulturscene.
Denne boka, og forestillinga blei til etter inspirasjon frå gamle julekort. Julekorta viser veg til ei spennande, gåtefull verd — Sivert og Jenny får vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om. Det får du også, om du les boka, eller kjem og ser forestilinga. Velkomen skal du vere!
Forestillingane er 1., 12. og 14. desember kl 17.00 på Hageverkstedet kulturscene, og
4.desember kl 15.30 på Tresfjord museum.
Denne dagen, 1. desember, kan du kjøpe boka til nedsett pris, kr 250.00.
Boka fins også som lydbok som kan kjøpast på nettbokhandlane.
Kvart år, omlag på denne tida har det kome ei ny bok frå den vesle mikroen, Olla Forlag. Det har også dukka opp nye bøker elles i året, for på dei fem åra som har gått sidan oppstarten, har Audbjørg Gjerde Lippert og eg, saman med illustratør Tarjei Rypdal Eide, gitt ut til saman 11 bøker. Mange av dei er også lydbøker og e-bøker, to av dei er omsett til engelsk.
Dette året er ikkje noko unntak. No er den tolvte boka straks klar: «Nattvogna»!
Det har tatt lenger tid enn eg hadde tenkt å skrive denne boka, av mange grunnar. Ein skulle kanskje tru at nokre beinbrot og fotoperasjonar skulle vere midt i blinken, for då sat eg der med beinet i vêret uansett, men slik fungerte det ikkje. Eg er nok heilt avhengig av turane med hundane mine for å fart på tankane, og komme i rette skrivemodus. Då eg var på føtene igjen, gjekk tida til å ta igjen avlyste turnéar og andre jobbar. Då det igjen var tid å ta av, ville eg proppe altfor mykje inn i denne boka, som for å ta igjen tida eg hadde «rota bort».
Dermed blei det mange omskrivingar, mange rundar for å bli kvitt folk i persongalleriet og unødvendige krumspring. Til og med tittelen har endra seg nokre gonger.
Men så fall alt på plass — «Nattvogna» er klar for avgang!
Denne gongen blir det ikkje noko bokarrangement rundt boka, heller ikkje sal på messer og andre arrangement. (Marknadsføringskonsulenten er visst framleis fråkopla). Så om du ønskjer denne boka må du nok ta kontakt med meg! Du finn lett både meg og boka på www.olla.no, på tlf., e-post, Facebook og Instagram!
Boka kan no tingast på førehand, om du ønskjer ho, noko som ville vere til stor hjelp for meg for å bestemme kor mange bøker som skal trykkast.
Som vanleg når ein skriv for barn og unge (10-13 år), vender eg meg ikkje direkte til målgruppa, men til dei som står dei nær: foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, omsorgspersonar — alle som meiner og trur at det er bra for ungane å lese, og attpåtil på nynorsk.
Her er teksten som står på baksida av boka:
«I denne femte boka om Anna, Kaspar og venene deira, er dei i Oslo. Det er haustferie, det regnar, alt tyder på at det blir ei temmeleg kjedeleg veke.
Men alt endrar seg då det plutseleg ringer på døra, og Max ber dei om hjelp.
Arietta, som eig Nattvogna, er sporlaust forsvunnen.
Den spektakulære Nattvogna og Ariettas automatar blir sentrum for hendingane,
når venene snart er i gang med ei intens jakt i Oslos gater og i Østmarka, på leiting etter Arietta.
Dei kjem på sporet av ein godt gøymd løyndom, men det viser seg at det er fleire som leitar…»
Tekstutdrag:
«Den grøne stasjonsvogna flytta seg sakte framover skogsvegen. Vegen var smal og ujamn, lange røter snodde seg mellom steinar og grastuer. Små og store hol var fylte med haustregn. Billyktene lyste opp trestammane, eit og anna blad dala ned frå trea og landa i det raude, brune og gule lauvteppet langs vegen. Bulkane på skjermane viste at Opelen hadde vore borti eitt og anna gjennom ei lang levetid. Campingvogna bilen drog på, slingra frå den eine sida til den andre. Ho var avrunda i kantane, gulkvit, med ei oransje stripe som gjekk langsetter vogna under dei små vindauga, berre broten av slitasje her og der.
Der skogsvegen enda ved eit lite, mørkt tjern, stoppa bilen. Om det hadde vore nokon i nærleiken, ville dei snart ha høyrt dunking og knirking, hamring og banking, hakkande mekanikk som etter kvart fann rytmen, tannhjul som hekta perfekt i kvarandre, lydar som ikkje høyrde til i skogen. Berre eit og anna nattvake piggsvin luska seg i skjul. Regnet hadde stoppa, skyene trekte seg vekk, månen spegla seg i vatnet. Om månen hadde hatt tankar, ville han snart ha undra seg over alle lysa som no, det eine etter det andre, breidde seg utover det blanke vatnet og snart lyste opp heile stranda og skogkanten – og dei nye lydane som kom: mjuke tonar frå eit piano. Men Arietta, som sende desse vare tonane ut i natta, var ein annan stad i tankane sine.»
Boka har også eit etterord:
I denne femte boka om Anna, Kaspar og venene deira handlar det mellom anna om automatar.
I dag har vi automatar rundt oss overalt. Ein automat er eit apparat eller ei innordning som er programmert til å utføre ei enkelt, eller ein serie mekanisk drivne rørsler eller arbeidsoperasjonar (ref. Store norske leksikon).
Opp gjennom tida har automaten vore under stor utvikling, men stikkordet har alltid vore mekanikk. Mekanikk er den delen av fysikken som handlar om rørsle og likevekt. Gjennom historia har dei mekaniske rørslene handla om alt frå vatn, luft og damp, via elektronikk til dagens datateknologi.
Vi kjenner sikkert alle til ei mekanisk leike vi har hatt eller sett, ei leike som kan trekkjast opp med ei fjør: ei speledåse med ei ballerina som snurrar rundt, ein trommeslagar som slår på tromme, ei mus som kan gå.
Ein automat kan vere ei slik leike, men han kan også vere eit avansert kunstverk for vaksne.
Då eg var ei lita jente, gledde eg meg kvart år til då eg i førjulstida fekk vere med dei vaksne over fjorden til byen. I eit butikkvindauge sat ein nisse og åt graut. Nissen nikka, heva armen og førte ei skei frå grautbollen til munnen, gong på gong. Eg blei aldri lei av å sjå på denne nissen. Fascinasjonen for mekaniske leiker og seinare kunstverka eg har blitt kjent med, har eg hatt med meg heile livet.
Vi kjenner til automatar heilt tilbake til oldtida, i Kina, Hellas og Egypt. Menneska har alltid interessert seg for og uttrykt seg gjennom kunst, og det var naturleg at ein frå å etterlikne menneske, dyr og natur gjennom todimensjonale og tredimensjonale uttrykk, etter kvart ville utforske og etterlikne rørsler.
I middelalderen blei automaten utvikla vidare. I 1206 publiserte Al-Jazari boka «Book of Knowledge of Ingenious Mechanical Devices». Her skriv han detaljert om ein båt, driven av vasskraft, med eit orkester om bord. To trommeslagarar, ein fløytist og ein harpespelar spela melodiar for å underhalde gjester i fine selskap. Figurane kunne spele fleire melodiar og røre seg med naturlege rørsler.
Under renessansen, frå omlag det 15. hundreåret, blei det ein vidare vekst for automaten, mykje takka vere den franske matematikaren og filosofen René Descartes, som skreiv om at ein dyrekropp ikkje var noko anna enn ei kompleks maskin.
Eit av dei mest berømte eksempla på ein automat frå denne tida er ei mekanisk løve laga av Leonardo da Vinci. Løva, laga til ære for Ludvig den 12., var livaktig, kunne vifte med halen, opne munnen, gå og stå på bakbeina.
Gjennom 1600, 1700 og 1800-talet finst det mange eksempel på automatar, den eine meir storslått enn den andre. Mellom andre laga franskmannen Jacques de Vaucanson ei and som kunne ete, fordøye «maten» og flakse med vengjene. Vengjene hadde faktisk over fire hundre bevegelege delar.
Den sveitsiske urmakaren, Henri Maillardet (1745-1830), laga ein automat som kunne teikne fire forskjellige teikningar og skrive tre forskjellige dikt.
I denne boka handlar det om ein annan automat vi veit Henri Maillardet har laga: «Die Äthiopische Raube». (Men historia om tippoldebarnet hans og alt som hender elles i denne boka, er det nok eg som har funne på).
Rundt ca. 1900 og framover blei det ein gyllen tidsalder for automaten. Om du søkjer på internett, vil du finne mange fantastiske figurar og innretningar.
I vår tid er det fleire kjende kunstnarar som har laga, og framleis lagar, spektakulære automatar, t.d. Peter Markey, Paul Spooner, Ron Fuller og Frank Nelson.
Har du lyst til å prøve å lage din eigen automat, finst det mange videoar der du kan få ei innføring, t.d. på YouTube.
Som kjent har ein indieforfattar mange funksjonar. Å skrive boka, altså sjølve historia, er ein ting, deretter skal boka gjennomgå kvasse redaktørauge, nye rundar med rettingar og omskrivingar, språket skal vaskast, det skal lesast korrektur, framside og omslag skal på plass, boka skal brekkast om og trykkast, registrering på Bokbasen må til, bestillingar skal handterast, bøker sendast ut og markedsførast — og rekneskap skal førast. Heldigvis har eg dyktige fagfolk som hjelper meg med mykje av dette, men likevel er det igjen mange oppgåver.
Sidan eg starta opp dette vesle forlaget, Olla Forlag, i oktober 2017 har det til no blitt 11 bøker. Audbjørg Gjerde Lippert har skrive tre, eg har skrive sju — i tillegg har vi skrive ei saman.
Mange av dei er også lydbøker og e-bøker, to har blitt omsett til engelsk.
Det har vore spennande, lærerikt, interessant og kjekt, men også krevjande, med ei særdeles bratt læringskurve.
Med boka i handa, fersk frå trykkeriet, har kjensla alltid vore god.
Problemet oppstår når ein av funksjonane i dette vesle maskineriet går i stå. No har dessverre marknadsføringskonsulenten (altså eg), sagt opp!
Korleis skal det no gå med pressemeldingar, bokarrangement, omtalar, annonser — for ikkje å snakke om alle e-postane? Ikkje veit eg.
Det vil dermed nærast bli eit under om nokon får vite om den nye boka som kjem i haust. Det kan vel hende det dukkar opp eit og anna tilfeldig innlegg her og der på Instagram og Facebook, men elles får det berre skure og gå.
All ære til alle indieforfattarar der ute som meisterleg står på for å markedsføre boka si. Men herifrå er det altså nærast stopp ei tid. Så får eg sjå om eg kan overtale konsulenten til å ta eit tak innimellom.
Men for all del, du er hjarteleg velkommen til å kjøpe både den nye boka og dei andre som er på lager, om du er så heldig å få vite om dei!
Til informasjon: tittelen på den nye boka blir «Nattvogna», og planen er at boka skal komme ut i oktober.
Sommaren har vore fin og hektisk, ikkje minst på grunn av vårt nye familiemedlem, Grand Danois-kvalpen Kofi. Vesle Kofi veks og trivst, snart er han større enn storebror Kaspar, som er Dalmatinar.
Denne veka startar turnéseongen! Først ut er «Tor med hammaren». Forteljarmuskelen er oppvarma, likeså stemme og skrott. Eg gler meg!
Deretter startar «Animert spenning» saman med Mette Mjelve. Eg veit ikkje kor mange år vi har vore ute på tur med animasjon og moro, men vi «held koken» og storkosar oss!
Tredje turné dette skuleåret er «Laboratorium for finurlege forteljingar». Vil du vite meir om desse kan du sjå under fana «produksjonar/verkstader» på www.olla.no.
Til jul dukkar igjen forestillinga «Tippoldefar Jakobs julekort» opp! Denne gongen har den blåkledde forteljaren fått opp farta og kasta krykkene!
Bokskrivinga er forresten på ingen måte slutt, sjølv om marknadskonsulenten har sagt opp! Det kan vel hende ho kjem seg ut frå bobla si om eg snakkar nokre alvorsord med henne.
Ønskjer dykk alle ein god og innhaldsrik haustsesong!
Hels på vesle (enn så lenge) Kofi! Vårt nye familiemedlem, Grand Danois-kvalpen Kofi frå oppdrettaren Nordic Giant Great Danes, er endeleg heime.
Namnet Kofi er vest-afrikansk, og tyder «fødd på fredag». Det var ein fredag han var meint å komme ut i verda, men sidan han var litt sein i rekkja av søsken, bikka det nok laurdag. Kofi heiter han, uansett. Namnet er også ein homage til andre som har bore det namnet, t.d. Kofi Annan, med sitt rolege, venlege vesen, og den ghanesiske forfattaren Kofi Awoonor. Sistnemde omkom i eit attentat mot eit kjøpesenter i Nairobi i 2013, same kveld han skulle opptre på ein litteraturfestival. Poesien hans handlar mykje om frigjering frå kolonialisering og afrikansk sjøvstende. Sidan eg har arbeidd for namibiske flyktningar og budd i Republikken Kongo, er ein del av hjartet mitt for alltid knytt til det sør-vestlege Afrika.
Vesle Kofi, som snart blir temmeleg stor, vil passe godt til namnet sitt, vil eg tru. Enn så lenge er han mest opptatt av å bølle med tolmodige storebror Kaspar.
Slik første dagen i ny heim ser ut, ser Kofi ut til å okkupere matmors tid i såpass stor grad at skrivinga må setjast litt på pause. Det passar i grunnen godt, sidan «Automatmysteriet» no er hos redaktør, og eg uansett ventar på tilbakemeldingane før eg dukkar ned i manuset igjen.
Det blir garantert mykje kvalpe-spam på sosiale media frå mi side framover — det er sjølvsagt lov å scrolle forbi når ein får nok!
Som nokre av dykk veit, har eg fleire sider og kontoar, både på Facebook og Instagram, alt etter kva eg vil formidle. (Eg skal prøve å ikkje fylle alle sidene med kvalpebilde heile tida) Her er ei lita oversikt:
På Instagramkontoen
olla_kaspar_og_kofi
handlar det berre om hundane! Her blir det mykje hundeliv! Av og til delt til den private Facebooksida mi:
Olla Rypdal
Både på Instagram og Facebook har eg forfattar-/skrive-/jobbsider.
Instagram:
olla_rypdal_forfatter
Facebook:
Olla Forlag
Andre Facebooksider som handlar om verksemd og produksjonar av ulike slag, for dei som måtte vere interessert:
Olla teaterverksted
Tippoldefar Jakobs julekort— ei førjulsforestilling
Fire furier fortel
utandørs i nordvest
Og sjølvsagt heimesida mi, med info om bøker, boksalg, arrangement og tilbod: www.olla.no
De er hjarteleg velkomne til å slå følgje — både på verksemd og hundeliv!
Ein fortsatt god sommar til alle, med eller utan kvalp!
På loftet i det gamle huset på Vargholmen finn Anna, Erik og Siri nokre gamle, gulna brev, skrivebøker og ein rusten nøkkel innpakka i ei engelsk avisside frå 1907.
Det dei har funne blir viktige spor i utforskinga av eit lenge gøymt og gløymt mysterium, då dei seinare reiser på vinterferie til England.
Det skal vise seg at gamle, uløyste mysterium også kan føre nye med seg.
Kva kan dei uforklarlege, mystiske opplevingane deira på eit dystert, gammalt gods ha med både det gamle og det nye mysteriet å gjere?
Snart er dei midt oppi hendingar som både er i overkant spennande — og farlege.
Spora fører dei til stupet ved Hangman’s Hill…
I den fjerde boka om Anna & co, Mysteriet ved Hangman’s Hill, kom eg over ei gammal legende eg likte så godt at måtte bruke ho på eit eller anna vis. Denne legenda, saman med brev, gamle fotoalbum og dagbøker frå mine eigne slektningar som i si tid reiste ut for å søke lykka, eller for å overleve, blei kopla saman til denne historia som fører oss til forrevne, bratte klipper i England, til tragiske hendingar som ligg gøymt og gløymt i historia, og som no dukkar opp igjen når Anna og venene er på vinterferie i England.
Det er så godt å kunne senke skuldrane, vel vitande om at etter sommaren ligg oppdrag og ventar som perler på ei snor! Eg har allereie nesten gløymt korleis det var med uvissa då koronaen herja som verst, og alt måtte avlysast. Då var det mest som ein måtte halde pusten.
For meg er det tre produksjonar som skal på vegen gjennom DKS Møre og Romsdal og DKS Ålesund neste skuleår: «Tor med hammaren», «Animert spenning» saman med Mette Mjelve og «Laboratorium for finurlege forteljingar». Eg gler meg til å «sparke frå» på energifylte, innhaldsrike dagar.
Turnéane er lagt i akkurat passelege bolkar, slik at eg har bra med tid mellom bolkane til bokskriving.
Boka med arbeidstittel «Nattvogna» reknar eg med kjem ut i haust ein gong. Når alle prosessane er i gang, og bokproduksjonen lever sitt eige liv, kan eg kaste meg over historia som ligg og vaker i hovudet og vil ut. Det blir den sjette boka om Anna, Kaspar og venene deira. I den aller første boka, «Amulettmysteriet», gjekk historia delvis føre seg i Congo i Afrika. Dit skal vi også i denne siste boka. Her ventar mysterium og djupdykk i arkeologien!
Men først ventar sommardagane, feriegjestene, båtturane, fjellturane, samankomstane og hundemoroa. Både aktive og rolege dagar, ute i all slags sommarvêr. Om vi er heldige, får vi kanskje litt sol og varme, også. Innimellom skal eg kose meg med bøkene som ligg i stablar og ventar på å bli lesne!
Takk til alle dykk som følgjer med på på kvardagsprosessane med å skape ei verksemd med bokskriving og formidling på Facebook, Instagram og www.olla.no!
Takk til dykk som også kjøper og les bøker frå dette vesle forlaget — det gjer at det er muleg å halde fram med skrivinga litt til.
«Kommer før lunsj» av Audbjørg Gjerde Lippert kan no kjøpast som nedlastbar lydfil i nettbokhandlarar, t.d. Norli og Ark.
Elsa Rypdal er innlesar.
Om boka:
«Kommer før lunsj» skrev Erlend til arbeidsgiveren sin en morgen. Det ble siste melding fra hans mobiltelefon. Inga og Erlend er et ektepar i førtiårene. De lever intenst både når det gjelder jobb og fritid. Men en dag endres den travle hverdagen. Borte er det faste og trygge. Omgitt av indre og ytre kaos blir Inga tvunget til å finne en ny vei alene. Vi følger henne i tiden etter omveltningen og får innblikk i hvordan hun prøver å takle den nye fasen i livet sitt. En bok om sjokk, sorg og livet som må leves videre.
Her kan de lese omtalar av boka, og også eit leseutdrag.
I dag har eg endeleg løyst eit irriterande problem med opplasting av bilde på heimesida. Det må feirast med eit innlegg med ein einaste gong! Sidan eg sjølv for det meste er utandørs i denne fine forsommarstida, fekk bøkene på Olla forlag ein aldri så liten fotoshoot-seanse i hagen. Her er nokre av bilda.
Under butikkfana her på sida står det litt om alle bøkene, meir i mange blogginnlegg om de scrollar nedover sida.
Neste bok, med arbeidstittel «Nattvogna» er under arbeid, kjem mest truleg ut i løpet av hausten ein gong.
I mellomtida kan vi gle oss over at Audbjørg Gjerde Lipperts bok «Kommer før lunsj» blir lagt ut som lydbok i starten av juni.
Lydbøker er også innlest av «Amulettmysteriet», «Det gamle slottet», «Kodemysteriet» og «Tippoldefar Jakobs julekort».
Desse er også å få kjøpt som e-bøker, der du vanlegvis kjøper e-bøkene dine.
Ønskjer du boka i papirformat er det enklast (og rimelegast) å kjøpe ho direkte frå www.olla.no. Gå til butikkfana, så ser du korleis boka enkelt kan kjøpast. Eg er også såpass tilgjengeleg at det berre er å sende meg ei melding, om du vil!
Ønskjer deg ein strålande dag, og hugs: bøker smakar kanskje ekstra godt ute, til dømes konsumert frå ei hengekøye!
Det går føre seg ein interessant og viktig diskusjon for tida: skal vi framleis skrive bøker for barn og ungdom, sjølv om stadig færre les? Skal vi tilpasse oss det digitale språket og heller bruke andre medier enn boka til å fortelje historia vår?
Eg trur vi må gjere begge dele. Ei historie kan forteljast på mange måtar, det eine uttrykket kan vere like godt som det andre.
Kvart uttrykk har likevel si eiga kunstnariske plattform, for mykje tilpassing kan også føre til at den genuine forteljinga smuldrar vekk. Dette valet er opp til den enkelte kunstnar å vurdere når forteljinga skal formidlast.
Men skal forteljinga i form av ord og bok framleis vinne fram og vere ein del av formidlinga, trur eg vi må vi gjere ein ekstra innsats.
Blir du med på ein dugnad?
Eg tenkjer på ein skikkeleg dugnad med ord og språk, — fortald, lesen og skriven. Blir du med på å tenne leirbålet og dele orda som blir skattekista dei neste generasjonane hentar sine minne frå — og som får dei til å halde fram med å fortelje, lese og skrive. Då kan det bli som i eventyret om kverna på havsens botn som aldri stoppar…
Vi ser ut til å trenge ein slik dugnad. Det blir arbeidd for meir lesing på mange plan heldigvis. Bibliotek, foreiningar og organisasjonar med heile samfunnet som arena.
Men denne dugnaden eg inviterer til, handlar om deg og meg.
Barn les færre bøker enn nokon gong. Fleire enn før kan ikkje makte å lese ei heil bok. Lesekondisjonen går tilbake år for år. Den kjappe, fragmenterte informasjonen som strøymer over oss, er som karbohydrat for hjernen, ein kjapp stimuli. Evna til å konsentrere seg utan flimrande bilde å feste merksemda på blir svekka.
Hadde du sjølv ein omsorgsperson som las for deg då du var barn? Ein som kunne å fortelje? Hugsar du kanskje enno desse forteljingane? Hugsar du den første boka du las? Eller den som gjorde mest inntrykk? Hugsar du gleda over å meistre lesinga? Og etter kvart omforme det lesetekniske til store opplevingar?
Ei historie kan forteljast på mange måtar
Vi opplever forteljingar rundt oss dagleg gjennom bilde, film, musikk, dans, teater, kunst, spel — og ord. Det eine uttrykket er ikkje meir verd enn det andre. Ei forteljing kan også gjerast rikare gjennom andre uttrykk enn sjølve orda. Vi menneske treng mangfaldig stimulans gjennom sansane våre, noko som igjen får oss til å tenkje, føle, ønskje, drøyme og skape. Slikt vi treng for å vere menneske.
Eg har alltid meint, og meiner framleis, at dei ulike uttrykka kan gjere kvarandre sterkare og rikare. Opplevinga av ei forteljing gjennom eit anna uttrykk enn det opphavlege kan kjennast som ny og forfriskande.
Men for mykje tilpassing kan også føre til at den genuine forteljinga smuldrar vekk. Dette er opp til den enkelte kunstnar å vurdere når forteljinga skal formidlast.
Barn og unge bruker andre medier enn papirboka når dei vil underhaldast, eller oppleve forteljingar. Vi lever faktisk i ei teknologisk verd, noko det er meiningslaust å snu ryggen til. På alle kantar er vi omkransa av kjappe forteljingar gjennom mediekanalar, film, spel, tv og sosiale media. Mange er storslagne, vakre, poetiske, spennande og gode forteljingar, både i form og innhald. Andre er berre ei glansfull innpakning rundt manglande innhald. Sjølv det er greitt, vi treng det også, som ein del av mangfaldet.
Men mengda med kjapp, teknologisk formidling kan lett fortrengje orda, dei nakne orda utan staffasje som berre gjer krav på å bli høyrde eller lesne av mottakaren.
Det er ein meir krevjande prosess å omsette bokstav- og ordsymbol til sanseleg oppleving og bevisst tanke enn kjappe filmsnuttar, fylt med driv og action. Derfor vel vi det enklaste.
Eg skal ikkje her gå inn på kva konsekvensar dette kan ha for utdanningsnivå og evna til å fullføre studium — det er eit eige kapittel. Kor viktig det er for det einskilde individ å kunne tileigne seg skrivne ord for å delta i demokratiet skal også få ligge. Eller kor viktig språk er for identiteten.
Det er også ein diskusjon om forfattarar skal tilpasse seg det fragmenterte språket i den teknologiske tidsalderen for å få folk til å lese. Her er det ulike meiningar. Enkelte forfattarar har meldt at dei ikkje ser noka hensikt i å skrive for barn og ungdom lenger. Dei har uansett slutta å lese. Dei kan ha rett, i alle fall viser alle undersøkingar at det blir lese stadig mindre.
Vi veit også som vaksne kor avhengige vi er av teknologisk formidling, kor nært knytte vi er til mobiltelefon og iPad og det innhaldet vi kjapt kan tileigne oss, men kanskje like kjapt gløyme.
Det er meiningslaust å bannlyse teknologien, eller få skuldkjensle berre ungane våre rører iPaden. Men vi kan ha ei reflekterande haldning og bevisstgjere oss sjølve på korleis vi bruker dei ulike mediene og kva vi meiner er ein bra balansegang for oss sjølve og barna.
Eg meiner vi kan ha to tankar i hovudet på ein gong: det som handlar om teknisk lese- og skrivekompetanse, det instrumentelle, er ei sak — sjølve forteljinga ei anna. Forteljingane, dei som er med på å gjere oss til den vi er, som får oss til å setje oss i andre sin stad, utviklar empati, opnar for mangfald — desse forteljingane kan gjerne opplevast også gjennom andre medier enn boka.
Derfor jatakk til både papir og teknologi.
Teknologien opnar for mange nye, spennande måtar å formidle forteljingar på, som forfattar leikar eg meg meir enn gjerne med forteljingane mine på slike måtar også. Eg vil likevel ta vare på boka og forteljinga i form av ord.
Men skal vi ta vare på sjølve orda og språket i forteljinga krev det ein ekstra innsats.
Ei utfordring
Om vi meiner det har ein verdi, må vi forvalte, gi plass — og bruke orda og språket.
Utfordringa er til meg og deg, vi som er vaksne omsorgspersonar: la oss legge vekk mobiltelefonen litt. La oss finne fram orda — anten frå ei bok, eller frå hovudet, kanskje frå våre eigne minne. Bruke tida som må til for å hjelpe poden med å halde motet oppe når lesekoden skal knekkast. Orientere oss om det som finst av forteljingar og bøker — plukke frå det rike mangfaldet som alltid har vore der, og det nye som kjem. Vere med på å gi barn opplevingar dei kan hugse heile livet, slik vi kanskje sjølve gjer med spesielle forteljingar og bøker.
Sjølv hugsar eg enno godt forteljingane morfaren min fortalde meg for seksti år sidan, opplevingane eg hadde med bøkene som blei lesne for meg, og som eg sjølv las om landskap, bilde, hendingar, monster og heltar som har vore med meg heile livet.
Bodskapen min er: ha tru på formidlinga di, del anten dine eigne forteljingar eller andre sine. Del dei med barna, ta deg tid, ha mot til å trosse trongen til dei enklaste løysingane ei stund. Bruk dine eigne ord, eller andre sine, men bruk ord! Fortel om det du sjølv har opplevd, eller lag skrøner, om du vil, men fortel! Om du ikkje føler for å fortelje dine eigne historier, kan du plukke på øvste hylle av alt det som er skrive før og no. Fortel eller les når de går på tur, når de køyrer bil, ved bordet — eller ved bålet. Det finst alltid eit godt høve om du kjenner etter. Då gjer du både deg sjølv og barna ei stor teneste.