Publisert på

Sommardagar

Sommardagar,  i ei endelaus perlerekkje, fylt med sol og varme – akkurat slik eg hugsar det frå då eg var barn. Den gongen var det berre sola og den blå himmelen frå morgon til kveld. I alle fall slik det framstår i minnet.  Nordvestlending som eg er, blir eg straks bekymra: har vi snart ”brukt opp” fineveret? Skal det regne i samfulle seks månader etter dette? Kva med konsekvensar for jordbruket? Vi skulle faktisk gjerne hatt regnet.

Men feriedagane er gode: lange turar, bading, late morgontimar med kaffekopp og flytande tankerekkjer, gode besøk, prosjekt og vedlikehald i hage, hus, båt og hytte. Dei to kjekke prikkekarane mine, Frikk & Kaspar, nyt dei gode turane og nærværet til matmor si – aldri lenger enn eit steg unna.

Innimellom går tastaturet på den velbrukte maccen varmt: det er tid for skriving.

To særdeles hyggelege sommaroppdrag er gjennomført –  teaterdag med ferieklubben i Haram, og juryoppdrag på Gapskrattfestivalen i Tresfjord. Svært ulike oppdrag, med ein fellesnemnar: gode historier i godt fellesskap!

Minner om konkurransen om å vinne eit sjølvvalgt, forstørra bilde frå boka «utandørs i nordvest»! Fristen er 1.august – info finn de i tidlegare innlegg her på sida, eller på Facebooksida «utandørs i nordvest».

Komande søndag, 15.juli, er fristen for å sende inn tekstforslag for barn/ungdom til epilogen i «Det gamle slottet».

Kan hende neste innlegg her blir ein liten smakebit frå innsendte tekster?

Nyt sommardagane!