Publisert på

Lese- og skrivelyst!

Enkelte ting endrar seg aldri, t.d. panneluggar!

Enkelte ting endrar seg aldri, til dømes panneluggar!

Men ikkje berre det. Skilnaden på desse to bilda av meg er omlag 65 år. Mykje er sjølvsagt annleis etter så mange år, men i tillegg til panneluggen er lese-og skrivegleda framleis der.

Eg var ein heldig unge. Eg hadde vaksne som fortalde meg historier, som las for meg, og som hjelpte meg å knekke lesekoden – omtrent på den tida bildet viser.

Denne gåva har eg hatt med meg heile livet, ho har vore grunnlaget for yrke og fritid,  for heile eksistensen min. Det å kunne reise til andre univers, møte farar og utfordringar, finne allierte og løysingar, øve på sjølve livet – det har vore min viktigaste reiskap.

Eg hugsar enno universa eg skapte og leikte som barn, mange inspirert frå forteljingane morfaren min fortalde frå mytologien, og frå spennande bøker.

På mange vis er eg framleis der. Og kanskje er det desse tidlege formidlingsopplevingane som gjer at eg stadig utforskar nye univers? Kanskje er det slik at inntrykka frå «Kong Salomos gruver», Jules Vernes’ fantastiske univers og Minotaurus i labyrinten har festa seg i sinnet for alltid?

For eg ser at mange av universa mine er eit godt stykke unna dagslyset. Underjordiske gangar, bunkersar og grotter går igjen. Ofte gamle, skjulte mysterium som har ein link til verkelege hendingar – kopla til nye utfordringar hovudpersonane mine skal utsettast for. 

Og nettopp denne trongen til å gå under jorda har fått meg til å bli opptatt ev estetikken rundt Urban Exploration. Grotter og hòler, bunkersar og underjordiske laboratorium, nedlagte fabrikkar og institusjonar, forlatte hus, slott, eigedomar  – det forfalne, forlatte, ofte menneskeskapte har sin eigen estetikk. 

KI definerer Urban Exploration slik: utforsking og dokumentasjon av menneskeskapte, ofte forlatte stader, som gamle fabrikkar, sjukehus, bunkersar og tunnelar. Målet er å fange forfall, historie og unik atmosfære gjennom fotografi, ofte under mottoet ‘ta kun bilder, etterlat kun fotspor’.

I mange av bøkene mine går handlinga føre seg eit godt stykke unna dagslyset – det finst ein eigen estetikk, eigne univers i mørke gangar, labyrintar, grotter, forfalne gamle bygningar – og under jordoverflata, under gatene…

Dette gamle, forfalne huset, med alt som fanst inni det, var bakteppe for Klokkemakar Alfreds mysterium.

det gamle slottet må vi gjennom ein underjordisk gang frå slottskjellaren, blir stengd inne, men finn til slutt skatten.

Birgers odyssé er vi i Arktis, i gangar og hòler under isen.

Kodemysteriet er det nok ein hemmeleg utgang frå eit gammalt hus til bunkersar frå krigens dagar.

Mysteriet ved Hangman’s Hill er vi i eit gammalt slott og i skjulte hòler i landskapet.

Grotta og skuggane frå fortida oppdagar vi stengde hòlesystem på utgravingsfeltet.

Og sanneleg er vi under jorda også i juleboka Tippoldefar Jakobs julekort.

I DKS-workshopen Utanforverda, eit samarbeid mellom biletkunstnar Tarjei Rypdal Eide og meg, utforska vi verda under Arktis gjennom ei spennande rammehistorie. Elevane skapte desse universa gjennom kunstinstallasjonar og forteljingar

Dermed er eg no i mi eiga boble: djupt nede under gatene i Oslo. I tunnelane som inneheld vatn- og kloakksystem, gamle tunnelbaner, stengde gangar og utgravingsområde. 

Det handlar om Felix, Zack og Jana – om ein song og ei russisk bie – og om ei spesiell førjulstid. Men aller mest om å våge å ta utfordringar og ville det rette. 

Publisert på

Nyttårsforsett? Bucketliste?

Eg har mange tankar når eit nytt år er i gang, men denne gongen har eg ikkje laga meg noko liste med mål eg skal nå. Kanskje dette året rett og slett skal vere ei øving i å ta det som det kjem, opne opp for dei utfordringane og gledene som heilt sikkert vil dukke opp, vere her og no.

Eg er elles litt av ein ‘plottar’, både i liv og arbeid, så dette med å ta det som det kjem kan vere ei utfordring i seg sjølv for slike som meg.

Det er  elles nok av målsettingar og tidsfristar, slikt som ruslar og går heile året: å halde seg  frisk og i form med turar, sunn mat og trening. Det treng eg ikkje å ha ei liste 1.januar for å arbeide med. Dessutan har eg Hugo, Grand Danoisen min, så mykje av det som har med skrotten og frisk luft å gjere går av seg sjølv.

Eg er eigentleg pensjonist no, og kjenner på den fridomen det faktisk inneber, ikkje minst økonomisk. Eg har vore heldig å har sjonglert meg gjennom frilancerlivet i mange år. Det har ofte vore særdeles krevjande, men samtidig fantastisk fritt og tilfredsstillande. 

Dette året rundar eg omsider av turnélivet med Den kulturelle skulesekken, noko som sit langt inne, kjekt som det er. I staden har eg innreia campervan. Ein knallraud Toyota Hiace. Då er i alle fall turgleda og reiselysta ivaretatt.

Når ei dør lukkar seg, opnar det seg ofte ein ny. Kva dører vil opne seg dette året, tru? Eg vil i alle falle vere klar til å gå gjennom dei – ikkje stenge dei.

Om turnélivet tar slutt, så er det ikkje slutt med skrivinga. Dette året kom to bøker i mål: ‘Jonas, Judith og UV-strålane’ og  ‘Grotta og skuggane frå fortida’.

Dermed kan eg fokusere på boka om Felix som har vore på vent ei stund. Felix blir plutseleg åleine i verda og møter utfordringar i tunnelane under Oslos gater. Eg var ferdig med det første utkastet, fekk tilbakemelding frå redaktør, før bøker med stipendtildeling og på oppdrag måtte prioriterast. No er eg godt i gang med neste utkast. Det er herleg å ta opp igjen noko som har vore på vent, og sjå at brikker har komme på plass, nærast av seg sjølv. Tida kan også vere ein bra redaktør.

Tippoldefar Jakobs julekort’ fekk lufte seg på Hageverkstedet kulturscene før jul. Vi fire som boltra oss med denne historia storkosa oss, noko vi opplevde at publikum også gjorde.

Melanomforeninga, som eg skreiv dei to Jonas og Judithbøkene på oppdrag frå, er i gang med eit spennande vidareføringsprosjekt inspirert av desse bøkene. Mitt bidrag her blir  innspel på tekst – spennande!

Rett nok er det slutt på turnélivet med DKS frå neste skuleår, men i vårsesongen no blir det både ‘Tor med hammaren’ og ‘Laboratorium for finurlege forteljingar’.

Eit anna spennande, men kanskje uvanleg arrangement er på gang også, men det må eg komme tilbake til. Opne dører, altså! 

Trass i manglande bucketliste har eg likevel to levereglar eg vil gjere så godt eg kan for å følge: Vær snill! Vær raus!

I denne verda av galne despotar er det den viktigaste bodskapen på det nære planet. Kva eg skal gjere med stormaktspolitikken veit eg ikkje no – men noko må gjerast. Maktesløyse er destruktivt. Om ein gjer noko, om enn aldri så lite, så vil ein kjenne seg som eit handlande menneske, om ikkje anna. Er vi mange nok som gjer noko, må vi ha tru på endring. Eg vil ikkje akseptere imperialisme og maktbruk, fascisme og krigføring, rasisme og truslar som stenger for ytringsfridom. 

Ta vel imot det nye året – bruk det godt!