Ny bok: «Grotta og skuggane frå fortida» av Olla Rypdal og Nikolai Rypdal Tallaksen.
Endeleg er boka klar! Dette har vore ei spennande “reise”. Denne gongen har eg med sonen min, Nikolai, som medforfattar.
Då barna var små, budde familien i Republikken Kongo i nokre år. Interessa for, og kjærleiken til, det afrikanske kontinentet ligg som eit bakteppe for denne boka. Nikolai har sjølv som arkeolog erfaring frå feltarbeid i Sør-Afrika, der hendingane i denne boka er lagt.
Kombinasjonen arkeologi og krim-mysterier er ein klassikar, ikkje minst i bøker for barn og unge. I forteljinga ønsker vi å ta den klassiske kombinasjonen av mysterium og arkeologi eit skritt vidare ved å skifte fokuset frå ‘skattejakta’ til å vise korleis relevante faglege problemstillingar knytt til opphavet vårt også kan vere spennande for barn og unge.
Handlinga i boka er plassert i Sør-Afrika, nærare bestemt den sørlege kyststripa der Atlanterhavet møter Det Indiske hav. Dette området har i mange år vore ein ‘hot spot’ i arkeologisk samanheng. Mange funn som har blitt gjort nettopp her, beviser moderne menneskeleg åtferd.
Samtidig er det sørlege Afrika ein arena der ulike aktørar kjempar om naturressursar. Konfliktnivået er aukande mellom myndigheiter, landeigarar, urbefolkning, krypskyttarar og tjuvfiskarar, noko vi også flettar inn i plottet.
Som vanleg i denne bokserien, er historiske hendingar knytt saman med mystiske hendingar ‘her og no’ og skrudd saman til ei spenningsbok som er meint å passe for aldersgruppa 10-13 år.
Sjølv om Nikolai har sørga for at det faglege perspektivet er ivaretatt, kan det nok innimellom fort ‘ta laust’ i reinaste Indiana Jones-stil når fantasien gjer seg gjeldande.
Denne boka er den sjette boka i serien om Anna, Kaspar og venene deira.
Som vanleg er det Tarjei Rypdal Eide som står for omslagsdesign og forside.
Stipendstøtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Baksidetekst:
I denne sjette boka om Anna, hunden hennar Kaspar og venene Siri og Erik, er dei i Sør-Afrika. Dei har blitt inviterte til å vere med på ei arkeologisk utgraving i ei grotte. Saman med utgravingsteamet gjer dei spennande oppdagingar om korleis dei tidlegaste menneska levde.
Dei blir også kjende med ur-foIket sine forteljingar gjennom gamle Kitongo. Oldefar hans var ein sjaman.
Det tar ikkje lang tid før dei oppdagar at ikkje alt er som det skal på utgravingsfeltet.
Samtidig går det føre seg tjuvfiske på naturreservatet like ved. Kjeltringar er ute etter freda abaloneskjel og havskjelpadder.
Snart held vi pusten saman med Anna og venene, der dei kjem ut for den eine mystiske og farlege hendinga etter den andre.
Kven har saga over bruplankane i grotta? Kvifor blir dotter til Kitongo truga? Kva har tjuvfiskarane med dette å gjere?
Så blir gamle Kitongo borte.
Vil Anna og venene klare å løyse flokane denne gongen?


