Publisert på

Er boka i ferd med å dø?

Avisoppslag i dag seier at salget av skjønnlitterære bøker har gått ned med 10% første halvdel av 2018.

Er det eit signal om at boklesing er på veg ut? Er vi prega  av vår flyktige tid der sosiale media og kjappe videosnuttar er det viktgaste? Treng vi ikkje bøker lenger? Orkar vi ikkje lese oss gjennom ei heil bok?

Eg trur ikkje boka er på veg ut. Men eg trur vi treng å verne om verdien i det å lese.

Møtet med bokverda er eit mentalt skattkammer! Lista på kor nyttig og viktig det er for eit barn å kunne lese er lang – både det å kunne lese generelt, og det å lese bøker spesielt.  Eit barn som blir lest høgt for som liten, vil sjølv lese bøker som vaksen. Verdien det inneber å vere i bokas imaginære verd er knapt målbar. Gode bøker har ein kunstnarisk nerve, ei estetisk kraft som rører ved kjensler og sansar. Det er nettopp opplevinga, denne fasinasjonskrafta som gir næring til barns eigne bilde, eigne fantasiar, evnen til å sjå utover sine eigne grenser – det er her skattkammeret ligg.

Ord rører ved lesaren, ord gir opplevingar – det er i den opplevinga vi kan lære om oss sjølve, lære om andre menneske, lære om korleis vi kan sette oss inn i andre menneske sine utfordringar. Den verdien er uerstatteleg.

Honnør til biblioteka som sikrar at alle har tilgang på bøker! Biblioteka arbeider systematisk og målretta for å styrke boka sin plass blant barn, unge og vaksne.

Vi treng også mangfaldet i litteraturtilfanget, utover marknadskreftene og store forlags dyrking av bestselgjande bøker.