Publisert på

Endeleg!

Endeleg – fordi no har eg fått knappen for påmelding for nyhetsbrev til å virke!

Det er endå januar, endå er året relativt blankt og ubrukt. Det er bra, for «to-do»- lista mi esar ut i alle endar og kantar!

Sjølv om dette vesle forlaget no er over eit år gammalt, er det endå mykje å lære, endå mykje eg må setje meg inn i.

Kjekt er det, når eg kan hake ut eine punktet etter det andre. No har eg altså haka ut nyhetsbrev frå lista mi.

Arbeidsdagane mine er varierte, akkurat slik eg likar det: eine dagen kan timane gå med til skriving, skriving, skriving –  berre med avbrudd som lufteturar og hundeleik (takk og pris for Frikk og Kaspar – dei sørger både for mosjon, god helse og godt humør til matmor si).

Andre dagar kan handle om rigging til fotografering – kven veit, kan det vere ein ny idé til bildebok på gang?

Ein anna dag kan handle om konstruksjon av plot, skildring av personar og hendingar, spenning og action saman med skuleelevar, som boblar av energi, fantasi og iver.

Eller kanskje eg finn meg sjølv i ei snøfonn, saman med barnehageungar, på leiting etter frosne drageegg. Desse møta med barn og ungdom er gull verdt – det er dei eg skriv for!

Og sjølvsagt, tid går også med til pakking, sending, fakturering av bøker.

Men altså: seint i går kveld fekk eg omsider nyhetsbrevknappen på plass. Om de har prøvd å melde dykk på før i går, må de faktisk gjere det ein gong til – sidan det er først no det fungerer! Om de då ønskjer å få tilsendt nyhetsbrev i ny og ne, med informasjon om bøker, tilbod, arrangement, produksjonar – eller kanskje ei historie – eller bokprat av anna slag. Om de ser på www.olla.no med pc, ligg nyhetsbrevknappen i venstre kolonne. På mobil ligg den nedst på sida, etter litt scrolling.

Ha ein fortsatt god januaronsdag!