Publisert på

Velkommen, 2023!

Eg vil ta imot det nye året så godt og håpefullt eg berre kan, slik eg gjer for kvart nye år som kjem.

Kva dette nye året vil føre med seg veit eg heldigvis ikkje, men eg vil prøve å halde hovudet kaldt og klartenkjande, hjartet varmt og  djuptfølande.

Eg håper eg også dette året skal få skape nye historier, både åleine og saman med barna eg møter ute i skulane. Ein skal lytte til historiene barna skaper, for dei seier mykje om kva tankar dei har om seg sjølve i heilskapen, og om framtida. Vi kan ha noko å lære der, nokon kvar av oss.

Bilda er frå prosjektet «Utanforverda». DKS-verkstaden Tarjei Rypdal Eide og eg gjennomførte for nokre år sidan, handla om å skape historier med ord og kunstinstallasjonar — og om korleis dei ulike kunstuttrykka kunne inspirere kvarandre. 

Fantasy-sjangeren ga elevane rom for å setje ord og bilde på tankar om miljø og framtid.

Dei fleste historiene enda godt, trass i krevjande utfordringar — slik håper eg vi opplever 2023 også.

Riktig godt nyttår!

Publisert på

The Iceberg Family

I dag handlar det om Audbjørg Gjerde Lipperts bok «The Iceberg Family», med illustrasjonar av Tarjei Rypdal Eide. Den norske versjonen av denne boka er utseld, men den er på lager i engelsk versjon.

4.desember er det denne boka som har redusert pris: kr 200,-

Audbjørg seier om boka:

I got the idea to this children’s story “The Iceberg Family” after adventurous voyages to Antarctica and Greenland/Svalbard/Iceland with the Explorer ship “Fram”.

I was thrilled by the icebergs, and by the nature that surrounds them. For me the icebergs are  life and identity. They are creatures with thoughts and souls that live their lives in wild and beautiful, but vulnerable nature. The beauty of these areas with their mountains, snow and ice surpasses everything.

The icebergs tell their story themselves. We meet The Ice King and The Ice Queen who live together with their family in this clean, beautiful ice world. There they have their pleasures and sorrows. Now and then they hear scary news and rumours about what is going on in the world outside, among other things about whales that get their stomachs filled with plastic. One day a boat arrives in their kingdom. What will that do to the vulnerable nature there?

It has been claimed, however, that only the one who has experienced the Arctic, knows to take care of it. Nevertheless, these areas are vulnerable and can easily be polluted and damaged.

These are – as I see it – important questions that very well may be discussed with the children. I have tried not to dramatize the problem, just in careful ways asked some questions about how we relate to the wild and beautiful, but vulnerable nature. My hope is that this story will trigger further thoughts in the children’s mind.

Audbjørg Gjerde Lippert

BLURB:

The Iceberg Family live in The Ice Fjord far, far to the north. The fjord is clean and beautiful like the clearest glass. Here the iceberg children Ice Laug, Ice Finn and Ice Bjorg play all day long. Sometimes seals and whales come to see them, and now and then a hungry polar bear may show up. One day, however, something very special happens. A boat full of people in blue jackets comes into their fjord and begins to circle around them. The icebergs, both the small and the big ones, get frightened. What will happen to their family now? Can they live there safely as they have done up to now? Or will warm currents in the sea make them melt? Will plastic and garbage fill the stomachs of the whales and lead to their death? They have heard some rumours…

In this book Lippert has chosen to use some traits from the fairy tale, but without sticking completely to that genre. The mixture of genres is chosen to give the book a modern expression. At the same time the association with well-known fairy tale traits can be a motivator to make the children think their own thoughts. That is the author’s intention.

Illustrasjonane til denne boka blei til gjennom eksperimentering med papir, lys, spegelflater og ulike materialer. Tarjei fortalde ein gong at sjølve isfjella blei til ved at han krølla saman papir som skulle kastast fordi han ikkje syns det fungerte. Plutseleg fekk han idéen om å bruke desse papirkrøllane saman med ulike lyskjelder, glas og speglar. Resultatet blei magisk! Under ser du nokre av dei stemningsfulle illustrasjonane.

Publisert på

Gamle slott og gaffatape

Kva kan gaffatape ha med boka «Det gamle slottet» å gjere? Ingen ting, i utgangspunktet. Men likevel er gaffatape noko av det første eg tenkjer på når denne boka dukkar opp.

Eg er ikkje sikker på kva ei dameveske bør innehalde. Men mi veske inneheld alltid gaffatape. Erfaring har vist meg at dette produktet er heilt påkrevd. Det kan brukast i kva som helst slags naudsituasjon.

Då denne boka skulle trykkast, bestemte eg meg for å bruke eit trykkeri i Oslo. I staden for å få bøkene sendt hit til Nordvestlandet, ville eg ta turen og hente dei sjølv på trykkeriet. Så kunne eg samtidig besøke dotter mi og familien hennar.

Eg er glad i å køyre bil, noko som høyrer med når ein gjennom året legg bak seg mil etter mil på turnéar. 

Men denne dagen starta litt dårleg — eg måtte på eit møte før eg kunne køyre mot Oslo, og kom dermed seint i gang med turen. Som det utprega A-menneske eg er, blei eg trøytt, og måtte stoppe rett som det var for å ta ein blund. Eg kan sovne kor det skal vere, og når augeloka blir tunge, må eg stoppe, elles sovnar eg køyrande.

Dermed kom eg til Oslo midt i argaste rushtida, fekk tidsnaud for å rekke trykkeriet før stengetid, og blei ganske stressa. I ei rundkøyring like ved målet gjekk det gale. Eg kræsja. Framleis er eg usikker på kven sin feil det var, men med bankande hjarte, dinglande framskjerm, lause ledningar og anna bil-innmat av det for meg meir udefinerte slaget slepande etter bilen, fekk eg køyrt ut til sida rett etter rundkøyringa. Både eg og sjåføren i den andre involverte bilen fylte ut våre skadeskjema og skildest som, om ikkje akkurat perlevener, så i alle fall med eit anstendig språk og noko som kunne likne smil.

Eg rakk såvidt å hente bokkassene med «Det gamle slottet» før trykkeriet stengde, hespe fram gaffataperullen for å feste det som hang og slang gatelangs etter bilen, og kom meg fram til huset der dåttera mi, svigersonen og barnebarnet mitt budde.

Bilen skulle sjølvsagt ha vore på verkstad. Men det var i mitt hovud umuleg, for boklanseringa var allereie neste ettermiddag. Den kvelden gjekk det dermed med ein heil del timar på å tape fast skjerm og alt dette andre som hang og slang etter kollisjonen, alt med min fortreffelege gaffatape. Svigersonen min gjorde ein særdeles grundig jobb, tapen sat godt heile vegen heim gjennom Gudbrandsdalen og Romsdalen, tungt lasta med bøker. 

Eg køyrer ALDRI nokon stad utan gaffatape!

For å feire gaffatapens fortreffelege bruksområder, kan du i dag kjøpe «Det gamle slottet» for kr 100,-

Publisert på

God førjulstid!

Fram mot jul kjem det små innlegg på www.olla.no — som ein slags julekalender, om du vil – om ikkje kvar dag, så rett som det er.

Innlegga vil handle om bøker, hendingar, opplesing, bakgrunnshistorier og «behind the scene»-historier frå dei fem åra Olla Forlag har eksistert. Kvar gong vil ei bok ha ein særleg god julegåvevenleg pris, akkurat denne eine dagen. (Frå før er allereie dei fleste bøkene sett ned i pris)

Den første boka ut i denne vesle adventskalenderen til Olla Forlag er «Tippoldefar Jakobs julekort». Det høver godt, sidan dette er ei bok med 24 kapittel, eitt for kvar dag, frå 1.desember fram til jul, stemningsfullt illustrert av Tarjei Rypdal Eide.

Akkurat i dag er det også årets første forestilling med «Tippoldefar Jakobs julekort» i Hageverkstedet kulturscene.

Denne boka, og forestillinga blei til etter inspirasjon frå gamle julekort. Julekorta viser veg til ei spennande, gåtefull verd — Sivert og Jenny får vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om. Det får du også, om du les boka, eller kjem og ser forestilinga. Velkomen skal du vere!

Forestillingane er 1., 12. og 14. desember kl 17.00 på Hageverkstedet kulturscene, og

4.desember kl 15.30 på Tresfjord museum.

Denne dagen, 1. desember, kan du kjøpe boka til nedsett pris, kr 250.00.

Boka fins også som lydbok som kan kjøpast på nettbokhandlane.