Publisert på

Nytt år, nye stormar, nye prosjekt!

Godt nyttår, 2020!

Året startar, ikkje heilt uvanleg, med storm. Slik er det ofte her i nordvest ved årsskifta. Etter ein aktiv, innhaldsrik juleferie med mange middagar, gode samtalar og leik med dei yngste i ein etter kvart talrik familie, har eg no nokre rolege dagar der eg finn igjen sporet i bokprosjekt og forlagsarbeid.

Tusen takk for all den fine omtalen og mottakinga av «Tippoldefar Jakobs julekort»! Det er verkeleg hjartevarmande når ein får høyre kor små og store har kost seg med boka. No skal ho få kvile seg til neste jul.

Men bokarbeidet elles kviler ikkje! I går sendte eg ut fleire eksemplar av «Kodemysteriet» til prosjektet «Bokslukerprisen» i regi av Foreningen !les. Eg har trua på slike prosjekt som får dei unge i «bokslukaralderen» til å kaste seg over lesinga,  vurdere og kommentere bøker, og til sist nominere bøker til sjølve «Bokslukerprisen». Dette gjer noko med deira eigen vurderingsevne, og lesinga i seg sjølv er både viktig, nyttig, underhaldande og lærerik. Som eg har nemnt fleire gonger: Skjermbilder og filmsnuttar kan aldri erstatte det som skjer i hjernen vår når vi les bokstavar som former seg til meining og skaper eigne bilde i hovudet.

Når det er sagt meiner eg bøker også må kunne vere tilgjengeleg som lydbøker og som e-bøker. Dette er også under arbeid med trilogien om Anna og Kaspar.

Det første som skal skje på Olla Forlag er at Audbjørg Gjerde Lippert sin roman «Zapping» kjem ut i løpet av våren. Vi kan berre gle oss!

Neste prosjekt er «Birger’s Odyssey» i engelsk omsetjing av Lise Rønnestad, som skal ut i den engelskspråklege verda. Dette prosjektet blei satt litt på vent då «Tippoldefar Jakobs julekort» plutseleg braut seg fram i rekka.

Eg har også i tankane korleis ein som indieforfattar skal nå ut til publikum. Konkrete planer i emning, her også.

Sjølvsagt er eg godt i gang med mitt neste bokprosjekt. Dette skal eg bruke tid på, så dato for lansering er ikkje satt. Arbeidsmåten er å skrive litt kvar dag, drive research i historiske dokument og bilde, strø rundt meg med lappar i alle slags fargar – som etterkvart finn sin plass i den store ramma. Dette er ei fin «boble» å vere i. Det blir verre når boka skal brytast ned i stadig nye omskrivingar, rettingar og endringar etterkvart som testlesarar, manuskonsulent, språkvaskar og korrekturlesar har fått sagt sitt!

Denne hausten har eg vore på leiting etter forlatte hus. Eg har fått mange tips om bygningar, og har fotografert flittig der eg har vore på reise. Desse bilda er inspirasjon til historia som smått om senn veks fram. Nokre av dei ser de i dette innlegget, med litt leiking med filter. Også denne gongen vil historia ta eit djupdykk tilbake til spesielle hendingar i tidlegare tider, historier som blir knytt saman med notida i ei handling. Men denne gongen er det ikkje Anna og Kaspar som blir med på reisa. Etterkvart som historia tar form skal de få vite litt meir!

Eg ønskjer alle eit godt, fredeleg, inspirerande og innhaldsrikt 2020!