Publisert på

Det som rører seg på eit knøttlite mikroforlag…

Forlagsarbeid og bokskriving er sanneleg ein spennande materie å arbeide med! Sidan oppstarten av Olla Forlag hausten 2017, har det skjedd ein heil del i dette ør-vesle hjørnet av bokverda, nettopp fordi dette arbeidet blei langt meir kjekt, spennande og utfordrande enn eg hadde sett for meg.

I utgangspunktet var tanken berre å gje ut den boka eg hadde arbeidd med, og hatt liggjande ei god stund: Amulettmysteriet. Akkurat då var endringane i bokbransjen i gang, på same måte som musikkbransjen hadde opplevd før. Stadig fleire ga ut produkta sine sjølv, og blei «independent» – dei «gjekk indie». Det blei svært interessant å setje seg inn i dette, og læringskurva blei bratt.

Samstundes med denne første boka starta også samarbeidet med Audbjørg Gjerde Lippert – ut frå noko så tilfeldig som eit bilde av ein middag på snødekt bord på Facebook. Dermed sparka vi i gang boka «utandørs i nordvest». Prosessen med den boka blei eit retteleg eventyr. Ein dag kvar månad i eit helt år reiste vi rundt i fylket vårt. Vi hadde med god niste, møtte trivelege kulturpersonar, og tok uhorveleg mange bilde. Etterpå blei det  ureknelege timar med tekst og redigering før boka kunne trykkast.

Vi fann at samarbeidet var så kjekt og inspirerande – at det har vi halde fram med. Audbjørg ville gje ut sine bøker også, på dette vesle forlaget – noko eg er både stolt over og glad for. I tillegg er Audbjørg ein svært kompetent språkvaskar og korrekturlesar, noko eg har vore heldig å kunne dra nytte av.

Eg hadde allereie heilt i starten planer om å nytte Tarjei Rypdal Eide som illustratør. Han er ein dyktig kunstnar som er utforskande, idérik og kreativ – og han har sidan både illustrert og laga omslag til alle bøkene våre. I tillegg har han sett seg inn prosessane med å brekke om bøkene, og er vår faste ombrekkar og omslagsdesigner.

I det siste har vi fått med oss Elsa Rypdal og Kjell Valderhaug på laget. Elsa er sangpedagog og pensjonert kulturskulerektor, og er no også innlesar av lydbøker. Amulettmysteriet er nettopp lagt ut som lydbok og ebok på E-bok.no. Kjell er lydteknikar av profesjon – og har laga lydstudio i kjellaren.

Audbjørg har gitt ut Isfjellfamilien, (The Iceberg Family – engelskversjon), Kommer før lunsj, utandørs i nordvest og Zapping.

Tidlegare har Audbjørg gitt ut: Petrine – eit liv, Tomme stolar talar og Fra benken i Saigon.

Audbjørg og Olla har skrive boka utandørs i nordvest.

Olla har skrive Amulettmysteriet, Det gamle slottet og Kodemysteriet.

Olla og Tarjei har samarbeidd om bildebøkene og dei illustrerte bøkene: Birgers odyssé (Birger’s Odyssey –omsett til engelsk av Lise Rønnestad), Tippoldefar Jakobs julekort og Klokkemakar Alfreds mysterium (denne boka er under arbeid og kjem ut hausten 2020).

Etterkvart har det dermed blitt ein heil liten stab som er engasjert i dei ulike bokprosjekta.

Men endå er det ein heil del til av kompetanse som må hentast inn til ein bokproduksjon, ikkje minst eksterne manuskonsulentar og redaktørar  som kan gje teksten det heilt nødvendige blikket utanfrå. Der er Boldbooks ein særs nyttig aktør.

Kvart bokprosjekt er omfattande, og kvar gong har eg tenkt at no blei den siste boka. Men det har vist seg at det stadig dukkar opp nye idéar det er uråd å leggje frå seg. Så no er vi i gang igjen…