Publisert på

Søndagsmorgon!

Søndagsmorgonen er det aller beste tidspunktet i heile veka! Ved ettertanke kan det nok hende eg kallar svært mange andre tidspunkt  gjennom ei veke også for «det aller beste». Slik som då barna på ein av workshopdagane sist veke tok luven frå meg og skar igjennom alle mine førebudde skjema på korleis vi saman skulle skru i hop ei historie. Eg slapp tøylane, barna hadde full kontroll – og historia deira sit endå fast i minnet som ei av dei aller beste! Ei fin stund var det også då eg og hundane «lufta vitet»  i kuling og rufsever uti havgapet – slik vi rett nok gjer kvar dag – men altså fine stunder, det óg. Eller den første kaffikoppen om morgonen, telefonsamtalen med barnebarna, eit hyggeleg treff, eit spennande møte, ein knallgod middag, ein tulipanbukett…. Dei gode stundene er der altså som perler på ei snor, når ein berre kjenner etter.

Søndagsmorgonen er likevel spesiell. Etter ei veke på vegen på turné til skular rundt omkring i fylket, der det handlar om høg energifaktor, fullt fokus og konsentrasjon – og heile tida «hands on», kjem søndagen, blank og ubrukt. Dei dagane eg er ute med ulike workshops er det ikkje rom for så mykje meir arbeid, energien blir brukt fullt og heilt. Slike dagar handlar det mest om å komme seg ut med hundane når eg kjem heim. Men hele tida ligg manuset på boka som er under arbeid og surrar i bakhovudet. Søndag er dagen for å vere i flytsone med bokskriving!

I dag sto eg opp klokka halv fem. To glade hundar fekk frukost og luftetur, matmor fekk den heilt nødvendige kaffikoppen. Dei to glade sovna snart – men matmor kasta seg over arbeidet. Det store arket, som fyller mesteparten av bordet, hjelper meg til overblikket på strukturane, plottet, rammene, hendingane, personane. Dette er den aller kjekkaste prosessen med boka, når alle idéane blir sett inn i konstruksjonen. Nokre idéar blir kasta, nye kjem til – endå kan mykje skje, men strukturen er på plass. No kan eg leike meg med personane og hendingane. Dei første kapitla er nedskrivne, etter utallige omskrivingar – eg veit kva som skal skje i det siste kapittelet. Endå kjem det mange endringar, før eg omsider sender første «ferdige» utkast til testlesarar og manuskonsulent. Eg boltrar meg i parallelle historier, eg er i Firenze i 1497, i Bronx i 2018 – og sanneleg ein liten tur innom nordvestlandsk kystlandskap, også. Aldo Manuzio har meldt seg, det same har Rex og Sid. Fleire bøker med interessante, innfløkte og spennande kodesystem er gjennomgått, nokre av dei skal bli med vidare – på leiting etter svaret på gåta. Som eg gler meg til å fortelje historia ferdig!

Etter denne vesle pausen med å skrive blog-innlegg, blir det eit par timar til med skriving, før hundane og eg går ut i vêret – i dag trur eg det er storm der ute.

Uansett kva som er din søndag – ha ein strålande dag i di eiga «flyt»-sone!

Publisert på

Indiesamarbeid!

I tidlegare innlegg har eg skrive om fire indie-forfattarar som har gått saman om å lage formidlingsopplegg for bøkene våre. Samarbeidet er inspirerande, det er fint å vere fleire som har gode idéar og kan gå saman om til dømes formidlingsopplegg som dette.

Fellesnemnaren for oss fire er at vi skriv bøker for barn på nynorsk. Som indie-forfattarar er vi ikkje alltid like synlege i det store bok-universet. Vi manglar ofte det store marknadsføringsapparatet dei større forlaga rår over. Men om vi er små når det gjeld å vise slike musklar, er vi like glade i litteraturen – og vil gjerne formidle den for dei vi skriv for.

Vi har alle laga formidlingsopplegg for den enkelte boka, utover det å lese frå boka, t.d. med utstilling, bilde, aktivitetar, musikk, osb. Vi kan formidle ei eller fleire av bøkene på same arrangement – eller alle fire, alt etter kva slags arena og institusjon vi samarbeider med.

Vi vil legge til rette for sal av bøkene der det er mogeleg.
Under finn du litt om kvar enkelt bok, og korleis vi kan formidle ho.

Vi er fleksible, og opne for forslag! Ta gjerne kontakt med oss!

Helsing Lin-Marita, Elin, Gro og Olla

 

Bjørnen Tor av Lin-Marita Sandvik. Formidlar: Lin-Marita Sandvik

«Bjørnen Tor gjer ein dagsferie» er ei av sju bøker i serien om Bjørnen Tor. Han er ein songglad bamse som likar å prøve nye ting. I denne boka vil han prøve om det går an å gjere alt som ein syng om i «Ferie-rapp» – på berre ein dag. Denne rappen er om alt som teddybjørnar likar å gjere når dei har ferie: Dra på tur, vere på landet, vere i byen, fiske, ete is og mykje anna.

Han og mennesket bur nær skog og sjø, ikkje så langt unna Ålesund. Dei har bil og dei har fiskestong, men har dei tid nok til å gjere ein heil ferie på ein dag?
Boka inneheld bilder frå Skodje og Ålesund, og blir formidla gjennom høgtlesing, helst med boka på skjerm i bakgrunnen. Etter opplesinga syng vi «ferierapp», med komp til. Vi har også med eit bildemotiv frå boka, montert på treplate og med hol i, slik at vaksne kan forevige borna sitt fjes i dette motivet (i staden for Bjørnen Tor sitt fjes). Målgruppe: 2-8 år

Lin-Marita Sandvik/ Sandvikbok Hjellmyrbakken 7
6260 Skodje
Tlf.: 41107772

E-post: lms@bjornentor.no www.bjornentor.no/torthebear.no

Facebook/ Instagram/ Youtube: Bjornentor

 

Sofia og Trollet av Sten Bjørnar Lamo og Elin Helland Johansen Formidlar: illustratør og forleggar Elin H. Johansen

«Sofia og Trollet» er eventyret om Sofia som må redde prinsessebamsen frå det store trollet i Aurdalsnibba i Sykkylven. Ei biletbok som egnar seg like godt til høgtlesing på sengekanten som å bla i sjølv. Barna kan lett sjå kva som skjer på kvar side, slik at dei kan gjenfortelje sjølve. Historia er dikta på sengekanten over fleire kveldar, og er eit resultat av både far og dotter sine bidrag. Det er ei enkel, men samstundes spanande historie. Passar best for barn i alderen 2-5, men kan fint lesast av eldre barn som lærer å lese sjølve.

Boka vert formidla gjennom høgtlesing. Dersom det er ønskeleg, kan ein ha bilete av boka på skjerm i bakgrunnen. Vi har også med fargeleggingsark, med både Sofia og trollet, som barna kan fargelegge.
Målgruppe: 2-5år.

Elin Helland Johansen Knasteriet Forlag Halvardsrema 17, 6052 Giske Tlf.: 99645319

E-post: elin@knasteriet.no www.knasteriet.no Facebook/Instagram: Knasteriet

 

Trolla frå Trollstad av Gro Marita Stennes Valdal. Formidlar: Trollet Fantehit

Tittføtt og Tausafut: Den farlege fisketuren
I denne boka blir vi kjend med tvillingbrørne Tittføtt og Tausafut som bur på Trollstad. Dette samfunnet av huldretroll ligg langt ute i skogen og dei som bur her er alle opptatt av samhald, familie og det å leve i pakt med og av naturen rundt heimen sin.

Dei litt rampete småtrolla hamnar ofte i trøbbel. I denne boka får vi høyre om då Tittføtt og Tausafut skulle på fisketur ned til den store elva, og at det ikkje alltid går slik ein har tenkt.

Boka blir formidla gjennom opplesing av eit ekte Trollstad-troll. Når vi er ute og les legg vi også opp til ei kreativ stund der borna får teikne sitt eige troll, og det blir ofte ei kjekk stund i lag med trollet som gjerne teiknar i lag med borna. Eventyrstund med kreativ teikning tek som regel 45-60 minutt. Mogleg tilpassing også til aktivitet utandørs. Målgruppe: 2-8 år.

Gro Marita Stennes Valdal Trollbinding AS Fjordhagen, 6210 Valldal Tlf: 97883830

Epost: post@trollbinding.no www.trollbinding.no Facebook/Instagram: Trollstadtrolla

 

Birgers odyssé av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide. Formidlar: Olla Rypdal

«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser. Han samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.
Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen…. Han undrar seg også over historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger. I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

Boka blir formidla gjennom forteljing, opplesing, bilde, musikk/lyd – og ei utstilling. Etter formidlinga som tar ca en halv time, får barna øve til å sjå på gjenstandane i utstillinga.
Målgruppe: 6-10 år.

For meir info og bilde både frå boka og utstillinga, sjå www.olla.no

Olla Rypdal / Olla Forlag
Brattholmneset 32, 6270 Brattvåg
Tlf: 91519878
E-post: olla@olla.no / ollryp@online.no www.olla.no
Facebook/Instagram/Twitter: Olla Forlag

 

Publisert på

Kva hender med isen?

Det dukkar stadig opp artiklar om klodens helsetilstand. Denne artikkelen i dagens VG, går rett inn i tematikken i prosjektet «Utanforverda» og bildeboka «Birgers odyssé». Også den vakre «Isfjellfamilien« av Audbjørg Gjerde Lippert, illustrert av Tarjei Rypdal Eide, omhandlar arktiske strøk og konsekvensar av issmelting – i eventyrform.

I «Birgers odyssé» kjem Birger inn i ei hole under isen i Antarktis – og vi blir med han på reisa, både i fantasien hans og i det han opplever.

I «Utanforverda» har elevane vi har arbeidd saman med, fått skape sine eigne historier, sine eigne samfunn, langt der nede under isen. I slike historier er det berre fantasien som set grenser for hendingar, og gir løysingar på enorme problem og utfordringar. Eg er overbevist om at det å bruke fantasien, dikte, lage historier og bilde, er med på å opne opp og utvide kunnskapsnivået. Kunnskap fører igjen til vilje til å gjere felles tiltak for klimaet. Fantasien treng like mykje trening som resten av mennesket – på vegen mot å løyse dei store problema.

https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/wElVEA/nasa-overrasket-av-gigantisk-hulrom-i-isbre?utm_content=row-1&utm_source=vgfront

Publisert på

Februar «utandørs i nordvest»!

Februar er her! Dagane er lysare og lenger – vi er på veg mot våren, men kan likevel endå glede oss over vinteren, og noko så ekslusivt som snø! Snøen må vi berre nyte, sjeldan gjest som han er på våre trakter.

Kristiansund i utandørs i nordvest er akkurat slik februardagane våre oftast er: is, kald, klar luft, gneistrande blå himmel og endå blåare hav. Lyset lovar at det nok blir vår, denne gongen også.

10. februar er det morsdag – vi feirer med eit tilbod: utandørs i nordvest for kr 329,-! Kanskje dei knallgode klippfiskbollane kan prøvast også?

Boka kan kjøpast for tilbodspris her på www.olla.no

 

Publisert på

Er du, eller kjenner du noen indieforfattere i Møre og Romsdal?

I et tidligere innlegg skrev jeg om tre indieforfattere i distriktet som har gått samen om å lage formidlingsopplegg for bøkene våre. Disse tre er Elin Helland Johansen, Lin-Marita Sandvik – og meg selv. I tillegg har Gro Marita Stennes Valdal blitt med i denne gruppa. Det vi har felles er bildebøker på nynorsk – som vi nå har laget et felles formidlingsopplegg på – og som vi markedsfører til aktuelle institusjoner, arrangører og arenaer i fylket.

Vi merker at dette fellesskapet inspirerer oss; vi løfter hverandre og deler de gode idéene. Ikke minst mener vi at indieforfattere som sådan, som ikke alltid er å finne i bokhandlene – på denne måten også får synliggjort bøkene.

Dette er såpass inspirerende at vi tenker det må finnes flere der ute som kunne tenke seg å bli med på laget! Derfor arrangerer vi et uhøytidelig indieforfattertreff i Ålesund, lørdag 16.mars. Det kan det jammen komme mye spennende ut av, tenker vi!

Dette ligger ute på nett som et Facebookarrangement: https://www.facebook.com/events/777698695943080/

Bare å melde seg på – du som skriver og gir ut selv, eller har ditt eget forlag. Du kan også kontakte meg på e-post og melde deg på!

Her er teksten i invitasjonen:

Vi inviterer til uhøytidelig treff med andre indieforfattere/forlag. Kom og bli kjent med andre som også gir ut bøker på eget/uavhengig forlag.

Etter hvert har det dukket opp mange indieforfattere, forfattere som av ulike grunner velger å gi ut bøker selv, framfor å gi ut gjennom et større, etablert forlag. Grunnene til dette kan være mange: ønske om å ha full kontroll over produktet sitt, beholde rettighetene til verket sitt, ha større prosent av salget, bestemme tittel og omslag selv, bestemme pris og levetid for boka, osv. Forlagsbransjen er i endring, nye modeller dukker opp, stadig flere gir ut bøkene sine selv.

Som indieforfatter er det utfordrende å gjøre seg synlig i den store bokfloraen. Man har ikke de store forlagenes markedsføringsapparat bak seg, og får ofte ikke bøkene inn i bokhandlerkjedene.

Vi er en liten gjeng forfattere som gir ut bøkene våre selv, som har gått sammen om å markedsføre og synliggjøre oss. Vi har tro på at slike konstellasjoner kan synliggjøre oss i større grad. Sammen lager vi formidlingsprosjekt som vi informerer aktuelle instanser og institusjoner om, søker opp arenaer for formidling og salg, osv.

Vi som har gått sammen om dette er Lin-Marita Sandvik, Elin Helland Johansen, Gro Marita Stennes Valdal og Olla Rypdal.

Vi merker at vi kan inspirere hverandre, og tenkte at kanskje det hadde vært fint for flere indieforfattere å møtes.

Vi inviterer derfor til et uforpliktende, uhøytidelig treff på Bro i Ålesund, og håper at så mange som mulig kan komme. Ta gjerne med et eksemplar av bok/bøkene dine!

På Bro kan den som ønsker kjøpe seg lunsj etterpå.

Kanskje dette kan bli starten på noen riktig sprelske stunt som plasserer oss godt synlig på det store bokkartet?

Meld deg på eventet her, eller ta kontakt med Olla Rypdal på olla@olla.no

Publisert på

Bakgrunn og inspirasjon: «Birgers odyssé»

Det er mange inspirasjonskjelder til denne boka. I tidlegare innlegg har eg skrive litt om det (mars, april, mai 2018), t.d. om korleis illustratør Tarjei Rypdal Eide og eg ønska å komme djupare inn på korleis tekst og bilde kunne inspirere kvarandre sine uttrykk, ei vidareutvikling frå workshopen «Utanforverda».

Den aller første inspirasjonskjelda  til boka var historier, myter, legender  – og kjende og ukjende bøker opp gjennom historia om fabeldyr. Fleire av desse er nemnd i forordet til boka, og i litteraturlista.

Tematikken i boka er tredelt: trua på at kunnskap må til for å vite noko om kor kompleks og sårbar kloden vår er, trua på at fantasien vår må brukast for å finne dei gode løysingane for å ta vare på naturen rundt oss – og kjennskapen til forhistoria vår, som viser oss kvar vi kjem frå og kan hjelpe oss til å ta dei rette vala vidare.

Forhistoria – både Birger si – og vår felles historie, tok tidleg i prosessen utgangspunkt i Birgers tippoldefar si historie. Birger er vår fiktive hovedperson, men tippoldefar Ole var ein høgst levande, reell person: Tarjeis oldefar, og min morfar.

Opp gjennom åra har eg vore ein «samlar» – og då særleg samlar av historier eg blei fortalt som barn (ikkje minst av morfar Ole), og også samlar av gamle gjenstandar som familien i genarasjonar før meg har tatt vare på. Gjennom åra har eg ofte brukt slike gamle gjenstandar når eg har hatt skrivekurs og historieverkstader for barn og ungdom. Gjenstandane er lada med historier! Magien ved å sjå, lukte og kjenne, fabulere og forestille seg, har blitt til uendeleg mange fine historier opp gjennom den tida eg har arbeidd med dette. Det blei naturleg å knytte mange av desse gjenstandane, som faktisk hadde vore  tippoldefar Ole sine ting då han levde, til boka vår om Birgers odyssé.

Det som gjorde at det fall ekstra naturleg å bruke Ole i denne boka, gjekk rett inn i tematikken: Ole var maskinist på ei kvalfangarskute då han var ung. I kistene der alle «skattane» mine ligg, fann eg brev Ole sende heim til familien sin, tenner frå kvalar, smykke og pyntegjenstandar Ole hadde skore ut av kvaltann – og mange, mange personelege gjenstandar, som t.d. ei gammal lommebok, briller, pipa hans, ein kikert, bøker, knivar, osb. Til og med den gamle, godt brukte skinnjakka hans, på kleshengaren fra Steinshamn på Harøya, der han sidan busette seg.

I breva skreiv Ole om livet på skuta i Sørishavet. Om ein som vart «galen» og blei sendt heim, ein annan vart utsett for ei alvorleg ulykke og døydde. Temperaturen, vêret, kor mange liter kvalolje som blei produsert, kor mange kvalar som låg og venta på bearbeiding ved skutesida – alt dette er med på å teikne eit levande bilde for oss som les desse gamle breva. Ved eit høve fortel han ei riktig galgenhumoristisk historie om korleis det gjekk til då han , og nokre andre av dei andre frå mannskapet, oppsøkte ein spansktalande tannlege for å trekkje tenner. Det var ein heilt vanleg ting å gjere for sjøfolk i gamle dagar – for å sleppe eventuelle plager med tennene når ein var langt til havs.

Oles brev er fleire stader sitert i boka, handskrifta hans blir også brukt i illustrasjonane.

Vi veit no at den enorme kvalfangsten både Norge og andre nasjonar dreiv, førte til at dei store kvalane nesten blei utrydda. Bestanden som no er igjen er freda. I boka blir dette nemnt, utan at vi moraliserer over fortida. Men det er viktig informasjon og kunnaskap å ha med oss vidare inn i vår felles framtid.

Desse gamle gjenstandane , breva – og til og med skinnjakka, har eg no med når eg er ute blant publikum og formidlar frå Birgers odyssé. Publikum får komme inn i utstillinga, lese i breva, sjå og kjenne på gjenstandane. Særleg spennande er det når barn og eldre har møttest på slike formidlingsstunder:  ein som har levd ei stund har kanskje sjølv hatt ein far som var på kvalfangst – og deler historiene sine med oss.

Publisert på

Bakgrunn og inspirasjon: «Det gamle slottet»

I tida framover vil eg skrive litt om bakgrunnen for,  og innhaldet i nokre av bøkene frå Olla Forlag. Første bok ut er Det gamle slottet.

 

Å vere ute på reise er noko av det som inspirerer mest i skriveprosessane. Opplevingar festar seg i minnet på ulike vis, men nokre lagrar seg umiddelbart i «mappa» for bokidéar.

Slik var det ein gong eg var på ferie i den gamle middelalderbyen Haut de Cagnes i Frankrike. Grimaldislottet låg rett over gata frå det huset eg budde i, og utstillingane i dei mange salane på slottet sto på programmet. Eg vart stående framfor eit maleri av eit flygande esel. Maleriet skildra ei gammal legende. Dette, i tillegg til det å opphalde seg i hus og gater frå hundrevis av år tilbake i tid, forma idéen om boka Det gamle slottet. 

Eg har vore i denne byen fleire gonger, kvar gong har nye «puslespelbitar» til boka funne plassen sin.

«Ved eitt av maleria stansar ho. Eit esel med vingar flyg høgt oppi lufta over hustaka i ein by. Anna blir nysgjerrig og lurer på kva dette bildet handlar om. Guiden ser at ho står ved bildet og kjem bort til henne. Omvisinga er visst over, men han fortel likevel litt om bildet. Bildet handlar om ein gammal legende frå byen Gonfaron. Ein mann reid på eselet sitt på høgda over byen då det plutseleg snubla og stupte ned i ei ravine og døydde. Landsbybuarane meinte at det var straffa for at den giddelause mannen ikkje ville rydde rundt huset sitt då ein høgtideleg prosesjon skulle forbi. Det hadde seinare blitt eit ordtak ut av denne hendinga, som visstnok skulle ha hendt på 1600-talet.

«Eit verdifullt, gammalt maleri, dette», seier guiden stolt.

Guiden går, Anna kikar inn i fleire små rom. Men ho er metta av kunstinntrykk, kjenner ho. I staden for å sjå på fleire bilde ser ho etter mor og far. 

 Plutseleg skingrar det i ein alarm! Museumsvaktene kjem springande frå alle kantar, folk ser seg forskrekka rundt. Kan det vere brannalarmen?

No roper ei av vaktene høgt, så folk skal høyre henne over all anna roping i kaoset.

«Tjuverialarmen har gått! Ver venleg å ta det roleg. Vi må stenge alle utgangane ei stund!» roper ho.

Alle samlast i det største rommet midt i slottet. Folk er urolege og lurer på kva som er stole.

«De kan då ikkje berre stenge dørene! Eg skal rekke eit møte!» roper ein mann med dress og slips.

«Eg er ingen tjuv!» «Kva er det som er stole?» «Vi kan hjelpe å leite etter tjuven!» «Er det ein av oss?» Mange roper i munnen på kvarandre.

Så høyrest politisirener frå utsida av slottet. To politibilar stansar utanfor, og vaktene opnar dørene for politifolka. To av vaktene viser nokre av politifolka vegen innover i slottet, mens dei andre vaktene og politifolka samlar publikum for å informere.

Alle som er inne på slottet, må vise legitimasjon og gje politiet namn og adresse før dei får gå.

 Anna strammar bandet til Kaspar for å bli med inn i samlingsrommet. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på det. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar.»

 

Dette 700 år gamle slottet har ei lang og spennande historie. Eg hadde lyst til å koble historiske hendingar til den fiktive historia om Anna og Kaspar. Dermed blei parallellhistoria om Bastien og Mademoiselle Béatrice til. Denne historia går føre seg under den franske revolusjonen. Etterkvart blir denne historia kopla saman med hendingane Anna og dei andre er midt oppe i.

 

Det gamle slottet, utdrag frå kapittel 3:

«5.oktober 1793, Rue Bourgade

 Bastien held pusten. Han står inni eit knøttlite portrom og kjenner pulsen dunke. Han er redd hjarteslaga hans kan høyrast heilt ut på den smale brusteinsgata. Der han står, ser han søppel flyte nedover renna inntil husveggen. Det lukter forferdeleg, men det ensar ikkje Bastien. Han kan høyre at lyden av hestehovane blir kraftigare. Dei er rett ved staden der han gøymer seg. Han trykkjer seg endå lenger inn i portrommet og krøkjer seg saman for å gjere seg så liten som råd.

Så er hestane og ryttarane forbi. Han gløttar forsiktig fram og ser dei gå inn i borggarden på slottet. Det var det han visste, Robespierre sine soldatar fann fram overalt.

Han skundar seg nærare slottsmuren. Etter ei stund kjem ryttarar og hestar ut igjen. Dei har ingen frå slottet med seg.

«Ikkje denne gongen», tenker Bastien, men han veit at i desse urolege tidene er ikkje familien på slottet trygge.

Onkel Pierre som arbeider i stallen der, har fortalt Bastien om alt som går føre seg rundt omkring i Frankrike. Om kongen som vart avretta i vinter, om revolusjonen og at alle er fødd frie og like. Bastien skjøner at soldatane til Robespierre ikkje er ute etter slike fattiggutar som han. Men familien på slottet, adelsfamilien Grimaldi, er ikkje trygg. Bastien tenker på Mademoiselle Béatrice. Han ser henne av og til når han hjelper til i stallen. Han vil ikkje at det skal hende henne noko. Ho smiler ofte til han. Ein gong ga ho han eit heilt brød.

Bastien spring bort til stallen. Der veit han at han finn onkel Pierre. Men før han smett inn til onkelen og hestane, gløttar han opp mot det øvste vindauget på slottsveggen som vender inn mot borggarden. Han synest han kan sjå nokon der inne. Det er sikkert Mademoiselle Béatrice, tenker han og smiler for seg sjølv.»

 

 Det er alltid spennande å delta i dikteprosessar saman med andre. Derfor hadde eg lyst til  å invitere barn og ungdom til å vere med på å fabulere rundt desse to fiktive personane. Eg har ofte skrivekurs for denne aldersgruppa, der vi bruker innfallsvinklar av mange ulike slag fram mot å lage historier saman, skildre hendingar og personer. Slik blei det ein spennande epilog til denne boka. Sofia og Karoline hadde sine eigne idéar om korleis det gjekk med Bastien og Mademoiselle Béatrice seinare i livet, noko de sjølve kan lese i boka. Det fins og eit utdrag frå denne epilogen i eit tidlegare innlegg på www.olla.no

Eit lite utdrag frå epilogen til Sofia og Karoline:

«Béatrice stirer mot døra. Det er midt på natta, alt er stilt på slottet. Denne natta er det ikkje råd å sove, for Béatrice ventar på det som skal skje. Ho er redd. Redd for kva som kan hende med henne og familien hennar, redd for den lange reisa ho skal ut på, redd for framtida. Ho tenker på då ho møtte Bastien dagen før. Ho er sikker på at han vil gøyme dokumentet godt – og skatten hennar, den veit ho er trygg. Ingen vil kunne finne den på den hemmelege gøymestaden. Om alt går bra vil ho kunne hente den sjølv ein gong i framtida.

Det bankar forsiktig på døra, og Béatrice skundar seg å tørke bort tårene som renn nedover ansiktet. No skal ho reise.

 Ein lyd får Béatrice til å vakne. Ho har slumra litt, byssa i søvn av ristinga frå vognhjula mot underlaget, og lyden frå hestehovane. Det er endå mørkt ute.»

 

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Forteljingar på f!

Snart skal dette kulturlauget ut på turné igjen!

Dette er ein verkstad der vi skal arbeide med dei gode idéane og få fart på fantasien! Alle har hovudet fullt av historier og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.

Gjennom mange ulike innfallsvinklar, ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar skal vi arbeide med forteljingane – og samtidig bli kjent med strukturen i ei historie, skildring av personar, stader, opplevingar, møter, stemningar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.

Med elevane på barnetrinnet vil vi arbeide mest «på golvet» og få innhald til historiene våre med ord- og teaterleikar, gjenstandar og spennande oppgåver.

På mellomtrinnet vil vi også arbeide praktisk, og «på golvet», men gå meir inn i strukturane ei god historie inneheld, og fordjupe oss meir i enkelte teknikkar.

Det meste går føre seg muntleg, vi treng berre blyant og ark til enkelte små gruppeoppgåver.

Dette lauget er også i kortversjon – som kurs / miniverkstad tilpassa t.d. bibliotek – eller  i samband med forfatterbesøk i skular. 

Ta gjerne kontakt om det skulle vere interesse for eit slikt kurs!

Publisert på

Januartema: Reise!

I bokåret 2019 har biblioteka i Møre og Romsdal ulike tema for kvar månad gjennom året. I januar er det bøker som handlar om å reise. Her ligg Olla Forlag godt an i løypa – for det er reiser det handlar om i dei fleste bøkene! Det blir ofte sagt at all litteratur er ei reise – men her handler det altså om konkrete reiser! Vi er på tur genom heile året i det vakre fylket vårt med  utandørs i nordvest, vi reiser med Birger til Antarktis med Birgers odyssé, reise til Arktiske strøk er det også i Isfjellfamilien – og Anna & Kaspar er på tur både til ei øy på norskekysten og til Frankrike i Amulettmysteriet og Det gamle slottet.

Du er velkommen til å ta en titt på butikken her på www.olla.no og lese om bøkene!

Isfjellfamilien er så godt som utseld, Amulettmysteriet er det berre ein liten bunke igjen av – dei andre er det framleis ein del av på lager.

Olla Forlag vil feire januartemaet med et tilbod: kjøper du både Amulettmysteriet (så langt lageret rekk) og Det gamle slottet er prisen kr 350,- for begge til saman om du kjøper direkte frå nettsida.

Du finn bøkene på fleire bibliotek også.

 

 

 

Publisert på

Endeleg!

Endeleg – fordi no har eg fått knappen for påmelding for nyhetsbrev til å virke!

Det er endå januar, endå er året relativt blankt og ubrukt. Det er bra, for «to-do»- lista mi esar ut i alle endar og kantar!

Sjølv om dette vesle forlaget no er over eit år gammalt, er det endå mykje å lære, endå mykje eg må setje meg inn i.

Kjekt er det, når eg kan hake ut eine punktet etter det andre. No har eg altså haka ut nyhetsbrev frå lista mi.

Arbeidsdagane mine er varierte, akkurat slik eg likar det: eine dagen kan timane gå med til skriving, skriving, skriving –  berre med avbrudd som lufteturar og hundeleik (takk og pris for Frikk og Kaspar – dei sørger både for mosjon, god helse og godt humør til matmor si).

Andre dagar kan handle om rigging til fotografering – kven veit, kan det vere ein ny idé til bildebok på gang?

Ein anna dag kan handle om konstruksjon av plot, skildring av personar og hendingar, spenning og action saman med skuleelevar, som boblar av energi, fantasi og iver.

Eller kanskje eg finn meg sjølv i ei snøfonn, saman med barnehageungar, på leiting etter frosne drageegg. Desse møta med barn og ungdom er gull verdt – det er dei eg skriv for!

Og sjølvsagt, tid går også med til pakking, sending, fakturering av bøker.

Men altså: seint i går kveld fekk eg omsider nyhetsbrevknappen på plass. Om de har prøvd å melde dykk på før i går, må de faktisk gjere det ein gong til – sidan det er først no det fungerer! Om de då ønskjer å få tilsendt nyhetsbrev i ny og ne, med informasjon om bøker, tilbod, arrangement, produksjonar – eller kanskje ei historie – eller bokprat av anna slag. Om de ser på www.olla.no med pc, ligg nyhetsbrevknappen i venstre kolonne. På mobil ligg den nedst på sida, etter litt scrolling.

Ha ein fortsatt god januaronsdag!

Publisert på

Ny runde med «Utanforverda»

Kulturlauget «Utanforverda» med Tarjei Rypdal Eide og Olla Rypdal – i regi av Kultursekken, Møre og Romsdal fylkeskommune – er straks klar for turnérunde nr to dette skoleåret. Vi har allerede hatt mange fine dager sammen med elevene, og gleder oss til resten.

Verkstedet starter med at vi leser opp et brev som har kommet til Anna Svendsen. Brevet er fra nevøen hennes, Axel, som er på en ekspedi­sjon i Antarktis. Brevet er tydelig skrevet i all hast.  I konvolutten ligger det også en minnepenn med en film….

Dermed er vi i gang. Halve gruppa dikter historia om det Axels team opplever i «Utanforverda». Den andre halvparten starter historia med å lage bildene. Etterpå bytter gruppene plass, og er klare for neste historie. Det er spennende å se hvordan teksten påvirker bildene – og hvordan bildene påvirker teksten. Mer om bakgrunn og gjennomføring kan leses i tidligere innlegg på denne siden – og også på Kultursekkens nettsider, med produksjonsomtaler og turnéoversikt.

 

Her kommer en liten smakebit fra en av tekstene – og bilder hentet fra flere av elevenes historier. I elevenes produkter er selvsagt tekst og bilde satt sammen kronologisk.

  

 EKSPEDISJONEN

 Marinbiologen Axel, 33 år gammel, og fra Trøndelag, har fått et særdeles spennende oppdrag. Han skal lede en ekspedisjon til Antarktis! Det handler om at man den siste tiden har oppdaget at isen i arktiske strøk smelter langt fortere enn man hadde regnet med. Axels oppgave blir å finne ut hva som er grunnen til dette alvorlige problemet, og aller helst finne en løsning som kan stoppe den farlige utviklingen. Axel er en dyktig marinbiolog og forsker som har vært på mange ekspedisjoner tidligere. Denne oppgaven syns han er spesielt spennende.

De to barna hans er litt bekymret for om han vil komme hjem til jul.

«Hvis alt går etter planen vil jeg være hjemme i god tid til julaften» sier Axel.

«Hvis ikke må du ta en prat med julenissen når du er i Antarktis, så han ikke glemmer å komme innom oss» sier den ene datteren hans, og ler.

«Nå bor nok ikke julenissen i Antarktis, om han i det hele tatt finnes» smiler Axel «men treffer jeg på ham skal jeg se hva jeg kan gjøre.»

 Axel skal selv sette sammen teamet han skal jobbe sammen med når han er i Antarktis. Det første han tenker på er at de må ha med en som er flink til å lage mat. Det er han nemlig ikke flink til selv. På en slik krevende ekspedisjon må de ha næringsrik, velsmakende mat. Siden Axel elsker pasta, faller valget på den italienske 46 år gamle kokken Leonardo. Han er en trivelig kar, litt «chubby», med vennlige, brune øyne, lyse striper i det mørke håret, og en fantastisk flott snurrebart. Han er en mester i å lage pastaretter og pita. Han er glad for oppdraget og blir gjerne med. Han tenker at han i slike kalde strøk ikke vil komme ut for sin største skrekk: rotter! Han har nemlig rottefobi etter at han en gang kom ut for en enorm mengde rotter i pastalageret sitt.

 Axel syns også det vil være lurt å ha med en lege. De kan bli syke på turen, eller skadet – en lege vil kunne hjelpe dem. Når han spør Mary fra Irland, sier hun ja med en gang. Mary er 26 år, er ganske høy, har grønne øyne – og går alltid med musefletter i det rødlige håret. Mary lever med en daglig frykt: hun har angst for blod – noe som selvsagt er en stor utfordring for en lege. Hun våger ikke nevne dette, i fall hun ikke får bli med.

 Den siste Axel ansetter er Lucy.  Hun er en smart oppfinner fra USA. Hun har studert kjemi og fysikk, og har gjort en rekke oppfinnelser. Aller mest kjent er hun for en spesiell lynavleder hun har funnet opp. Hun er 62 år, har glatt, grått hår, briller – og er liten av vekst. Hennes store angst er lyn og torden – kanskje det er nettopp derfor  hun fant opp lynavlederen.

 Axel tar også med seg den lille chihuauaen sin, Tassen. Nå gleder han seg. Han setter stor pris på at de skal være i Antarktis, med store åpne landskap og hav rundt seg. Axel har nemlig klaustrofobi – han er livredd for å bli stengt inne i trange rom, og liker heller ikke at landskapet kommer for tett innpå ham.

 

 PORTALEN

Teamet har kommet seg vel fram til Antarktis og er godt i gang med arbeidet. De drar ut på daglige turer for å måle vannstand og iskvalitet forskjellige steder i Antarktis.

Kokken Leonardo sørger for at de hver dag får god mat.

Akkurat denne dagen har han laget en fantastisk lasagne til lunsj. Den er så god at de alle sammen spiser for mye. Nå er de så mette at de har aller mest lyst på en middagslur. Men Axel er streng – det er bare å komme seg ut og gjøre nye målinger.

Mary gjør en oppdagelse i et isfjell de kommer bort til: hun ser en sprekk i isen. Mens de står og kikker inn i gjennom sprekken, smetter lille Tassen inn. Axel blir fortvilet – tenk om det skjer noe med Tassen! Han selv har jo klaustrofobi – å gå inn gjennom en så liten åpning, og kanskje inn i en trang hule, står for ham som en uovervinnelig oppgave. Men Tassen er enda viktigere. Han overvinner angsten sin – og går inn gjennom sprekken. De andre vil være solidariske og går også inn. Leonardo får litt problemer – han trekker inn magen, holder pusten for å gjøre seg så smal som mulig – og klarer så vidt å klemme seg inn gjennom sprekken.

De blir stående målløse. Der inne ser de et sterkt, grønt lys. I det fjerne hører de en buldrende lyd. Plutselig er det som om de alle får et kraftig dytt i ryggen! De faller, før de tumler rundt i en bratt hulesjakt, nedover, nedover – i stor fart. Isplater åpner seg, lag for lag etter hvert som de faller – det grønne lyset blir mer og mer intenst, lydene sterkere. Axel klarer å hente fram kameraet sitt fra sekken, og filmer. Men så knuses kameraet mot en isplate.

Plutselig er den ville ferden over. De ligger på bakken – litt mørbanket, men ellers like hele.

 

 LANDSKAPET

 De ser seg rundt i et underlig landskap. Visne, døde, grå trær strekker nakne greiner mot dem. Det er tørt og grått overalt – varmt og øde.

«Hva er dette…» hvisker Axel. De kommer seg litt til hektene, og forstår at de har kommet gjennom en portal til en annen verden, under selve Antarktis.

«Vi må varsle omverdenen om oppdagelsen vår!» sier Mary. De tenker det vil være lurt å ikke røpe for mye enda, siden de selv ikke vet hva slags verden de har kommet til. Men et livstegn vil være lurt, i fall noe skulle hende med dem. «Vi sender et brev til tanta mi» sier Axel. «Hun kan holde på en hemmelighet – og kan varsle myndighetene om vi blir lenge borte.» Han river ut et ark fra notatboka si og putter det i en konvolutt. Han har alltid med slikt i sekken for å kunne notere funn, og samle prøver. Han tar også ut minnebrikken fra kameraet, og håper noe ble filmet før kameraet ble ødelagt. De står ved portalåpningen og diskuterer hvordan de skal få sendt brevet tilbake gjennom portalen – men den diskusjonen stopper fort da en sterk kraft inne fra hulegangen river konvolutten ut av hånd på Axel.

Nå er de klare til å utforske dette merkelige stedet.

 

De er på vei innover i det øde landskapet da Leonardo snubler i en trerot. Rota strekker seg fra et digert, tørt tre like ved. De holder pusten når de ser hva som skjer: det åpner seg en dør i trestammen! Trerota var tydeligvis en mekanisme som fikk døra til å åpne seg. De går forsiktig bort til de åpne døra og ser inn. «Det er jo en heis» sier Lucy, og peker på knappene inne i heisrommet. Leonardo holder på å snuble igjen, denne gangen i en slede som står parkert inntil trestammen.

«Hva i all verden gjør denne sleden her?» spør Mary. Det kan ingen av dem svare på.

De ser inn i heisen. «Aldri i verden om jeg tar den heisen!» sier Axel.

Publisert på

Bokåret 2019 – også på Olla Forlag!

Det er tid for ei lita oppdatering! Det nasjonale bokåret 2019 er i gang! Det har eit knøttlite indie-forlag også fått med seg, sjølvsagt.  «Kjør på!» blir eit motto for Olla Forlag – i år som i fjor. Nye prosjekt vil opp og ut, fjorårets prosjekt finn nye vegar ut i verda.

Mens det i fjor kom heile fire nye bøker ut på forlaget, er planen i år to bøker. Men ikkje før til hausten. Mykje godt arbeid skal på plass før den tid. Meir om desse bøkene etterkvart!

Audbjørg Gjerde Lipperts bildebok Isfjellfamilien – og mi eiga bildebok i samarbeid med Tarjei Rypdal Eide, Birgers odyssé, skal få ny språkdrakt: engelsk. Deretter skal dei sparkast ut på engelskspråklege plattformer. Her snakkar vi om bokkjøp via «print on demand».

E-boka skal også testast ut: Både Amulettmysteriet og Det gamle slottet skal få bokmålsdrakt – og finne vegen ut som e-bok. Nynorskversjonane er framleis å få i papirformat.

Her er det mykje som skal lærast og skaffast  kunnskap om –  derfor er tidsperspektivet her er endå litt uvisst.

Med tanke på at 1000 tonn papirbøker blir kasta kvart år, er det viktig å orientere seg i andre lesebaner. E-bøker og lydbøker er ein aukande trend, også i Norge. Eg nyttar sjølv lesebrettet i stadig større grad – lydbøker er også ein stor del av mitt bokkonsum, i tillegg til den fysiske boka. Det er spennande å vere med i ei endringstid når det gjeld litteraturformidling – alt for at den gode historia skal bli tilgjengelig for mange!

Det dukkar stadig opp nye idéar, nokre kan kanskje brukast, andre blir kasta – andre igjen blir sett på vent. Spennande samarbeidsprosjekt, nye arenaer og formidlingsprosjekt. Det kontinuerlege arbeidet med finasiering og søknader er også alltid i gang.

I tillegg til det som skal gå føre seg med dei konkrete bok-idéane, er det i gang eit samarbeid indieforfattarar imellom. Her er det nokre av oss som har konkrete planer – det kjem vi tilbake til!

Tusen takk til alle som heng med i svingane, les innlegg  –  og kanskje er nysgjerrige på kva som rører seg på denne vesle kanten av bokverda som Olla Forlag klorer seg fast på!

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Godt nyttår!

Om litt er 2018 eit avslutta kapittel – vi går vidare til det ubrukte, ventande 2019.

Det nye året vil sikkert også by på det meste  – på godt og vondt. Det er berre å å gå på med krum hals – eg gler meg!

Tusen takk til alle de som har «hengt»med Olla Forlag dette første året, til de som har kjøpt bøker, kommentert, oppmuntra og heia på sidelinja. Eg gler meg til å fortelje om nye planer på nyåret!

For øvrig  slår nyttårsønsket mitt for 2019 følge med Bergljot Hals’ bilde med tittelen «Ettersyn». (www.bergljothals.no).

Personen på stigen kan nok trenge assistanse. Tenk om vi alle blei med på ein eineståande dugnad for klodens ettersyn i 2019?

Godt nytt år!

Publisert på

Spennende bokillustratører

Bokillustrasjon er et eget, spennende fag – viktig både for boka som skal ha en forside og et omslag – og for bildeboka, der tekst og bilde sammen skaper en helhet.

Forsiden skal kunne gi leseren informasjon om sjanger, målgruppe  og innhold – og kanskje få boka «solgt» ved første øyekast, i alle fall vekke leserens interesse.

Her er tre kunstnere jeg selv har hatt gleden av å bli kjent med i løpet av ulike bokprosesser  – alle tre med omfattende kunstnerisk virksomhet i porteføljen.

Tarjei Rypdal Eide har illustrert begge de to bildebøkene som er gitt ut på Olla Forlag: Isfjellfamilien og Birgers odyssé. Utrykket er ulikt i de to bøkene – flere bilder fra bøkene ligger andre steder på olla.no

I tillegg lager han forsidene til serien om Anna og Kaspar, til nå disse to: Amulettmysteriet og Det gamle slottet. Hans hjemmeside/Facebookside er foreløpig under arbeid. Forsidene under:

 

 

 

 

Judyta Julia Bialkowska har en omfattende kunstnerisk produksjon bak seg. Se hjemmeside / Facebookside:

http://www.judyta.eu

Facebook: Kunstner Judyta Julia Bialkowska

Vi samarbeider om bokprosjektet Alva og Lysegget, under en illustrasjon til boka:

Bergljot Hals er en tredje illustratør med mange spennende prosjekter på gang. Sjekk ut hjemmeside og Facebookside:

http://www.bergljothals.no

Facebook: Bergljot Hals – Illustration & Art

Under et par illustrasjoner, laget i den spesielle teknikken dere kan lese om på hjemmesida hennes.

Publisert på

GOD JUL!

Som de sikkert ser, er dei to siste kapitla om «Den magiske julebjella» allereie lagt ut her på sida. Så kan de sjølve lese dei når det passar, om de vil.

Takk til alle som har blitt med på dette vesle førjulseventyret – eg håper de har hatt gode lesestunder og funne fram til julestemninga.

Eg ønskjer alle ei god, fredeleg og eventyrleg jul!

Helsing Olla

Bildet er frå desemberkapitlet i boka «utandørs i nordvest» – det lysande treet utanfor Plassen i Molde.

 

Publisert på

Julekalender: 22. og 23. desember

Julekalenderen med boktips er snart i mål. Dagen i dag og morgondagen blir til eitt avrundande innlegg for denne kalenderen. Det er langt igjen til alle boktitlar som har sett spor er nemnd – endå er det mange titlar som ventar på lage nye spor. Det er ei dagleg glede å kunne dukke inn i eit slikt skattkammer som bøkene gir oss – det er godt å vite at endå ukjende  skattar ligg der i bokstabelen framfor meg.

Det siste boktipset blir ei bok av det slaget ein ikkje vanlegvis tenker på som ei litterær oppleving: ei kokebok!

Eg er glad i å lage mat, gjerne eksperimentere med nye smakar, nye råvarekombinasjonar – bli inspirert frå heile verdas rike mattradisjonar. Det står ein del kokebøker i hylla, med inspirerande bilde og flotte fragar.

Men dagens bok står i ei særstilling: det er ei kokebok som gjer meg rørt:

«Flavours of Aleppo, Celebrating Syrian Cuisine» Dalal Kadé-Badra & Elie Badra.

Denne boka skildrar med stor kjærleik syriske mattradisjonar, slik dei to forfattarne, mor og son, har fått dei overlevert frå generasjonar tilbake.

I innleiinga skriv Dalal Kadé-Badra om korleis ho frå mora og bestemora sine kjøkken lærte seg å lage familiens festmåltid heime i Aleppo – ord som får meg til å kjenne luktene  – og varme, glade stemningar, godt støtta av bilda: fargerike rettar  av alle slag – og situasjonsbilde frå byen Aleppo.

Kokeboka kom i hus samstundes med at krigen herja på det verste i Syria. Menneske på flukt, bombingar, sønderknuste heimar. Kulturminne frå tusenvis av år tilbake i grus, menneskelege katastrofer, sorg og død.

Kontrasten var enorm, der eg sto i mitt trygge, varme kjøkken. Gjennom timesvis med matlaging etter denne bokas oppskrifter fekk eg bli med på ei «reise»: forfattarane sin kjærleiken til familen sin, folket, byen, kulturen, tradisjonane.

Slik kan boka, til og med ei kokebok, vere med på å hjelpe oss til å sjå kvarandre.

Forfattarane har skrive eit forord i boka, her er nokre ord frå det Dalal Kadé-Badra skriv:

«…We. the women of Aleppo, for generations, have passed down from mother to daughter a culinary tradition that has never stopped evolving, enriching and refining. As such, it goes without saying that from house to house, there is always a little something, a variation destilling a particular flavour, that differentiates us from each other yet never opposes us.»

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 21. desember

Eg set pris på ei god krimbok. Etterkvart som eg har lese ein del i denne sjangeren, er det ein del kriterier som må vere til stades for at eg skal like boka. Eg skyr etterkvart krimhistoriene der bestialske, blodige detaljar er sjølve poenget, likeins sterotopiar av alle slag. Det eg derimot set stor pris på er ei kløktig intrige, eit plot som freistar til å finne ei løysing, ei løysing ein trur ein har funne, for så å bli «lurt» mot slutten. Løyser eg gåta før boka er ferdig, blir eg skuffa. Dessutan likar eg godt ei samansett oppbygging på plottet, gjerne at ei hending frå før i tida flettast inn i historia.

Det fins etter kvart mange krimbøker som dermed høver innafor mine preferanser. Eit eksempel er bøkene til den svenske forfattaren og journalisten Johan Theorin. Han debuterte i 2007 med krimromanen «Skumringstimen», den første av fire bøker med handling frå Øland. Ikkje alle bøkene er like vellykka, men denne første synest eg er eit blinkskot.

Saksa frå Kurt Hanssens bokanmeldelse  Dagbladet 28. Februar 2008:

«Her snakker vi om en kriminalroman som tilfredsstiller på alle punkter, som oppfyller hvert eneste krav og ønske man måtte ha til ei bok i sjangeren. Den lever til og med opp til den forslitte «klarte ikke å legge den fra meg»-klisjeen.

Denne boka byr på et perfekt kriminalmysterium, hvor ingenting er hva det gir seg ut for å være og hvor overraskelsene står i kø. Johan Theorin klarer å ta vare på en uhyggelig og sorgtung stemning gjennom hele boka, og et par steder er det til og med en anelse overnaturlige hendelser. Dessuten tar Theorin godt vare på hovedpersonene sine, både Julia og Gerlof og Nils Kant framstår som virkelige mennesker, ikke endimensjonale klisjeer.

Theorins naturbeskrivelser fra Öland, med det øde sletteområdet som kalles alvoret, de forblåste strendene, de fraflyttede plassene, er også gjort med kyndig hånd og stor innlevelse.

Dette er på alle måter en velgjort og velskrevet roman, ikke minst til å være fra en debutant. Theorin har lovet tre bøker til fra Öland, så det er bare å glede seg til fortsettelsen.»

 

Frå forlagets omtale:

«En liten gutt forsvinner sporløst på Öland. Mer enn tjue år senere får familien en slitt barnesko i posten. Og først nå får guttens mor Julia Davidsson høre om Nils Kant, som en gang satte skrekk i folk på øya. Han forsvant lenge før Julias sønn. Likevel hevder flere at de har sett Nils Kant . at han iblant vandrer omkring på det ölandske alvaret i skumringstimen. Hva skjedde egentlig den tåkefylte høstdagen for tjue år siden? På mesterlig vis ruller Johan Theorin opp en historie der fortiden kaster skygger over nåtiden.Johan Theorin (f. 1963) er journalist. Han har tilbrakt alle sine sommerferier på Öland. Skumringstimen, som var hans debut som forfatter, er den første i en serie på fire kriminalromaner fra Öland. Boken ble like etter utgivelsen solgt til en rekke land, blant annet England og USA.For Skumringstimen mottok Johan Theorin prisen for beste svenske krimdebut i 2007.»

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 20. desember

Torbjørn Færøvik (f. 1948) er cand. philol. med kinesisk historie som hovedfelt. Han har nær tretti års praksis som journalist, blant annet fra NRK, hvor han var utenriksmedarbeider fra 1991 til 1999.

Færøvik har utgitt flere kritikerroste reiseskildringer og ungdomsbøker. I 2009 utga han kritikerroste «Midtens rike – En vandring i Kinas historie».

I denne boka har Færøvik klart å omhandle 5000 år med i historie – på 624 sider! Og det på ein slik forteljande og spennande måte at dette også var ei bok eg måtte ha med meg i fleire format: med dagleg båttur til jobb gjekk reisa umerkeleg med Færøviks frodige, interessante djupdykk på øyret. Ein må berre bukke audmjukt for å få slik kunnskap og kompetanse formidla på ein så levande og interessant måte! I bokstabelen framfor meg – den som ventar på å bli lesen – ligg Færøviks «Orientekspressen». Eg gler meg.

 

Under har eg saksa frå Stian Bromarks omtale av boka i Dagbladet, 28.april 2010:

«Når Kina våkner, vil verden skjelve, sa Napoleon for 200 år siden.

I dag mistenker ingen dragen for å syvsove. Om 30 år vil Kina være en større økonomisk makt enn USA. Det framstår som en nyhet, men det er slik det alltid har vært. Nesten. Napoleon var like kortsynt som han var stuttvokst. Det var først på hans tid at Kina faktisk tok seg en middagslur — etter å ha vært usedvanlig arbeidsflittig i minst 4000 år, mens Europa i samme tidsrom snorket i vei.

For snart 60 år siden, den 1. oktober, sto landet på nytt opp, til lyden av en sprakende mikrofon som proklamerte for en skjelvende verden: «Vi, Kinas 475 millioner innbyggere, har reist oss. Vår framtid vil for alltid være lys».

Dessverre, viste det seg, sto landet opp med feil bein. Maos ord førte Kina inn i et mareritt det først de siste 15 åra for alvor har
slumret seg ut av.

Kinas storslagne fortid er nå blitt forelagt allmennmarkedet av den prisbelønte journalisten Torbjørn Færøvik.

Den innvidde vil kanskje innvende at de lange linjer har gått på bekostning av dybde, men det er hva det er — en konsentratversjon av 5000 årshistorie. Joseph Needham trengte som nevnt 16 bind (og prosjektet pågår fortsatt, av andre).

Færøvik mister ikke kronologien av syne, men historiske tråder spinnes fram og tilbake, med en omsorg for detaljer som om det var selvopplevde reiser, slik at resultatet blir et sømfritt, ulastelig og levende vevestykke.

En mer sober, stilsikker og sympatisk guide finnes knapt blant norske likemenn.»

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 19. desember

Dagens bok er kompleks – lag på lag med djuptliggande tematikk – i ei form ein på den tida boka var skriven i, knapt hadde vore borti. Den kan lesast på mange plan, som ein historisk, metafysisk, samfunnskritisk, filosofisk dannelsesroman – eller som ein krimroman med fantastiske, surrealistiske element.

Boka heiter  «Mesteren og Margarita» – forfattaren var  den ukrianskfødde russaren Mikhail Bulgakov. Han begynte på boka i 1928, og arbeidde med den heilt til han døydde 1940. Kona hans gjorde den ferdig etter hans død. Men boka blei ikkje gitt ut i Sovjetunionen før i 1973. Bulgakov var sterkt mislikt av det Sovjetiske styresettet. Han livnærte seg som oversettar og skreiv ”ufarlege” teaterstykke staten kunne godta.

Undervegs i skrivinga blei romanen meir og meir kompleks, noko lesaren også vil merke. Dette er eit mesterverk og en klassikar – og for min del nødvendig å ta for seg meir enn ein gong.

 

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen:

«Romanen utspiller seg i to plan, et grotesk-fantastisk som skildrer livet i slutten av 1920-årenes Moskva, og et historisk-mytisk som skildrer Kristus før Pilatus og påskeukens videre begivenheter. I parallellføringen av de to plan gis en dyptloddende analyse av forræderiets, maktens og det ondes problem. Romanen er egentlig et etterlatt manuskript som først ble offentliggjort i fullstendig form i Tyskland i 1969.»

 

Omtale fra forlaget:

Mesteren og Margarita er Michail Bulgakovs hjertebarn som han skrev på 12 år og så vidt rakk å fullføre før han døde i 1940. I disse årene var han utestengt fra Sovjetunionens offentlige liv og opplevde nærmest bare motgang. Likevel fant han styrke til å skape en av det 20. århundrets store romaner. M & M sprenger alle grenser, tematisk og genremessig. Den er både krimroman, historisk roman, dannelsesroman, satire og epos. Mest dekkende er kanskje betegnelsen: en fantastisk fortelling, eller snarere – fortellinger, for boken inneholder minst to ulike historier. Den ene utspiller seg i Stalins Moskva, mens det som skjer i Jerusalem der en prokurator ved navn Pontus Pilatus får sjelefreden forstyrret når en underlig fange føres frem for ham. Interessant nok finner det fantastiske sted i Moskva, mens det som skjer ved påsketider i Jerusalem 2000 år tidligere skildres med streng realisme. Over dette historiske svelg knyttes de to historiene sammen på finurlig vis: Et fintfølende russisk åndsmenneske som bare kalles Mesteren har skrevet en bok om Pontus Pilatus, og den har kostet ham forstanden, så nådeløs var kritikken. Men just som en representant for den nye sovjetiske litteratur i åpningssekvensen av boken belærende demonstrerer at Jesus aldri har levd, skjer det noe. Dostojevskijs observasjon slår til: når menneskene slutter å tro på Gud får de besøk av Djevelen.»

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 18. desember

Det hender eg må ty til fleire ”kanalar” når eg les enkelte bøker. Dagens bok er ei slik. Då eg las denne boka måtte eg straks skaffe meg lydboka, slik at eg slapp å gjere opphald i denne utrulege reisa av ei bok, sjølv om eg måtte køyre bil nokre timar. Eg hugsar eg ved eit tilfelle måtte køyre ut til sida og stanse bilen, siden eg lo så tårene trilla, og sikten på vegen blei dårleg.

Peter Höeg er forfattaren og boka heiter «Elefantpasserens barn».

«Denne boka er imponerende inntil det svimlenede» skreiv Dagbladets bokanmeldar, Cathrine Krøger. Anmeldaren enda vel likevel opp med at boka kanskje var «too much» på mange vis, også med tanke på at slik frodig forteljarstil ikkje var hennar favorittlesnad.

Men for min del er denne burleske forteljargleda til forfatteren uimotståeleg. Det er berre å gi seg over, gløyme krav til realisme og logikk, og berre la seg rive med av leikande ordspel, pussige påfunn, uforklarlege hendingar, urealistiske ablegøyer, elleville karakterskildringar og karikuturar.

Eg er nok i utgangspunktet svak for denne burleske sjangeren med surrealistiske innslag, så dette var berre ei ”må ha” -bok for meg!

 

Her er omtalen frå forlaget:

«Det finnes ikke problemer, bare utfordringer, hevder prestedatteren Tilte Finø. I så fall er det litt av noen utfordringer hun og brødrene Peter og Hans står overfor, da foreldrene plutselig forsvinner. De har tidligere vært i myndighetenes søkelys på grunn av noen høyst mistenkelige mirakler. De fleste barn ville ha følt en lettelse over å være kvitt sine småkriminelle foreldre – men ikke disse tre. Peter og Tilte plasseres på behandlingshjem. Men de klarer å rømme til storebror Hans i København. I et halsbrekkende kappløp med tiden, gjennom adelige, kriminelle og religiøse miljøer, prøver barna å finne ut av hva som har skjedd med foreldrene. Snart dukker det opp små spor som peker i retning av en eventyrlig forbrytelse.»

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 17. desember

Ofte er det slik at det er dei bestselgande bøkene av kjende forfattarar som spring oss i auga når vi leitar etter lesestoff. Ikkje så rart, markedsføringa er ofte stor på desse bøkene. Men det kan det løne seg å gjere ein liten innsats i leitinga. Det er etterkvart svært mange små, uavhengige forlag der ute i bokvrimmelen. Mange indieforfattarar gir ut bøkene sine sjølve, uavhengig av dei store forlaga.

 

Boktipset i dag er «Sommerengel» av Anniken Bjørnes, Flyfly forlag.

Dette er ei rørande, vakker bok! Ho rettar seg mot barn frå alderen om lag 9 år og oppover. Tematikken er sorg. Sorga slik eit barn opplever det. Gabriellas mor er død av kreft, og vi møter Gabriella og faren, som begge er djupt inne i sorga.

Boka er gripande, skildringane er vakre og poetiske. På den andre sida av sorga ligg håpet. Dette er ei god og viktig bok, både for barn og vaksne.

 

Frå baksideteksten:

«Det er siste skoledag før sommerferien. Alle de andre gleder seg til å få fri, men Gabriella gruer seg. Inni henne er det et virvar av tanker og følelser. Mamma er borte, og sorgen ligger som en stor, tung stein i magen. Hjemme venter pappa, som har forsvunnet inn i sin egen verden. Hvordan skal denne sommeren bli – den første sommeren uten mamma?

Da lander en hvit sommerfugl i vinduskarmen. Den vifter mot henne med de små antennene sine. Er det noe den vil fortelle?»

 

 

 

Publisert på

Ei lita helsing til lesarane

Kvar dag før jul legg eg ut eit kapittel av den vesle julehistoria «Den magiske julebjella» – og eit boktips, henta frå bokhyllesamlinga mi. For meg er dette eit hyggeleg førjulsrituale. Det er gjerne tidleg om morgonen eg skriv litt, med kaffekopp, lukta av julerøykjelse – og dei to hundane mine, Frikk og Kaspar roleg sovande ved sida av meg. Ei god stund, med julestemning og ro.

Det er også hyggeleg å sjå på statistikken at talet på lesarar på sida mi er stadig aukande. Eg håper de som les også kosar dykk med det de les.

Eg hadde sjølvsagt ein plan då eg la ut det første kapittelet i «Den magiske julebjella» – ei grunnhistorie, som med små justeringar kunne tilpassast ein slags julekalender. Men det viser seg, som nesten alltid hender når ein skriv: historia lever sitt eige liv – og sanneleg om eg veit heilt kva som skjer  i alle kapitla framover! Ta det for det det er: eit lite, uhøgtideleg eventyr om jul og nissar – og om å hjelpe kvarandre. Desse små kapitla er ikkje underlagt vanleg regime med språkvask og korrekturlesing – slett ikkje tiltenkt noko bokform – så ber over med «smårusk»!

Det hadde vore svært hyggelig om lesarar hadde noko å kommentere: blir historia lest for barna i familien, kanskje?

Ønskjer alle ei god siste førjulsveke – eg lovar at historia om Sivert og Jenny i alle høve skal ende godt!

Helsing Olla

 

Publisert på

Julekalender: 16.desember

I dag skal det handle om ein «godbit» av ein klassikar, sjølvaste «Dracula»av Bram Stoker.

Eg har det slik at eg ikkje er så lett å få med på trua om overnaturlege vesen, men eg har særdeles lett for å bli entusiastisk av gode skildringar av slike vesen. Myte- og legendestoff er ei spennande materie – noko vi menneske har skildra, dikta og fortalt om i heile menneskeslektas historie.

Det fins utallege bøker og filmar om vampyrar, meir eller mindre fengande, alt etter kva ein ønskjer av underhaldning. Dei fleste er det etter mitt syn lett å hoppe bukk over. Men Bram Stokers Dracula er meisterleg. Boka kom ut i 1847 og er skriven i dagbok- og brevform, ein stil som var vanleg i mange bøker i Viktoriatida. Vi møter den mystiske vampyrgreven Dracula på jakt etter blod i London.

Om bakgrunnen, henta frå Wikipedia:

«Myten om vampyren Dracula skal være basert på den historiske fyrst Dracula av Valakia (1431–1476), også kalt Vlad Ţepeş eller «Vlad spidderen», en nasjonalhelt i Romania fordi han utfordret Det osmanske rike og lenge klarte å holde Valakia uavhengig. Men han var også kjent som en grusom hersker. Navnet «Dracula» betyr «sønn av Dracul», som var tilnavnet til faren Vlad II Dracul. Dette skal ha oppstått fordi faren var ridder av den ungarske Drageordenen, hvis ordenstegn var en drage, og fordi en drage var preget på hans mynter. Undersøkelser av Stokers kilder har vist at Dracula har lite til felles med den «virkelige Dracula» annet enn tilnavnet.Stoker plasserte ham i Transilvania og ikke i hans eget land og reduserte ham også fra fyrste til greve.»

Eg vil tru at mange kjenner handlinga i denne boka, om ikkje kan ein finne meir om innhaldet i ho t.d. på Wikipedia.

Men eg vil nemne ei særskild utgåve av boka: Dracula, Bram Stoker, edited by Paul Riquelme. Case Studies in Contemporary Criticism.

Denne utgåva er for dei som ønskjer å vite meir om tematikken, analysene og bakgrunnen, i eit kritikkperspektiv, for Bram Stokers bok spesielt, og Draculamyten generelt. Mellom anna er boka stappfull av noter og litteraturforslag for å dukke endå djupare ned i stoffet. Eg nemner her t.d.: «Vikram and the Vampire» by Captain Sir Richard F. Burton. The  Classic Hindu Tales of Adventure, Magic, and Romance, Edited by his Wife Isabel Burton.

Men å lese sjølve boka, som den underhaldninga det faktisk er – held lenge! Det er den einaste vampyrforteljinga eg faktisk har opplevd å få frysningar av, noko som er Bram Stokers forteneste.

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 15. desember

Det er 15. desember i dag, og sjølvsagt langt over tida til å tipse om bøker som kan lesast som julekalender! Eg gjer det likevel, då eg satsar på det kjem fleire julemånader – og kan hende ikkje alle er like nøye på om dei les eit eller fleire kapttel om dagen i desember, heller?

Det fins mange slike bøker etterkvart, årets store «snakkis» i så måte, «Snøsøsteren» (Lunde/Aisato) har blitt omtalt så mykje at eg heller plukkar fram ein annan favoritt: «Julemysteriet»av Jostein Gaarder. Denne boka inneheld alt ei slik julebok bør ha. Gaarder tar utgangspunkt i ei realistisk rammeforteljing, som han legg fiksjonslaga inni, ein teknikk ofte kalla ei «kinesisk eske». Dette er ein velkjent teknikk innanfor sjangeren fantastisk litteratur. Gaarder gjer dette på ein fin måte, spenninga er til stades heile vegen, reisa går føre seg både i geografien, historia og i fantasien.

 

Baksideteksten skildrar godt kva boka handlar om:

«’Det var midt i skumringstimen. Julegater var tent, tjukke snøfiller danset mellom lyktene…’

Her begynner Joakims julemysterium. I en bortgjemt bokhandel finner han en magisk julekalender. Hver dag når han åpner en luke i kalenderen, faller det ut en lapp med en fortelling om Elisabeth og hennes reise til Betlehem. Det er en reise gjennom Europa og Lilleasia, men det er også en reise gjennom historien. Hvem har laget den forunderlige julekalenderen? Kan det være den mystiske blomsterselgeren på torget? Handler fortellingen på de små papirlappene om Elisabeth, som en gang for lenge siden ble borte for moren sin i julehandelen? Og den unge kvinnen på bildet foran den store Peterskirken i Roma, kan det være den samme Elisabeth?»

 

 

Publisert på

Julekalender: 14. desember

 

 

Det er ein fin ting dette – å ha bokhylla som prosjekt i desember månad.  Ein blir svært merksam på støvet, sjølvsagt, og får nytta høvet til ein liten omgang med støvkosten  – men det som er kjekt er å møte «gamle vener» igjen, bøker ein ikkje har tenkt på dei siste tjue, tretti åra, men som ein ved gjensyn hugsar gjorde inntrykk. Ein er alltid summen av sine aldrar, så fleire av desse bøkene som no freistar til gjenoppleving, kan det hende eg ser på ein heilt annan måte i dag enn for tjue år sidan.

Ein bokserie eg møter igjen med glede er Tor Åge Bringsværds praktverk: «Vår gamle gudelære». I mi bokhylle står berre tre av bøkene i serien – ved gjensyn er det meg heilt ubegripeleg at eg ikkje har skaffa meg alle. Er ein opptatt av mytologi og kunst, representerer desse bøkene eit fantastisk møtepunkt.

I denne serien er det 12 bøker, kvar bok omhandlar eit kapittel – fra då verda blei skapt, til Ragnarok. Kvar bok er rikt illustrert av ein kunstnar: Jan Baker, Stella East, Fam Ekman, Ingunn van Etten, Finn Graff, Dagny Hald, Johanne Marie Hansen-Krone, Hilde Kramer, Therese Nortvedt, Thorstein Rittun, Arne Samuelsen og Gino Scarpa.

Eg er usikker på om desse bøkene er å få i desse første utgåvene enkeltvis, men historiene og mange av illustrasjonane er i alle fall samla i ei bok: Vår gamle gudelære.

«Baksidetekst: For oss er jorda rund, en av mange kloder – i et uendelig univers.Vi vet at himmelen er uten grenser, at solen bare er en stjerne – også den en av mange.

Bak hver gåte vi løser, finner vi nye. Men vi vil alltid søke videre. Det er det som gjør oss til mennesker. Vår nysgjerrighet. Vår trang til å finne en forklaring. Til å forstå. Til å gi navn til alt vi ser og opplever.

Hver tid har sine forklaringer, sin måte å se verden på. I denne og andre bøker skal vi forsøke å vise hvordan de gamle nordmenn tolket livet og tilværelsen. Vi skal tusen år tilbake i tiden – gjøre små streiftog inn i det som med et fremmedord heter norrøn mytologi, men som vi like gjerne kan kalle vår gamle gudelære»

 

Publisert på

Julekalender: 13. desember

Dagens bok er eit «drops»! I alle fall om ein er litt hekta på gamle, støvete, handskrevne manuskript, :«Lysets by, reisen til Zaitun  1271», Jacob d’Ancona, redigert av David Selbourne. Utgitt i 1997.

Frå baksida av boka:

«I året 1271, fire år før Marco Polo, foretok den jødisk-italienske handelsmannen Jacob d’Ancona en farefull reise til Østen med Zaitun, Lysets by, som mål. Dette er hans skildring fra den dristige ferden, gjenoppdaget som manuskript i vår tid – et manuskript som har skapt debatt verden over i faglige og litterære kretser på grunn av de mystiske omstendighetene rundt dets opphav.

Dette møtet med en av de store verdenssivilisasjoner er som et vindu mot middeladeren; d’Ancona møter mennesker fra alle smfunnslag, han forteller om normer og skikker, diskuterer teologi og filosofi med de lærde og har øye for alt som forgår i denne for Vesten nye og ukjente delen av verden, og gir dermed selv et unikt bilde av tidens mentalitet og menneskesyn. Et oveflødighetshorn av en reiseskildring!»

 

Då boka kom i 1997, blei den møtt med mykje skepsis i akademiske kretser. Ein meinte at dette var eit falskt manuskript, at det ikkje eksisterer. Det er også mykje hemmelighetskremmeri frå David Selbourne, som har redigert dette manuskriptet, om kven eigaren er, og kva opphav manuskriptet eigentleg har.

Det blei og sagt at denne Jacob d’Ancona ikkje kunne ha eksistert. Ein person langt forut for si tid, som ikkje er truverdig utifrå middelalderens normer, og korleis han praktiserte jødedom. En person for god til å vere sann.

Men uansett om dette er basert på eit ekte manuskript eller ikkje: boka er spennande, underhaldande og gir oss innblikk i den tidas levesett, godt mogeleg ispedd middeladerske overdrivelsar her og der – men utifrå ein god forteljars ståstad. I tillegg til fargerike skildringar, har boka interessante illustrasjonar og mykje historisk informasjon, og godt utstyrt med noter. 401 sider, tettpakka med interessante framstillingar.

 

 

 

 

 

Publisert på

Manglar du nokre julegåver endå?

Om det er bøker du planlegg å gi til dine i år – er det endå tid til å få dei til jul – om du bestiller snart.

På dette ørlille forlaget som heiter Olla Forlag er det no den siste tida fram mot jul tilbod på tre bøker. Desse blir også sendt portofritt.

Den aller siste boka som kom i oktober «utandørs i nordvest» ser vi til vår store glede at mange ønskjer seg – både som gåve – og til seg sjølve. Vi får høyre at folk som har kjøpt den nyt både tekst og bilde – og kanskje inspirasjonen kjem til å nyte livet utandørs, rett og slett?

Den boka rekk også fram til jul om de bestiller no! Det daglege boktipset her på heimesida til Olla Forlag har vinterbilde henta frå «utandørs i nordvest»

Sjå under fana “butikk” – der er alle dei seks bøkene som til no har komme ut, og informasjon om pris og innhald.

Takk til alle de som tittar innom og les om Sivert, Jenny og den magiske julebjella! «Vil du vere med, så heng på!»

Ha ei fortsatt fin førjulstid!

Helsing Olla

 

 

Publisert på

Julekalender: 12. desember

Vi er igjen i bokverda retta mot barn. Dagens bok er klassikaren «Morgentåkedalen» av Jan Debritz og Ronald Jakobsen (ill.) Boka kom i norsk utgåve første gong i 1981.

Boka handlar om Morkel Mosetuss som bur i ei trygg hole i skogen saman med venene sine, dei andre mosetussane. Ei natt har Morkel Mosetuss ein draum: han ser ein fantastisk, lysande kjempesopp! Han veit at denne soppen må han finne, slik at han kan bli rik og berømt. Ein slik kjempesopp er nemlig ein umåteleg rikdom for ein mosetuss. Sopp er livretten deira! Morkel får med seg vener på vegen for å leite opp soppen, men snart vågar dei ikkje bli med lenger, og Morkel held fram på reisa åleine. Som i alle eventyr møter han farer og medhjelperar. Den klassiske «Mentoren» dukkar opp i skapnaden til gamle kong Trerot, den klokaste av alle i skogen. Kong Trerot minner Morkel Mosetuss på at det fins viktigare ting i livet enn sopp, men kva det er må han sjølv finne ut. Morkel finn soppen. Men så dukkar den største faren av dei alle opp: Grumlaren!  På reisa har vi saman med Morkel høyrt stega hans, sett frykten han sprer, som skogens mørke makt. I det Morkel ser skatten framfor seg oppdagar han at Lyngtuslaren Lindor og venene hans er i ferd med å bli tatt av Grumlaren. Det er her Morkel blir stilt opp mot det avgjerande valet om å få rikdom og ære – eller å hjelpe nokon som er i naud. Morkel vel det rette, han vil berge Lindor Lyngtuslaren og venene hans. For å hindre at Grumlaren tar Lindor, vil Morkel som siste utveg ofre seg sjølv, men i siste liten kjem medhjelparar til unnsetning – og alle kjem seg trygt inn i hola til Morkel og dei andre mosetussane, mens den rasande Grumlaren rømmer langt vekk.

 

Ein kan sikkert stille spørsmål om overtydeleg «pedagogisk» rettleiing om å gjere dei rette vala, og også om dette med tematikken i å ofre seg sjølv. Uansett går denne historia rett inn i det universelle, arketypiske i alle verdas undereventyr – og rører oss. Som i all slik litteratur handlar det om eksistensielle problem som er grunnleggjande og felles for alle menneske – små som store.

 

Illustrasjonane er i ei særstilling: stemninga og magien i dei duse bilda er til stades gjennom heile boka. Alle kjensler blir skildra i illustrasjonane: håp, angst, sinne, skrekk, glede…

Høgdepunktet over alle er illustrasjonen av Grumlaren som fyller heile boksida, med vidope gap og ville auge. Akkurat dette bildet har nok festa seg i mange barnesinn: så skummelt at det er nesten så ein ikkje tør sjå, men desto større lette når venene overvinn frykten og Grumlaren – og ein sjølv som lesar kjenner seg som deltakar i det store dramaet.

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 11. desember

Det er særdeles kjekt når ein får anbefalt ei bok av ein forfattar ein ikkje har høyrt om før – og det viser seg at boka verkeleg er eit funn! Lars Mytting var for meg eit slikt ukjend forfattarnamn. (Eg hadde rett og slett ikkje fått meg at dette var forfattaren av boksuksessen ‹Hel ved», for øvrig ulest av meg}.

Boka eg fekk anbefalt var «Svøm med den som drukner».

Ofte når ein les ein boktillel, eller ser på omslaget på boka, får ein ei umiddelbar kjensle av om dette er ei bok ein kunne tenke seg å lese. Tittel og omslag på denne boka traff ikkje meg – hadde eg ikkje fått boka anbefalt, hadde eg heller ikkje lese ho. Så feil kan ein ta. Denne boka er god! Ho er ei bok av det slaget ein ønskjer aldri vil ta slutt, samtidig som ein heile tida må lese vidare for å sjå korleis det går. Ho inneheld alt eg sett pris på med ei bok: drivande godt plot, truverdige karakterar, medrivande hendingar, forførande stemningar – rett og slett glitrande forteljarkunst!

Det kan godt vere at forfattaren er i meste laget melodramatisk innimellom, og at enekelte element  kan vere  forutseielege, men for meg blir det underordna – eg kjøper det glatt. Eg er spent på forfattrens siste bok «Søsterklokkene»  – ho ligg på ønskelista!

 

Forlagets omtale:

«Høsten 1971 blir et kjærestepar funnet omkommet i Frankrike, på en avstengt, skogbevokst slagmark fra første verdenskrig. Deres tre år gamle sønn Edvard er sporløst forsvunnet. Fire dager senere dukker han opp på et helt annet sted i Frankrike.

Ingen vet hvor Edvard har vært, og han vokser opp på en fjellgård i Gudbrandsdalen sammen med sin tause bestefar.

Hva gjorde foreldrene i det avstengte skogholtet, og var det en tilfeldighet at de tråkket på en gammel gassgranat fra krigens dager?

Og hvem har, til bestefarens begravelse, sendt dem et praktstykke av en kiste, snekret i et treverk ingen har sett make til?

Letingen etter svar fører 23 år gamle Edvard både til Shetland og tilbake til Frankrike, der han må grave seg inn i de mørkeste krokene i familiens fortid. En fortid som er tett vevd sammen med de store europeiske hendelsene fra forrige århundre, men også lidenskapen til en mestersnekker som søkte lykken i 30-tallets Paris.»

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 10.desember

Eg er svak for mysterier, skjulte koder, spennande skatteleitingar, finurlege krumspring og kappløp med skumle kjeltringar – fram mot løysinga av gåta. Gjerne knytt til eldgamle mysterier.

Det fins en heil del slik litteratur, t.d. «Da Vinci-koden», for å berre nemne ei.

Ikkje alle bøker i denne sjangeren er like vellykka – men den eg dreg fram i dag, held seg bra fram til mål: «Den fjerde regelen» avIan Caldwell og Dustin Thomason.»

Det som gjer denne boka særleg spennande (etter mi meining) – er at handlinga er konstruert rundt ei verkeleg bok: «Hypnerotomachia Poliphili», der forfattarane  knyter uløyste koder og mysterier til denne vidgjetne boka.

Dette er henta frå Store norske leksikon:

«Hypnerotomachia Poliphili, berømt fantasi- og kjærlighetsroman fra renessansen skrevet av den italienske maken Francesco Colonna og trykket første gang 1499 i Venezia av den kjente boktrykkeren Aldus Manutius. 

Boka er en beretning om Polifilus, som i drømme kjemper for å vinne tilbake sin elskede Polia, og som møter motstand og mange prøvelser. På sin vei for å finne henne vandrer han gjennom landskaper hvor han ser bygninger og monumenter som han beskriver og kommenterer. Polifilus fremstår som humanist, og han sammenligner den arkitekturen han ser, med de klassiske idealene. Mange mener at boka kan leses som et slags arkitektonisk manifest, og at den beskriver en visjon om et Roma som på det tidspunktet ennå ikke var bygget. 

Hypnerotomachia Poliphili er av mange regnet som renessansens mest betydningsfulle og praktfulle bokverk og inneholder rundt 170 illustrasjoner utført i tresnitt. Typografien i boka er berømt for sin klare antikvaskrift.»

 

Eg siterer frå baksideteksten:

«To studenter ved det velrenommerte Princeton-universitetet kommer over en dagbok. Samme dag blir budbringereren myrdet. Dagboken gir spor som fører dem gjennom mysteriene i den hypnotiserende ’Hyperotomachia Poliphili’, en uløst gåte av en bok fra renessansen, med mye glemt lærdom. Men det er ikke bare renessansefyrstens hemmeligheter som avdekkes. Mye foregår i dag: En ond professor, hemmelige selskaper og mord. Hvor fører sporene? En hemmelig krypt kan romme svar.

De to stjernestudentene fra Princeton- og Harvarduniversitetene, Ian Caldwell og Dustin Thomason, har brukt mange år på å konstruere denne intrikate historien.»

 

Likar du koder, mysterier og spenning er dette boka!