Her er eit lite utrdrag frå epilogen til boka «Det gamle slottet». Det er Sofia og Karoline Nerås Eide som har samarbeida om denne teksten.
Epilogen handlar om Mademoiselle Béatrice, ein av bipersonane i boka. Béatrice budde på slottet boka handlar om, då den franske revolusjonen starta.
«Béatrice stirer mot døra. Det er midt på natta, alt er stilt på slottet. Denne natta er det ikkje råd å sove, for Béatrice ventar på det som skal skje. Ho er redd. Redd for kva som kan hende med henne og familien hennar, redd for den lange reisa ho skal ut på, redd for framtida. Ho tenker på då ho møtte Bastien dagen før. Ho er sikker på at han vil gøyme dokumentet godt – og skatten hennar, den veit ho er trygg. Ingen vil kunne finne den på den hemmelege gøymestaden. Om alt går bra vil ho kunne hente den sjølv ein gong i framtida.
Det bankar forsiktig på døra, og Béatrice skundar seg å tørke bort tårene som renn nedover ansiktet hennar. No skal ho reise.
Ein lyd får Béatrice til å vakne. Ho har slumra litt, byssa i søvn av ristinga frå vognhjula mot underlaget, og lyden frå hestehovane. Det er endå mørkt ute….»
Resten av denne teksten kjem i boka. Det er berre å gle seg på spennande lesing!