Publisert på

Prokrastinering eller planlagt omprioritering?

«Dette er berre den perfekte skrivedagen!» sa eg til meg sjølv. Klokka var 5 om morgonen, første kaffikopp ferdig oppdrukken. Fram med Maccen og notatane. 

Den siste tida har det vore litt travelt med turnéverksemd og andre ting som har dukka opp – livet, som vi seier. Deretter ein aktiv, glad påskeferie med huset fullt av små og store påskegjester. Dermed har dei pågåande skriveprosjekta berre blitt overflatebehandla. Men i dag altså, då skulle det skje. Litt langt inne sat det likevel, for etter ein time var prokrastineringa eit faktum: det var ein stor, tett propp i det mentale systemet mitt. Synleggjort med streifing på alle sosiale medier som finst, alle aviser, innom Netflix for å sjå kva som kunne bli belønninga etter det som skulle vere dagens arbeid. «Eg startar ikkje på ein film altså, litt sjølvdisiplin har deg då», mumla eg, før eg fann meg sjølv igjen, langt inne i ein dårleg krimfilm.

Det var då eg kom på boka til Hilde Østby: «Kreativitet». Ho skriv ein heil del om korleis hjernen fungerer, og om korleis kreativiteten kan blomstre. Eit viktig punkt eg har plukka ut er dette: hjernen treng å kvile, sleppe fri frå disiplin og struktur for å kunne vere kreativ. Gjer noko anna!

For å hamle opp med «styggen på ryggen», ho som alltid fortel meg kor udugeleg eg er, og kor dårleg arbeidsmoralen min er, har eg eit knep: eg skriv ein plan! På første linja skreiv eg : surre.

For det var akkurat det hjernen min trong i dag, å surre. Sidan det sto på planen, kan ingen seie noko anna enn at det var nøye gjennomtenkt og ein del av dagens viktige gjeremål.

Slik blei denne fantastiske surredagen min:

Først tur med Kaspar. Dette gjer eg sjølvsagt kvar dag, ein hund må mosjonere. Eg også. Kaspar er ein eldre herre og skral til beins, så turane våre no om dagen er ikkje så lange, heller ikkje er farta stor. Kaspar snuste i grøftene og eg såg på ørna og måsane som krangla. Fin tur.

Vel heime sette eg meg ned ved tastaturet for å finne ut om turen var nok surring. Det var det ikkje, for kvar gong eg løfta blikket, såg eg rett på bokhylla. Bokhylla dekkjer ein heil vegg, og er stappfull. Bøkene såg ut til å trenge støvtørking. Eller kva med eit nytt system? Etter ein halvtime låg det bøker strødd utover heile stua. Eg angra, men syntest i grunnen det var litt kjekt, også. Nokre bøker til kassering, andre kunne donerast til andre lesarar, andre måtte heilt klart få ny plass. På øyret hadde eg Spotify med «langkøyring»-spelelista. Det er den lista som er mest energifylt, som krev cruise control i køyrande tilstand (om ei vil unngå fartsbot), men som kan føre til ei dugande arbeidslyst, gjerne av det fysiske slaget. Eg måtte ha øyrepluggar, for Kaspar liker ikkje Rage Against The Machine. I alle fall ikkje på det volumet eg fann mest passande for dette høvet.

Men kva skjedde? Plutseleg smaug sjølvaste Mikis Theodorakis’ Zorba’s Dance seg mjukt inn i øyregangane. Hugsa eg enno trinna? Det gjorde eg! Snart fauk eg, bøkene og støvet rundt saman i stadig aukande tempo. Kaspar gløtta på hovudet, men snudde ryggen til scenariet og snorka vidare.

Eg merka etter ei stund at sola gjennom vindauget forstyrra danseestetikken. Solstrålane lyste opp det virvlande støvet og  hundehåret på ein ulekker måte. Tanken på å hente støvsugaren streifa meg ikkje. Det gjekk faktisk ikkje an å vere inne i slikt vêr! «Kom igjen, Kaspar, vi har hagearbeid som ventar!» Kaspar brydde seg ikkje. Men eg fauk ut med den store greinsaksa. Det er noko av det kjekkaste eg veit, dette, å klippe ned for fote alt det som har tatt laust i hagen, og som desperat prøver  å leve sitt eige liv. Heilt til eg og saksa kjem. Kvisthaugen vaks, lukta av jord og tørrgras kila i nasen.

Åja, desse bøkene, ja. Nok kvisting, ny økt i bokhylla. Og der fann eg ein av dei gjevaste skattane. Den eldgamle, tyske, illustrerte utgåva av Jules Verne’s «Zwanzigtausend Meilen Unter’m Meer» Dei gotiske bokstavane er som kunstverk i seg sjølv. Eg var tapt for denne verda ei stund. 

Heilt til svolten meldte seg. Eit par knekkebrød i farta. Men det hadde då vore godt med vaflar? Denne gongen blei Kaspar med ut for å steike vaflane på verandaen. Berre i håp om å kunne stele ein bit, sjølvsagt. Sidan han var så hyggeleg selskap, fekk han smake.

Så fekk eg auge på ein mosegrodd trestubbe i hagen. Perfekt location for ein liten animasjonsfilm. Filmen handla om ein vaknande edderkopp.

Ein heil surredag gjorde godt. Til rekkja av tilfeldige innfall kom slikt som planting av dragefrø, lapping av ei bukse, fotografering av Kaspar, osb. Undervegs rusla hjernen min sine eigne vegar. Innimellom merka eg at tankane streifa  eit og anna som handla om bokmanuset. Dermed blei det etterkvart påtrengande viktig å setje seg ned og forme orda. Fleire sider  blei lagt til manuset, den mentale proppen var ute, for denne gongen. 

Nokre bøker ligg framleis strødd på golvet, men eg har eit håp om å komme i mål med bokhylla også.

Tusen takk til Hilde Østby og alle andre som fortel oss at det er fullstendig legitimt å surre. Det kan ikkje lenger kallast prokrastinering – ei irrasjonell  og ufornuftig form for utsetjing, men derimot ei planlagt utsetjing og omprioritering. Du kastar ikkje bort eit einaste minutt, faktisk. Berre prøv!

Publisert på

Jonas og Judith, sola og snøen

Det er påske, og akkurat no skin sola her eg bur. Rimen frå frostnatta tinar – dei små, tynne isflaka på den solglitrande fjorden løyser seg opp. 

Det er så godt å kjenne varmande solstrålar på huda! Det skal vi nyte. Og det kan vi gjere, om vi tar nokre grep for å sikre oss. For strålane kan også gjere skade.

Då eg vaks opp, var det ikkje vanleg å smøre seg med solkrem. Blei noko brukt var det gjerne slikt som Vaselin og Spenol. Konsekvensen blei mange solbrende kroppar. Eg hugsar smertefull knallraud hud, blemmer, sår og flassing kvar einaste sommar. Huda mi er lys, og blir lett brent. Etterkvart lærte eg heldigvis kva som skulle til for å sleppe stadige solforbrenningar. No er både eg, barn og barnebarn grundig innsmurde med høgaste solfaktor før vi går ut og nyt sola. 

Desverre kan solforbrenning i ung alder ha alvorlege konsekvensar. Både eg sjølv og andre av mine næraste har fått melanom i vaksen alder. For eigen del gjekk det bra, melanomen blei oppdaga tidleg og operert bort, utan at kreften rakk å spreie seg. Andre har ikkje vore fullt så heldige.

Melanomforeninga i Noreg har ein kampanje på gang: «Solsikker».

Denne kampanjen rettar seg mot 1.-4. klassetrinn og SFO, og handlar om korleis ein skal førebygge melanom, som er den alvorlegaste forma for hudkreft.

Ein kampanje som rettar seg mot barn er særdeles viktig. Det handlar sjølvsagt ikkje om skremselspropaganda, for denne aldersgruppa er fokuset å glede seg over sola, og å vite kva som er lurt å gjere.

Klipt frå prosjektskissa: 

«…Norge ligger på verdenstoppen, etter Australia, når det gjelder både forekomst og dødelighet av melanom (normalisert per antall innbyggere). Den desidert viktigste faktoren for å redusere forekomsten av melanom og annen hudkreft er forebygging. Melanom kan enkelt forebygges og oppdages, men dette fordrer at man både starter hudbeskyttelse mot UV-stråling i tidlig alder, og at man regelmessig følger med på hudlesjoner; unormale forandringer som skjer på eller under hudens overflate.

Det vi vet med sikkerhet er at endrede ferievaner, økt soleksponering, utilstrekkelig solbeskyttelse og bruk av solarium er faktorer som alle har bidratt til en dobling i forekomsten av melanom det siste tiåret. I tillegg skjer omtrent 50 % av UV-eksponeringen i løpet av livet i barne- og ungdomsårene. 5 blemmer-solbrenthet før man er 20 år øker risikoen for melanom med 80%. Dette er skumle tall og også grunnen til at det er så viktig at vi lærer barna våre om forebygging…»

Kampanjen handlar om korleis ein kan førebygge og lære barn gode solvett-reglar. Fleire element går inn i undervisningsopplegget, og boka «Jonas og Judith, sola og snøen» er eit av dei.

Eg var så heldig å bli spurt om å skrive boka, og snart tok historia om Jonas og Judith form. Dette er ikkje ei sakprosabok, men ei prosaforteljing. Meininga er at boka kan lesast av barna sjølve eller som høgtlesing. 

Her er frå baksideteksten:

«Juhuuu! Ut av vegen, her kjem eg!» Saman med Judith leiker Jonas seg i snøen og hopper på ski. Det er påskeferie, og dei er på hyttetur på fjellet. Sola skin. 

Tidleg ein morgon ser Jonas på seg sjølv i spegelen. Kva er det som har hendt med fjeset hans? Han er heilt raud! Kinna kjennes varme og stive, dei svir. 

Jonas og Judith opplever både spenning og utfordringar. Saman med morfar legg dei ein hemmeleg, solsikker plan. 

Morfar fortel også ei spennande historie om korleis årstidene blei til ein gong for lenge, lenge sidan. 

Boka er initiert av Melanomforeninga, Noreg, i samband med prosjektet «Solsikker». 

Hovudtema i boka er korleis vi kan forebygge solskader på huda, ha det kjekt ute i sola og likevel vere «solsikre».

Hege Terese Fjæra, Olla Bolle Design, har utforma figurane Jonas og Judith som er maskotar for Melanomforeninga. «Jonas og Judith på nye solsikre eventyr» er ein overordna tittel på materiellet som blir utforma om desse to. Eventyret dei to er på i denne boka er på påskefjellet. Det er også Hege som illustrerer boka. Dei sprut levande, herlege illustrasjonane hennar plukkar opp undertekst, humor og alvor på nydeleg vis. 

Dette har vore ein spennande og morosam prosess, og ei stor glede å kunne få vere med på. Kjekt samarbeid om ei svært viktig sak. 

Boka skal vere ferdig og lanserast siste veka i mai, under «Hudkreftveka».

Nyt sola, folkens! God påske! 🌞 🐣🤩

Publisert på

Skriveboost!

Det er sanneleg på høg tid å dele nokre ord på www.olla.no. Heimesida mi ser ut til å lide av total mangel på omsorg frå innehavaren. Med unntak av den daglege opplesingsserien i desember, fram mot jul, har eg ikkje ytra ei einaste setning på godt over eit år.

Det er fleire grunnar til det. Eg har generelt vore lei av å ytre meg i både sosiale media og elles – det kjentest som tom skvaldring, meiningslaus svada og bortkasta tid. Truleg ingen som er interessert, eller i det heile tatt les det eg skriv, har eg tenkt. Samtidig har eg styra med mitt: skriving, turnéliv – og anna liv.  Det blei rett nok litt tørke på skrivefronten, også. 2023 blei dermed det første året etter at Olla Forlag starta i 2017 at det ikkje kom ut ei ny bok. Det stemmer likevel ikkje heilt, for «Felix og operasjon U» blei grovskriven nok til å bli jule-opplesing på heimesida. Den historia var eit første-utkast «der og då» og blei tatt bort så snart jula kom. Men å ta dette litt dristige grepet fekk igjen fart på skrivelysta mi. 

Det forsømte blir tatt igjen i 2024 med heile tre bokproduksjonar, om alt går etter planen!

«Felix og operasjon U» hadde lenge vore i støypeskeia, men då vår vesle, store grand danoiskvalp Kofi blei alvorleg sjuk og døydde, kjende eg at han måtte få plass i ei bok. Slik blei han Zack i boka om Felix og dei mystiske hendingane under Oslos gater.

Derifrå var det som om ein propp lausna. Eg måtte leggje vekk «Felix og operasjon U» fordi det dukka opp eit nytt, spennande oppdrag. Melanomforeninga ønska ei barnebok som skulle forebygge føflekkreft / melanom, og omhandle korleis ein kan vere «solsikker» – og forebygge solskader. Dette høyrdest i utgangspunktet mest ut som ei sakprosabok i mine øyre. Innhaldet måtte nødvendigvis vere noko pedagogisk og instrumentelt, tenkte eg, og dermed vanskelegare å få til som ei levande, spennande forteljing. Men etter mykje tenking og drodling, blei det til historia om Jonas  og Judith på påskefjellet. Ei legende om årstidene ligg under hendingane. Dermed blei det slik det ofte er i bøkene mine: handling på fleire plan. Det har vore ein spennande prosess i nært samarbeid med Melanomforeninga, og ikkje minst illustratør Hege Terese Fjæra (Olle Bolle Design) som tidlegare hadde laga dei to maskotane til Melanomforeninga: Jonas og Judith. No har Jonas og Judith blitt endå meir personifisert i denne full-illustrerte barneboka. Heges leikande, frodige figurar fungerer kjempefint og hentar fram både handling og undertekst på herleg vis. Det har vore skikkeleg stas å samarbeide med Hege. Snart er boka ferdig!

Sidan det framleis var mykje arbeid igjen på boka om «Felix og operasjon U», måtte eg gløyme ho bort, på eit eller anna vis. Det nye oppdraget måtte prioriterast. Dermed sende eg manuset inn til eit par forlag, nok som gjorde at eg på sett og vis «parkerte» boka mentalt. Eg hadde ikkje venta å få respons, men det var sjølvsagt ei positiv overrasking då eit av dei store forlaga melde si interesse. Nyleg fekk eg også den gledelege meldinga frå NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattere) at eg var tildelt stipend for å arbeide med denne boka. Dermed kan eg no kaste meg over arbeidet med boka igjen, og etterkvart vurdere om eg gir ho ut sjølv på mitt eige forlag, eller om eg denne gongen prøver samarbeidet med forlaget som melde si interesse. Det får tida vise.

Som om ikkje all denne positive flyten var meir enn nok, fekk eg sanneleg prosjektmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune også! Denne tildelinga var til bokprosjektet «Fjellet der ein kviskrar». Denne boka har lenge ruga i pannebrasken. Afrika har alltid hatt ei stor plass i hjartet – musikken, forteljingane, kunsten, folka og kulturane har alltid interessert meg. Noko som også førte til at eg budde i republikken Kongo i to år.

Boka skal handle om arkeologiske utgravingar i Sør-Afrika. Her vil interessene til ur-befolkninga bli sett opp mot storkapital, makt og prestisje. Eg ønskjer å vise korleis historiske verdiar, mytologi og reelle arkeologiske funn kan vere med på å endre vår felles historie – at dette kan vere målet, sjølve «skatten» vi skal fram til.

I Sør-Afrika har arkeologar dei siste ti-åra vore med på å endre synet på vårt felles opphav, og sett søkelys på korleis vi kan kjenne igjen moderne menneskeleg åtferd utifrå eit taust, men likevel talande arkeologisk materiale.

Kunnskapen om kor vi kjem frå, og når det moderne mennesket oppsto, endrar seg frå år til år, og gjer feltet aktuelt og engasjerande for mange.

Samtidig er sørlege Afrika også ein arena for ulike aktørars kamp om naturressursar, med stadig aukande konfliktnivå mellom myndigheiter og landeigarar, urbefolkning og krypskyttarar.

Fokuset rettast mot korleis tause gjenstandar og spor frå fortida kan vere med på å gje liv til mytologiske forteljingar og skape ein link mellom menneska frå dei tidlegaste tidene og oss menneske i dag, på tvers av etnisitet og nasjonalitet. I forteljinga ønskjer eg å ta den klassiske kombinasjonen av mysterium og arkeologi eit skritt vidare ved å skifte fokuset frå «skattejakta», til å vise korleis relevante faglege problemstillingar knytt til opphavet vårt kan vere spennande også for barn og unge.

I prosessen med denne boka samarbeider eg med sonen min, Nikolai. Han er arkeolog og har vore med på arkeologiske utgravingsprosjekt i Sør-Afrika. Eg har sjølv reist i Sør-Afrika, men med hans bakgrunn og fagkunnskap, vil eg kunne sikre at det eg skriv om også er fagleg forankra. Særdeles hyggeleg å samarbeide med sonen min!

Det er herleg å vere i flyt-sona med skrivinga igjen!