Publisert på

Musikk – inspirasjon eller plage?

Eg er redd eg i beste fall har lydallergi. I verste fall er eg lydfundamentalist. Rundt meg står det ALDRI ein tv-skjerm på og surrar og går i bakgrunnen mens eg gjer andre ting. Radioen står ALDRI på ein eller anna tilfeldig stasjon med skravling og «random» musikk. Eg høyrer radio, særleg når eg køyrer bil, men kun utvalde program eg er interessert i å høyre. Eg skulle gjerne høyrt på NRK-lokalradioen, men det går ikkje. Eg blir så meiningslaust irritert når musikkinnslaga  – som då er så langt ifrå mine val som berre muleg – trengjer seg inn i øyret og skrur seg til.

Men å lytte til musikk er likevel nesten som eit grunnleggjande behov. Eg har spelelister lange som år, med det beste eg kan tenke meg å lytte til. Eit utstudert og nøye samansett utval etter humør og dagsform, døgnets tider og årets gang, vêr og vind. Favorittlista mi på Spotify heiter «langkøyring» – sidan køyring er ein hyppig aktivitet og bilen ein mykje frekventert opphaldsstad –  og då eg særleg høyrer på musikk. Der er lista lagt opp etter korleis køyre- og arbeidsdagen er. Når eg startar tidleg om morgonen, då dei fleste endå kallar det natt, treng eg mjuke, rolege tonar. Etter ei særleg energisk turnéøkt, der adrenalinet boblar og energien er skyhøg, då må musikken ha endå høgare energi for å hindre overstadig bruk av gasspedalen. Det er nesten berre «Rage Against The Machine» som kan matche den tilstanden. Så er etterkvart både eg og musikken såpass nedroa at vi i fellesskap får doningen fram på forsvarleg vis, utan å sovne, til medium utagerande musikk. Sjangerane er mange – klassisk,  jazz, rock, worldmusic, blues, rap, eksperimentell musikk, og ja, det meste. Men enkelte sjangrar er likevel tabu. Eg skal ikkje gå inn på kva det er her, men eg kan seie såpass at eg har inngått ein skriftleg avtale med mine barn om at når eg blir så gammal at eg ikkje kan gjere greie for meg lenger, då er det ein del musikk eg ikkje for nokon pris skal utsetjast for. Det er nok best for alle.

Tilværet mitt handlar om historier. Nye historier, gamle historier, fantastiske, finurlege, fine, rare historier. Så når eg oppdagar artistar med eit musikals uttrykk som er som forteljingar, som skaper indre bilde, triggar fantasi og kjensler – ja, då er eg fortapt. Eller forgjort. Då sparkar mine eigne historier frå og vil ut. Som då eg for omlag 40 år sidan oppdaga Tom Waits. Han veit det sjølvsagt ikkje, men han og eg har laga mange historier i lag – ein livslang musikalsk inspirasjon.

Det hender eg ser på filmar og seriar på Netflix, HBO, osb. Det hender også at eg ikkje anar kva eg har sett, men i staden har hengt meg heilt opp i filmmusikken. Filmmusikk er eit eige univers, ofte langt betre enn filmen musikken er laga til. I går kveld var eg innom Netflix. Eg har gløymt kva eg såg – ein krim, kanskje, men eg veit kva eg høyrde. Dermed kan eg føye neste artist til «langkøyring»-lista mi. Daniel Norgren er historieforteljar. Dette gjennomsiktige, autentiske lydbildet – sikkert spelt inn på ein låve eller i ein fjøs – ujålete produsert og vakkert, underleg, skranglete, vart, rått, vemodig – dette fekk det til å sparke i historiemuskelen min. I dag har eg skive heile dagen. Takk, Daniel Norgren, i morgon skal du få vere med på langkøyring.