Publisert på

For ei helg dette har vore!

For ei helg dette har vore!

 

Gjennom bok, teater, formidling og diskusjon over to intense dagar, kjenner eg ei stor glede og takksemd over å kunne vere med på dette: fokus på forteljinga, delt frå hjarte til hjarte mellom formidlarar og deltakarar.

Tusen takk til alle de som kom og var saman med oss på desse arrangementa!

Fredag var det lansering av boka utandørs i nordvest. Det var ei god oppleving å få vise fram boka vår, dele litt frå prosessen med boka med eit interessert publikum – og ikkje minst med den gode stemninga gitarist og komponist Trond Salthammer var med på å lage med gitartonane sine.

Eg er rørt og glad over alle dei goda orda vi fekk om boka vår. Håpet er at de som les boka vil kjenne like stor glede over ho som vi som har arbeidd med boka i bortimot to år.

Tusen takk også til de som var med på formidlinga av Birgers odyssé og bokkaféen!

Marit Ellen Lund Salthammer framførte eit av Helga Misund sine dikt, tonesatt av Marit Ellen, Audbjørg Gjerde Lippert las frå boka si Kommer før lunsj, Vigdis Ødegård frå Vestnes folkebibliotek fortalte om det nye biblioteket som skal byggast. Vigdis var også med i eit diskusjonspanel saman med Elsa Rypdal og Falk Daniel Låmar Øveraas. Tema for diskusjonen var ”Treng vi framleis boka?” Spennande å høyre alle dei reflekterte tankane paneldeltakarane hadde rundt bok og formidling, og korleis dei såg på bokas framtid. Slike diskusjonar rundt tema freistar til gjentaking!

Vi merkar allereie stor etterspurnad etter boka utandørs i nordvest – og mange spør kor den er å få tak i. Den kan kjøpast på www.olla.no, i tillegg på dei fleste andre nettbokhandlarar – og på boldbooks.no.

Den kan også kjøpast på Notabene, Vestnes og på Bok & Papir i Brattvåg.

I tillegg vil Olla Forlag vere å finne på fleire messer framover:

Vatne, 3/11

Tomrefjord, 10/11

Brattvåg, 17/11

Finnøy Havstuer, 2/12

 

Bilda under er tatt av Liv Anne Øveraas, Olla Rypdal og Elsa Rypdal