Publisert på

God sommar!

GOD SOMMAR!

Med vaksine og opning av samfunnet igjen, kjenner eg meg glad og oppstemt. Avtalene for hausten er i boks, planane og idéane poppar opp, eg gler meg til alt det spennande som skal skje! Endeleg skal vi møtast til kulturarrangement, oppleve og ha det kjekt i lag!

Anna- og Kasparboka «Mysteriet ved Hangman’s Hill» er i rute og kjem etter sommarferien ein gong. I rute er også «Nattvogna», som er neste bok ut, truleg neste vår. 

Turnéane med Den Kulturelle Skolesekken er lagt:  «Animert spenning», «Tor med hammaren» og «Laboratorium for finurlege forteljingar» skal få svinga seg godt!

I adventstida skal det skje noko spennande: «Tippoldefar Jakobs julekort» blir forestilling! Det er meint å bli ein årleg tradisjon i førjulstida, og det på verdas koselegaste scene: «Hageverkstedet kulturscene».

Men aller først gler eg meg til å fylle sommaren med leik og moro med barnebarn, turar til fjells og til havs, gode samtalar, god mat, god drikke – og kven veit, kanskje vi til og med får nokre soldagar innimellom! Vêret er elles underordna, for det kan vi ikkje gjere noko med, men uansett er det godt å vere ute.

Sommartid er skrivetid også, sjølvsagt. Eg er så heldig at eg kan skrive kor som helst og når som helst. Men eg veit også at den tida eg ikkje gjer det skapte grann, surrar rundt, lar tankar komme og gå, er i «flyt»-sona — denne tilstanden er den aller beste modusen for å få idéar og vere kreativ! Derfor har eg aldri dårleg samvit for å stire ut i lufta, tenke på alt og ingenting og drøyme meg vekk innimellom. Ein må tole å ha litt rot i hovudet. 

Det skal bli mykje surretid i sommar, har eg tenkt! Berre prøv – det gjer godt!

Kaspar og eg har «styla» bilen  – så vi er klare for kva eventyr som helst! 

Riktig god sommar!