Vi er midt i mars månad – den tida der alle årstidene ser ut til å slåss om merksemda vår: eine dagen tjukk snøkave, den neste sitrande vårsol – for så dagen etter å virvle oss rundt i friske stormkast.
Det er aldri kjedeleg utandørs i nordvest!
Tema for biblioteka i Møre og Romsdal i mars er havet, og medforfattar Audbjørg Gjerde Lippert og eg har fått i oppdrag frå biblioteket i Haram å formidle frå bokprosjektet vårt «utandørs i nordvest» komande onsdag, (20.mars) kl 18.00 på biblioteket på Vatne.
Som vi gler oss!
Vi feirar også den komande våren med tilbod på boka vår: kr 299,-
Tilbodet gjeld om du kjøper boka direkte frå oss, eller via www.olla.no. Tilbodet varer over påska.
Kjem du på arrangementet på biblioteket får du også kjøpt boka!
(Vipps, kort, bank eller kontant.)
Bilda under frå marskapittelet i boka vår, då vi var på Smøla!