Publisert på

«Tippoldefar Jakobs julekort» i rute!

Om litt over ei veke skal «Tippoldefar Jakobs julekort» ha pdf-filene klare til trykking. Vi er i rute!

Alle bøker er ei «reise» – både for den som lagar boka og den som les ho. Reisa mi med denne boka har vore som med dei andre eg har skrive, eit blikk tilbake i historia som får tankane til å flyge og forteljinga til å leite seg fram på nye og ukjende vegar.

Slekta og familien min har nok alltid vore av det slaget som har tatt vare på ting og reparert dei med omtanke og kjærleik når dei har blitt øydelagt. Det er som eg kan kjenne denne omtanken og kjærleiken når eg ser og rører ved gamle gjenstandar oldefar min laga: skrin, kister, leiker, bord og stolar. Den gamle skuvsenga med alle sine hakk og merke etter bruk gjennom 150 år fortel si historie. Gulna brev og bilde er også tatt vare på, fint nedpakka i esker med band rundt. Dei fortel om levd liv, om gode og mindre gode dagar.

Julekorta som eg hentar fram frå grandtante Olises gamle konfekteske kvar jul fortel også sine historier, om dei som reiste til Amerika, og kvar jul sende julekort til dei heime. Dei velkjende julemotiva er også som eit overflødighetshorn av historier som ber om å bli fortalt: leikande barn i snøen, juletre på kjelkar, nissar og julegåver. Dermed tok eventyret om Jenny og Sivert form, med lokal koloritt frå Kjersemfjellet som bakteppe.

Saman med Tarjeis magiske, stemningsfulle illustrasjonar som ramme rundt julekorta, ornamentert i tidsriktig Art Deco-stil, måtte dette bli julebok.

Det har også vore ei reise å finne ut av opphavet til desse gamle julekorta. Ein må kreditere både illustratør og fotograf, noko som ikkje er heilt enkelt å spore. Dei fleste korta er så gamle at dei kan brukast fritt, mens andre har eg henta godkjenning for å kunne bruke i boka. Julekortet i dette innlegget er laga av Paul Lillo-Stenberg. Takk også til Najonalbibliotekets bildearkiv!

Det er nok ikkje berre Tarjei og eg som gler oss over desse gamle julekorta og likar eit nostalgisk, koseleg juleeventyr, for bestillingar på boka tikkar inn gjennom alle kanalar!

Dermed har eg ei lita oppmoding til dei av dykk som veit de skal kjøpe boka: kunne de tenke dykk å førehandskjøpe (betale) boka allereie no ville eg vere svært takksam. Om de ønskjer og har høve til det, sjølvsagt. Det ville vere til stor hjelp, og vi er sikra at bøkene kjem fram til kjøparane i god tid til 1.desember.

Olla Forlag må betale for trykking på førehand, og når så mange bestiller på ein gong, noko som er umåteleg gledeleg, sjølvsagt, blir det eit stort økonomisk løft for eit knøttlite forlag. Dette er ei kostbar bok å produsere, med beste papirkvalitet, harde bokpermar og mange fargeillustrasjonar.

Om de vil kan de vippse til Olla Forlag: 127189, eller setje kr 329,- rett inn på forlagets konto. Dette kan enkelt gjerast på www.olla.no

Dei som betaler blir sjølvsagt registrert. Hjarteleg takk!

Denne boka kan berre kjøpast direkte frå Olla Forlag.