Eg liker vendepunkta, årstidene som følgjer etter kvarandre, feiringane. Det er ei eiga glede over førebuingane og forventningane til det neste som skal skje. Eg gler meg over å pynte til jul, sjølv om eg høyrer til dei som meiner «less is more». Like godt liker eg å hive julepynten ut når jula er over. No er endå eit vendepunkt på gang – eit nytt år – eg er klar!
Kvart einaste år er eg full av forventning, nye mål og nye planar, også dette året – eller kanskje særleg dette året.
Sakte, men sikkert trur eg tilværet fell på plass, kanskje med ein del endringar, men med det grunnleggjande: at folk kan møtast, vere i lag slik ein måtte ønskje, utan angsten for konsekvensar, sjukdom og død.
For det nye arbeidsåret har eg håp og forventning om dette: å igjen kunne møte folk, handhelse, klemme, ønskje unge og gamle, små og store velkommen, igjen arrangere møteplassar for opplevingane og dei gode historiene.
Eg har hatt god tid til å arbeide i det stille denne tida som har vore. Den nyaste boka «Klokkemakar Alfreds mysterium» kom som planlagt i haust. Men allereie då samfunnet stengde ned, og alle ventande arrangement og turnéar blei avlyst, var eg godt i gang med romanen «Det som er gøymt». Om det var leit at alt blei avlyst, var det likevel nok å fylle tida med til dette prosjektet. «Research» er ei fantastisk «boble» å vere i – og å skrive for ei vaksen målgruppe er spennande og utfordrande på andre måtar enn å skrive for barn. Første redaktørrunde er gjort – no er vegen vidare med dette prosjektet staka ut.
Sidan eg alltid har likt å veksle mellom fleire prosjekt, har også planlegging av formidlingsopplegg for dei andre bøkene fått fokus. No gler eg meg til å kunne vise dei fram – når arenaene og møteplassane igjen kan opnast. Her er det planer for både «Klokkemakar Alfreds mysterium» og «Kodemysteriet».
Så er det desse historiene som trengjer seg fram og krev å bli skapt, fortalt og formidla. Heldigvis treng ikkje alle det, nokre av dei får berre vere idéar og flagrande tankar. Men «Nattvogna» er det ikkje råd å bli kvitt. No durar ho fram, Nattvogna, og ser ut til å bli den neste boka for aldersgruppa 9-12 år.
Eg arbeider med prosjekta mine kvar dag – noko mindre når eg er på turné, for å vere omreisande i formidling krev å vere 100% påkopla, og løyver mindre energi til andre ting.
Ei av desse bøkene kjem ut i år, om begge skulle finne vegen ut dette året får tida vise.
Om ein arbeider aldri så målretta og har lista opp gjeremåla punkt for punkt, er likevel ei av dei aller største forventningane for det nye året at det vil dukke opp nye idéar, nye arenaer og nye konstellasjonar mellom folk eg kjenner – eller ikkje kjenner endå. Det er ofte når ein trakkar litt utanfor stien det spennande, endå uoppdaga kan hende – det gjeld berre å vere der når det skjer og gripe høvet!
Slik trur eg på, og ønskjer dykk alle, eit godt, nytt, kreativt år!