Publisert på

Litterær produksjon: «Klokkemakar Alfreds mysterium»

I samband med at boka kjem ut i oktober lagar eg også ei formidling av boka og historia som t.d. kan visast på skular og i bibliotek.

Denne formidlingsøkta handlar om tid, klokker – og eit spennande mysterium som startar under den franske revolusjonen for over to hundre år sidan. Når barna Rosie og Tobias blir kjent med klokkemakaren Alfred, dukkar dette mysteriet opp igjen.

 

Formidlinga tar utgangspunkt i boka «Klokkemakar Alfreds mysterium», og har ei tre-deling, slik boka har.

 

I første del fortel og viser utøvaren korleis vi har målt tida gjennom historia. Utøvaren har med nokre klokker og urverk, gamle og nye –  og viser korleis urverka fungerer. Ho fortel om korleis klokkene har endra seg gjennom historia, fram til vår tids digitale smartklokker.

Saman filosoferer og samtalar vi rundt omgrepet «tid».

 

I neste del fortel utøvaren om dei to klokkene som er utgangspunktet for historia. Klokkene blei laga av klokkemakaren A. L. Breguet, og vi følgjer klokkene så langt dei har spor etter seg.

 

I siste del får elevane høyre om møtet mellom klokkemakaren Alfred og dei to søskenbarna Rosie og Tobias – og om mysteriet om klokkene. Historia handlar om klokkene si fiktive «reise» etter at dei blei borte, og korleis dei kom inn i Alfreds familie. Dramatiske hendingar, eit gammalt dokument og Alfreds forteljingar fører dei to søskenbarna Tobias og Rosie mot løysinga av både klokkemysteriet, og ein arrestasjon.

Illustrasjonar frå boka (illustratør: Tarjei Rypdal Eide), gamle fotografi og korte animasjonar følgjer formidlinga.

Her er ein liten infofilm om du vil opne han eller laste ned:

large 3-kopi