Her om dagen sto denne artikkelen i «PERSISKOP – Kritikk av kunst for barn og unge»:
«Hvorfor er det så stor offentlig begeistring over at barn foretrekker en sjanger som står langt nede i kulturlivets hakkeorden?
Av Lisbeth Fullu Skyberg Karl Fredrik Tangen »
Kva er viktigast: atbarn og unge les – eller kva dei les?
Drøftinga i artikkelen handlar om at mange meiner skole og bibliotek løner kvantitet framfor kvalitet – og peikar på at krim for barn, så vel som for vaksne tradisjonelt ikkje blir rekna som kvalitetslitteratur.
Frå artikkelen (tala i sitatet viser til referansane i teksten):
«I en tekst fra Kulturrådet spør forfatter og redaktør Geir Gulliksen om hva det er vi snakker om når vi snakker om kvalitet.[5] Det er vanskelig å enes om en felles definisjon, sier han, fordi kvalitetskriteriene vil variere ut fra hva slags litterær tekst vi forholder oss til. Gulliksen ender likevel opp på det kjente prinsippet om et skille mellom bøker som først og fremst underholder og bøker som «gir oss en dypere forståelse for eksistensen».[6]»
I det daglege møter eg mange barn og unge når eg er på forfattarbesøk på skolane, eller er på turné med skriveverkstader i regi av DKS.
På spørsmål frå meg om kva dei meiner ei god bok bør innehalde, er nesten alltid det første svaret at boka må vere spennande. Vidare at det er action, at dei blir kjende med hovedpersonane, at desse kan få problem, men at dei løyser dei mot slutten av boka. Dei aller fleste likar at boka skal ende godt – at det går bra med hovedpersonane.
Utifrå dette er det ikkje så rart at barn og ungdom likar krimbøker.
Definisjon på kriminallitteratur, henta frå Store norske leksikon:
«Kriminallitteratur, ofte bare kalt krim, er en samlebetegnelse for underholdende, spenningsfylt litteratur om etterforskning og oppklaring av en forbrytelse.»
Eg har tidlegare på sida her skrive om mine eigne første møte med litteraturen. Om den første «drepande kjedelege» boka eg sleit meg igjennom som fersk lesekode-knekkar. Noko som nesten tok knekken (for å halde på nøtteknekkar-metaforen) på leselysten for evig og alltid. Takka vere min kjære morfar, han som hadde greie på korleis ei god historie skulle forteljast, kom eg meg ut av dette uføret. Han henta fram bøker så spennande at eg igjen fekk trua på forteljinga – og trua på at eg kunne lese sjølv.
Det gjekk ei tid der eg «slukte» serielitteratur, frå Gulltopp, Bobseybarna, Fem-serien, Frøken Detektiv – til Hardy-guttene.
På eit tidspunkt i dette endelause konsumet, kom morfar igjen på banen, og meinte at no var tida inn for anna lesing. Takka vere «konsumlesinga» (som hadde gitt meg god, teknisk lesekompetanse) og morfars gode forslag til vidare lesing, ofte krydra med anekdoter, innfallsvinklar og referansar som hjalp meg til å komme inn i desse nye bøkene, var eg snart i gang med klassikarane frå verdslitteraturen. Eg oppdaga at det eg hadde lese i metervis og kilovis, eigentleg hadde blitt kjedeleg, repeterande, enkelt og forutseieleg.
Endå seinare, då eg som vaksen sette meg inn i kriteria for god litteratur – og analyserte noko av alt det eg hadde konsumert av serielitteratur, såg eg at det nok kunne stemme at mykje av denne litteraturen ikkje var spesielt god, reint litterært – med klisjear, enkle, skjematiske personskildringar, språkfattigdom, fordomsfulle utsegn og stereotype skildringar.
Min påstand er likevel at eg ikkje hadde blitt kjent med klassikarane, kvalitetslitteratur frå alle tider og frå alle verdsdelar, om eg ikkje hadde vore innom «konsumlesinga» – og etterkvart bygd opp mi eiga forståing av kva ei god bok kan vere.
Artikkelen vidare, om Sophie Hannah:
«Slik er det ikke mer. Ved at oppmerksomheten er flyttet fra hva barna leser til at de leser,
At barna, som de voksne, tenderer mot å velge seg krim når de leser av lyst, er ikke noe mysterium, mener Sophie Hannah. Sjangeren har iboende feelgood-elementer. Selv om ingen liker at slemme folk gjør dårlige ting og kommer unna med det, er det nettopp det som skjer i det virkelige livet hele tiden. I krimromanen blir imidlertid de onde straffet, mens de gode vinner – etter å ha løst puslespillet og gjenopprettet harmoni og balanse. Siden livet stort sett består av å fundere over uløselige puslespill, kjennes det godt med en sjanger som setter varianter som faktisk lar seg løse i sentrum, sier Hannah.»
…
«I kronikken «Kriminell kvalitet» skriver Jørn Lier Horst at han mener at krimlitteraturens suksess skyldes at «strømmen av likegyldige og ensartede krimutgivelser har stoppet opp» og at sjangeren nå er preget av «vitalitet og kvalitet».[21] Både språket, oppbyggingen, karakterene og konteksten har blitt rikere og mindre stereotypisk, sier han. «I sum handler genrens popularitet om kvalitet. Språklige, stilistiske og formmessige skjønnlitterære grep, samt sosiologiske betraktninger og samtidsanalyse får mer og mer innpass.[22]»
Eg er langt på veg einig med Jørn Lier Horst her. Det treng ikkje å vere noko motsetning mellom såkalla kvalitetslitteratur og krimlitteratur. For å hente opp påstanden artikkelen innleia med: eg meiner at barn og unge les, er like viktig som kva dei les, det bør heller ikkje vere noko motsetning – men vi må ved hjelp av dei metodane vi rår over, sørge for at det dei les faktisk også er god litteratur.
Krimlitteratur må handle om kvalitet på same vis som all anna litteratur.
Litterturkritikarane må meir på banen og vurdere denne sjangeren med krav til kvalitet som blir nytta elles.
Dette vil vere bra for både forfattarane og for lesarane. Slik vil etterkvart bøkene med dårlegast kvalitet bli luka ut.
Samtidig er det viktig at ein i leseopplæringa gir barn og unge verkty til å vurdere det dei les.
Eg skal denne påska, som ofte elles, kaste meg inn i det særnoske fenomenet «påskekrim» – med entusiasme, glede – og leselyst!
Eg ønskjer store og små ei riktig god påske – med eller utan krim!