Det var spennande i dag, då kassene med ferdigtrykte bøker kom på døra! Eg hadde ikkje tatt sjansen på å bestille så mange eksemplar, i fall det skulle vere noko som ikkje var i orden med trykkinga. Men det kunne eg tydelegvis godt ha gjort, for kvaliteten var tipptopp!
Dermed blir bøker sendt og levert ut til alle som har førehandsbestilt dei næraste dagane. Boka ligg ligg klar for sal her på heimesida, og snart også på Notabene Vestnes, Bok & Papir i Brattvåg, og alle nettbokhandlane. Neste bokkasse er allereie bestilt og er snart i trykken!
Då er det berre for meg å håpe at boka fell i smak, og at dei som les ho vil få gode lesestunden med boka!