Publisert på

Kjenner du nokon som fortener ei gåve?

Den underlege påska 2020 er snart over. Dagane har funne sin rytme, mens eg held pusten og lengtar etter familie, vener, kollegaer – og alle barna eg bruker å formidle for. Men eg er av dei heldige. Eg kan arbeide med bøkene mine – vel vant med lange, stille skriveøkter – og eit og anna tek faktisk form, smått om senn.

Her om dagen fann eg eit par «gløymde» eksemplar av «Amulettmysteriet». Papirutgåva av denne boka er utseld, men kan no kjøpast som e-bok på Ebok.no. I tillegg kjem ho som lydbok – her skal det berre litt meir redigering til før boka er klar.

Eg blei litt glad då eg fann desse eksemplara av boka, og tenkte eg ville gjere litt stas på både desse – og dei to andre i serien. Derfor har eg laga to gåve-eske. Eskene er trekt med fløyel, og silke, med tyll i botnen og metallbeslag på hjørna. I kvar eske ligg dei tre bøkene i serien: «Amulettmysteriet», «Det gamle slottet» og «Kodemysteriet».

Kjenner du nokon som fortener ei fin gåve? Kanskje denne gåve-eska med tre spennande bøker kan vere noko?

Det er skrive om desse bøkene fleire stader her på www.olla.no om du vil vite meir om kva bøkene handlar om.

Ei gåve-eske med dei tre bøkene i kostar kr 500,-. Det er berre å sende meg ei melding om det er nokon som ønskjer å kjøpe. Om det er nokon i nærleiken av her eg bur, kan eg levere. Elles kjem porto i tillegg, om eska må sendast i posten. Det fins berre to eksemplar av desse gåve-eskene.