Haustens bøker er no i prosessane fram mot trykking. Innhaldet er stort sett ferdig. Dermed er eg allereie djupt inne i neste bok om Anna og Kaspar!
Mellom besøk og turar, sol og regn – det fins alltids ei tid for skriving.
Korleis kjem Anna borti ei eldgamal bok frå 1490-talet? Kva har Rex frå New York med dette å gjere? Og kva går føre seg i det gamle, forlatte kråkeslottet av eit hus i skogen?
På www.olla.no kjem det med jamne mellomrom informasjon og små epistlar. Både om bøker som er under arbeid, arrangement og hendingar knytta til lesing, skriving og bøker – og spennande prosessar og resultat som kan oppstå i møtet mellom ulike kunst- og kulturuttrykk.
Under fana «BILDER» finn de eit kommentarfelt om de skulle ønskje å kommentere noko av det som blir skrive. Om de ønskjer ein e-post med varsling når det kjem noko nytt på www.olla.no, kan de skrive inn adressa under kommentarfeltet.