Publisert på

Bokhaust!

Også dette året kastar mikroen Olla Forlag seg ut på «bokhaust», slik dei store forlaga gjer.

Hausten har for meg alltid ført med seg ei kjensle av spenning, blanke ark, forventning og energi.

Men også gleda over å krype inn i mi eiga introverte verd med hundeturar i vilt vêr på einsame stader, ullpledd, bokstablar, fyr på peisen, lunt mørke, ro og tankerekkjer som kan førast til enden.

Verkelegheita er nok ei god blanding av alt dette. Slik er bokhausten også: ei god blanding.

Denne hausten treng vi kanskje bøkene meir enn nokon gong, slik pandemisituasjonen ser ut til å bli. I bøkene kan vi alltid reise!

Nye ting er sjølvsagt på gang: «Klokkemakar Alfreds mysterium» kjem i slutten av oktober.

Arbeidet med lydbøker og e-bøker held fram. Og arbeidet med nye titlar som kjem ein gong neste år.

Men skattane våre, dei bøkene som allereie er skrivne, fortener å få lufta seg meir. Vi er så takksame for alle som har kjøpt og lest bøkene våre, men vi skulle så inderleg ønske at endå fleire kjente til dei, noko vi treng hjelp til frå våre trufaste lesarar. Eit lite forlag har ikkje økonomiske musklar til den store marknadsføringa. Vi gjer som best vi kan på sosiale media, men er avhengige av at andre deler, snakkar om, viser til og kommenterer. Mitt store ønske for hausten er at alle som fortel oss at dei liker bøkene våre, også fortel det til andre, gjerne gjennom sosiale media.

Her er skattane våre:

«Zapping»

«Kommer før lunsj»

«Isfjellfamilien»

«The Iceberg Family»

 Desse bøkene har Audbjørg Gjerde Lippert skrive. Ho har skrive fleire romanar, men desse er Olla Forlag så heldig å ha på lista. Dette er bokperler, rett og slett. Språket, handlinga, skildringane, historiene som rører oss og får oss med på hovudpersonane si reise, og til å ta del i livet deira.

«Isfjellfamilien» er retta mot barn, med stemningsfulle illustrasjonar av Tarjei Rypdal Eide. Ei vakker og viktig bok om smeltande isfjell, miljø og natur, kledd i eventyrform.

«Utandørs i nordvest»

 Denne boka har Audbjørg Gjerde Lippert og Olla Rypdal skrive i lag. Eit spennande, berikande samarbeid blei sparka i gang av eit bilde, to år med turar og arbeid resulterte i boka som speglar kjærleiken til fylket vårt spesielt, livet utandørs og kvardagsgleder generelt. Denne boka blei trykt i eit stort opplag, så vi har fleire igjen. Vi har fått mykje godord for denne boka og vi håper det endå fins mange som vil kunne glede seg over ho.

«Amulettmysteriet»

«Det gamle slottet»

«Kodemysteriet»

 Trilogien om Anna og hunden hennar Kaspar er grunnen til at eg starta dette vesle forlaget.  Anna blir eldre frå bok til bok, men ein treng ikkje å ha lese alle for å få med seg historia. Spenning for bokslukaralderen – på nynorsk.

«Birgers odyssé»

«Birger’s Odyssey»

 Denne bildeboka fekk prosjektmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og blei starten på det spennande samarbeidet Tarjei og eg har med tekst og illustrasjon. Natur, miljø, gamle hendingar frå oldefar Oles tid – og Birgers spennande reise i røynda og fantasien fører oss til Antarktis.

«Tippoldefar Jakobs julekort»

 Juleboka som kan lesast kvart einaste år, som kan vere høgtlesing og juletradisjon. Eventyr for alle aldrar, med alle dei viktige ingrediensane og julestemninga. Også illustrert av Tarjei.

«Klokkemakar Alfreds mysterium»

 Denne boka kan det lesast fleire innlegg om, og meir blir det seinare.

God bokhaust!