Publisert på

Rapport frå sofa med foten i vêret!

Rapport frå sofa med foten i vêret!

Eg var sjølvsagt fullstendig klar over at ein operasjon i eine foten ville bli ei utfordring. Å sitje «stuck» med beinet høgt, mens verda snurrar rundt utan at eg heng på er ikkje å spøke med, kjenner eg. 

Tre tær har visst fått grundig oppreising, sjølv om det kjennest ut som foten har vore gjennom ei kjøttkvern. Med hovudet mitt forstår eg at tålmod må til, sjølv om resten av meg hyler etter aktivitet.

No var likevel tidspunktet der, då Covid 19  allereie har gjort sitt for å tynne ut i oppdrag og arrangement. 

Når ein har hundar, attpåtil av det livlige slaget,  passar det aldri med fotoperasjon, men likevel ikkje det aller verste tidspunktet akkurat no, då Kaspar er åleine hund for tida. Mannen i huset blei nyleg pensjonist, og kan derfor ta seg av det Kaspar treng av tur og lufting denne perioden (den einaste som plagast av det er ei sur matmor som ikkje får vere med). 

Til neste år må nemleg foten vere tipptopp, for då er det håp om at eit nytt familiemedlem med fire bein kjem heim til oss. Fram til det er også kalenderen i ferd med å fyllest opp  med oppdrag, og nye bøker kan få sine lanseringsarrangement – hipp hurra!

Utfordringa no ligg i å halde ut. Vårluktene fyller hovudet, sola skin så grønskjeret dirrar, fuglane lagar meir lyd enn før, også. Merkeleg kor nært og på same tid fjernt slikt kan vere.

Eg veit at eg er av dei heldige som har tatt avgjerda om operasjon sjølv, og som dessutan har utsikter til å bli bra snart. Eg veit at båten ligg klar til at vi skal kaste loss, eg veit at fjellet ikkje går sin veg, men ventar på meg.

Det gjeld altså berre å gjere det beste ut av situasjonen. Eg kan lytte, skrive og lese! Mengder av webinar, podkastar, kurs og nettdialogar har strøymd ut av maccen min denne tida. Så utruleg mykje flott og spennande dyktige folk deler! 

Skrive har eg også gjort. Eit utkast på den eine boka er hos redaktør, og eg må berre stålsetje meg, så eg ikkje skriv endå ein versjon før eg har lytta til kva redaktøren har å seie. Ramma på den neste boka er også klar. Og sanneleg har ikkje den neste boka etter det også begynt å bryte seg fram.

Men det beste av alt: eg har lest. Eg har alltid lest mykje, men siste åra har evna til å sitje i ro med boka over tid, skranta. Eg har kompensert med lydbøker, for då kan eg faktisk gjere noko anna samtidig. Men no, når foten hyler om fullstendig ro, ja då har eg lest! Bok etter bok i bokstabelen min har gått unna, ført meg ut på reiser der eg har kjent ramsalt sjøsprut, hårreisande gys frå det ytre rom, og vore på kjende og ukjende kontinent – inn i den tilstanden berre ei bok kan føre deg: der orda til forfattaren gjer deg til medskapar med bilda din eigen fantasi kan lage. Og det har skjedd frå min eigen sofa, med beste Kaspar snorkande i armkroken.

Eg les ulike sjangrar, men sidan eg sjølv skriv for barn og unge er det her fokuset mitt har vore no. Dette er bokopplevingar som alle aldrar vil ha glede av. Som ein som pjaskar og skriv sjølv, har ein sanneleg noko å strekkje seg etter!

Det er ingen ting som kan erstatte boka. Statistikkane rasar nedover for boklesinga blant ungdom. Det kan gå mot eit samfunnsproblem, i tillegg til kva det tyder for den einskilde. Tiltak må til på alle plan – men dette kan vi alle gjere (ein treng ikkje ein gong operere foten, faktisk): les, opplev, bli glad, og kanskje litt klokare – og sørg for å ta med barna på reisa!

Publisert på

Bokstabel på vandring

I den siste tida har stabelen eg ber med meg blitt tyngre og tyngre. Stabelen er ein skikkeleg røssleg bokstabel. Eg har alltid hatt fleire leseprosjekt gåande på same tid – eg skiftar lett lesefokus alt etter humør, høve, tid – og etter kor vaken eg er. Nokre bøker krev fullt fokus og eit vakent sinn – mens andre kan lesast som rein underhaldning utan å krevje for mykje av trøytte auge som knapt klarer følgje linja til endes.

I stabelen ligg det bøker eg har lese før, men som må plukkast opp igjen av og til, kanskje for å «konsolidere stillinga» – eller fordi det på side 347 står eit veldig glupt utsegn eg gjerne vil minnast på. Andre bøker i stabelen er der for inspirasjon til eigne skriveprosjekt, eller fordi nokon har sagt noko bra om akkurat den boka, eller fordi coveret var så spennande, eller fordi den siste boka eg las av forfattaren var så god, eller fordi eg vil skrive betre sjølv gjennom å lære av andre – eller fordi eg må kvile hovudet frå eigen idéspinning med noko som er så spennande at eigne tankar blir dytta bort ei stund.

Stabelen veks og veks, der eg dreg han med meg frå bordet ved sofaen, til arbeidsbordet, til godstolen, til kofferten når eg skal reise, til nattbordet, til bilen (det kan hende eg må vente på ei ferje) – er det opphaldsvêr blir stabelen også med ut i hagen. Kindelen min blir også jamt  og trutt fylt opp. Innhaldet her ville føye til mange kilo i bokhaugen om det var i papirformat.

Stabelen veks seg ekstra stor når eg sjølv har hovudet fullt av idéar eg treng å gjere research på, men også når eg har det så travelt med alle slags prosjekt at eg ikkje har tid til å lese, og altså berre skaffar nye bøker i staden for å lese meg gjennom dei eg har. Då vandrar stabelen i dagevis utan at ei einaste bok blir opna.

Målet er at det skal vere ein viss balanse mellom omfanget i det eg les – og det eg skriv. Eg meiner slett ikkje at eigen produksjon nokon gong skal kunne vere i nærleiken av slike  fysiske dimensjonar i omfang, som bokstabelen eg drassar rundt på – meir som omfang i tid, slik at eg sjølv kan få klemt ut ei og anna lita bokflis i ny og ne.

Om eg skal vere riktig ærleg med meg sjølv, kan det hende at bokstabelen veks, og eigenproduserte ord på papiret tidvis spinn på same sida, på grunn av manglande fokus – med altfor mange andre ballar i lufta.

Men: alt til si tid -no er det snart påske, og med den både lesetid og skrivetid. Mange gjeremål og oppdrag går saman med meg inn for landing. Om då ikkje bokhaugen dei neste to vekene aukar endå meir, skal eg ta ein god «jafs» nedi bokstabelen min – og jammen har eg som mål at mi komande «bokflis» også snart skal gå inn for landing.

 

Publisert på

Godt nyttår!

Om litt er 2018 eit avslutta kapittel – vi går vidare til det ubrukte, ventande 2019.

Det nye året vil sikkert også by på det meste  – på godt og vondt. Det er berre å å gå på med krum hals – eg gler meg!

Tusen takk til alle de som har «hengt»med Olla Forlag dette første året, til de som har kjøpt bøker, kommentert, oppmuntra og heia på sidelinja. Eg gler meg til å fortelje om nye planer på nyåret!

For øvrig  slår nyttårsønsket mitt for 2019 følge med Bergljot Hals’ bilde med tittelen «Ettersyn». (www.bergljothals.no).

Personen på stigen kan nok trenge assistanse. Tenk om vi alle blei med på ein eineståande dugnad for klodens ettersyn i 2019?

Godt nytt år!

Publisert på

Manglar du nokre julegåver endå?

Om det er bøker du planlegg å gi til dine i år – er det endå tid til å få dei til jul – om du bestiller snart.

På dette ørlille forlaget som heiter Olla Forlag er det no den siste tida fram mot jul tilbod på tre bøker. Desse blir også sendt portofritt.

Den aller siste boka som kom i oktober «utandørs i nordvest» ser vi til vår store glede at mange ønskjer seg – både som gåve – og til seg sjølve. Vi får høyre at folk som har kjøpt den nyt både tekst og bilde – og kanskje inspirasjonen kjem til å nyte livet utandørs, rett og slett?

Den boka rekk også fram til jul om de bestiller no! Det daglege boktipset her på heimesida til Olla Forlag har vinterbilde henta frå «utandørs i nordvest»

Sjå under fana “butikk” – der er alle dei seks bøkene som til no har komme ut, og informasjon om pris og innhald.

Takk til alle de som tittar innom og les om Sivert, Jenny og den magiske julebjella! «Vil du vere med, så heng på!»

Ha ei fortsatt fin førjulstid!

Helsing Olla

 

 

Publisert på

AMULETTMYSTERIET

Pris:  229.-

Frakt: 36,-

Kjøp: kjøpars namn og adresse til e-post: ollryp@online.no

Betaling: Vipps til Olla Forlag / bankkonto: 6580.33.94223

Forside til ‘Amulettmysteriet’ – design: Tarjei Rypdal Eide