
No er den nye boka om Jonas og Judith her: ‘Jonas, Judith og UV-strålane’.
I Noreg ligg vi fortsatt på verdstoppen for tilfelle av kreftformen melanom. Dette er den alvorlegaste av hudkrefttypene, og har dobla seg dei siste tiåra. Faktorar som auka soleksponering, endra ferievaner, bruk av solarium og manglande vern mot sola er med på å auke tala med krefttilfelle.
Det er enkelt å førebygge dette med solvett. Derfor har Melanomforeninga utarbeidd undervisningsopplegget ‘Solsikker’ som rettar seg mot barn.
Som ei del av denne kampanjen kom boka i serien om ‘Jonas og Judith på solsikre eventyr’ ut i fjor: ‘Jonas og Judith, sola og snøen’ . Boka er skriven av Olla Rypdal og illustrert av Hege Terese Fjæra. ‘Smøresongen’ og ‘Smøredansen’ av Myrna Braza er også ein del av ‘Solsikker’-kampanjen.
No er neste bok i serien om Jonas og Judith på solsikre soleventyr her: ‘Jonas, Judith og UV-strålane’.
Denne gongen utforskar barna kva som eigentleg hender når solstrålar treff huda vår, korleis dei ulike strålane verkar på oss og kva som skjer nede i hudlaga.
Mens den første boka gjekk føre seg på påskefjellet, er handlinga denne gongen lagt til ein varm sommardag. Vi møter Jonas og Judith, og også morfar, veslesyster Milla og hunden Otto på stranda. Morfar har laga eit “hudlandskap” av sand for å forklare kva som skjer når solstrålar treff huda vår. Snart er vi med Jonas og Judith i leiken på ein ekspedisjon gjennom “hudlaga”. Dei møter både stråleangrep og spennande utfordringar dei må løyse for
å vere trygge i sola.
Også denne boka er skriven av meg og illustrert av Hege Terese Fjæra (Olla Bolle Design).
Boka kan du få tak i ved å kontakte Melanomforeninga, eller meg.
For meir info om Melanomforeninga og Solsikkerkampanjen kan ein kontakte dagleg leiar Barbara Gonzalez-Vaughn, post@melanom.no
