Publisert på

Grotta og skuggane frå fortida

Ny bok: «Grotta og skuggane frå fortida» av Olla Rypdal og Nikolai Rypdal Tallaksen.

Endeleg er boka klar! Dette har vore ei spennande “reise”. Denne gongen har eg med sonen min, Nikolai, som medforfattar.

Då barna var små, budde familien i Republikken Kongo i nokre år. Interessa for, og kjærleiken til, det afrikanske kontinentet ligg som eit bakteppe for denne boka. Nikolai har sjølv som arkeolog erfaring frå feltarbeid i Sør-Afrika, der hendingane i denne boka er lagt.  

Kombinasjonen arkeologi og krim-mysterier er ein klassikar, ikkje minst i bøker for barn og unge. I forteljinga ønsker vi å ta den klassiske kombinasjonen av mysterium og arkeologi eit skritt vidare ved å skifte fokuset frå ‘skattejakta’ til å vise korleis relevante faglege problemstillingar knytt til opphavet vårt også kan vere spennande for barn og unge.

Handlinga i boka er plassert i Sør-Afrika, nærare bestemt den sørlege kyststripa der Atlanterhavet møter Det Indiske hav. Dette området har i mange år vore ein ‘hot spot’ i arkeologisk samanheng. Mange funn som har blitt gjort nettopp her, beviser moderne menneskeleg åtferd. 

Samtidig er det sørlege Afrika ein arena der ulike aktørar kjempar om naturressursar. Konfliktnivået er aukande mellom myndigheiter, landeigarar, urbefolkning, krypskyttarar og tjuvfiskarar, noko vi også flettar inn i plottet.

Som vanleg i denne bokserien, er historiske hendingar knytt saman med mystiske hendingar ‘her og no’ og skrudd saman til ei spenningsbok som er meint å passe for aldersgruppa 10-13 år.

Sjølv om Nikolai har sørga for at det faglege perspektivet er ivaretatt, kan det nok innimellom fort ‘ta laust’ i reinaste Indiana Jones-stil når fantasien gjer seg gjeldande.

Denne boka er den sjette boka i serien om Anna, Kaspar og venene deira. 

Som vanleg er det Tarjei Rypdal Eide som står for omslagsdesign og forside.

Stipendstøtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Baksidetekst:

I denne sjette boka om Anna, hunden hennar Kaspar og venene Siri og Erik, er dei i Sør-Afrika. Dei har blitt inviterte til å vere med på ei arkeologisk utgraving i ei grotte. Saman med utgravingsteamet gjer dei spennande oppdagingar om korleis dei tidlegaste menneska levde. 

Dei blir også kjende med ur-foIket sine forteljingar gjennom gamle Kitongo. Oldefar hans var ein sjaman. 

Det tar ikkje lang tid før dei oppdagar at ikkje alt er som det skal på utgravingsfeltet. 

Samtidig går det føre seg tjuvfiske på naturreservatet like ved. Kjeltringar er ute etter freda abaloneskjel og havskjelpadder. 

Snart held vi pusten saman med Anna og venene, der dei kjem ut for den eine mystiske og farlege hendinga etter den andre. 

Kven har saga over bruplankane i grotta? Kvifor blir dotter til Kitongo truga? Kva har tjuvfiskarane med dette å gjere? 

Så blir gamle Kitongo borte.

Vil Anna og venene klare å løyse flokane denne gongen?

Publisert på

Ny bok om Jonas og Judith på solsikre eventyr!

No er den nye boka om Jonas og Judith her: ‘Jonas, Judith og UV-strålane’.

I Noreg ligg vi fortsatt på verdstoppen for tilfelle av kreftformen melanom. Dette er den alvorlegaste av hudkrefttypene, og har dobla seg dei siste tiåra. Faktorar som auka soleksponering, endra ferievaner, bruk av solarium og manglande vern mot sola er med på å auke tala med krefttilfelle.

Det er enkelt å førebygge dette med solvett. Derfor har Melanomforeninga utarbeidd undervisningsopplegget ‘Solsikker’  som rettar seg mot barn.

Som ei del av denne kampanjen kom boka i serien om ‘Jonas og Judith på solsikre eventyr’ ut i fjor: Jonas og Judith, sola og snøen’ . Boka er skriven av Olla Rypdal og illustrert av Hege Terese Fjæra. ‘Smøresongen’ og ‘Smøredansen’ av Myrna Braza er også ein del av ‘Solsikker’-kampanjen.

No er neste bok i serien om Jonas og Judith på solsikre soleventyr her: ‘Jonas, Judith og UV-strålane’.

Denne gongen utforskar barna kva som eigentleg hender når solstrålar treff huda vår, korleis dei ulike strålane verkar på oss og kva som skjer nede i hudlaga.

Mens den første boka gjekk føre seg på påskefjellet, er handlinga denne gongen lagt til ein varm sommardag. Vi møter Jonas og Judith, og også morfar, veslesyster Milla og hunden Otto på stranda. Morfar har laga eit “hudlandskap” av sand for å forklare kva som skjer når solstrålar treff huda vår. Snart er vi med Jonas og Judith i leiken på ein ekspedisjon gjennom “hudlaga”. Dei møter både stråleangrep og spennande utfordringar dei må løyse for

å vere trygge i sola.

Også denne boka er skriven av meg og illustrert av Hege Terese Fjæra (Olla Bolle Design).

Boka kan du få tak i ved å kontakte Melanomforeninga, eller meg.

For meir info om Melanomforeninga og Solsikkerkampanjen kan ein kontakte dagleg leiar Barbara Gonzalez-Vaughn, post@melanom.no